Norsk del, Gullvekta
Fablar frå Femboka  ❀ 8
Seksjon › 49 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Vevaren som fekk gaman og glede til sist

Soft, the weaver

I ein by ein stad budde ein vevar. Tida hans gjekk med til å lage klede i ulike fargar og med mange ulike mønster til fyrstar og anna folk. Men alt han streva og arbeidde, hadde han ikkje meir att enn til mat og klede. Men han såg at andre vevarar som vov grovare klede, velta seg i velstand, og ein dag sa han til kona si: "Sjå på desse karane, kone. Dei lagar grovare klede enn meg, men tener massevis av pengar. Denne byen gir meg ikkje sømmelege kår. Eg vil flytte herifrå."

"Å, kjære deg", sa kona, "det er ikkje sikkert at pengar kjem til den som drar sin veg. Som ordtaka seier: "Det som ikkje får skje, det får ikkje skje. Den som gjer noko og det som blir gjort, tvinnast saman for framtida." Så bli her du og tvinn trådar og vev dei; gjer det du kan bra."

"Du tar feil, kjære", sa han."For det heiter: Du kan ikkje klappe med berre ei hand eller få til ting utan arbeid. Om maten på fatet er aldri så fin, kjem han vanskeleg i munnen om ikkje handa hjelper til. Så det er arbeid som må til og eg vil vekk herifrå."

Dermed reiste vevaren til Vekstbyen, var der i tre år, og starta på heimveg med tre hundre gullpengar. Midtvegs var han kommen inn i ein stor skog då sola gjekk ned. Han klatra opp på ei tjukk grein på eit fikentre for å vere trygg, og der døsa og dorma han.

Midt på natta drøymde han at to krabatar med sinte, blodraude auge skjella ut kvarandre. Den eine sa: "Nei veit du kva, Gjert! Du veit du hindra denne vevaren på alle måtar i å få seg pengar utover mat og klede i heimbyen. Du kan då ikkje la han sleppe heim med tre hundre gullpengar når du fer fram akkurat slik."

"Nei, Jorg", sa den andre. "Eg tar berre vekk pengar etter kvart. Store summar for lang tids verksemd er ikkje mi sak, men di. Ta pengane frå han sjølv."

Vevaren vakna og treiv etter sekken med gullpengar, og fann at den var tømt. "Stakkars meg", tenkte han. "Eg streva så hardt for å komme til pengar, og så forsvann dei på ein blunk. Eg har arbeidt for ingenting. Eg har ingenting. Korleis kan eg sjå kona mi i fjeset, eller vennane mine?"

Dermed vendte han tilbake til Vekstbyen, og no tente han fem hundre gullpengar på berre eit år. Så drog han heimetter ein annan veg enn sist. Men korleis det no hadde seg; då sola gjekk ned, stod han under det same treet som året før og tenkte: "Å, å, å, dette lovar ikkje bra, synest eg." Men han såg ingen betre utveg enn å klive opp på greina, og snart drøymde han om dei to krabatane att.

Den eine sa: "Gjert, korfor gav du karen fem hundre gullstykke? Veit du ikkje at han ikkje får noko som helst utover mat og klede?"

"Jorg", sa den andre, "Eg er nøydd til å gi til den føretaksame. Korleis utfallet blir til sist, ligg i dine hender, no som sist."

Så snart vevaren høyrde dette, vakna han og tok etter sekken med gullstykke ved sida si. Den var tom. No blei han tungsindig og ville henge seg. Men før han fekk gjort alvor av det, dukka ein av dei to raudøygde krabatane fram frå buskaset ved treet og sa: "Ikkje for forhasta no, vevar! Fordi eg har tatt pengane frå deg, skal du få oppfylt eit ønske."

"I så fall", sa vevaren, vil eg ha eit lass med gullpengar - nok for heile resten av livet og vel så det. Så kjenner eg meg ikkje så ussel."

"Men korfor vil du ha pengar som du ikkje kan ha glede av eller gi vekk? For du får ikkje bruke meir enn til mat og klede sjølv."

Vevaren svarte: "Enda om eg ikkje kan bruke pengane på meg sjølv, vil eg likevel ha dei. Som ordtaket seier: 'Den som har pengar blir høgt æra i verda - etter kvart.' Berre ein er rik, blir ein æra for det med tida. Det ser ut som ein regel."

"Er det slik du kjenner det, får du dra tilbake til Vekstbyen", sa den andre. "Der skal du oppsøke to kjøpmannssøner. Den eine heiter Gømdeim, og den andre heiter Sløsendeim. Når du har studert dei og korleis dei fer fram, kan du finne ut korleis dei er."

Dermed forsvann karen, og vevaren drog forvirra tilbake til Vekstbyen. Same kveld fann han ut kor Gømdeim budde, og gjekk og besøkte han. Han fekk ikkje komme inn til mannen, men måtte berre halde seg utanfor. Då sola rann viste deg seg at Gømdeim hadde fått kolera to dagar før, så ein grunn til manglande gjestfridom fanst altså.

Vevaren gjekk no derifrå og til Sløsendeim, som helste høvisk og hjarteleg på han og skaffa fram mat, reine klede og meir til. Vevaren fekk ei behageleg seng å ligge i også. Om natta høyrde han dei to karane frå skogen att. Den eine sa: "Korleis kan vevaren betale for det han skuldar Sløsendeim etter denne mottakinga? Sløsendeim tok ut det han hadde i banken for det."

Då sola rann, kom ein politimann med pengar frå kongen i gåve til Sløsendeim, og vevaren tenkte: "Det ordna seg for den snille verten min, heldigvis. Sløsendeim er hyggelegare å ha med å gjere enn Gømdeim. Kanskje dei beste fruktene av pengar er fromme heimar, rett framferd, lærdom, gåvmilde og glade koner, gåver og gaman. Så la Gud gjere meg til ein som har gaman. Det har eg sannsynlegvis gaman av!"

Og gaman fekk han, enda om han ikkje spanderte mykje på seg sjølv.

Barundafuglane

The Bharunda birds

Barundafuglane budde ved ein innsjø. Kvar fugl hadde ein mage og to halsar med kvart sitt hovud på. Mens ein av desse fuglane gjekk omkring der, fann det eine hovudet hans litt blomsternektar. Då sa det andre hovudet: "Gi meg halvparten."

Det første hovudet nekta. Då plukka det andre opp gift og åt det. Sidan dei hadde magen felles, døydde begge.

Felles skulle vere forsvarleg, elles -

Musene som sleppte laus ein hesteflokk

The mice that set elephants free

Det var ein gong at menneske, hus og tempel hadde forfalle ein stad. Musene hadde budd der i trakta lenge, og no var det fritt fram for dei til smetthòl og sprekker i herskapshus med mange etasjar, og andre stadar. Dei formerte seg så det krydde av dei, og dei feira og åt og drakk og forlysta seg dagstøtt. Slik gjekk tida.

Men ein dag kom ein hingst til området i lag med eit stort følge på fleire dusin hopper. Dei sette kursen mot innsjøen nær ved etter å ha fått vite det var drikkande vatn der. Men då dei galopperte gjennom museflokkane på veg til sjøen, knuste dei forferdeleg mange av dei små, som hadde hatt gode tider så lenge at dei ikkje passa seg noko særleg.

Musene som overlevde nedtrampinga, samla seg til råds. "Vi blir drepne av desse digre hestane!" peip dei. "Kjem dei springande tilbake, gjer dei mest ende på oss alle, slik dei galopperer. Som det er sagt: 'Hestar kan drepe med spark, og skurkar med falsk æring.' La oss derfor tenke ut ei løysing på denne krisa."

Då dei hadde gjort det, gjekk nokre av dei ned til sjøen og helste høfleg på hingsten, for han var leiaren for flokken og far til mange i den. "Hei far. Ikkje langt herifrå bur vi slik vi har gjort i lengre tid, og forfedrane våre før oss. Vi har hatt det godt, vi har trivest. Men då de galopperte gjennom staden vår, trampa de i hel tusen av oss, om ikkje meir. Held de fram sånn, kan vi bli utrydda. Om de har medkjensle med oss, så bruk ein annan veg til innsjøen heller. Kom i hug at sjølv små skapningar som oss ein dag kan gjengjelde tenester."

Hingsten tenkte gjennom det museflokken bad om, og syntest det var fornuftig, så han gjekk med på det. Hestane fann ein annan veg til og frå innsjøen, og etter ei tid var musene mange og lykkelege att.

Lenge etter dette baud kongen i landet jegerane sine å fange fleire hestar til seg. Dei laga ei vassfelle og fanga hingsten og nesten alle hoppene hans i den. Etter to dagar trekte dei hestane opp med reip og taljer, og batt dei til trauste tre i skogen nær vatnet. Så gjekk dei til kongen med beskjed om hestane dei hadde fanga, og ville ha beskjed om kva dei skulle gjere vidare.

Då jegerane var gått, tenkte hingsten gjennom stoda. "Korleis kan vi bli fri, og kven kan hjelpe oss med det?" Då gjekk det opp for han at dei berre hadde mus til hjelp. I beste fall.

Hingsten sende bod til musene med ei av hoppene som ikkje var blitt fanga. Ho sa korleis det stod til med mannen henner og dei andre hestane og bad dei komme og gjere gjengjeld så fort dei kunne. Over tusen mus samla seg i flokk og drog dit hestane stod bundne. Dei krydde omkring og oppå hestane og gnog over reipa som heldt hestane fast, og etter noko tid hadde dei sett alle fri.

Kjøpmannssonen

Mister Duly

I ein by budde ein kjøpmann. Sonen hans plukka opp ei bok på sal og gav tusen kroner for ho. I boka stod radene:

At kvar og ein får det som tilkjem han,
det er som det skal,
som det sømmer seg.

Det stod berre dette i boka. Då kjøpmannen fekk sjå det, spurde han sonen: "Guten min, kor mykje gav du for denne boka?"

"Tusen kroner", sa sonen.

"Din einfaldige tosk!" sa faren, "dersom du betaler tusen kroner for ei bok med berre éi strofe i alt, korleis kan du klare å tene pengar? Frå i dag av høyrer du ikkje heime her meir." Så viste han sonen døra og skreik: "Ut av mitt hus!"

Den nedslåande utjaginga dreiv den unge mannen til eit anna land langt vekke. Der kom han kom til ein by og stoppa der. Etter nokre dagar i byen spurde ein av innbyggarane han: "Kor er du ifrå? Kva er du for ein? Kva heiter du?"

Kjøpmannssonen svarte: "Det er som det skal at alle får det som tilkjem dei." Han gav det same svaret til ein annan som undra seg over han, og ein tredje, og så vidare. Alle som spurde, fekk det same svaret. Derfor kalla dei han Tim, frå "tilkjem".

Ei ung og vakker prinsesse stod ein dag saman med ei venninne og såg utover byen. Då fekk ho auge på ein uvanlig kjekk og sjarmerande prins. Straks ho såg han, blei ho reint forgapt, og sa til venninna: "Kjære jente, no må du gjere ein innsats for å føre saman den prinsen og meg i dag."

Venninna gjekk like bort til mannen og sa: "Prinsessa skikke meg til deg med denne meldinga: "Eg har blitt vilt forelska i deg, berre ved synet av deg. Om du ikkje skundar deg til meg, vil eg døy. Ikkje noko mindre."

Då prinsen fekk høyre den meldinga, sa han: "Kan eg ikkje unngå å vitne henne, får du heller fortelje meg kjem inn til henne der ho held til."

Venninna sa: "Når det blir kveld, skal du klatre opp ei solid reim som skal henge frå ein av dei øvste etasjane i slottet der kongen bur."

Han svarte: "Om alt er gjort klart som du seier, skal eg gjere min del."

Jenta drog tilbake til prinsessa og fortalde om avtalen. Men då natta kom, tenkte prinsen over saka: "Eg og ho kan bli vanæra ved å møtast som kjærestar slik som dette." Dermed kutta han ut å gå til henne.

Men Tim var ute og gjekk den kvelden, og fekk auge på ei reim som hang nedover veggen i eit kvitkalka, flott hus. Av rein nysgjerrigheit klatra han oppetter reima, og prinsessa kjende seg heilt sikker på at han var den rette mannen for seg. Han fekk eit bad, eit godt måltid, fine klede å ha på, og utan at noko blei sagt, gjekk dei to til sengs med kvarandre. Lemmane hennar dirra av glede over han. Så sa ho: "Eg blei forelska i deg så snart eg såg deg, og har gitt meg til deg. Eg vil aldri han nokon annan mann, ikkje eingong tenke på einkvan annan. Når du har fått vite dette, må du seie noko."

Han svarte: "Det er som det skal at alle får det som tilkjem dei."

Ho blei skremd av svaret og sende han ned reima i ein fart. Han gjekk til eit forfalle tempel og la seg til å sove. Snart kom ein politimann som hadde ein avtale med ei lettliva kvinne der, og fann han sovande. Politimannen ønskte å hysje ned dette, og innleidde ein samtale med han: "Kven er du for ein?"

Den andre svarte: "Det er som det skal at alle får det som tilkjem dei."

Då han fekk høyre dette, sa politimannen: "Dette tempelet er nakent og utriveleg. Kom og sov hos meg i staden. Du får sove i senga mi. "

Kjøpmannssonen blei med, men kom til å legge seg i feil seng. I den senga låg dottera til politimannen. Det var ei stor jente, vakker og ung. Ho hadde avtalt med ein kar ho elska at han skulle komme til henne når det blei mørkt, og då Tim la seg i senga hennar, trudde ho det var den kjære. I bekmørket gav ho seg til mannen og blei liggande saman med han i senga, djupt tilfreds. Noko etter spurde ho han: "Enno har du ikkje sagt noko til meg. Korleis har det seg?

Han svarte: "Det er som det skal at alle får det som tilkjem dei."

Då ho høyrde det, tenkte ho: "Dette er det ein får att for å vere uforsiktig." Så skjente ho sørgmodig på han og skyssa han ut.

Kjøpmannssonen rusla då nedetter ei forretningsgate. Der kom ein brudgom frå eit anna distrikt. Han rei på ein pynta elefant til lyden trommer og i lyset av mange faklar. Tim blei med store festfølget. Dei skulle heim til ein kjøpmann. Brura var dottera til kjøpmannen. Ho stod godt opplyst under ein skjerm på ein rampe ved døra til huset, og synte fram brurestasen.

Nett då gjekk ein elefant i staden amok, drap føraren sin og var ikkje til å styre. Folk sprang vettskremde hit og dit i eit virvar. Brudgomsfølget fekk eit glimt av den gale elefanten og folk sprang derifrå det fortaste dei vann.

I denne krisa såg Tim korleis jenta stod heilt aleine mens auga flakka hit og dit i frykt. Han sprang til, la høgre hand rundt henne, og sa roande: "Ikkje ver redd. Eg skal verne deg." Så skjente han på elefanten, utruleg roleg, og elefanten gjekk faktisk vekk.

Etter litt dukka brudgommen opp med vennar og slektningar, men han kom for seint: ein annan mann heldt brura i handa. Då brudgommen såg det, sa han: "Høyr, svigerfar, dette er vel ikkje som det skal. Du lovde dottera di til meg, og gav henne til ein annan!"

"Eg blei skremd av elefanten, eg også, og sprang min veg liksom deg og heile følget ditt. Eg kom tilbake i lag med dykk, og veit ikkje kva som har gått føre seg."

Så vende han seg til dottera si og spurde: "Kjære jenta mi. Det du har gjort er neppe tingen. Fortel meg kva det skal bety."

Ho svarte: "Denne mannen redda meg frå døyeleg fare. Så lenge eg lever, skal ingen andre enn han få halde meg i handa."

Då daggryet kom, var historia kjent vidt omkring, og ei stor folkemengd stimla saman. Prinsessa fekk høyre om hendinga, ho også, og kom til plassen. Dottera til politimannen kom også. Jamvel kongen kom dit. Han sa til Tim: "Snakk ut. Ver ikkje redd. Kva er no dette?"

Tim svarte: "Det er som det skal at alle får det som tilkjem dei."

Då hugsa prinsessa han og sa: "Den lova vil ikkje eingong Gud bryte."

Dottera til politimannen sa: "Eg er ikkje overraska, ikkje eingong sorgfull over dette."

Etter å ha høyrd alt dette, sa kjøpmannsdottera: "Det som er mitt, skal ingen framande ta."

Då lovde kongen at ingen skulle straffast for noko som helst av det som hadde hendt, og slik fann han ut av historia ved å sette saman bitane av det som kvinnene og andre fortalde. Vørdnadsfullt gav han Tim si eiga dotter til ekte, og tusen landsbyar attpå. Men så kom han til å tenke på at han ikkje hadde nokon son, og salva Tim til kronprins. Kronprinsen og familien hans levde lykkeleg i lag, og det fekk dei gode grunnar til også.

Musa som fortvila

Gold's gloom

Ein stad budde ein einebuar ikkje ville dele maten i matbollen sin med mus stadig vekk. Derfor hengde han den opp på ein stokk. Fornøgd gjekk han så til eit kvilerom, utan å vite at musene lett kom opp i matbollen hans likevel. Slik gjekk tida.

Musene hadde ein leiar. Ho heitte Gullo. Ho og følget hennar åt varsamt av maten hans rett som det var. Då han oppdaga det, hengde han matbollen høgare og høgare opp på veggen, og rett som det var slo han på matbollen med staven sin for å halde musene vekk.

Så fann einebuaren hòlet som musene kom inn og ut gjennom, tok ei jernhakke og gav seg til å følge sporet for å finne staden der musene kom frå. Gullo klarte å finne ut av kva han gjorde, så tidleg at ho kunne viske vekk sporet etter musene Men då musene no tok ein annan veg heimetter, hoppa ein katt over dei og drap for fote. Dei som overlevde, skulda Gullo for å ha valt ein dårleg veg, og søkte tilflukt heime hos henne. Golvet i musehòla blei tilskvetta med blod som rann frå såra deira.

Ho gjekk derifrå aleine og sat for henne sjølv og stura då einebuaren med hakka kom til musehòla, for han hadde følgt blodsporet. Frå hòlet kjende han osen av mat som Gullo hadde lagra. Han tok alt – etande og anna – og gjekk heim til sitt med dei.

Musa følgde snart etter han i lag med flokken sin, for det var harde tider og dei trong mat. Då einebuaren høyrde tassinga av dei heime hos seg att, slo han med staven sin på matbollen om att og om att, for at ingen skulle krype ned i den. Men han trong ikkje slå på bollen, for musene blitt så utsvelta og skadde at dei ikkje klarte å komme opp i bollen eingong. Og skattane til Gullo – mat og myntar var det mest av - brukte einebuaren som hovudpute.

Dei andre musene gjekk ifrå Gullo no då ho var blitt så fattig, og fordi overfallet frå katten hadde fått dei til å tru ho var ein dårleg leiar. Slik mista ho vennane mine.

Ho gjekk derfor heim til musehòla si aleine. Der sat ho og uffa seg og tenkte ho heller skulle dra langt til skogs og søke lykka der, for ho orka nesten ikkje synet av den plyndra hòla meir. "Korleis kan eg få fred i sinnet meir?" spurde ho seg sjølv om og om att.

Nett då kom ei kråke ho var vennar med og fortalde at matmangel dreiv henne til å fly sin veg. Ho kom for å ta farvel, men Gullo ville heller bli med henne. Snart frakta kråka musa til ein innsjø som låg for seg sjølv inni svarte skogen.

Kråka trøysta henne litt og sa: "Gjer det beste ut av det nye livet her. Du er enno i live og har ikkje blitt mat for katt. No står det fritt for deg å vinne eit bra liv på eigne bein, for du er sunn og frisk og kan leve godt av det naturen byr, også utan pengane. Du har meg her også. Her er den nye heimstaden vår om du vil."

Musa kjende etter og sa: "Kjære venn, du har rett. Skal ein ha pengar, må ein kunne bruke av dei også, og ikkje berre samle dei i ei hòle. Eg feila kan hende der. No skal eg bygge meg opp att, leve heller enkelt og behageleg, stort sagt."

Endatil ei mus kan fortvile over å bli røva.

Dua, kråka, musa, skjelpadda og rådyret

Her er bok 2 si rammeforteljing, "The winning of friends", med "Spot's captivity" mot slutten

Fanga duer flyg vekk med nettet mellom seg

I landet i sør låg byen Jentefryd. Ikkje langt unna stod eit praktfullt fikentre. Ut frå ein mektig stamme strekte det seg ei mengd greiner. Fuglar kom og overnatta i treet, og kråka Lettveng budde i det fast. Tidleg ein morgon flaug ho av stad for å finne mat, men så fekk ho auge på ein fuglefangar som nærma seg treet ho hadde heime i. Mannen var raudøygd og såg fæl ut. Ved sida hans hang ein kniv, og i hendene bar han nett og klubbe.

Den nyfikne kråka såg over han og tenkte: "Kva er i vente frå han der? Vil han skade meg, eller har han anna ærend?"

Ho heldt seg der i nærleiken, og såg korleis jegeren spreidde nettet, strødde ut korn, og la seg på lur nær ved. Ei flott hanndue kom med stort følge og såg korna på bakken, og etter å ha krinsa rundt der ei tid, landa duene for å ete, men blei sittande fast i nettmaskane. Straks hoppa fuglefangaren fram med svingande klubbe.

Førardua sa til følget: "No sit vi i det. Eg veit berre éin utveg, og det er at vi alle flyg oppetter i lag i samla flokk, og så langt vekk herifrå. Elles kan vi ikkje klare oss."

Som sagt, så gjort. Duene flaug av stad med nettet for å vinne tid nok ein annan stad til å komme seg ut av det mens jegeren stod att og tenkte: "Dette er uhøyrt! Men skal tru kor lenge dei klarer å samarbeide slik." Han la på sprang etter dei.

Leiardua forstod kva fuglefangaren håpte, og kurra til dei hine: "Vi lyt fly høgt og langt vekk over åsar og skogar for å sleppe unna han der."

Så flaug dei ut av syne for jegeren, og då gav han opp håpet om å fakke dei. "Det som ikkje skal skje, det skjer vel ikkje heller. Eg får berre sjå i auga at eg har mista nettet som eg skulle skaffe mat til familien min med", sa han.

Musa Gullo gneg av nettmaskane så duene slepp fri

Den nyfikne kråka på si side hadde slutta å tenke på mat eit bel, og flaug stilt etter duene og fekk høyre korleis leierdua kurra til dei hine: "Vi har komme vel ifrå jegeren. No drar vi like til byen Jentefryd, for der bur ein kjær venn av meg. Det er musa Gullo. Ho kan gnage av banda våre så vi kjem oss ut av vanskane denne gongen."

"Ja, det gjer vi", sa dei andre, og då dei kom nær hòlet til musa, flaug dei ned og landa.

Den varsame musa hadde ei hòle med tjue opningar, og der budde ho. Då ho høyrde fuglane komme, blei ho skremt av vengebruset og heldt seg gøymt i hòla, men leiardua snakka inn gjennom ei av opningane: "Kjære Gullo", sa ho. "Kom ut, er du snill."

Gullo sa innanfrå: "Og kven er du for ein?"

Dua sa: "Eg er Bjarte, duekongen som er vennen din. Skund deg ut til meg."

Musa kom fram og fekk sjå alle duene som sat fast i nettmaskane. Forferda spurde ho: "Kva skal dette bety?"

Dua sa: "Vi har blitt fanga. Hjelp oss. For dei som gjer godt, får oppleve godt til gjengjeld seinare ein gong, trur eg."

Musa: "Også fuglar kan fangast i fella enda om dei kan fly. Fisk blir fanga av slike som kjenner dei, enda om dei svømer i det vide havet. Jamvel elefantar og slangar blir tatt til fange. Når det er slik, kva gagn er det i gode gjerningar for dei fanga?"

Mens musa sa kva ho fatta, sette ho i gang med å bite over maskane som heldt leiardua fanga.

"Gode venn, set fri dei andre først", bad leiardua.

Musa sa utolmodig: "Korfor vil du at andre skal hjelpast før deg, når de alle er i sameleis nød?"

"Bli ikkje sint. Men alle desse duene har forlate andre leiarduer og blitt knytte til meg, og har stolt på meg. Så korfor skal eg ikkje vise dei såpass omsyn i det minste?"

Musa blei glad over at dua viste slik omsorg for sine, og sa: "Du verkar skikka til å vere leiar." Samtidig gnaga ho over nettmaskar, og etter kort tid var alle duene frie.

Leiardua takka varmt for berginga, og tok farvel med musa. Så flaug ho heimetter saman med alle dei andre duene mens musa kraup inn i hòla si att.

Alliansen mellom mus og kråke vinn fram

Kråka sat i eit tre og både såg og høyrde korleis duene blei sett fri, og tenkte overraska: "Kor smart og flink den musa er, og kor gildt ho har laga til heimen sin. Det kan vere til gagn for meg også å bli vennar med henne, for sjølv eg kan bli fanga i nett eller råke ut for ei anna ulykke ein gong, ein stad."

Dermed flaug kråka ned frå treet ho sat i og kom bort til eine inngangen til musehòla. "Kjære Gullo, kom fram frå hòla igjen!" hoia ho.

Då musa høyrde dette, tenkte ho: "Kan det vere nokre duer som ikkje blei heilt fri av nettmaskane, som roper på meg?" Høgt sa ho "Kven er det?"

Kråka sa: "Eg er Lettveng, ei kråke."

Då ho høyrde dette, klemte Gullo seg inn i kroken lengst vekke frå kråka og skreik: "Gå vekk!"

Kråka sa: "Eg såg korleis du hjelpte duene å bli fri frå nettet, og vil vere venn med deg. Ein liknande ulykke kan komme min veg også, og då kan du kanskje hjelpe meg fri."

Musa sa med ein latter: "Korleis kan det vere vennskap mellom deg og meg? Berre det som lar seg gjere, lar seg gjere. Ei klok mus prøver ikkje å vere saman med dei som et mus. Du er ein som et slike som meg, så korleis kan vi vere vennar?"

Kråka sa: "Høyr, det blir ikkje mykje mat av ei mus som deg same kva, og dersom eg lar vere å ete deg, kan det vere du reddar livet mitt ein gong, slik du gjorde for duene no nettopp.

Jamvel dyr kan ein stole på dersom dei er rettvise og har god karakter, og ein rettvis allianse like eins. Rettvisa kan ein heidre."

Musa sa: "Du har ord for å vere ustadig. Og som det heiter: "Den ustadige er ikkje trugen mot seg sjølv, så korleis kan han vere trugen mot andre?" Ustadige øydelegg snart for andre i spann med seg også. Og ein gjer vel i å ikkje gå i spann med ein fiende. Så flyg din veg no."

Kråka: "Korfor desse harde orda om å vere påliteleg og stø og ikkje å vere det? Eg er fast bestemt på å bli venn med deg, det er slik eg har det. Og eg som ikkje eingong har sett deg før, korleis kan eg vere fiende?"

Musa: "Kjære deg, du skal vite at det finst to slags fiendskap i denne verda: naturleg fiendskap som enten er einsidig eller gjensidig - og slikt fiendskap kan ein ikkje håpe å fjerne - og så fiendskap ein skaper seg. Du er ein naturleg fiende av mus som meg."

"Sei meir om dette", bad kråka.

"Ved gjensidig fiendskap skadar begge partane kvarandre. Men ved einsidig fiendskap drep og et den eine parten den andre utan personleg grunn, slik mungoen gjer med slangar, løva med hjort og katten med oss mus.

Det heiter også: "Eit urettferdig hopehav er som ein slange i fanget", og at "Vondsinna menneske er ei kjelde til fare, sjølv for kjekke og greie." Og dessutan: "Den som set lit til fiendar eller ei kone som ikkje er glad i han, kan vere verre ute enn han trudde; jamvel livet hans kan stå på spel."

Kråka sa: "Eg har høyrt liknande. Men trass i det vil eg bli vennar med deg, sidan "ein kan nå måla sine, jamvel vanskelege, ved hjelp av vennar." Klarer eg ikkje å bli venn med deg, vil eg faste like til eg svelt i hel utanfor hòla di."

Musa: "Godt sagt. Du har overtydd meg. No kjem eg ut."

Men halvvegs ute stogga ho og sa: "Det er enda noko eg vil seie. Her i verda lever folk enten i tråd med hjartet sitt eller for vinning. Desse to kan vere i motsetnad til kvarandre. Foreina hjarte er helst ein fordel, men ikkje alltid foreining for profitt. Ein mann kan legge fram mykje korn for rapphøne, men han gjer det for å fange og slakte dei og tene på dei. Prova på retteleg vennskap er i kva grad hjarta er med - og i kva grad dei er gode. No håper eg du ikkje har svoltne kameratar på lur så dei kan ta meg når eg ikkje er mykje på vakt."

Kråka sa: "Det er ingen andre her ute enn eg her. Det sver eg."

Musa innanfrå: "Sjølv når fienden sver noko, er det uklokt å stole på det."

"Det kan eg ikkje svare på", sa kråka og kjende seg dum.

"Men no kjem eg ut!" sa musa. "Eg sa jo du hadde overtydd meg."

Dei helste på kvarandre og avtalte at dei for framtida ville støtte kvarandre gjensidig, og ha stort sett dei same vennane og fiendane.

Musa trakterte kråka med god mat, og så tok dei farvel. Musa kraup inn i hòla si, og kråka flaug heimetter. Men på vegen flaug ho over eit kratt. Inni krattet låg det ein daud villbøffel som ein tiger hadde drepe like før. Lettveng slo seg ned ved bøffelen og åt alt ho orka. Så tok ho eit stort kjøtstykke i nebben og flaug tilbake til Gullo med det som vennskapsgåve. Ho ropte inn til musa: "Kom hit ut, Gullo, og ta imot dette kjøtstykket eg har tatt med til deg."

Musa stod og stelte i stand ein stor haug med hirsekjernar til seinare. No bar ho ut ein stor porsjon vaska og rista hirse til den nye vennen sin og sa: "Ver så god, her er korn eg laga til nett no."

Og så åt dei i lag igjen, sjølv om begge i grunnen var mette frå før. For å ete i lag kan fostre gode kjensler for kvarandre etter kvart, og eit vennskap er ikkje stort utan vennegjerningar. Skal vennskap vare, gjeld det å halde gjensidig vennehjelp ved lag.

Kråka vil dra vekk, og musa blir med

Dag for dag fann dei tid til å vere i lag, ete saman, og snakke høfleg og fortrulig med kvarandre. Men ein dag kom kråka med tårer auga og sa: "Gode venn, eg er nøydt til å fly herifrå. Etter at det blei tørke her, har folk sett ut fuglenett nær sagt overalt. Fleire eg kjenner har blitt tatt. Eg er lei av å bli jakta på og leve i frykt for feller."

Musa sa: "Kor vil du dra, då?"

Kråka: "Det er ikkje så veldig langt vekke for ei kråke. I landet i sør ligg ein innsjø midt i ein villskog. Der har eg ein annan venn, den vettige skjelpadda Sein. Vi har vore vennar lenge. Han vil hjelpe meg med fisk og annan godmat frå sjøen, og eg blir ikkje forstyrra av farlege feller, får eg håpe."

Musa sa: "Får eg bli med? Eg også er lei av å bu her på stadens slik forholda har blitt for meg."

Kråka tok musa i nebben og sette henne opp på ryggen mellom vengane sine, og bad henne halde fast. Så flaug ho med musa til bredda av innsjøen i villskogen.

Møtet med skjelpadda

På stranda stod skjelpadda og myste og lurte på kven det var som kom flygande. "Ei mus som flyg ei kråke?" sa ho til seg sjølv. "Det er vel beste å passe seg." Dermed hoppa ho uti vatnet med eit svakt plask, alt mens kråka nærma seg.

Kråka sette musa varsamt frå seg ved vasskanten. Så flaug ho opp i eit stort tre for å speide. Ho oppdaga fort skjelpadda, og ropte: "Hoi, hoi, kom hit! Det er vennen din, Lettveng! Eg er jammen glad for å sjå deg att etter all denne tida. Så kom og gi meg ein klem eller to!"

Skjelpadda blei glad over å høyre kven det var som var kommen. "Gjerne. Eg ser ikkje så lett opp i vêret, ser du, og stakk av fordi det er klokast å alltid vere på den sikre sida ute i naturen." Så krabba ho på land og omfamna kråka, som hadde komme ned frå treet i ein-to-tre.

Skjelpadda tok vel imot både kråka og musa, sette fram mat for begge, og spurde: "Korfor kjem de hit til ein folketom skog? Og kven er musa?"

Kråka svarte: "Musa heiter Gullo, og er velsigna klok og hjelpsam mot vennar." Så fortalde kråka om korleis musa hadde hjelpt alle duene, og om korleis musa og ho sjølv var blitt vennar.

Skjelpadda spurde musa: "Men korfor ville du flytte ifrå den trygge hòla, vennar, slekt og make? Blei du dårleg behandla, kanskje?"

Kråka sa: "Kjære Gullo, sei det til oss."

Musa blir trøysta

Og så fortalde Gullo om korleis ho hadde prøvd å få seg mat hos ein einebuar i lag med mange andre mus. Men han sette ikkje pris på det, fann hòla hennar og tok alt ho hadde. Kråka trøysta henne og sa: "Du er sunn og frisk og kan leve godt utan pengar og andre gamle skattar her uti skogen. Her er ein ny heimstad for oss om du vil."

Musa kjende etter og sa: "Kjære venn, du har rett."

Rådyrhannen Flekken kjem til

Mens dei snakka med kvarandre, kom rådyret Flekken mot dei. Han pesa av tørst og skalv i frykt for piler frå jegerar. Då rådyret kom nært, flaug kråka opp i treet, musa kraup ned i ei grastue, og skjelpadda skunda seg ut i vatnet. Rådyret blei ståande i vasskanten og skjelve.

Kråka flaug no opp og studerte skogen omkring dei nøye. Så kom ho tilbake til treet og ropte til skjelpadda: "Kjære venn, kom opp på land att. Eg har granska skogen nøye, og det er ikkje noko som trugar. Det er berre denne råbukken som har komme til sjøen for å få seg vatn."

Då kjende skjelpadda seg trygg, og sa til den nye gjesten: "Her kan du drikke og bade. Vatnet er reint og godt og svalt."

Rådyret kjende etter og tenkte: "Desse tre er ikkje det minste farlege for meg. Skjelpadda kan ikkje gjere ugagn ute av vatnet, og musa og kråka et ikkje levande dyr, så vidt eg veit. Eg sluttar meg til dei." Og det gjorde råbukken.

Skjelpadda helste råbukken velkomen og sa: "Eg håper du vil trivast på denne staden. Fortel oss korleis du kom hit, er du gild."

Rådyret svarte: "Jegerar og hundane deira har jakta på meg. No er eg lei av sånt. Eg klarte å springe langt vekk frå dei. Så kom eg hit. Og eg vil gjerne vere vennar med dykk."

Skjelpadda sa: "Vi tre andre er nokså små av oss, så det er ikkje sikkert vi kan leve opp til vennskapen frå deg og gjere gjengjeld som høver."

Men no sa rådyret fram eit vers:

Betre å bu med kloke og oppvakte
i enkle kår om så skal vere,
enn mellom oppstasa slaskar i slott.

Også i ein liten skrott bur nokon som kan gjere storverk. Det går ei soge om korleis gnagande mus ein gong sette ein elefant fri frå garnet han var fanga i."

Skjelpadda lytta og sa: "Du har rett, nye venn. Ver ikkje redd. Du har fått heimen din her."

Etter dette åt og kvilte dei på slike tider det passa kvar især, og møttes i middagstida i den svalande skuggen av trea ved den vide innsjøen og hygga seg godt saman. Rådyret deklamerte:

"Dummingar skjenner og kranglar og gjer galne ting og søv det meste av tida.
Gløgge, derimot, frydar seg over å speide og granske og tilmed forme dikt.

- men av og til er det vanskeleg.

Råbukken blir fanga, men vennane kjem til

Ein dag kom ikkje råbukken til middagsstunda med dei tre andre vennane. Dei meinte han var i trøbbel. Kråka blei sendt av stad for å speide etter rådyret. "Du kan fly langt og fort og sjå vidt omkring frå lufta. Det kan ikkje vi, så vil du ikkje sjå etter kva som har hendt i skogen?" sa dei.

Kråka flaug og fann snart råbukken. Han var fanga i ei snare, og sa sørgmodig til kråka då ho kom. "Kjære venn, det hjelper å ha ein venn som er nær når livet nærmar seg slutten. Sei til musa og skjelpadda frå meg at om eg nokon gong har sagt noko feil til dei, bed eg om orsaking for det."

Kråka sa då: "Du treng vel ikkje døy med vennar som oss. Eg kjem straks tilbake med musa, for ho kan bite over banda du er fanga med."

Så skunda kråka seg tilbake til skjelpadda og musa og fortalde om stoda, og tok musa med i nebben og flaug til råbukken.

Musa sa til bukken: "Sei oss korleis du blei tatt til fange, du som er så glad i å speide og granske, mellom anna."

Rådyret: "Det var midt på natta. Eg gjekk i fella fordi eg ikkje såg ho."

No slutta skjelpadda seg til dei tre, ho også. Musa sa då ho såg henne: "Var det no klokt av deg å komme hit? Her er det ikkje vatn å dukke ned i når farar truar. Eg kan gøyme eg i kratt og kjerr. Kråka kan fly opp mellom trea, og kan også fly meg vekk frå jegeren når han kjem – men ikkje deg. Og når banda er av og råbukken fri, kan han springe herifrå. Så kva vil du gjere når han kjem?"

Skjelpadda: "Sanneleg om eg veit. Eg ville mest av alt komme og hjelpe vennen min. Det var slik eg hadde det."

Skjelpadda blir også fanga

Nett då høyrde dei jegeren komme eit stykke unna i skogen. Før han nådde fram til fella, beit musa av banda og gøymde seg i buskaset, kråka flaug opp i eit tre, og bukken sprang vekk.

Han stussa ved den øydelagde fella og sa til seg sjølv. "Hjortar og rådyr kan då ikkje gnage av banda sine?"

Så fekk han auge på skjelpadda sa med blanda kjensler: "Men her får eg visst ei skjelpadde i staden." Jegeren batt beina til skjelpadda saman, festa reipet til bogespissen sin, og gjekk heimetter.

Den kloke musa klaga til dei to andre som var att: "Ein venn så hjelpsam som skjelpadda er vanskeleg å finne. Ho er til å stole på, så la oss hjelpe henne om vi kan.

Vi kan gå fram slik: Råbukk, du kan springe forbi jegeren utan at han merker noko, legge deg ned i vasskanten ein stad stigen hans går forbi. Der skal du spele daud. Kråke, du set deg på horna til bukken og lèt som du hakkar ut auga hans. Ved synet av dykk vil den kjøtlystne jegeren kaste frå seg skjelpadda og springe til bukken. Og mens han har ryggen til skjelpadda, gneg eg henne fri så ho kan komme vekk nedi vatnet. Så gøymer eg meg i ei grastue. De to lyt tenke ut korleis de skal sleppe unna jegeren når han kjem etter bukken."

Det gjorde dei.

Det går godt til sist

Då jegeren såg ein råbukk som verka så godt som daud i vasskanten, med ei hakkande kråke over seg, kasta han opprømt skjelpadda til side og sprang bort til bukken for å jage vekk kråka. Men straks han kom nær, hoppa bukken på beina og styrta inn i den tjukke skoen. Kråka flaug opp i eit tre. Skjelpadda kravla ut i vatnet og dukka. Og musa forsvann i graset.

No blei jegeren alarmert. "Kva skal slikt bety?" knurra han. Og då han gjekk tilbake dit han hadde slengt frå seg skjelpadda, var ho borte. Det einaste han fann var reipet sitt. Det var kutta i mange småstykke. Skremd sprang han heimetter, for desse hendingane forstod han seg ikkje på, og frykta noko overnaturleg.

Imens samla dei fire vennane seg att. Alle var utan skade, og klare til å leve livet i ro og glede i lag.

Høveleg samarbeid lar fellesskapen gagnast av det kvar enkelt er skikkeleg flink til - stort sett, då.

[Og no er den soga full]

Innhald


Femboka, fablar, soger, Panchatantra, litteratur  

Femboka, fablar, soger, Panchatantra, opp Seksjon Sett Neste

Femboka, fablar, soger, Panchatantra BRUKARGAID: [Lenke]
© 2010–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]