Norsk del, Gullvekta
Fablar frå Femboka  ❀ 7
Seksjon › 49 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Bjørnen og oksen

"The forest lion and the lively ox"

Dette er ei kortform av den svært lange rammeforteljinga i første bolken, og her har løve blitt bytt ut med bjørn og sjakal med rev - med heimlege dyr i nokonlunde same roller. Eg har også tatt med smakebitar på nokre av dei mange sonderande orienteringane i oldtidsfabelen. Hoppar ein over dei – dei står med blå skrift – får ein med seg handlingsgangen likevel.

Det er innhald frå dei 210 første sidene i Ryders omsetting som er korta ned her. Samtalar i prosa og vers om korleis revar (sjakalar) ved hoffet formar intrigar, manipulerer, tar til utkropne løgner, bakvasking og teoriar for å rettferdiggjere seg og kjempe for hardkokte fordelar til seg sjølve, er tatt med i berre mindre grad. Overskriftene til dei mindre stykka er sette til av meg. - TK

Panchatantra-kvist . . .

I eit land ein stad låg byen Gjentakos. Den kunne måle seg med fremste byen i himmelen, så godt var det å leve der. Byen fløymde over av store gode. Portane og slotta der var spekka med eit rikt utval av maskiner, våpen og vogner. Den staute, store portalen inst i byen kunne lukkast med bolt og slå og mykje anna. Der skulle det ikkje vere lett å komme inn utan å vere invitert. Talrike gudshus og murar fanst også rundt om. Og omkring det heile låg ei djup vollgrav med høge, bratte skrentar.

I denne prima byen budde kjøpmannen Sparsam. Han hadde fleire gode sider og mykje pengar, for han hadde samla seg mykje hyggeleg medverknad tidlegare.

Ei natt han låg i senga si og funderte, kom han fram til dette. "Gods og gull lagt i ein haug søkk nok saman etter kvart; ikkje alt som veks som maurtuva. Så eg får spreie det eg har og få meg meir. Sjølv om ein har flust med pengar, bør ein få seg meir. Og rikdom og velstand ein har vunne, lyt ein verne. Rikdom som ein vernar, skulle ein auke og investere aktsamt. Pengar som ein skaffar seg på vanlege måtar, kan forsvinne på ein blunk. Pengar ein ikkje gjer bruk av når eit godt høve byr seg, gagnar ikkje meir då enn pengar ein ikkje har, på sett og vis. Derfor skulle pengar ein skaffar seg, bli vakta og verna, auka og brukt. Ein skulle nok dessutan gi av overskottet til verdige.

Det er slikt vi blir fortalde at vi skal gjere. Det er måten å leve i verda. Mister ein formuen sin, blir ein nokså snart halden for ingenting. Men formue som ikkje blir aktsamt vakta og verna, kan gå tapt. Og formue som blir vakta, kan ein også miste. Det er mange farar. Derfor høyrer det med å spreie formuen sin høveleg."

Fordi han var så ivrig etter penger og meir pengar, skaffa han seg ei last med varer og samla tenarane sine. Han ville til byen Stockholm med eit vognlass, og spente to oksar framfor den tungt lasta vogna. Oksane, som heitte Sindig og Fegen, fekk festa ei treramme for to over nakkane sine, og ved hjelp av dette dobbeltåket kunne dei dra lasset.

Dei kom snart til ei gjørmete elv ute i den vakre villskogen. Der streifa det elefantar, ville oksar, bøflar, hjort, gryntande kyr, villsvin, tigrar, leopardar og bjørnar, visste kjøpmannen. Den eine oksen hadde skadd eine leggen sin mens han drog den tunge vogna, og kom til å sette den fast i eit søkk i gjørmebotnen eit stykke uti elva. Der fall han så åket knakk av.

"Dette var leitt", sa kjøpmannen og var nedslått over uhellet. Han fekk vogna inn på bredda og slo leir der og venta i tre dagar på at oksen skulle makte å komme seg fri, men den stod fast. Derfor sette han eit par av tenarane sine til å vakte oksen. Sjølv køyrde han nokså sakte vidare med berre éin okse framfor vogna. Å gi seg til i ville skogen kunne bli farleg, og han meinte det var best å freiste å berge den andre oksen sin, vogna og lasset med varer også, og skunde seg sakte til byen Stockholm.

Dei to som skulle passe Fegen i elva, ville ikkje vere att slik i den farlege skogen, der dei kunne bli bytte for villdyr. Så allereie dagen etter innhenta dei kjøpmannen og sa: "No er oksen din daud."

Men oksen var ikkje daud. Dusjane frå den brusande elva kvikka han opp etter kvart, og etter noko tid kom han seg opp på bredda. Der fann han saftig, grønt gras, det beste han visste, og det liva han fort opp like til han bula så feit og god som før. Kreftene kom att. Han stanga til høge maurtuer med dei spisse horna sine av yr livsglede og bura og brølte høgt av fryd.

Det var ein bjørn der i skogen, og ikkje langt vekke frå oksen heller. Han blei kalla Brumle, og var halden for ein ekte konge over mange andre dyr enda om han ikkje forstod seg noko særleg på politikk. Det fall han berre heilt naturleg å vere dyktig til det som bjørnar gjer godt nok, og det var nok, det.

Ein dag var bjørnen ved elva for å sløkke tørsten. Med eitt høyrde han eit fælt brøl eit stykke vekke. Han hadde aldri høyrt noko så farleg, tykte han. Hjartet hans hamra vilt, men han prøvde no likevel å verke upåverka. Han gjekk fort vekk frå elva og kalla inn rådgivarane sine til møte i skuggen av eit fikentre.

To revar trer fram og snakkar saman om hofflivet

Eit stykke utanfor krinsen stod to revar. Dei heitte Reinald og Mikkel. No sa den eine lågt til den andre av dei to: "Kongen gjekk ned til elva for å drikke, men så kom han tilbake. Kva stoppa han?"

Den andre svarte: "Det har vi neppe noko med. Korfor blande seg i det? Det er tryggast og klokast å passe sine eigne saker i mest alt. Det står ikkje til å nekte at somme får mat av det som bjørnen leiver ved å stette seg nett slik."

Den første, Reinald, svarte: "Korleis kan du vere nøgd berre med maten? Vil du ikkje stå fram som dyktig i tenesta også?

Kongen i skogen fakkar maten sin sjølv, og treng ingen påkosta seremoniar med pomp og stas. Den forstandige søker teneste hos kongen for å gagne vennar og skade fiendar.

Eit skittent og magert bein å gnage på, det gagnar hunden. Slikt finn han seg tent med. Når ein kastar ein godbit til han, lograr han med halen, rullar seg rundt, og ser opp med blotta buk. Slik fer ikkje den alvorlege elefanten fram.

Den som skaffar seg mat ved eigne dugleikar, kan seiast å ete høveleg på ein måte. Hundar sine dugleikar femner over å logre med halen, og dei får mat for det rett som det er.

Men å la seg styre berre av buken, fører ein ikkje høgt. Den som fell frå det høgare, blir nøgd med bagatellar og sidan forakta - det går den vegen. Langs den greier ein ikkje å vurdere kva som er gale, og heller ikkje å sokne etter høgare verd og sanningar.

Rett liv manglar ikkje visdom, dugleik og herlegdom. Oksen, til dømes, høver her i verda. Han lever ikkje av å drepe dyr, han er nøgd med å ete gras, og trekker vogn eller plog. Slikt skil han seg ut som ein vis grasetar."

Mikkel sansa seg og sa: "Du og eg har jo inga stilling her ved hoffet."

Reinald sa: "Det står tydeleg for meg at kongen her er ein innskrenka feiging, og dei omkring han er like eins; dei er iallfall ikkje fornemme i eiga kraft og med uavhengig vidd. I staden stør dei seg til stillingane sine, som dei har ved å vere krypande, servile, og smiske seg fram."

Mikkel: "Så kva har du tenkt å gjere?"

Reinald: "Eg vil få meg stilling ved hoffet, eg også! Men eg vil ikkje berre smiske; eg vil også skremme kongen så han gjer som eg vil."

Mikkel: "Ja, somme rådgivarar går fram så nådelaust."

Reinald heldt fram: "Det er sagt: Kva land er framandt for dei informerte lærde?

Kongar, kvinner og klyngande vinranker omfamnar som regel alt som er ved sida av dei.

Den vise gjettar jamvel det usagte, ut frå minespel og geberder.

Den oppvakte kan snakke ut frå prinsipp, og såleis vinne mykje tillit.

Det gjeld å ikkje snakke utanfor det som går an, og vakte seg for upassande tid, stad, og høve, og dessutan for umodne og sløve: Ein treng å vurdere mottakaren når ein snakkar. Ved å makte ting som dette, snakkar ein neppe til inga nytte.

Ein får dyrke dei eigenskapane i seg som blir roste opp i skyene og mykje verdsette."

Mikkel sa: "Mange kongar er som slangar ved at dei vil gli fram med farga skinn omkring seg og ikkje viser nåde - men også i at dei lystrar fløyta til slangetemmaren. Den kloke veit å nytte slik kunnskap, så lykke til, du får iallfall gjere det du synest er best."

Reven Reinald snakkar med kongen i skogen

Så gjekk Reinald fram til bjørnen under fikentreet. Ho såg over han og sa: "Eg veit kven du er. Du er son av førre ministeren min. Velkommen skal du vere."

Reinald kom bort til kongen og tok plassen som blei boden fram, bukka og sa: "Eg har noko å bidra med: Meinråd frå rev skulle ingen sjå ned på. Jamvel eit halmstrå kan vere til nytte for den som vil reinse noko mellom tennene. Enda meir kan ein med auge, kjeft og potar! Det er derfor eg har komme. Framgang og vinning avheng i stor grad av å ha skaffa seg flinke tenarar.

Bonden er ikkje fullt ut skikka om han ikkje vurderer spireevna til dei ulike frøa sine. Kongar lyt bruke forstand og sette kvar tenar på postar slik det vel høver best. Å velje ut rette plassen for ulik slags pynt, høver også. Skilnadane mellom ulike elefantar, kvinner og karar er store og djupe dei også. Det gjeld å samle seg om dei gode eigenskapane til dei tenarane ein har, så ein får mykje vinning av dei.

Elles er det ein tosk som tar på seg så tung bør med møblar at han døyr. Men å bere ein strålande rubin er lett nok, og den er venteleg mange gongar meir verdifull enn det store, tunge lasset med møblar.

Ein katt som tar mus fortener høgakting for det den gjer for hus og heim. Men store toskar bør vel neppe bli brukte til så mykje. Å vere trufast men ukunnig er det jo ikkje så mykje hjelp i.

Det heiter at Gud gjorde seg til galte for å berge jorda for lenge sidan. Då skulle ingen å sjå ned på råd frå ein rev berre fordi dei kjem frå ein rev, meiner eg.

Silke kjem frå larvar* og gull blir funne i stein. Og vasslilja veks i mudder. Ved å syne heilt eige verd, utmerkar somme seg. Så dersom ein konge er innskrenka og riket utan kloke i føringa, kan staten falle.

* Silkeorm (Bombyx mori på latin), er ein larve som spinn silketråd til kokong, før den blir til nattsvermar (nattsommarfugl) - viss den får lov til det . . . for i silkeindustrien får den ikkje bite seg gjennom kokongen og ved det kappe silketråden i fleire stykke. Kokongane blir dermed lagt i kokande vann med puppa (larven) inni. Den kokte silkeormen blir ofte eten. Og det kokande vatnet gjer det lettare å nøste opp silketråden i kokongen.

"Å", sa bjørnen, "Sei ikkje slikt!"

Reinald: "Vi er to revar som såg deg i stad då du gjekk til elva. Det var truleg for å drikke vatn. Men noko fekk deg til å snu og slå deg til her under treet. Er det mogeleg du blei skremt av noko?"

Bjørnen ville først ikkje ut med det, så Reinald heldt fram: "Vel, er det ikkje noko å avdekkje, så la det vere, for:

Somt bør ein mann fortelje den kloke kona si,
somt til ein venn og somt til gode søner.
Desse kan alle vere tilliten verdt.
Men ein bør ikkje fortelje alt til alle.

No funderte bjørnen: "Denne nye undersåtten min verkar truverdig. Kanskje eg skulle fortelje det eg har løynt." Høgt sa han: "Reinald, kunne du høyre nokre gjallande brøl for litt sidan?"

"Ja, det gjorde eg, men kva så?" sa Reinald.

Bjørnen sa: "På grunn av dei forferdande brøla har eg tenkt å dra herifrå. Lyden må ha komme frå nokon som har komme inn i skogen her. Og den som brølar sterkare enn meg, er nok sterkare også. Det er det eg rettar meg etter. Å tenke på kva slikt eit vesen kan gjere mot meg, fyller meg med skrekk."

Reven svarte: "Er det mogeleg at kongen i skogen har blitt skremt berre av ein lyd? Nei, det er for gale. Det kan då ikkje vere av det gode å forlate skogen som blei vunnen av forfedrar og som har vore lenge i familien, berre på grunn av lyd og ingenting anna? Når ein høyrer lyden av tora, er det i regelen ikkje tiltrengt å bli redd; ein treng som oftast berre vare seg. Om du vil finne ut meir om kva lyden kjem av, skal eg gå og prøve å finne ut av det. For det er ikkje det beste å gi slepp på ein tilhaldsstad før ein har komme seg godt i gjenge ein annan stad."

Oksen og bjørnen blir vennar

Reinald gjekk i retning av den burande oksen mens bjørnen sat att og funderte om reven dreiv med dobbeltspel og ville svike han. "Kan hende reven kjem til å skifte side for å stå inne med den sterkaste", tenkte bjørnen. "Då er det sikkert ute med meg."

Slik tenkte bjørnen etter at reven hadde gått for å finne ut av brøla, og snart var han gått frå plassen under fikentreet og til ein annan stad i skogen. Der låg han i løynd og kunne sjå plassen under fikentreet og noko av vegen reven var gått. "No blir eg neppe utsett for overraskingsåtak", tenkte bjørnen og var tilfreds med seg sjølv.

Reinald fann snart oksen som blei kalla Fegen. Då han såg det berra var ein okse, gjekk han tilbake staden han hadde snakka med bjørnen. Bjørnen såg at han kom og var aleine, og sprang tilbake til fikentreet før reven var framme. Reven fortalde han hadde sett skapningen som brøla så høgt.

Bjørnen sanna: "Kanskje ikkje! Kanskje du ikkje har sett han som han verkeleg er, men berre sett han slik ein skarve rev ser hine. Eg må ganske enkelt ta høgde for det."

Reinald tenkte med seg sjølv: "Snakk om å vere mistruisk!" Høgt sa han berre: "Vel, eg kan gå og hente han som brølar så høgt. Då får skogens konge sjå han med eigne auge."

Bjørnen syntest det var greitt. Reven gjekk til oksen og opna opp med: "Stakkars okse! Kongen i skogen vil tale med deg og kjem til å spørje korfor du brøler utan stans og utan rimeleg grunn."

Oksen: "Kven er denne kongen som sender ei slik melding til meg? Kan du seie meg det?"

Reven sa: "Kjenner du ikkje kongen over skogen her i det heile? Vel, no får du snart kjenne han på fruktene hans."

Då blei oksen skremt og sa: "Gå og sei at eg kjem scom eg får komme og gå trygt, og elles ikkje."

Reven drog til bjørnen og kom snart attende og sa at oksen kunne ferdast trygt. Reven førte oksen til bjørnen, og oksen helsa høfleg, for det hadde reven instruert han om.

Kongen i skogen spurde: "Korfor har du komme til denne folketomme skogen?"

Oksen fortalde om kva han hadde vore ute for, om korleis han hadde blitt etterlaten i elva av to tenarar under kjøpmannen som eigde han, og om korleis han hadde komme seg laus, og kor glad han var for å vere fri dagen lang.

Kongen i skogen sa: "Ver ikkje redd. Eg vil verne deg med dei fælslege løvelabbane mine her i skogen. Du gjer dessutan vel i å halde deg nær meg her, for verda er full av farar, og somme av dei kjem frå dyr."

Oksen svarte høvisk: "Det skal bli som du seier."

Deretter gjekk bjørnen og hoffet hans ned til elvebredda og drakk seg utørste, og bjørnen gjekk uti og tok eit bad. Så vende bjørnen tilbake til favorittstaden sin, og herifrå kunne han fare ut i skogen utan hinder. Bjørnen og oksen var i lag mykje av tida, og blei gode vennar. Fegen, som var ein overlag klok okse, delte kunnskapane sine med vennen. Som følge av vennskapen og det oksen fortalde, blei bjørnen mykje høflegare, og smartare etter kvart også. Det var uventa for revane. Dei måtte gå og hangle og nesten svelte fordi bjørnen hadde blitt smartare enn å fø på mange han ikkje hadde det spor nytte av, slike som hadde utnytta han og livnært seg på han til han blei vennar med oksen.

Dei to revane drøftar den endra stoda med kvarandre

Dei to revane rådførte seg med kvarandre. "Vi er nesten øydelagde", sa reven Reinald. "Kva kan vi gjere no? Eg har sjølv skulda for problema, for det var eg som tok mot til meg og førte saman bjørnen og oksen."

Broren Mikkel meinte: "Vi lyt skilje dei to hjartevennane frå kvarandre så oksen ikkje får gi bjørnen gode og nyttige råd lenger. For dette går altfor hardt utover bjørnen sine gamle følgesveinar."

"Seier du det?" sa Reinald til Mikkel.

Mikkel svarte: "Det finst mange vonde og leie ting i verda, så som skort, opphissa ståk og tumultar, fråtsing, liding og dårleg politikk. Det gamle kongehoffet får smake desse vonda no etter kvart. Vi lir av mangel på mat i den grad at vi ikkje ein gong tenker på å gjere opprør, mens bjørnen fråtsar i nytt vennskap og byttedyr og lever så dyktig, godt og behageleg at han så godt som søler vekk livsgrunnlaget vårt. Ho fråtsar noko forferdeleg mens det gamle hoffet hans lir! Det vil eg kalla dårleg politikk, sett frå den sida eg har hamna på etter kvart. Men ein får prøve å ikke bli rasande, for ein gjer mykje gale når ein først har blitt fælande vreid.

Bjørnen blir sett opp mot oksen

No tok Mikkel på seg å snakke bjørnen ifrå å vere venn med oksen, og gjekk bort til han.

"Eg har ikkje sett deg i det siste", sa bjørnen. "Ein eller annan grunn er det vel til det."

"Det heng saman med oksen du støtt er saman med", sa Mikkel. "Eg er redd han har gjort seg til vennar med deg for å narre deg med tida. Han siktar etter å bli herskaren ved å drepe deg, trur eg", sa reven.

Bjørnen tok til å bli redd, sat stille og sa ikkje eit ord.

Reven Mikkel heldt fram: "Dei som blir forfremma, blir ofte hovmodige, så misnøgde med å tene andre, og dernest fylt av lyst til å herske sjølve. Dei som stig i rang kan få lyst til å myrde herskaren sin for å herske sjølve. Slik er det nokså ofte."

Bjørnen tok til motmæle: "Når det kjem til stykket, er oksen tenaren min. Korfor skulle han forandre forholdet mellom oss? Eg trur ikkje han er ute etter meg, og eg held han som ein kjær og oppvakt venn og tenar framleis."

Men reven snakka og snakka om kor farleg oksen var for bjørnen: "Kva er godt med ein gullring i øyret om den riv sund øyreflippen? Kva er godt med ein venn som vil ta trona frå deg? Kva godt gjer øyret som ikkje vil høyre?"

"Nei, sei det", sa bjørnen ut i lufta. "Eg bryt altså ikkje løftet eg har gitt vennen min, oksen. Eg har lova at han skal vere trygg her i skogen."

Reven: "Å vere vennleg mot vonde går mang ein gong gale av stad. Dyrebare ord til toskar blir neppe oppfatta bra nok av dei." Slik heldt han fram for å få bjørnen til å drepe vennen sin, og tok opp att og opp att: "Eg for min del trur han er klar til å svike deg. Berre du ikkje gjer eit grovt mistak ved å vere saman med han. Om det skjer, så skuld ikkje på meg."

"Vel", sa bjørnen og tenkte seg om. "Bør eg åtvare han?"

"Åtvar med handlingar heller enn ord", sa reven.

Bjørnen tenkte seg stadig om. "Når alt kjem til alt", sa han, "så et han gras, og eg et kjøt, så korfor skulle han vere ute etter meg?"

Reven lirka vidare: "Akkurat. Oksar er mat for løver. Og denne oksen har spreidd oksemøkk vidt og breidt. I møkka vil allslags markar og utøy yngle, og når du kjem nær dei, tar dei seg over til deg og bore seg djupt inn i deg, til du er så godt som daud.

Bjørnen sa: "Men korleis kan eg finne ut i kva grad Fegen er lumsk og svikefull eller ikkje?"

Reven: "Dersom han verkar stiv og anspent og vender horna mot deg heile tida, han som var ledig og avslappa før, så får du vare deg slik du skal."

No reiste reven Mikkel seg opp og gjekk eit stykke bort, til der oksen Fegen låg og jorta, og lét som han var motlaus.

"Er du ikkje i humør i dag?" spurde oksen.

"Når ein er tenar for ein konge, er ein ikkje sin eigen. Meir enn ein slave, men elendig likevel. Ein må tene og tene godt, elles får ein grunnn til å dirre og skjelve. Kva er eg i eiga kraft, spør eg meg", svarte reven.

Oksen blir rådvill

Oksen forstod at reven hadde noko spesielt i tankane, og sa: "Du kan fortelje meg kva du meiner."

Mikkel sa: "Det har seg slik at bjørnen Brumle har falle ned i djupt sinne mot deg. I dag sa han: 'Eg vil drepe Fegen og halde ein stor fest på han.' Derfor er eg nedslått. Du får gjere det som denne krisa krev, skulle eg meine."

Fegen fekk sjokk av å høyre dette. Han kunne nesten ikkje tru det, alt mens han tok opp att og opp att: "Stakkars meg! Kva gale har eg gjort bjørnen Brumle?"

Reven svarte: Kongar treng ikkje grunnar for å skade andre. Dei leitar heller opp veike punkt hos dei."

"Bjørnen, ein falsk venn!" stønna oksen. "Han sa han heldt av meg, den banditten! Men vi er vel for ulike kvarandre. Han et kjøt og eg et gras. Har det blitt slutt på dei gode tidene her no? Har Brumle gløymd den fyrstelege garantien han gav meg? Då står livet mitt på spel. Nokon har vel sett han opp mot meg. Kva kan eg gjere i denne stoda? Det spør eg meg."

Reveråd blir planta ferdig

Mikkel stod ved sida av han og tenkte: "Oksen har kvasse horn og mykje kraft. Kanskje han kan vinne over bjørnen. Så eg må få oksen ifrå å ville slåst, for det blir nok ikkje han som kjem til å skaffe kjøtmat til meg."

"Sei meg, kamerat, korleis er det bjørnen slåst? Korleis går han fram då?" spurde oksen.

Reven: "Om han ikkje løfter halestumpen straks han ser deg, men spisser øyra og ser nøye på deg, då er du ille ute. Då er det kanskje like før."

Så gjekk reven Mikkel til bror sin, Reinald, som spurde: "Kva har du utretta, bror?"

"Eg har sett bjørnen og oksen opp mot kvarandre, bror Reinald. Det er det eg har gjort, og du får snart sjå utfallet", sa Mikkel, "og det skal vi vinne på, du og eg. Elles har eg streva i dag til inga nytte med å snakke søtt som sukker og hard som flint i hjartet for å narre dei to."

Bjørnen og oksen barkar i hop, og oksen blir drepen

Oksen skjønte etter kvart at det beste han kunne gjere var å våge seg bort til bjørnen, men då han såg at bjørnen låg slik som reven hadde sagt, blei han ståande eit stykke frå bamsen, stiv og spent, med nakken bøygd og horna vendt framover. Bjørnen såg han stod slik reven hadde åtvara mot, og bykste fram mot oksen og sette klørne djupt i skinnet hans. Men oksen klarte å stikke og flenge bjørnen i sida med skarpe horn, og kom seg vekk frå han og stelte seg opp att, klar til kamp.

Då forstod Reinald at kvar av dei to store dyra hadde tenkt å kjempe til det siste, og kunne ikkje dy seg for å klandre Mikkel skarpt. Han sa: "Er det ikkje betre å freiste å lappe saman vennskapen mellom dei enn dette? Bjørnen som stolte på orda dine, blei forgifta av dei, og no blør han i sida. Men sidan han stolte på reveråd, er det vel også til dels hans eigen feil. No får han sanne at reveråd kan føre til fall; det blir avgjort på slagmarka. Og kven kan vel stole på ein skapning som snakkar med to tunger i munnen? Du syner at ein bør vere svært varsam med kven ein vil ha rundt seg og ha med å gjere.

Dette kan gå gale for både bjørnen og alle som heng etter han. Gale er gale, og den som er vis, vil aldri la gale gå for rett."

Mens Reinard sa dette, barka bjørnen og oksen saman att, og bjørnen vann til sist.

Far sjølv får avdekt sanninga

Då faren i skogen stod og tørka auga over vennen som det hadde gått gale med, kom Mikkel bort til han for å stive han opp ein bit. Han sa: "Kongar kan ikkje syne medkjensle, ikkje mykje, iallfall. Kongars vesen gir kongars ferd. Lastar hos andre er dydar for kongar."

Mens Mikkel var i ferd med å fortelje Brumle korleis han skulle tenke, kom Reinard fram til bjørnen og fekk seg ikkje til å vere med å narre meir. Han sa til bjørnen: "Kampen du vann var verkeleg farleg for deg. Livet ditt kunne gått tapt. Du slost til sist fordi Mikkel la opp til kamp mellom deg og oksen. Du skulle ha tenkt godt gjennom råda han gav deg. Dessverre narra han deg og fekk deg til å misbruke makta di. Du synte ikkje betre dømmekraft enn ein fyllik, og det er sanninga."

"Seier du det? Var det slik det hende?" brumma bjørnen. "Blei eg narra til å slåss mot ein god venn og drepe han, og så blir eg fornærma attpåtil?" Han var for utmatta etter den lange kampen til å drepe fleire nett då, men revane fann det best å halde seg godt unna han, for å vere på den sikre sida.

Renkespel kan bli farleg, og det skulle ingen tvile på.

Innhald


Femboka, fablar, soger, Panchatantra, litteratur  

Femboka, fablar, soger, Panchatantra, opp Seksjon Sett Neste

Femboka, fablar, soger, Panchatantra BRUKARGAID: [Lenke]
© 2010–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]