Norsk del, Gullvekta
Fablar frå Femboka  ❀ 6
Seksjon › 49 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Presten og lærlingen hans

Godly and June

I eit munkekloster på ein bortgøymt stad budde ein from prest. Han hadde samla seg mykje pengar ved å selje fint vove tøy som han hadde fått i lønn av truande for å forrette i seremoniar. Han stolte ikkje på nokon, men hadde pengane sine under armen natt og dag. Han vise kor mykje ordet gjeld: 'Pengar gir ofte bry – for å få dei og halde på dei, og når ein mister dei eller bruker dei opp.'

Ein tjuv la merke til at heilagmannen gjekk rundt med pengar under armen, og tok til å fundere: "Korleis skal eg ta pengane hans? Eg klarer ikkje å bryte meg gjennom veggane i klostercella hans, for dei er av tjukk, hard stein. Døra til cella hans beint fram skrik når ho blir opna. Nei, eg får bli fortrulig med han, for då har eg betre sjansar til å komme til pengane hans, trur eg."

Dernest flytta han seg nær heilagmannen og sa: "Ære Herren", la seg flatt på magen og sa vørdsamt: "Heilagbukt! [1] Alt liv er tomt. Ungdommen renn vekk som ein fjellbekk. Dagane vi lever er som agner kasta på bålet. Sanselege gleder er som skuggen under ei sky. Hopehav med son, venn, tenar, kone, er blir borte, nesten som ein draum. Alt dette innser eg klart. Kva skal eg gjere så eg trygt kan komme over det havet som mange liv er i sum?"

Då han fekk høyre slikt snakk, sa den fromme presten med respekt: "Velsigne deg, son. For du har blitt likeglad med mangt alt som ung. Kva seier ordtaket? 'Heilage er ikkje berre blitt fri for lyster.' 'I dei heilage vise blir hugen moden før kroppen forsvinn.' Og for å komme over til hi sida av havet, gjeld det å bli vaska rein, om ein ikkje alt er det, og dei rette stavingane kan gi hjelp slik."

Då falda tjuven hendene og sa respektfullt: "Når det er slik, heilagbukt, vil De ikkje legge på meg noko å ta meg til?"

"Son", svarte presten, "Eg er klar til å gjere det, men kva seier ordtaka? 'Ein kan skjemme karakteren sin ved å vere saman med kjeltringar. Fortenester kan ein miste ved styggefære, og bra verdiar av likesæle og slurv. Og barn kan det gale for på grunn av grådige vennar: Jamvel ein bramin kan bli øydelagt.' Kort sagt, for å vise at du meiner alvor, må du bu i ei stråhytte ved inngangen til klosteret."

"Heilagbukt", sa den andre, "det du seier skal vere rettesnora for livet mitt."

Då dette var avtalt, let presten tjuven bli lærlingen sin, og den nye lærlingen gjorde snart læraren sin tilfreds ved å massere hendene og føtene hans, skaffe skrivepapir til han, og gå ærend. Men sjølv om presten var nøgd med lærlingen sin, heldt han likevel pengane sine under armen heile tida.

Som tida gjekk på denne måten, tenkte kjeltringen: "Å kjære, kva skal eg gjere? Han stoler ikkje på meg. Skal eg hogge han ned med kniv på lyse dagen, gi han gift eller slakte han som eit dyr?"

Mens han tenkte gjennom slikt, kom sonen til ein annan lærling frå bygda med ei innbyding til presten. Han sa: "Heilagbukt, ver god og kom heim til meg for å stå for ein dåpsseremoni." Den fromme presten drog straks av stad, og tok med seg den nye lærlingen sin.

Undervegs kom dei til ei elv. Presten bad lærlingen sin ta godt vare på skatten sin og kleda sine, for han ville vaske seg i det gode vatnet.

Så snart han var ut av syne, stakk lærlingen av med pengane hans, alle saman, mens presten bada. Etter ei stund kom han tilbake, og oppdaga at lærlingen hans var vekk. Så undersøkta han kappa si fort, og såg at pengane hans var borte. Då fall han saman og mumla: "No har eg blitt rana! Rana!"

Etter litt tok han til å følge sporet etter kjeltringen, men måtte gi opp etter nokre dagar. Men på den tida såg han så mykje fælt og låkt at då han vende tilbake til munkeklosteret sitt, var han ganske letta.

Ord

  1. Heilagbukt: Figurativt uttrykk. Ein god heilag blir sett på som ei bukt ifrå gledeshavet.
  2. Styggefære: Dialektord frå Sunnmøre, avledd av 'stygg ferd', som er i slekt med 'stygg framferd', 'å fare stygt/slemt fram' og meir.

Vevaren som blei glad i ei prinsesse

The weaver who loved a princess

I ein by budde to vennar, ein vevar og ein snikkar. Kvar hadde vore meister i handverket sitt og tent så mykje pengar at han ikkje trong bry seg noko vidare om inntekter og utgifter meir, og dermed gjekk dei to vennane i mjuke, fargeglade klede, prydde seg med blomster, og hadde på seg slike lukter som høvde for karar. Men dei gjekk ikkje og drog dank; dei arbeidde ni timar daglig like fullt. Dei gjekk i teater, deltok i diskusjonar, fødselsdagsselskap, gjestebod, og litt av kvart anna.

Ein dag var det ei stor feiring, eit slikt høve der folk kledde seg i sin finaste stas og slentra omkring – og det gjorde vevaren og snikkaren også. Då la dei merke til at somme til stades, var livvakter som såg granskande over folk. Og i eit vindauge over vaktene sat ei fager prinsesse. Det var henne dei heldt vakt for, og det trong ho nok, for midja var smekker, den unge barmen velforma, og nedanfor var hofter som seg hør og bør. Det krøllete, mjuke håret hennar glinsa ramnsvart, og i eine øyret hadde ho ein gullring. Ho sat omgitt av venninner. Alle som såg henne utanfrå, blei nesten bergtatt av synet.

Vevaren blei så overmanna av kjensler etter å ha sett kor ven prinsessa var, at han vakla heim med hjartet gjennombora av Amors piler, utan å tenke på anna enn prinsessa. Med lange, heite sukk tumla han til sengs, og der blei han liggande og sitere kjærleiksdikt:

'Ho er så herleg at det piner meg. Au, au, så vondt det er. Korleis skal eg kunne legge hovudet mot barmen til henne som har røva hjartet mitt?'

Men det visste han ikkje, så han kasta seg fram og tilbake den natta. Neste dag kom snikkaren heim til han til vanleg tid og var kledd svært fint som vanleg. Der fann han vevaren med armar og bein spreidde over ei uoppreidd seng, høyrde lange stønn og sukk frå han, og såg at det rann tårer nedetter kinna hans.

Han sa: "Korfor er du i ein slik tilstand nett i dag?"

Vevaren var for flau til å seie noko, så snikkaren prøvde å få han i gang med å sitere nokre strofer:

'Når du stoler på ein annan som på di eiga mor, er han ikkje berre nokon du kjenner, men ein venn.'

Så såg han nærare på vennen sin, kjende på panna hans med handa og tok pulsen, og kom til at han ikkje hadde feber, men var kjærleikssjuk. Dermed sa han: "Har eg forstått det rett, lir du av kjærleik, og ikkje feber."

Desse orda fekk vevaren i gang igjen. Han sette seg opp i senga og sa fram:

'Det lettar å få seie kva som plagar ein, til ein lojal tenar, ei kjærleg kone, og ein venn.'

Så fortalde han korleis han hadde hatt det etter at han såg prinsessa dagen før, og snikkaren nikka medfølande, før han heltekaldt vatn i blodet hans med: "Folk i slott og anna folk finn sjeldan saman."

Vevaren mukka: "Men korfor lengtar eg meg vanvittig etter henne? Hjartet mitt har valt, ser du."

Snikkaren forstod at vennen hadde bestemt seg for å få prinsessa, koste kva det koste ville, og ville ikkje stå i vegen. I staden hjelpte han vevaren å tenke gjennom problema: "Kva er då det neste som lyt gjerast?"

Vevaren svarte: "Eg veit ikkje." Så sa han ikkje meir.

Etter ei lang stund sa snikkaren: "Du får stå opp, bade, ete og ta farvel til fortviling. Det er det klokaste. Eg vil hjelpe deg med å vinne henne ved at eg finn opp ei greie så de kan nyte kjærleiken dykkar i lag på null komma fem, men kan hende eg overdriver."

Vevaren fatta mot over dette, for snikkaren var uvanleg flink til å forme innretningar. Og allereie dagen etter kom snikkaren tilbake med ein splitter ny, mekanisk fugl av tre. Den store fuglen var muntert malt i mange fargar, og hadde ein sinnrik mekanisme som blei styrt ved pluggar.

"Her skal du sjå", sa snikkaren til vevaren. "Når du set deg på fuglen og set inn ein plugg, tar han deg dit du har lyst. Og fuglen landar når du tar ut pluggen. Fuglen er din. I natt, når folk søv, kan du kle deg pent og fly til balkongen der du såg prinsessa, og så kan du og ho komme overeins om eitkvart. Eg har fått vite at prinsessa søv aleine ute på slottsbalkongen, fordi det er svalare der ute ved nattetid no i haustvarmen."

Då snikkaren var gått, gledde vevaren seg resten av dagen til å treffe prinsessa. Han bada, hadde på seg godlukt, blomekrans, nokre tunge gullsmykke og så bortetter. Då kvelden kom, gjorde han som snikkaren hadde vist han.

I mellomtida låg prinsessa aleine i senga si på slottsbalkongen, bada i måneskin. Mens ho såg undrande, nesten drøymande mot månen, fekk ho sjå vevaren på fuglen sin. Ved synet av han spratt ho opp frå senga og helste vennleg: "Kva er du for ein som kan komme gjennom lufta?"

Vevaren kunne ikkje la vere, men sa stateleg: "Det er du som er grunnen til at eg har komme hit!"

Ho var så paff at ho gjorde alt han ville der og då under månen, og neste kveld og natt også, og neste. Men kvar natt drog vevaren sin veg på fuglen før det blei lyst, og nådde alltid heim til seg utan å bli sett.

Ein dag oppdaga vaktene til prinsessa teikn på at ho hadde vore i lag med ein mann, og meldte frå til kongen. "Dersom du kan garantere at ingenting vondt vil skje oss for å fortelje det vil har oppdaga", sa vakta, "skal vi fortelje deg det."

Kongen garanterte det, og vaktene sa brydde: "Vi har funne teikn på at prinsessa har hatt besøk av ein mann – skjeggbust i vasken, til dømes. Sei kva som skal gjerast, så gjer vi det."

Kongen tenkte: "Som det er sagt:

'Det er vanskeleg å vere far til ei jente, sjølv etter ho er blitt gift.'"

Dernest gjekk han til dronninga og fortalde kva vaktene meinte, og dronninga skunda eg til dottera og fann henne med såre lepper og blå merke etter mange kyss og klemmar. "Korleis kunne du?" ropte ho til henne. "Og kven er det som gjestar deg?"

Prinsessa svarte brydd mens ho såg nedetter, at det kom ein gild mann flygande kvar natt og var hos henne. Dronninga trudde henne, og sprang til kongen og sa: "Vi er verkeleg heldige! Det er ein gud som kjem flygande til henne kveld etter kveld. I natt skal du og eg gøyme oss i vindaugsnisjen og sjå nærare på den flygande mannen når han kjem."

Kongen blei glad over å høyre dette utrulege, og då det blei seint på kvelden, stod han og dronninga i dekning og venta mens dei såg opp mot himmelen. Då fekk dei sjå ein kar som kom flygande, og kongen sa til dronninga si: "Ingen er så heldige som oss! Dottera vår har blitt velsigna av kjærleiken. Og eg kan krevje at han legg heile jorda under meg for det!"

Nett då, nokså seint på kvelden, kom det utsendingar til kongen frå eit land lenger sør. Dei skulle samle inn den årlege skatten til storkongen, som rådde over eit mektig rike. Men kongen stolte på at den flygande guden ville komme og hjelpe han mot storkongen, så han sa grovt: "Nei, det får vere slutt med å betale skattar til storkongen heretter!"

"De må då ikkje krenke storkongen slik!" sa sendeboda frå landet i sør. Men det var nett det kongen gjorde, og då sendeboda hadde komme heim, hadde fornærmingane liksom svella opp etter å ha blitt togge på opp att og opp att. Storkongen i sør kom straks til at det var tid for ein strid, og marsjerte nordetter med krigsmakta si mens han skreik: "Den frekkasen skal eg nok vite å bli kvitt!"

Storkongen marsjerte no inn i landet og røva og herja. Dei innbyggarane som overlevde, søkte tilflukt i hovudstaden. Kongen der uroa seg ikkje det minste.

Dagen etter stod styrkane til storkongen utanfor hovudstaden. Rådgivarane til den kringsette kongen sa: "Landet er herja, og kongen frå sør står no like utanfor byen. Korleis kan du sjå så roleg ut på denne svarte dagen?"

Kongen svarte: "De kan ta det med ro. Eg veit korleis eg skal få bukt med denne fienden. Og det eg vil gjere med krigsmakta hans, skal de få vite i morgon tidleg."

Etter å ha sagt dette, la han på dei å barrikadere alle murar og portar. Så kalla han til seg prinsessa og godsnakka med henne: "Kjære barn, du skal bede mannen som flyg som ein gud om å drepe storkongen frå lufta."

Prinsessa gjorde som faren bad om, og vevaren sa: "Det han bed om, kan eg sikkert klare. Gå du og sei til kongen at eg skal slå til."

Så gjekk ho til kongen og fortalde det. Kongen blei lykkeleg og baud portvakta kunngjere over heile byen: "Sama kva de får tak i i morgon, kan de behalde det sjølve, enten det er gull eller diamantar, pengar, elefantar, hestar eller våpen."

Trass i redselen over å vere kringsette, kunne mange gle seg over kunngjeringa, og sa til kvarandre: "Kongen er ein skikkeleg, trygg kar. Han verkar jammen sikker på å overvinne fienden i morgon."

Imens grubla vevaren: "Kva skal eg gjere no? Dersom eg flyg min veg på fuglen, ser eg ikkje att henne eg elskar, for då kjem storkongen til å røve henne med seg som krigsbytte etter å ha drepe faren hennar. Men dersom eg går til kamp, ser det mørkt ut for meg. Likevel er det best å sjansen og slåss. Kan hende fienden kjem til å tru dei kjempar mot Gud når eg kjem flygande?"

Då vevaren hadde bestemt seg for å kjempe til dauden om så skulle vere, såg ein engel i himmerike det og sa til Gud: "I ein by nedpå jorda har ein vevar kledd seg ut som deg så han skulle få ei prinsesse. Han har også klart å narre mange til å tru han er deg. Det eine har ført til det andre, og no er det duka for eit slag mellom to krigsmakter, og vevaren har bestemt seg for å komme flygande og spele Gud mot fiendehæren. Det er ikkje berre av det gode, for i fall han døyr i slaget, kjem folk til å seie at Gud er drepen, at Gud er daud. Så vil ateistane rasere heilagdommar og somme fromme slutte å tru på Gud. Det kan vel hende."

Gud tenkte gjennom saka, og sa: "Det ser ut til at løysinga er at vevaren drep fiendekongen. Det kan vi vel ordne."

"Slik skal det låte", sa engelen.

No sytte Gud for at vevaren sa til prinsessa si: "No brakar det snart laus, kjære deg." Og det fekk han rett i, for vevaren sette seg på trefuglen og flaug frå slottet og opp under himmelkvelven mens byfolk stirde forbløffa. Kort etter var han i lufta over dei to hærane der dei stod oppmarsjerte mot kvarandre i solrenninga. Med sola i ryggen bles han hardt i ein lur han hadde på lur, og det kom panikk mellom soldatane. Somme skitna til kleda sine av skrekk, og andre skreik høgt og rende vekk.

Vevaren kasta eit tungt våpen etter fiendekongen og trefte. Då slutta fiendehæren å krige, og ropte hjelpelause opp til flygekaren, for dei trudde det var Gud sjølv: "Utan førar er vi slåtte. Det er ingen heider i å halde fram slik. Sei kva vi skal gjere."

Vevaren svarte frå lufta: "Ver trygge og legg vekk våpna og gjer det som kongen i byen seier."

Krigarane sa i kor: "Det skal bli."

Så gav vevaren alle skattane som storkongen hadde hatt til svigerfar sin, mens han sjølv kunne glede seg over å vere sigerherre saman med prinsessa si, for henne fekk han.

Ei storarta tjuvegjerning

The sensible enemy

Det var ein gong ein prins som blei vennar med sonen til ein kjøpmann og sonen til ein lærd mann. Kvar dag underheldt dei tre seg med ymse fornøyelsar, flørting og tidsfordriv i hagar, parkar og på festar Kvar dag synte prinsen kor sterkt han mislikte å skyte med pil og boge, ri hestar og elefantar, køyre vogner og dra på jakt. Det var ikkje noko for han, syntest han.

Til sist gav faren han ei skjennepreike og sa at sonen ikkje dugde til kongelege syslar. Prinsen fortalde dei to vennane sine om skjennepreika og korleis ho hadde masa ned sjølvkjensla hans.

Dei to sa om lag det same: "Våre eigne fedrar preikar tull, dei også, når vi syner kor mykje vi mislikar arbeidet deira. I lengre tid har vi fått fred for dei fordi vi har deg til venn. Men no ser vi at nett dei same vanskane har råka deg, og det får oss til å sørge."

Prinsen sa: "Det verkar ikkje høveleg å vere her etter å ha blitt fornærma. La oss dra vår veg i lag, med same sorga, og finne ein annan stad å bu. For:

'Den som aktar seg sjølv, finn nok ut kva han er og kan, fortener og våger ved å dra omkring i framande land og komme godt ifrå det.'"

Ja, dei ville bli med, og så fann dei ut at dei trong pengar for å leve som dei var vane med. Kjøpmannssonen sa: "La oss dra til Klatrarfjellet, for der finn ein verdifulle edelsteinar. Med slike steinar i lomma kan vi nyte livet som vi vil, utan å stø oss på fedrane våre."

Så la dei i veg til Klatrarfjellet. Der fann kvar av dei ei fantastisk perle, og dernest rådslo dei "Korleis skal vi klare å passe på perlene våre når vi går ned frå fjellet og gjennom dei farlege skogstiane herifrå?"

Då sa sonen til den lærde: "De veit eg er son til ein rådgivar, og eg har tenkte ut kva vi kan gjere. La oss svelge perlene og ha dei i magen. På det viset vil verken kjøpmenn, landevegsrøvarar og andre vere interesserte i oss."

Alle var samde, og så svelgde dei perlene sine i ein munnfull middagsmat. Men det var ein kar som kvilte i fjellskråninga og han såg kva dei gjorde utan at dei visste om det. Han tenkte: "Nei, kva er dette! Sjølv har eg traska i Klatrarfjellet i mange dagar utan å finne edelsteinar. No skal eg vel klare å slå følge med desse tre. Og når dei blir trøytte og sovnar, skal eg skjere opp magane deira og ta perlene."

Med dette forsettet gjekk han ned skråninga, nådde dei att og sa: "Hallo. Eg går helst ikkje gjennom den farlege skogen aleine. La oss slå følge!"

Dei tre vennane nekta han ikkje, og så gjekk dei fire vidare i lag. Dei kom snart til ei bygd som låg for seg sjølv i villskogen. Då dei gjekk forbi sentrum i bygda, song ein gammal fugl frå eit bur som hang i eit tre. Eigaren var høvding for folket i bygda, og han skjønte kva fuglen hans song. Derfor ropte glad til mennene sine: "Høyr kva fuglen fortel! Desse karane fraktar verdifulle edelsteinar og vi bør stanse dei. Fang dei fire og før dei hit!"

Då ranarane hadde gjort det, kledde høvdingen dei splitter nakne, men fann ingenting. Derfor sette han dei fri og sa dei kunne reise vidare, men utan andre klede enn lendeklede. Då song fuglen nett det same att, og høvdingen bringa dei fire tilbake og undersøkte dei på nytt, utan å finne noko denne gongen heller. Enda ein gong la dei fire i veg, men sidan fuglen skreik det same, kalla høvdingen dei til seg att for tredje gong og sa: "Fuglen tar aldri feil, og no seier han de fraktar perler. De har dei vel i magen, kan eg tenke meg. Men no er det kveld, så vi får vente med å sprette dykk opp til i morgon, når det blir godt lys." Dermed fekk han dei fire kasta i eit fangehol.

Der kunne den fanga tjuven tenke gjennom tinga. "I morgon kjem den røvaren til å skjere opp magen min, og så kjem eg til å døy. Det verkar heilt sikkert. Kva er det beste eg kan gjere under slike forhold? Ordspråket seier:

'Når den siste timen er der, gagnar ei bra sjel hine om ho kan, og då blir det mindre låkt å fare.'

Det beste eg kan gjere, er å la dei skjere opp magen min først, for når røvarane ser eg ikkje har nokon perler i meg, kan dei finne på å spare dei tre andre. Ei fin gjerning frå meg kan gi dei tre liv og rikdom om det går som eg vonar, og då har eg gjort noko retteleg godt her i livet.'

Ved daggry, mens høvdingen førebudde seg på å skjere opp magane til fangane, falda tjuven hendene og bad audmjukt. "Ver nådig og skjer opp magen min først, for eg kan ikkje halde ut å sjå brørne mine bli skorne opp og drepne. Ta meg først."

Han fekk det som han ville, men høvdingen fann ingen perler i magen hans, same kor mykje han skar og grov. Då ropte han: "Å stakkars meg! No har fuglesong og griskleik fått meg til å gjere noko frykteleg! Eg trur mest ikkje det er perler i magane til dei tre andre heller."

Dei tre blei sleppte fri uskadde, og skunda seg gjennom skogen til dei kom til folk.

Munken som blei borte frå kroppen sin

The monk who left his body behind

Ein dag kom ein skogvaktar til kongen i landet og sa: "Heile adelen rundt om i skogane er på randa til opprør. Det er på høg tid å snakke med leiaren deira."

Kongen sende straks bod på ein rådgivar, og sende han av stad til leiaren i skogen for å snakke han til rette, om det var råd. Mens rådgivar en var vekke frå hovudstaden, kom ein halvnaken munk til byen. Han kunne seg med mange ting og mysterium. Ved å lage horoskop for folk, fekk han tak på dei og fekk betaling for det også. Etter ei tid fekk kongen høyre om mannen, sende bod etter han og spurde: "Er det sant som folk seier, at du kan lese tankane til folk?"

"Det vil snart komme for dagen", sa mannen, og gjorde kongen overlag nyfiken.

Ein dag kom ikkje munken til kongen då det var avtalt, men dagen etter var han der til vanleg tid og sa: "Eg kjem med godt nytt, konge. Ved daggry i dag gjekk eg ut av kroppen min og inn i ein gudekropp og fór til himmerike. Eg bringar helsingar frå gudane der!"

Kongen spurde begeistra: "Kva? Kan du fare til himmels også?"

"Å, det gjer eg kvar dag", sa mannen, og kongen trudde det. Deretter forsømde han pliktene sine for riket, mot damene, og samla seg mest heile tida om munken. I mellomtida hadde den utsende rådgivaren hans roa folka i skogane rundt om, og kom tilbake til slottet. Der fekk han sjå at kongen var blitt heilt likeglad med nesten alt. Han lytta ikkje til rådgivarane sine meir, men sat og snakka oppglødd med den halvnakne munken om mirakel heller.

Då han hadde innhenta mange opplysningar om korleis det stod til, helste rådgivaren på kongen: "God dag igjen, konge. Måtte himmelen gi deg vett og meir vett."

Kongen fekk først vite korleis oppdraget til rådgivaren han gått, korleis han hadde det, og så spurde han: "Kjenner du til denne munken?"

Rådgivaren svarte: "Ja. Eg har også høyrd at han drar til himmels kvar dag. Stemmer det?"

"Alt du har høyrt", svarte kongen, "og det er ikkje skugge av tvil om det."

Munken sa: "Dersom rådgivaren er nysgjerrig, kan han få sjå det sjølv." Med dette gjekk han inn på rommet sitt, stengde døra innanfrå og gav seg til å vente.

Ein augeblink etter at døra var låst, sa rådgivaren: "Kor kvikt kjem han tilbake?"

Kongen svarte: "Ver no ikkje så utolmodig, då! Han har fortalt at han går ut av kroppen sin og kjem tilbake i ein himmelsk kropp."

"Dersom det no er slik", sa rådgivaren, "så skaff mykje brensel, for eg vil sette fyr på rommet hans."

"Korfor?" spurde kongen

Rådgivaren heldt fram: "For at kongen kan få stå framfor ein gudekropp når den vanlege kroppen er brent. Då må munken bli i gudekroppen når han kjem att etter å ha gjesta himmerike."

Dernest sette rådgivaren fyr på rommet der den halvnakne munken sat, men ingen i gudekropp kom att.

"Å røyke ut reven" har fleire meiningar.

Innhald


Femboka, fablar, soger, Panchatantra, litteratur  

Femboka, fablar, soger, Panchatantra, opp Seksjon Sett Neste

Femboka, fablar, soger, Panchatantra BRUKARGAID: [Lenke]
© 2010–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]