Norsk del, Gullvekta
Fablar frå Femboka  ❀ 9
Seksjon › 49 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Då fuglane skulle velje seg ny konge

How the birds picked a king

Det var ein gong fugleartane samla seg til tings. Det kom svaner og kranar og nattergalar, det kom påfugl, vadefugl og ugler, det kom duer og rapphøner, det kom nøtteskriker, gribbar og lerker, det kom gaukar og hakkespettar og mange andre. Dei sa: "Vi har ein konge i gribben, men han er støtt og stadig opptatt med anna enn oss, og tar ikkje omsyn til oss. Han forsvarer oss ikkje når vi er i nød, for eksempel i feller. Han fér vidt omkring med dauden i følget. Kva skal ein slik narrekonge tene til?

Ein båt som lek, ein sløv professor og ein prest utan lære,
det skulle alle unngå.

Det same gjeld ein konge som ikkje vernar sine og ei kone med pisketunge. Vi må derfor finne oss ein annan fuglekonge.

No la dei merke til at ugla såg aktverdig ut, og sa: "La ugla vere kongen vår. La oss kle henne og salve henne slik det er ein konge verdig."

Straks henta dei vatn frå krystallklare bekkar, gav ugla ein bukett med røter, og sette henne på kongetrona. Mens trommene dundra stelte dei seg opp for å salve ugla til konge.

Nett då kom ei kråke til forsamlinga og gol håst. Ho undra seg: "Kva skal denne store feiringa bety?"

Då dei andre fuglane såg kråka, kviskra dei saman: "Ho er den smartaste av alle fuglane, blir det sagt. Så la oss høyre om ho har å seie til dette. For som det skjemtande heiter:

Av dei som vil styre landet, er nok barberar dei beste,
og kråkene dei beste fuglane.

Men sama kva, la oss få høyre kva kråka tykker også."

Dermed sa dei til henne: "Du forstår, vi fuglane har ingen normal konge i dag. Derfor har vi vedtatt å salve ugla til konge over oss alle. Du kjem akkurat i siste liten la oss høyre meininga di i saka."

Kråka skratta og sa: "De har flotte svaner, påfuglar og andre å velje i staden. Ugla er nådelaus og duger nesten ikkje i dagslys. Ho kan slett ikkje verne undersåttane sine. Så ingen skulle legge livet sitt i vengane hennar. Tenk nøye over det."

Dei andre fuglane sa: "Kråka taler vel for det ho meiner." Så flaug dei heim, kvar til sitt, for heller å freiste å samle seg til møte og velje ny konge ein annan gong. Berre ugla og kona blei att, for dei såg ikkje å fly på dagstid. Ugla ropte: "Hoi der! Kven tar imot ordrar? Korfor er innsettinga av meg forseinka?"

Ho-ugla skimta ting betre. Ho sa: "Det er kråka som har fått dei ifrå det så lenge. No har dei andre fuglane floge kvar til sitt. Berre ho og vi to er att. Opp på vengane, så fører eg deg heim!"

Ugla skreik til kråka: "Din banditt! Du øydela så eg ikkje blei krona til konge i dag. No har du fått meg til å hate deg, og det så sterkt at ikkje ein gong tida kan lækje det."

Kråka tenkte: "Uff då. Eg har skaffa meg enda ein fiende med galinga mi. Eg skulle ha hugsa at giftige nebb gir ein nye fiendar heilt unødig. No lyt eg sette meg og tenke tinga gjennom ein annan stad. Så flaug ho vekk og grunna stilt.

Presten og geita

The Brahman's goat

I ein by ein stad budde ein prest. Han hadde tatt på seg å halde ein eld i eit tempel ved lag. Ein dag ein mild bris bles og himmelen var skjult av skyer og det duskregna, drog presten til ein landsby for å bede om å få eit offerdyr, og sa til ein mann: "Eg vil gjerne ofre eit dyr på den første nymånedagen som kjem." Mannen gav han ei lubben geit slik Skrifta seier, og presten fann at den var heilt passe, tok den på skulda si og gjekk hastig heimetter.

På vegen møtte han tre kjeltringar som svalt fælt. Då dei såg kva mannen bar på skuldrene, kviskra dei: "Kom no! Geitekjøt er bra. La oss lure mannen, få tak i geita og få ferskt kjøt å steike og ete."

Dermed skifta leiaren deira klede og gjekk fort bort til braminen som bar på ei geit, og sa: "Korfor gjer du noko så dumt som å bere ein skitten hund på skuldra? Veit du ikkje at ein skal gå vekk frå skitne dyr med ein gong?"

Presten blei sint over slikt tilsnakk. "Er du blind, som ikkje ser at dette er ei geit?"

Kjeltringen svarte: "Så, så, bli no ikkje sint for det eg sa. Gjer som du vil for meg."

Men då presten hadde gått eit stykke til, møtte han den andre kjeltringen, som ropte til han: "Nei og nei! Ein daud kalv skal ein verkeleg ikkje bere på. For det er uklokt å røre daude dyr."

Presten sa sint: "Men er du blind, mann? Trur du geita er ein kalv?"

Kjeltringen svarte: "Uffa då. Bli ikkje sint fordi eg snakka slurvete eller i vankunne. Gjer som du vil . . ."

Men då presten hadde gått berre litt lenger bort i skogen, kom den tredje kjeltringen bort til han og sa: "Det du gjer, er veldig upassende. Tenk, å bere eit esel på skuldra si! Den som har komme borti eit esel, må vaske kleda sine og bade, heiter det. Sett ned det dyret før andre ser deg."

Presten skamma seg over å bere eit dyr som andre trudde var ureint, og sleppte geita uvørde ned på bakken. Så skunda han seg heim, for han var blitt alvorleg redd for at han blei ute for noko trollskap på eit eller anna vis. I mellomtida fanga dei tre kjeltringane bukken og gjorde som dei hadde tenkt å gjere med han.

Overtrua, det er ikkje alltid den hjelper, nei. Sjå nøye etter kven som tener på slikt.

Ormen og maurane

The snake and the ants

I ein varm og solrik skråning der det var mange maurtuer, budde ein svart hoggorm. Han hadde plassar og løyper der han ikkje blei altfor plaga av naboane. Men ein dag tok han ein annan og trongare veg enn vanleg ut av ormebolet sitt, og då fekk han eit sår langs kroppen.

Det krydde snart av maur rundt han, og dei gav seg til å stikke og stikke til han blei reint fortulla. Trass i alle maurane som han drap og knuste, kom det nye til og stakk og stakk. Til slutt døydde ormen, og maurane kunne dele han i mange små stykke og ha til mat i tuene sine.

Mange som stimar saman kan bli skremmande, sjølv som små.

Ormen som betalte kontant

The snake who paid cash

Det var ein gong ein prest ein stad. Han strevde dag etter dag med å få avkasting av den skrinne jorda på garden sin. Ein dag mot slutten av sommaren blei solvarmen for trykkande for han, så han la seg i graset og døsa i skuggen av eit tre midt på marka si. Ikkje langt unna han var det ei maurtue, og oppi maurtue blei han var ein diger orm som stakk fram hovudet. Presten tenkte med seg sjølv:

"Ormen kan vere ein skattevaktar, og eg har aldri vist han vørdnad. Det kan vere derfor alt gardarbeidet mitt ikkje kastar noko særleg av seg. Kanskje eg skulle gi ormen litt mat.

Dermed henta han noko mjølk og sette fram i ei skål, og gjekk heim. Då han kom tilbake morgonen etter, fann han ein gullpeng i skåla. No tok han til å gå med mjølk til maurtua kvar dag, og kvar gong låg det ein gullpeng i skåla. Men ein dag presten skulle til byen, sa han til sonen sin at han skulle sette ut ei skål mjølk bortved maurtua. Guten bar ut mjølkeskåla dit, sette ho ned og gjekk heim. Dagen etter kom han tilbake og fann ein gullpeng. Han tenkte: "Denne maurtua er kanskje full av gullpengar."

Han hadde med seg ei spade neste gong han bar ut mjølka til tua. Han sette seg og venta, og då ormen kom fram, slo han til med spada. Men ormen døydde ikkje med det same, og nådde å hogge guten med dei skarpe gifttennene sine og sprøyte godt med gift i han. Guten døydde på flekken, og då far hans kom heim neste dag, fortalde familien han korleis guten hadde bøtt med livet.

Faren sa: "Grufullt! Hendinga prøver hjarta strengt. Men vi bør likevel ikkje bli for skremt til å gå i graset likevel."

Oldingen, kona hans og tjuven

The old man with the young wife

Ein kjøpmann var over åtti år gammal, men som takk vere mange pengar hadde skaffa seg ei jentekone då første kona hans døydde. Men ungjenta orka ikkje synet av den gamle kroppen hans. Når dei to låg i senga saman, snudde ho seg kvar kveld vekk frå han og låg heilt still, og kjende seg heilt elendig fordi ungdommen hennar verka så grenselaust bortkasta.

Seint ein kveld sneik ein tjuv seg inn i huset. Jenta hadde ikkje sovna enno. Då ho høyrde og såg tjuven, blei ho redd og slo armane om mannen sin og heldt han tett inntil seg, gammal som han var. Mannen vakna og blei begeistra over omfamninga. Så kom han til å tenke: "Korfor hender dette vedunderlege no i kveld?"

Han såg seg rundt og fekk auge på tjuven, han også, og tenkte vidare: "Så klart, det er av frykt ho omfamnar meg!"

Så sa han til tjuven: "Min venn, du har ført oss saman. Ho som krympa seg ved synet av meg, har tatt meg tett inntil brystet no. Takk, velgjerar! Ta i lønn det du helst vil ha her."

Men tjuven sa både klokt og vennleg: "Eg ser ingenting eg vil ta frå deg. Men eg kjem att om ho ikkje tar deg varmt i famn lenger."

Ein kan kanskje ha fordel av å få ein tjuv på besøk, men som regel ikkje.

Forblinda

The butter-blinded Brahman

Det var ein gong ein bramin ein stad. Kona hans var lettferdig og fór etter andre menn, og stadig bakte ho kaker med sukker og smør for einkvan elskar og var trulaus mot ektemannen.

Ein dag kom mannen hennar over henne mens ho var på veg ut av heimen med kaker. Han sa: "Kjære kone, kva har du bakt? Og kor er det du tar med kaker støtt og stadig?"

Skamlaust laug ho: "Det er ein heilagdom her borte. Der har eg fasta titt og ofte. Det er dit eg tar med desse offergåvene." Dermed tok ho med seg kakene og gjekk. Ho trudde at mannen hennar ville tru henne i dette, men han var blitt noko mistenksam og gjekk ein omveg til tempelet for å sjekke kor godt alt stemte. Han gøymde seg bak ei statue, og snart kom kona hans fram til statuen og sa klagande: "Å, gi at mannen min var blind!"

Då sa braminen bak statuen med fordreia, lys stemme: "Gi han slike kaker som du har med, så går det nok fint."

Kona blei narra av dette. Kvar dag gav ho mannen godkaker bakt med sukker og smør, heilt til han sa ein dag: "Kjære, eg ser ikkje godt."

Ho tenkte: "Takk, høgare makter!" og fortalde til mannen ho hadde som elskar den tida, at no heldt mannen hennar på å bli blind.

Elskaren tenkte: "No blir han blind. Så kva kan han gjere mot meg?" Deretter kom han dagleg heim til kvinna, og dei første gongane utan å bli sett av nokon.

Men ein dag treiv braminen tak i elskaren i det han kom inn døra, greip han i håret og klubba og sparka han så hardt at han døydde. Braminen kutta også nasen [1] av kona si, og sende henne frå seg i skam.

Forklaring

  1. Kappe av nasen: Gammal straffemåte i India. Det var mest kvinner som blei offer for han.

Musejenta som blei omskapt til ei mus

Mouse-maid made mouse

Ved bredda av ei stor elv budde mange eremittar i lag. Dei messa i lag, åt og drakk i lag. Alle gjekk enkelt kledde i tøystykke som dekte hoftene.

Leiaren for samlinga av eremittar heitte Janun. Ein gong han nyss hadde bada i den skummande elva og skylt munnen, fall ei lita dvergspissmus ned i handa hans ifrå nebben til ein hauk som flaug over han. Då han hadde funne ut kva det var for noko som fall ned på han, la han musa på ein stort lønneblad, forvandla henne til ei jente.

Så tok han henne med til eremittsenteret sitt og viste henne fram for den barnlause kona si. "Ta imot jenta som ho var dotter vår, kjære kone, og oppsed henne med omhug", sa han.

Kona tok seg av jenta frå no av, og skjemte henne nesten bort med kyss og klapp og mange klemmar. Då jenta blei tolv, såg mora ho var gifteklar, og sa til mannen sin: "Kjære deg, har du ikkje sett at dottera di er så gammal at ho skulle vere gift no?"

Han svarte: "Du er heilt rett, kjære. Det er bra å gifte henne vekk no. Blir ho gåande hos oss, er det vel ikkje lenge før ho blir gammal jomfru og ingen vil ha henne, og då vil ho kjenne seg heilt elendig. Så eg skal hive meg rundt og sjå kven eg kan finne tak i til henne, ein som passar for henne om lag like velståande, av klok familie så ekteskapet blir trygt og best råd. Måla til dei to saman må vere pengar, å sjå godt ut, kjenne til bra bøker, ha ein høvisk og kjær familie, god stilling i samfunnet, og sanning. Andre mål er ikkje så viktige som desse. – Så dersom ho er villig, vil eg kalle til meg den velsigna sola og gi jenta til solkongen."

"Eg ser ikkje noko gale i det", sa kona. "Gjer det."

Janun kalla til seg sola og sa: "Her har eg ei dotter. Ho er til deg. Gjer vel og gift deg med henne." Så sa han til dottera si: "Vesle jente, kan du tenke deg å gifte deg med solkongen?"

"Nei, far", sa jenta. "Han er for heit for meg. Prøv heller å finne ein som høver skikkeleg."

Då han fekk høyre dette, sa han til sola: "Finst det nokon som er betre enn deg?"

Sola svarte: "Ja, skya, for når ho dekker meg til, ser ein meg ikkje."

Dermed kalla Janun til seg skya og sa til jenta si: "Veslejenta mi, skya skal få deg til kone."

"Nei", sa ho. "Ho er klam og iskald, og stundom ubehageleg mørk. Gift meg heller bort til ein som høver betre."

Janun spurde skya om ho kjende til nokon som var betre, og skya svarte at vinden var. Dermed kalla Janun til seg vinden og sa: "Så, veslejente, eg trur eg gir deg til han."

"Far då", sa ho, "denne friaren er for skiftande og ustadig. Finn heller ein som høver betre."

Janun spurde vinden om han kjende til nokon betre enn seg, og vinden sa det var berget. Janun kalla til seg berget og sa til jenta: "Eg tenker eg gir deg til berget; då er du vel berga."

"Å, far", sa ho. "Han er grov og ujamn. Gift meg heller bort til nokon betre."

Janun spurde berget: "Finst det nokon som er betre enn deg her i verda?"

"Ja", sa fjellet. "Musa er meir enn meg på så mange måtar. [1]"

Då kalla Janun til seg ei mus, og presenterte han for jenta og sa: "Veslejenta vår, liker du musa?"

Med det same jenta såg musa, kjende ho noko inni seg: "Han er som meg, min eigen art, min eigen art", og kroppen hennar dirra og skalv i begeistring. Ho sa: "Kjære far, gjer meg til ei mus og gi meg til han. Då kan eg halde hus slik som mitt eige folk bør."

Då gjorde faren henne til ei mus og gav henne til den andre musa i ekte.

Forklaring

  1. Musa rakar biologisk høgare enn berget: Ho "kan springe rundt om og vifte med halen" og mykje meir.

Den godtruande snikkaren

The gullible carpenter

Det var ein gong ein snikkar ein stad. Kona hans hadde ord for å vere hore, og det fekk til sist også han høyre. Han ville sjå om det stemte, for han tenkte: "Skulle det vere sant det som folk seier, enda om folk flest ikkje veit alt om alle? Korleis kan eg sette henne på prøve? Og kan dette vondet i så fall vendast?"

Etter å ha tenkt i slike baner, sa han til kona si: "I morgon, kjære, skal eg til ei anna bygd og blir der i fleire dagar. Ver god og lag til mykje niste til meg."

Hjartet hennar skalv av glede då ho høyrde dette, og ho gjekk ivrig i gang med å stelle til delikate rettar, nesten berre smør og sukker. Som det heiter: "Flørtar gler seg stort når ektemennene drar langt vekk."

Då det grydde av dag gjekk snikkaren, og då kona kjende seg viss på at han var vekke, prøvde ho smilande på seg dei beste kleda sine og annan stas ho hadde. Så inviterte ho ein gammal elskar heim til seg: "Mannen min har dratt til ei anna bygd. Kom heim til meg når folk søv!" Og det gjorde han.

Snikkaren heldt seg ute i skogen den dagen, og då det mørkna, sneik han seg inn i huset sitt gjennom bakdøra og gøymde seg under senga. No kom den andre karen og la seg i senga. Då blei snikkaren rasande harm og undra: "Skal eg stå opp og slå han i hel? Eller vente til dei søv og drepe begge to utan strev? Eller vente og sjå korleis det går og høyre kva kona mi seier?"

Nett då låste ho døra og gjekk til sengs. Men som ho gjorde det, slo ho tåa mot kroppen til mannen sin der han låg og tenkte straks: "Det må vere mannen min som spionerer. Men eg skal la han få smake nokre kvinnetriks!"

Mens ho tenkte ut ein plan, blei elskaren i senga utolmodig, men ho folda hendene og sa: "Kjære deg, du må då ikkje røre meg."

Han sa: "Vel, korfor bad du meg komme?"

"Høyr", sa ho mens ho peika nedover og gjorde grimasar for at han skulle skjøne at mannen hennar låg under senga, "i dag tidleg gjekk eg til alters for å sjå statuen av himmeldronninga [1]. Mens eg stod der, høyrde eg ei due over: 'Kva skal eg gjere, dotter: Du er kjær i meg, men kjem likevel til å miste mannen din om seks månadar og bli enke.'

Då sa eg: 'Velsigna himmeldronning, det er du som kurrar til meg gjennom dua! Sidan du er klar over den kommande ulykka, veit du også ei råd mot den. Finst det noko som kan gjerast så mannen min blir hundre?'

Og himmeldronninga svarte: 'Det finst faktisk eit middel, men det avheng heilt ut av deg.'

Sjølvsagt sa eg: 'Om det så skal koste meg livet, så fortel meg det, og eg vil gjere det.'

Då sa himmeldronninga: 'Om du går til sengs med ein annan mann og omfamnar han, kjem den mannen til å døy om seks månadar, og ikkje ektemannen din. Då kjem ektemannen din til å leve i hundre år til.'

Derfor bad eg deg komme hit. Gjer no det du hadde lyst til å gjere nyss. For orda til himmeldronninga kan ingen forfalske. Så mykje veit eg."

Fjeset til elskaren lyste opp, og han gjorde som ho bad han om.

Snikkaren var så godtruen at han blei glad over å høyre dette, og ropte bravo frå der han låg under senga. "Bravo, trufaste hustru! Bravo, du familiefryd! Eg ligg her fordi eg blei plaga av nabosnakk om deg og ville finne ut av tinga på min eigen måte. Eg berre lét som eg skulle til ei anna bygd i arbeid. Eg la meg under senga, og så fekk eg høyre dette fantastiske! Kom no og ta meg i famn, kone!"

Med desse orda omfamna han henne og lyfte henne til skuldra si, og sa til elskaren: "Stakkars deg som snart må døy, men du kom hit i kveld fordi eg fortente å leve i hundre år til, etter det eg kan skjøne. Takk vere deg har eg vunne eit hundre år å leve. Også du må opp på skuldra mi, og utan snikksnakk!"

Så tok han den andre opp på skuldra, same kor iherdig den andre stritta imot, og deretter dansa han omkring med dei til husa der slektningane hans budde, og song og ståka og fortalde om korfor han var så glad og gjorde dette.

Ord

  1. Himmeldronninga: I gammaljødisk tradisjon dyrka folk Asjera, kona til Jahve. Ho var kjend for store bryst og var svært populær, dyrka i både heilagdommar og heimar. Ho var himmeldronninga. Dua var symbol på himmeldronninga, seinare symbol på Heilaganden. Også havet og treet blei brukte som Asjera-symbol. Arkeologiske funn syner at hebrearane dyrka henne i heimane sine i hundrevis av år.

    I originalen står elles Gauri (gyllen, lys). Ho blir også kalla Parvati og representerer Mor Gud. Nesten ingen i USA trur på Mor Gud; det syner gallupar frå den kanten. [Wikipedia, s.v. "Asjera"]

    Tru som ikkje hindrar oss i å tenke bra og handle rettferdig, er ikkje det verste å ha.

Tiggarpresten, tjuven og gjenferdet

The Brahman, the thief and the ghost

Det var ein gong ein fattig tiggarprest. Han levde av gåver, og laut støtt greie seg utan luksus som fine klede, salvar, velluktande oljar, kransar og smykke. Skjegget hans var langt, naglane var lange, og håret dekte både hovudet og overkroppen på han. Han var vêrbiten etter å ha blitt utsett for sterk varme, kulde, regn og vind i lengre tid.

Ein dag syntest ein mann synd på han og gav han to kalvar. Tiggarpresten tok då til å fôre dei med høy, og gav dei dessutan smør, olje, og anna som han tigga til seg. På denne måten blei det lubne og feite kyr av kalvane.

Då hende det at ein tjuv såg dei og sa til seg sjølv: "Eg vil stele kyrne." Så han tok eit reip og drog av stad ein kveld det var mørkt. På vegen trefte han ein skjeggete kar med spisse tenner og raude auge som stod forferdeleg skeivt. Karen var dessutan unormalt gul i huda, og såg ikkje heilt sunn og god ut elles heller.

Då tjuven fekk auge på han, støkk han og spurde redd: "Kven er du for ein som er ute så seint om kvelden?"

Den andre sa: "Eg er eit sannferdig gjenferd. No er det din tur til å seie kven du er. Det er det ingen tvil om."

Tjuven sa: "Eg er ein tjuv, og ikkje snill og god. Eg er undervegs for å stele to kyr frå ein fattig tiggarprest."

Gjenferdet sa letta: "Eg et eit måltid mat kvar tredje dag. Det passar godt for meg å køyre i meg den tiggarpresten i kveld. Kjekt at du og eg er ute i ærend som kan tilpassast kvarandre."

Dermed gjekk dei saman til tiggarpresten sin heim. Dei gøymde seg utanfor og venta på ein høveleg sjanse. Då tiggarpresten la seg i senga si og sovna, ville gjenferdet styrte fram og ete han. Men tjuven sa: "Nei, dette er ikkje rett. Du skal ikkje ta tiggarpresten før eg har stole kyrne hans."

Gjenferdet innvendte: "Bråket frå kyrne som blir stolne, kjem nok til å vekke og åtvare mannen."

Tjuven heldt på sitt; først stele kyrne. Slik stridde dei og ropte forarga: "Meg først, meg først!"

Ståket vekte tiggarpresten. "Kva i alle dagar . . . ?" sa han fortumla.

Tjuven ropte oppøst: "Her er eit gjenferd som vil ete deg!"

Gjenferdet skreik: "Her er ein tjuv som vil ta med seg kyrne dine!"

Det var noko å vakne til! Tiggarpresten stod opp og tok seg ein god titt. Han messa ei bønn som berga han frå gjenferdet, og så lyfte han klubba si og berge kyrne frå tjuven.

Innhald


Femboka, fablar, soger, Panchatantra, litteratur  

Femboka, fablar, soger, Panchatantra, opp Seksjon Sett Neste

Femboka, fablar, soger, Panchatantra BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]