Norsk del, Gullvekta
Fablar frå Femboka  ❀ 10
Seksjon › 49 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Eselet i tigerskinn

The ass in the tiger-skin

Ein mann som arbeidde på eit vaskeri ein stad, hadde eit esel som hadde blitt veikt av å ha fått for lite fôr i lang tid. Ein dag vaskeriarbeidaren gjekk i skogen, fann han ein daud tiger. Straks tenkte han: "Dette er heldig! Eg legg tigerskinnet over eselet og slepper det laus i byggåkrane om natta. For bøndene kjem til å tru det er ein tiger, og vil ikkje våge seg til å komme nær!"

Slik blei det til at eselet kunne ete bygg av hjartans lyst. Ved gry av dag tok vaskerimannen eselet attende til stallen, og med tida blei det så godt og rundt at det knapt kunne presse seg inn i båsen sin.

Men seint ein kveld i byggåkeren høyrde eselet skrytet frå eit ho-esel i det fjerne. Straks måtte eselet i åkeren skryte til svar. Då forstod bøndene at det var eit forkledd esel dei hadde med å gjere. Dei storma til og tok eselet av dage med klubber, steinar og piler.

Er ein kamuflert, kan ein godt gøyme seg, men ikkje gløyme seg.

Pottemakaren som fekk dask

The potter militant

Det var ein gong ein pottemakar. Ein dag han sprang over tunet sitt, fall han i farten og slo hovudet mot den tagget kanten av ei øydelagd potte. Den kvasse pottekanten reiv opp panna hans, men han kom seg då seg på beina att mens blodet rann ned over kroppen. Fordi såret ikkje blei behandla skikkeleg, blei arret fælt å sjå til sist.

Etter ei tid blei landet råka av hungersnød, og han tok til å bli svolten, han sjølv også. Derfor blei han livvakt i ei gruppe som drog til eit anna land for å arbeide som livvakter der.

Då kongen der i landet fekk sjå det fælslege arret i panna til mannen, tenkte han: "Dette er vel ein stor krigar, skal ein dømme etter arret i panna." Derfor heidra han pottemakaren storleg med fine gåver og tok meir vørdsamt imot han enn alle andre. Prinsane i landet blei misunnelege då dei fekk sjå at kongen viste slik uvanleg stor ære til ein framand, men fordi dei var redde for kongen sa dei ingenting.

Ein dag blei troppene til kongen mønstra. Mens elefantane blei utstyrt til kamp og hestane fekk seletøyet på og mennene blei inspiserte, fann kongen tid til å spørje pottemakaren: "Kva heiter du og kor har du heime? Og i kva for slag blei dette såret skrive på panna di?"

"Ja, av fødsel er eg pottemakar, og eg heiter Brem. Dette er ikkje såret etter eit sverd. Men ein gong eg var ustø etter å ha drukke brennevin og skunda meg over ein gårdsplass der det låg knuste potter, tumla eg over ende og slo panna mot eit kvasst potteskar. Flenga blei det eit forferdeleg arr av."

Kongen tenkte: "Himmel og hav! Eg let meg narre av at ein pottemakar såg ut som ein gjæv krigar." Til slottsvakta sa han: "Gi han nokre straffedaskar frå meg!"

Då dette var gjort, sa pottemakaren: "Konge, de kan då ikkje behandle meg slik når de ikkje har sett kor dyktig eg er i kamp?"

"Tvert imotsa kongen. "Eg er ferdig med deg fordi eg gjorde meg til narr på grunn av utsjånad aleine."

Hesten og reven

Flop-ear and Dusty

Det var ein gong ein bjørn som budde i ein skog. Til tenar hadde han ein rev, som skikken var.

Ein dag sloss bjørnen med ein stor, gild gamp som beit og sparka og fekk inn slike fulltreffarar med hovane sine at bjørnen til sist låg i svime med fæle sår over delar av kroppen og ikkje kunne røre så mykje som ein fot. Han vakna til etter kvart, men blei liggande på same staden i fleire dagar. Då laut reven svelte, for han fekk leivningar av bytta til bjørnen. Reven sa til sist til herren sin: "No er eg så svolten at eg knapt kan sette den eine foten framfor den andre. Korleis kan eg då tene deg?"

"Gode tenarsa bjørnen der han låg. "Jakt på dyr sjølv. Og klarer du ikkje å ta livet av dei, kan du føre dei til meg, så kanskje det kan bli ei råd."

Dermed gjekk reven på jakt, veik og utmatta som han var. I ei bygd utanfor skogen kom han over ein hingst som meska seg med gras ved ein brønn. Reven gjekk bort til han og sa: "God dag, hest. Det er lenge sidan sist."

Hesten svarte: "Å hei! Kva skal eg gjere? Mannen som held meg fanga og seier han eig meg, legg forferdelege bører på ryggen min og lar meg gå med dei frå stad til stad. Han f๔rar meg aldri godt. Eg får nøye meg med grastuster eg finn. På grunn av alt dette fæle kan eg ikkje trivast."

"Velsa reven, "eg veit om ein herleg stad ved ei elv. Der er bakken dekt med grønt, saftig gras og kløver, og elva renn ved sida. Der veks det blåbær og grøne lauk, i skogen gjel gauk. Der fell tida aldri lang, for marka angar av blomster og lyng. Der er det fagert å leve, som songen om Vossevangen seier. Kom dit med meg, du."

Hingsten svarte: "Det høyrest for godt ut til å vere sant, for dyr frå bygda blir truleg drepne aleine i skogen. Kor god blir den fine plassen for meg då i så fall?"

Reven: "Eg kjem til å verje deg med mine eigne labbar. Og dessutan er det tre ugifte unghopper der. Også dei blei plaga og magre som lastedyr, men i skogen har dei lagt på seg og blitt runde og kjøtfulle. Dei er unge og spretne, og sa til meg: "Kjære deg, dra til ei av bygdene og skaff og ein grepa mann til oss tre." Derfor kjem eg for å hente deg."

Ved desse orda tok hingsten til å skjelve av brunstig forventing i alle lemmar, og sa: "Er det slik det er, får vi skunde oss. Vis vegen!"

Den stakkars skapningen gjekk med reven til staden der bjørnen låg. Men bjørnen feilberekna, veik og ustø der han låg. Då hesten kom innan rekkevidde, bykste han mot det så skeivt at han ramla saman rett framfor han. Hingsten bykste unna utan ein skramme, og undra seg storleg: "Kva skal dette bety? Ein farleg, hårete skapning med blodraude auge bykser framfor meg?" Hesten sprang vekk frå staden av alle krefter,, og kom forskrekka og oppskaka tilbake til bygda kort etter.

Reven sa til bjørnen: "Du bykste feil."

Bjørnen orsaka seg og meinte han ikkje hadde fått tid nok til å førebu et godt sprang.

Reven sa: "Førebu deg alt no, for om litt kjem eg tilbake med den same hesten."

"Men han såg meg inn i auga før han sprang sin vegsa bjørnen. "Korleis kan han bli lokka hit att. Bring meg heller eit anna dyr."

Reven sa: "Berre sjå til at du bykser same kva dyr eg kjem att med." Med dette tok reven til å følge hestespora, og fann han der han stod og beita ved same brønnen.

Då han såg reven, sa hesten: "Vel, sletta i skogen du tok meg til, var slett ikkje dårleg, men eg var heldig som sleppte unna med livet. Sei meg, kva var den fælslege skapningen som landa framfor meg med eit brak? Han bomma iallfall."

Då lo Reven og sa: "Det var ei av hoppene. Ho lengta så useieleg etter kjærleik at då ho fekk sjå deg, hoppa ho fram for å ta deg i famn. Men du var blyg og hoppa unna henne. Og mens du sprang din veg, strekte ho seg fram for å halde rundt deg. Det er nok saka. Så kom tilbake, for ho har bestemt seg for å svelte i hel om ho ikkje får deg. Så ver nådig og kom tilbake. Elles blir du hoppemordar. Og du veit vel at: "Hoppa som kvinna gir gode. Sjølv sløve blir råka av kjærleik til dei."

Hesten let seg overtale og gjekk av stad med reven for andre gong.

Straks han kom ut på den fagre sletta i skogen, kasta bjørnen seg over han, slakta han og lemma han sund. For denne gongen hadde han førebudd seg godt før bykset sitt.

No sette bjørnen reven til å vakte over byttet og gjekk til elva for å ta eit bad. Mens bjørnen var vekke, åt reven øyra og hjartet til slaktet. Straks bjørnen var tilbake frå elva, bad han bordbøn - og så oppdaga han at øyra og hjartet mangla. Han blei harm og sa til reven: "Din skurk! Du har sett til livs delar som eg sjølv skulle ha."

"Men kjære", sa reven og lét som han var forskrekka. "Snakk ikkje slik! Denne hesten blei født utan øyre og hjarte. Korleis kunne han elles ha komme tilbake hit etter å ha sett deg med eigne auge og sprunge vettskremt sin veg?"

Bjørnen let så vidt reven snakke seg ut av det sidan det var reven som hadde komme med byttet han trong slik.

Frosken og hoggormen

Handsome and Theodore

Det budde ein gong ein frosk i ein brønn. Ein dag han blei plaga av slektningane sine, klatra han frå bøtte til bøtte oppetter vasshjulet i brønnen, og til sist var han ute av brønnen. Så tenkte han: "Desse slektningane, korleis skal eg gi dei att? Somme frydar seg over at ein lir. Andre er ikkje så ille."

Mens han tenkte slik, oppdaga han ein svart hoggorm som kom krypande ut av bolet sitt. Frosken tenkte straks: "Eg byr han med ned i brønnen, så han kan reinske vekk alle slektningane mine. Som ordtaket seier: "Ein tar ut ei flis med ei anna flis, og kloke bruker farlege fiendar til å drepe andre fiendar av seg.""

Dermed hoppa frosken bort til inngangen av ormebolet og ropte høgt: "Kom ut!"

Då hoggormen høyrde dette, tenkte han: "Det er nok ein eg ikkje kjenner som roper til meg. Ingen orm roper slik. Eg har ingen allierte utanfor bolet, så eg tenker eg blir her inne til eg er viss på kven det er. Som ordtaket seier: "Inntil du er godt informert om nokon, så ver ikkje tillitsfull." Kanskje det er nokon som vil fange meg i bur, eller ein kar som vil hemne seg for eitkvart."

Høgt sa han: "Kven der?"

Den andre sa: "Eg er ein frosk som vil bli vennar med deg."

Då hoggormen fekk høyre det, sa han: "Det verkar utruleg. Eg høyrer med til dei som drep froskar så snart vi ser dei. Så kva bablar du om?"

Frosken svarte: "Ja, det stemmer nok at ormar er fødte fiendar av froskar. Men eg kjem hit til deg fordi eg har blitt grufullt krenkt."

Hoggormen: "Vel, kven krenkte deg?"

Frosken svarte: "Slektningane mine."

"Kor bur du?" spurde ormen.

"I brønnen der borte."

"Ned i den kan eg ikkje kommesa hoggormen, "og enda om eg kjem meg ned, kjem eg meg kanskje ikkje opp att. Ein skal ikkje sette livet og helsa på spel heller."

Frosken sa: "Eg veit om ein lett veg til botnen av brønnen. Og nede i den er det ei grotte ved vasskanten. Der kan du ligge, og det blir barnemat for deg å gjere ende på slektningane mine."

Ormen tenkte: "Eg er jo blitt gammal. No og då klarer eg med stor innsats å ta ei mus, og ofte ikkje. Kanskje eg skal prøve." Dermed sa han til frosken: "Vel, dersom du verkeleg meiner alvor med dette, så vis meg vegen ned i brønnen. Vi drar dit i lag."

Undervegs sa frosken: "Men ein ting må eg likevel bede deg: Spar familien min. Eg skal peike dei ut for deg når vi er der nede."

Då dei kom til kanten av brønnen, fekk frosken ormen oppi ei av vassbøttene og hoppa oppi ho sjølv, og så bar det nedetter. Frosken hjelpte ormen til rette i grotta i botnen av brønnen, og peika ut slektningane som hadde fornærma han så grufullt. Ormen slukte kvar og ein av dei. Så tok han og åt fleire av vennane til frosken også, før han sa: "No har eg tatt fiendane dine. Skaff meir mat til meg, for eg trur eg må bli her nede, og det var du som tok meg med hit."

"Ja, du har gjort det eg bad deg om, men no kan du berre dra opp herifrå ved å sno deg opp langs bøttene som heng i rad og rekke oppetter," sa frosken og var irritert.

"Nei, for bolet eg gjekk ifrå, var borga mi. No trur eg bolet er overtatt av framande. Her blir eg, og du får gi meg ein frosk om gongen, enda om det går utover din eigen familie. Elles et eg kvar og ein."

Frosken grunda forferda: "Å, kva var det eg fann på! No har vi ein orm mellom oss her nede, og gjer eg ikkje som han seier, kjem han til å ete oss alle. Ein overmektig fiende skal ein ikkje gjere seg til venns med, altså. Vel, vel, eg får sjå til at ormen får ein av oss no, endatil ein av froskevennane mine, for det blir hardt å bere om alle blir drepne."

Han bestemte seg for å skaffe ormen ein frosk om dagen, og ormen tok ofte ein ekstra frosk attpå.

Ein dag tok ormen eine sonen til frosken og slukte han. Kona til frosken sa då han jamra over tapet av sonen: "Du har sjølv skuld i alt dette. Det var du som henta ormen hit. Så finn ut korleis vi skal sleppe unna alt i dag, eller korleis vi froskane som er att, skal klare å drepe ormen."

Men frosken kom ikkje på noko, og dermed kunne ormen gjere ende på alle froskane, ein etter ein, like til det var att berre han som hadde henta ormen til botnen av brønnen. No sa ormen til han: "Eg er svolten, og alle dei andre froskane har eg ete. Gi meg meir mat, for det var du som tok meg med hit ned!"

Frosken tok mot til seg og sa: "I så fall kan eg kanskje gå og overtale froskar i andre brønnar til å komme hit ned, berre du slepper meg fram så eg kan komme opp av brønnen."

Ormen sa: "Ja, eg vil då helst ikkje ete deg som har gitt meg så mykje god mat. Berre gå du."

Dermed kom frosken seg ut av brønnen, og ormen venta utolmodig på at det skulle komme meir mat til han. Men det kom slett ingenting, så etter ei tid sa ormen til ei firfisle som budde i ei anna hole nedi brønnen. "Gjer meg ei lita teneste, er du gild: Gå og finn den frosken og fortel han frå meg at han skal komme tilbake med det same. Og om ikkje han har funne andre froskar å komme med, får han komme aleine."

Firfisla fann frosken fort, og sa: "Hoggormen ventar i brønnen på at du skal komme att. Kom med meg, du!"

Men frosken sa: "Sei til han at frosken ikkje vil komme til han i brønnen og ikkje sjå han meir."

Med desse orda sende han firfisla tilbake til ormen.

Bondekona

The farmer's wife

Det var ein gong ein bonde og kona hans einkvan stad. Mannen var gammal, så kona førestilte seg titt og ofte at ho hadde elskarar, tenkte berre på framande menn og var ikkje tilfreds heime.

Ein kjeltring som levde av å småstele, la merke til henne og sa: "Du herlege skapning, kona mi er daud, og eg har falle for deg. La oss elske med kvarandre og nyte den kjærleiksskattar i lag."

Og ho sa: "Du ser godt ut, og dersom det er slik du har det, skal du vite at mannen min har mykje pengar, og han er så gammal at han ikkje kan lee seg. Eg hentar skatten hans så vi kan dra herifrå i lag og elske kvarandre herleg."

"Det høyrest fint ut for meg", svarte han. "Om vi møtest her på same staden i morgon grytidleg, kan vi dra saman herifrå."

Det ville ho gjerne. Så gjekk ho heim og lo og gledde seg til morgondagen. Mens mannen hennar sov, stal ho alle pengane og nådde å vere på den avtalte møtestaden ved morgongry. Der stod kjeltringen klar, og så gjekk dei vekk. Då dei hadde gått innpå ti kilometer, kom dei til ei elv. Mannen tenkte seg om: "Kva skal eg gjere med denne middelaldrande kvinna? Kanskje nokon er ute og leitar etter henne. Eg trur eg berre tar pengane og kjem meg bort."

Så sa han til henne: "Kjære deg, dette er ei stor elv som det vanskeleg å komme over. Slik kan vi gjere det: Eg tar meg først over med pengane til hi sida. Der gøymer eg dei på ein trygg stad, og så kjem eg attende etter deg, for å bere deg på ryggen over."

"Gjer det, kjære", sa ho.

Så tok han alle pengane og sa: "Kjære, gi meg kjolen og sjalet ditt også, slik at du kan ha tørre klede når du kjem over."

Det gjorde ho, og kjeltringen tok med seg pengane og dei to plagga hennar og kryssa elva. Det var det siste ho såg av han. Der sat ho på elvebreidda og blei meir og meir sturen. Gråten stod i halsen på henne.

Nett då kom ei revetispe med eit kjøtstykke i kjeften. Då ho kom nær og såg seg rundt, fekk ho auge på ein stor fisk som hoppa i vatnet. Ho sleppte kjøtstykket og bykste etter fisken. Då slo ein hauk ned og flaug vekk med kjøtstykket i klørne. Og fisken merka reven i tide, og svømte langt vekk i elva. No hadde revetispa kava for ingenting. Fisken var vekke og kjøtstykket også.

Den nakne kvinna ved elvebreidda måtte smile, og utbraut: "Stakkars dyr! Gribben har tatt kjøtstykket ditt, og fisken er trygt i vatnet."

Revetispa sansa at kvinna ikkje var stort betre stelt etter å ha mist pengane til mannen og elskaren sin, og svarte med eit snerr: "Du nakne stakkar! Du skulle vere over dobbelt så klok som meg, og no sit du her splitter naken ved ei elv og har mista både mann og elskar."

Reven som ikkje drap elg

The jackal who killed no elephants

Langt uti skogen budde ein bjørn og kona hans. Ein dag fekk binna tvillingar. Og bjørnen drap hjort og rein kvar dag og gav til kona si.

Ein dag han streifa omkring i skogen, gjekk sola ned før han hadde funne noko bytte. Mens han trava heim, kom han over ein nyfødt reveunge. Fordi ungen var nyfødt, syntest bjørnen synd på han, og tok han varsamt mellom tennene og bar han heim. Der gav han reveungen til kona.

Binna sa: "Har du funne mat til oss, kjære?"

Han svarte: "Eg fant berre denne revekvalpen. Eg drap han ikkje, for eg tenkte: "Han er mykje som oss, og nyfødt." Du kjenner ordtaket, 'Slå ikkje ned ei kvinne eller ein nyfødt.' Men no kan du sjølv drepe og ete den ungen, så skal eg skaffe meir mat i morgon."

"Kjære deg", sa ho, "du let vere å drepe han fordi han var nyfødt. Så korleis kan eg gjere kål på han for å få noko magen i kveld? Du veit kva Skrifta seier: 'Når dauden kjem, kan ingen trygle seg ifrå å ha drepe nokon eller forsømt å gjere rett og vel.' Så han skal vere som ein son for meg."

Dermed let ho reveungen få drikke mjølk i lag med dei to ungane hennar, og han blei nesten for feit av bjørnemjølka. Dei tre ungane leika i lag og gjorde om lag det same etter kvart, og forstod mest ikkje at ein av dei var annleis enn bjørnar flest.

Ein dag kom ein rasande elg inn i deira del av skogen. Dei to bjørnungane ville straks bykse på han og drepe han, med det same dei såg han. Men reveungen sa: "Brør, det er ein diger elg. Det kan bli farleg å gi seg i kast med han." Med dette sprang han heim.

"Kan ein elg vere noko å vere redd?" undra dei, men synet av broren som sprang sin veg, fekk lysta til å angripe elgen til å fordampe likevel.

Då dei kom heim seinare, fortalde dei foreldra korleis broren hadde sprunge sin veg og ikkje bydd elgen kamp. "Veit de kvasa dei, "straks han såg elgen, kunne han ikkje røme vekk fort nok."

Reven var til stades og blei mørk i blikket då dei to hine gjorde narr av han, og gav seg til å skjelle dei ut for det. Men då tok binna han til side og formana: "Skjell aldri, aldri ut brørne dine slik, kjære deg."

Men godsnakket prella av, og reveungen skjelte på henne også: "Eg skal drepe dei for det!" sa han rasande.

Då måtte binna le lite grann. Men ho hadde ikkje lyst til at reveungen hennar skulle døy. Dermed sa ho: "Kjære vesle deg, i slekta di har ingen klart å drepe elg før. Høyr no: Mor di var ei revetispe. Du blei fora opp på mjølka mi i lag med tvillingane mine etter at mannen min fann deg aleine i skogen ein kveld. Enno skjøner ikkje tvillingane at du er ein rev, men i god tid før dei gjer det, skulle du vere vekke herifrå og finne dine eigne. Dei er sameleis som deg, med sameleis vilje og slikt, og liknar deg godt også. Viss du ikkje tar mot rådet frå meg, kjem bjørnungane med tida til å slåst med deg og drepe deg berre fordi du er mykje mindre og annleis enn dei."

Då revungen fekk høyre det, blei han livredd og sneik seg vekk for å leite etter sine eigne.

Hunden som drog utanlands

The dog who went abroad

Det var ein gong ein hund som heitte Flekk. Han budde ein stad der dei blei ramma av ei lang hungersnød. Etter kvart som maten minska, mista hundar og andre heimane sine. Flekk fann det best å dra frå staden så han ikkje mista livet av svolt.

Etter ei tid hamna han i eit land langt vekke. I ein by der fann han ei kone som var sjuskete i hushaldet sitt, og gjekk inn i heimen hennar kvar dag og åt seg mett på ulik slags mat. Men når han var ute av huset, kasta andre hundar seg over han reiv han i skinnet med hoggtennene sine.

Til sist tenkte han: "Det er betre å komme seg heim att, for der bur ein i fred sjølv når det er hungersnød, og ingen vil krangle og slåst."

Etter å ha nådd den oppfatninga, vende han heim att. Der spurde slektningane hans om mangt, slik ein gjer når nokon ein kjenner att frå utlandet: "Fortel oss no om det! Korleis såg det ut der? Korleis var dei som budde der? Kva for skikkar hadde dei?"

Han hadde ikkje lyst til å fortelje noko særleg om den vonde tida, og sa først: "Korfor snakke om det?". Men etter å ha blitt knegått, sa han: "Vel, maten var variert og god og kvinnene var lette å komme i kontakt med. Men slektningane våre i gatene der var langt frå å vere nøkterne og rolege."

Apa og krokodilla

The monkey and the crocodile

På ei strand stod eit stort fikentre og lutte seg ut over sjøen. I treet budde den gamle apa Skrukkefjes heilt aleine. Mens han sat på ei grein og åt fiken, fall ein av dei ned i vatnet under treet med eit morosamt plask. Dette fekk apa til å plukke og kaste fleire fikenar i sjøen ein etter ein, for han hadde ikkje anna å gjere.

Det fall seg slik at ei krokodille som heitte Skranglete kom svømmande under treet nett då. Ho åt fruktene etter kvart, og blei verande der i håp om at det skulle komme enda fleire herlege fikenar ned i vatnet til henne.

Skrukkefjes la fort merke til dette, og sa: "Ta for deg! Gjesten skal ein by mat utan å spørje og grave for mykje, same korleis han ser ut."

Apa tok til å like synet av krokodilla etter kvart, og krokodilla begynte å synast så vel om apa at ho utsette å komme heim at til kona si i mange dagar. Krokodillekona var i lag med venninner, og sa sorgfull: "Kor er han, den kjære krokodillemannen min? Kva gjer han så langt vekke heimanfrå at eg ikkje høyrer så mykje som plask frå han? Han har vore vekke uvanlig lenge alt. Det er noko som ikkje er som det skal, det kjenner eg."

Ei av nabokrokodillene sa: "Korleis kan du nå heim og velstand med slik ein mann? Her sit du og veit ikkje kva han driv på med. Men eg såg han i stad på ei strand eit stykke vekke. Der plaska han og hadde det kjekt i lag med ei ape, og dei verka berre glade!"

Krokodillekona forstod det slik at ho laut freiste list for å halde på mannen, så ho kasta seg på senga si og vrei seg hit og dit mens venninnene stod rundt henne.

Imens åt krokodillemannen fiken og naut ein lang og hyggeleg samtale med apekatten før han vendte heim men nokre små fikenar til kona så ho fekk smake. Han kom over henne mens ho låg og kasta og vrei seg i senga, og spurde engsteleg venninnene omkring henne: "Kva har gjort henne slik?"

Men ingen av dei sa noko; alle tagde. Han spurde om att og om att. Til sist sa ei av venninnene: "Ho lir av noko ein sjeldan blir frisk av."

Krokodillemannen sa mens kjenslene reiv i han: "Finst det botemiddel, så fortel meg det! Eg vil endatil sette mitt eige liv på spel om det kan berge henne!"

Venninna til kona svarte: "Det finst berre eitt botemiddel som eg veit om. Det er eit apehjarte. Får ho det, blir ho frisk igjen. Elles kjem ho seg nok ikkje. Dette er slikt noko som vi av hokjønn veit av."

Krokodillemannen tenkte: "Dette var fælt å få vite. Eg kan venteleg ikkje komme nær andre aper enn Skrukkefjes. Høgt sa han: "Det har seg slik at eg har fått ein ny og god venn som heiter Skrukkefjes. Det er ei gammal ape. Det er han som har gitt meg desse herlege fruktene."

Dei fekk smake ein fiken kvar og smatta glade og fornøgde.

"Men å få tak i hjartet til Skrukkefjes blir det verre med. Og dessutan er det gale å behandle ein venn slik!" sa mannen. "Skal ein la kona si komme først, eller ein gåvmild venn?"

Venninnene sa: "Kona må vere først. Tilværet ditt må avhenge av henne. Du lyt verdsette kona di betre."

Forvirra tenkte mannen: "Må eg drepe den beste vennen min for henne? Kan eg få meg til noko så vondt og ugudeleg? Godt vennskap veg tungt, for ein må klive opp til det. Au då, og nei og nei!"

"Du har blitt kjær i den apa og vil vere saman med henne dagen lang. Ho har røva hjartet ditt! Og korfor drep du ikkje henne for det når det kan gjere kona di god att?" sa venninnene til han for å ærekrenke og håne han til drapet.

"Nei, dette liker eg ikkjesa han fortvila, og gjekk sin veg. Han drog nokså motlaus til Skrukkefjes og fikentreet og var mykje tynga av orda til venninnene og tilstanden til kona si.

Apa sa: "Korfor er du seint ute i dag, vennen min? Du verkar ikkje glad og vittig som før!"

Krokodilla svarte: "Eg kan vanskeleg få sagt det! No har du gitt meg rike vennegåver i lang tid, og eg har ikkje gitt noko slag til deg."

Apa skoggerlo: "Vi har det fredeleg i lag, vi to, for vi stoler på kvarandre. Å ha ein kamerat som er til å lite på, det er stort, det. Ein god venn kan gi hjelp mot ufred og farar så ein får meir å vere nøgd over i livet. Og dei med edle sinn gjer godt av den grunn aleine."

Krokodilla svarte: "Kona mi ligg heime og vrir og buktar seg fordi ho vil treffe deg. Og venninnene hennar meiner eg skal gjere gjengjeld overfor deg. Eg byr deg heim til oss til eit måltid mat."

Apa sa nesten gåtefullt "Kua dyttar vekk kalven sin med hornet når han prøver å drikke for mykje. Så ikkje alt som er rett og klokt, verkar bra i første omgang."

Krokodilla tenkte seg nøye om før ho tok til motmæle: "Eg tar det som at du svarer ja. Eg har heime på ei herleg øy uti havet. Kliv opp på ryggen min og gjest meg. Kona mi ventar utolmodig på deg alt."

Apa sa tenksamt: "Godt, la oss dra i ei fartog hoppa ned på ryggen til krokodilla. Ho la på sum, men langt ute frå land kom ho til å mumle halvhøgt for seg sjølv: "Nei og nei! Alt gale ein får seg til å gjere for kona!"

"Kva sa du?" spurde apa oppå ryggen hennar.

Nei, det var vel ikkje verdt å ta opp att nett det, sa krokodilla.

På grunn av det svaret blei apa rastlaus og tenksam. "Korfor svarer ho ikkje på det eg spør om? Men eg kan vel prøve å få det ut av henne likevel." Apa spurde opp att, og sidan dei var langt frå land, kunne krokodilla ta til å fortelje: "Kona mi ligg sjuk. Det heile har gjort meg sorgfull."

Apa sa: "Er det ikkje noko ein kan gjere så ho blir glad og frisk att?"

Krokodilla svarte: "Berre eit apehjarte kan det."

Då apa høyrde dette, trudde ho at ho var fortapt, og sa: "Så det var eg som var måltidet! Men dette har du ikkje gjort skikkeleg. Du ser, eg drog ifrå hjartet mitt då vi drog. Og som det er sagt, "Ein bør helst ikkje komme tomhendt heim til kona."

Krokodilla slutta å svømme, og sa: "Kor er hjartet ditt då?"

"Oppi fikentreet. Aper er då kjente for å ha hjarta sine i tretoppane. [1] Dersom du treng det, kan vi snu og dra etter det."

Glad snudde krokodilla og svømte mot stranda. Og glad hoppa apa opp til fikentreet og sette seg på ei grein der. "Hei sann! Eg har berga livet likevel!"

Men krokodilla i vatnet under treet sa: "Skund deg no og kom med hjartet ditt!"

Skrukkefjes lo og sa: "Eg kjem ikkje ned att til deg. Eg fekk deg til å vende om ved å seie noko rundt og biletleg. Det var det eg gjorde. Eg laug aldri for deg, men du misforsto og trudde at kjøthjartet mitt ikkje var i kroppen. Men det var ikkje det eg snakka om.

Du ville forråde og drepe meg med listig ferd. Eg brukte kløktig tale til gjengjeld og slik berga eg meg frå dauden hos deg. Dra berre heim att til kona og meinråda der, og kom aldri hit meir."

Forklaring

  1. Å ha hjartet sitt nokon stad er eit figurativt uttrykk for å like seg der eller ha kjensler i samband med staden. Her syner det til at aper flest held seg i tretoppane og trivst der. Songen "I left my heart in San Francisco" er også figurativt, rundt snakk om å sakne ein stad ein har vore.

Innhald


Femboka, fablar, soger, Panchatantra, litteratur  

Femboka, fablar, soger, Panchatantra, opp Seksjon Sett Neste

Femboka, fablar, soger, Panchatantra BRUKARGAID: [Lenke]
© 2011–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]