Norsk del, Gullvekta
Fablar frå Femboka  ❀11
Seksjon › 49 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Fire krokar på skattejakt

The four treasure-seekers

I ein by ein stad budde det fire braminar. Dei var dei gode vennar, så då dei ein gong blei utfattige, samrådde dei seg med kvarandre: "Det er ikkje greitt å vere fattig. Slektningar drar seg vekk, vennane forsvinn - sjølv barna! Har ein ikkje pengar, er det vanskeleg å få gagn av både mot eller strev. Og sjarm og god utsjånad i det sosiale spelet fell på steingrunn. Kor vondt må ein ha det før det blir betre å vere daud enn utfattig? Det er spørsmålet.

Men la oss gå saman og gjere alt i kan for å skaffe oss pengar. Saman kan vi stå sterkare og skaffe oss pengar å telje og telje med. Korleis får vi oss pengar nok? Er det ved å tigge, ved gode gåver, eller å syne oss lagleg fram hos kongen? Ved å dyrke jorda, lære nye yrke, åger og bytehandel? Av desse måtane høver nok handel best for oss. Det kan vi klare.

Og når det gjeld dei andre måtane, er velvilje frå kongar ikkje å lite heilt på i langdrag. For lærde blir gardar for strevsame. Den som tar til i eit nytt yrke må truleg finne seg i mykje hardt. Å låne vekk pengar til grannar gir forferdeleg sut: enn om ein ikkje får dei att? Så hurra for handel", sa dei.

Dei heldt fram: "No er det slik at lønnsam handel har sju greiner. Å bruke falske vekter, å skru opp prisane, vere pantelånar, gå inn for faste kundar, selje frå lager, få seg luksussaker å selje, så som parfymer, eller handle med utlandet.

Det finst økonomar som vil seie at å bruke falske vekter og skru prisane høgt i vêret og stadig snyte vennane sine, høver for avskum. Men pantelånaren vil vere i frykt for å bli tatt av dage av dei som ikkje vil innfri låna og betale høge renter. Å halde eit stort lager er risikofylt. Lageret kan brenne, tjuvar kan komme, og skadedyr.

Men parfyme er framifrå; ein sel det for opptil tusen gongar meir enn ein sjølv punga utfor det. Å drive handel utanlands høver for folk med pengar og slike som kan annonsere varene sine. Ein må kunne å selje, investere og få att to og tre gongar det ein først punga ut. Men den som er redd for å fare utanlands og den som ikkje aktar seg nøye som handelsmann, går under."

Slikt sa dei for kvarandre for å ha det klart for seg kva dei gjekk til som handelsfolk i lag. No tok alle fire farvel med familiane og vennane sine og drog av garde. "Kva anna kan de vente enn at vi blir gale etter rikdom, så vondt vi har hatt det?" sa dei til kjente, "men vi snyt ingen for det."

Med tida kom dei til Avanti-området [1 Oldtidas Avanti samsvarer om lag med det som i dag er Malwa-regionen i India.] og enda vidare, like til dei møtte ein trollmann. Dei helste høfleg på han slik braminar skal gjere, og blei med han dit han budde. "Vi fer omkring til vi vinn underkrefter, får rikdom eller møter dauden", sa dei til han. "Vi har sanna at ein lyt vere verksam og stå på. Så kanskje du vil fortelje oss korleis vi skal komme til pengar, om det så skal vere ved å selje kjøt. Det er mykje vi kan våge. Du vet at berre storingar kan hjelpe store så dei vinn det dei helst vil ha."

Trollmannen såg at dei var skikka til å bli lærlingar, og gav kvar av dei ei magisk fuglefjør, og sa: "Dra til nordsida av Himalaya. Der fjørene fell ned, der vil dei som eig dei, finne ein skatt."

Dei gjorde som han sa. Med tida fall fjøra ut av hendene på leiaren av dei fire. Då han undersøkte staden, blei det klart at bakken under dei var kopar. Han sa til de tre andre: "Sjå her! Ta all den koparen de vil. Eg deler gjerne!"

Men dei andre sa: "Kva skal det vere godt for? Kopar verkar ikkje så interessant. La oss dra vidare."

Han svarte: "Dra de. Eg blir ikkje med lenger." Så grov han ut eit stort lass kopar og vende om.

Dei tre andre drog vidare. Men dei hadde ikkje komme langt før fjøra til ein av dei fall ned. Då han grov i bakken der, fann han at grunnen var reint sølv. Det blei han glad for. og sa: "Sjå her! Ta alt sølvet de vil ha. De treng ikkje dra lenger."

"Først var det kopar, så var det sølv", sa dei to andre. "Enn om det er gull som blir det neste vi kjem over? Sølv hjelper ikkje så mykje mot fattigdom som gull."

"De to får dra utan meg", sa han. Så tok han med seg eit lass med sølv heimetter.

Dei to som var att, gjekk vidare like til ei av fjørene fall ned. Då eigaren grov i bakken der, fann han gull. Han blei overlag glad og sa til vennen sin: "Sjå her" Ta alt det gullet du vil ha. Ikkje noko er betre å ha enn gull!"

"Skjøner du ingenting?" sa den andre. "Først kopar, så sølv, og så gull. Det neste kan bli juvelar. Så la gullet vere og dra vidare med, for gull er så tungt å frakte. Mykje av det blir slik ei farleg bør."

"Du får dra aleine", svarte han som fann gullet. "Eg vil bli her og vente på deg."

Så drog den siste av dei vidare aleine. Sommarsola svei, og han flakka hit og dit i høgdene. Til sist kom han til ein mann, gjekk bort til han og spurde: "Korfor har du eit hjul som snurrar på hovudet? Hjelper det mot sola, eller er det noko anna det skal gjere? Og dessutan, finst det vatn her, for eg er reint sår i halsen av tørst."

Men i det same braminen hadde sagt det, snurra hjulet over til hovudet hans og blei der. "Men du godaste", sa han. "kva er meininga med dette?"

"Det var nett slik det hamna på mitt eige hovud", sa mannen.

"Men når blir eg kvitt det? Det gjer forferdeleg vondt når det snurrar."

Den andre sa: "Når nokon som held ei tryllefjør i handa og kjem og snakkar som du gjorde, så vil det slå seg ned på hovudet hans."

"Så", sa braminen. "Og kor lenge har du stått her?"

Og den andre spurde: "Eg veit det knapt. Eg var fattig for sju tusen år sidan eller så. Då skaffa eg meg ei tryllefjør og kom hit, akkurat som deg. Også eg såg ein annan mann med eit hjul på hovudet og spurde han om det. I det same spann hjulet . I den augeblinken eg stilte eit spørsmål (som deg) forlét hjulet hovudet hans og slo seg ned på mitt. Men eg kan ikkje lenger makte å rekne hundreåra som har gått.

Han som no var under hjulet, spurde: "Min kjære deg, korleis kan ein få seg mat og drikke når ein har det slik?"

"Det har seg slik, "sa mannen som var blitt fritt frå hjulet på hovudet", at ein ikkje kjenner svolt og tørst når ein står slik. Ein eldast ikkje ein gong. Det er berre å halde ut!

No får eg ta farvel. Du har sett meg fri frå mykje fælt, og no skal eg heim dersom det står att nokon." Så gjekk han muntert av stad.

Han som hadde funne alt gullet, undra seg på korleis det var gått følgesveinen som håpte å finne diamantar og andre glimesteiner. Derfor følgde han fotspora hans. Etter å ha dratt eit stykke, trefte han den andre, som hadde fått eit hjul på hovudet i "lønn" for å ha blitt altfor griske. Han som hadde funne gull, gjekk bort til han og spurde med tårer i auga: "Kva skal dette tyde? Kva har hendt?"

Så fortalde den andre soga om hjulet.

Då vennen høyrde dette, sa han: "No kan du angre at du ikkje høyrde på meg då eg tilbydde deg store mengder gull!" Skal tru om ikkje ordtaket stemmer:

Å vere lærd er mindre enn å vere forstandig.
Prøv derfor å bli gløgg."

Men han som hadde fått eit snurrande hjul på hovudet, var ikkje einig og sa: "Nei slett ikkje! Det kan ha vore skjebnen mi som var ute!"

"Kanskje -", sa gullfinnaren avventande. "Men venneråd skulle ein ikkje sjå ned på i det minste. Det var det du gjorde og må bøte for her."

"Ja, det er ganske rett", sa mannen med hjulet. "Det er mykje visdom i verset:

Den som manglar vett og ikkje lyttar til venneråd, skjenar mot ein tung, lei ende.

Kven som helst kan bli rar av å vente seg for mykje."

Mannen som hadde funne gullet, sa: "No får vi ta farvel med kvarandre, for eg kan ikkje hjelpe deg."

Mannen med hjulet sa: "Korleis kan du gå ifrå ein venn i nød på dette viset? Det gir ingen god lagnad."

"Når ein kan gjere noko med det fæle, er det sikkert som du seier", sa vennen. "Men når eg no ser godt på fjeset ditt og kor forvridd og blodig det har blitt under hjulet som snurrar, kjenner eg meg viss på at eg ikkje kan gjere noko betre enn å gå ifrå deg, så ikkje noko farleg kjem over meg også. Så la meg få fare mens du sjølv blir her og får smake fruktene av å ha vore usømmeleg grisk."

Mannen med hjulet innvendte: "Men den usømmelege får rett som det er lykka med seg!"

Mannen som hadde funne veldige mengder gull, sa: "Det kan så vere no og då. Ein får iallfall prøve å smi si eiga lykke og ikkje gløyme å vere svært varsam på ferda, særleg langt heimanfrå. Det var det vi to gjorde mot dei to andre, og du mot meg: du kasta vrak på mykje gull!"

Løvemakarane

The lion-makers

I ein by budde fire braminar som var vennar. Tre av dei var sprenglærde, men mangla sunt og saftig vett. Den fjerde var ikkje mykje lærd, men hadde gildt vett.

Ein dag treftes dei fire. "Kva hjelper det å vere styggeleg lærd", sa dei, "om ein ikkje får reise, få heider frå kongar, og få seg pengar? Så la oss legge ut på reise i lag."

Men då dei hadde gått eit stykke, sa den eldste av dei. "Ein av oss har lite meir enn sunt vett, og ingen vinn heider frå kongar utan å vere lærd. Derfor kan han gå heim att, for vi vil ikkje dele alt vi vinn oss, med ulærde."

Den nest eldste sa: "Oppvakte venn, du er ikkje lærd nok til å bli med oss tre. Ver snill og gå heim med deg."

Men den tredje braminen sa : "Nei, slik får vi ikkje oppføre oss! Har vi dratt ut i verda saman, skal vi også halde saman. Vi fire har leika i lag sidan vi var små gutar. Så bli med oss, kjære venn. Du skal få din del av pengane vi tener."

Slik blei det.

Litt lenger framme fann dei knoklane til ei daud løve. Den eldste braminen sa: "Her eit godt høve til å syne kor lærde vi er. La oss bringe dyret til live ved alt vi kan, tre av oss. Eg kan å sette saman skjelettet."

Den andre sa: "Eg kan skaffe hud, kjøt og blod."

Den tredje sa: "Eg kan gi dyret liv."

Dermed rigga den eldste opp skjelettet, dei andre dekte det med hud, kjøt og blod og slikt. Den tredje tok til å blåse liv i dyret då mannen utan lærdom men med sunt vett, sa til vennane sine: "De gløymer noko. Dette er ei løve. Gjer de ho levande, vil ho drepe oss alle."

"No er du vel einfaldig!" sa den andre. "Om ein droppar det lærde ein kan, syner ein det ikkje gagnar stort!" Dei ville halde fram med det dei hadde tatt til med.

"I så fall", sa den fjerde, "får de tre vente nokre straksar mens eg klatrar opp i dette høvelege treet."

Då dette var gjort, kom løva til live att, reiste seg fort og drap alle tre. Men mannen i treet slapp unna. Då løva hadde gått vekk derifrå, klatra han ned og gjekk heim.

Det går ikkje heilt bra når manneætta lagar ting til framtidig skade for seg. Framtanke er bra.

Vevaren som fekk eit ønske

Slow, the weaver

I ein by ein stad budde ein vevar. Ein dag gjekk alle pinnane i vevstolen hans sundt, så han tok ei øks og gjekk på leiting i skogen etter eit tre å lage nye pinnar av. Mens han gjekk og leita, kom han ned på stranda. Der stod eit stort sheshamtre [1], og han tenkte: "Shesam, shesam, dette treet ser veleigna ut. Klarer eg å hogge det ned, kan eg lage massevis av reiskap til veving av det."

Han løfta øksa over hovudet for å gi treet hogg etter hogg. Men no var det eit troll i treet. Trolla sa: "Haldt! Dette er mitt tre! La det stå i fred, for her bur eg og er lykkeleg. Eg held til her. Spar treet, for her eg sit blir kroppen min kjærteikna av den svale brisen som har vore i kontakt med bølgene, og synet og lyden av bårene som daskar inn mot stranda er god."

"Men kan skal eg gjere om eg ikkje høgg treet?" sa vevaren, "Eg manglar reiskap til vevinga eg livnærer meg og familien med. Skulle eg bli utan reiskapen eg treng for å veve, kjem dei til å svelte. Derfor får du flytte til ein annan stad, og kjapt. For eg har tenkt å hogge ned dette treet."

"No vel", sa trollet i treet. "Eg har ikkje fælt mykje imot deg. Derfor skal du få eit ønske av meg, berre du lar treet få stå i fred."

"I så fall", sa vevaren, "skal eg gå heim og spørje kona og vennane mine om kva eg skal ønske meg. Eg kjem att."

Trollet gjekk med på ordninga, og vevaren gjekk heimetter. Då han kom til småbyen sin, møtte han ein av vennane sine - det var barberen i byen. Vevaren sa: "Eg har fått eit ønske av eit troll. Kan du seie kva eg skal ønske meg?"

Og barberen sa: "Er det som du seier, så ønsk deg eit kongarike. Du kan bli konge, og eg kan vere statsminister. Så kan vi begge to smake på alt det gode denne verda har å by på."

"Tja, ikkje dumt!" sa vevaren. "Men eg får spørje kona mi til råds også."

"Nei, la vere", sa barberen. "Det er feil å spørje kvinner til råds. Som det blir sagt: "Gi ei kvinne mat og kjolar, gilde smykke og anna pent, men ikkje spør henne til råds." Og dessutan: "Med kviskrande kvinner omkring seg blir ingen mann ein snarrådig leiar." Det kvinner jamt vil, blir altfor sjølvisk, og dermed for dårleg", meinte han.

Vevaren: "Du kan ha rett, men likevel skal eg spørje kona mi. Det er ei god kone." Han skunda seg heim til henne og sa: "Kjære, i dag fekk eg eit ønske av eit troll. Eg kan få kva eg vil. Kva synest du eg skal ønske meg? Barberen rår meg til å ønske meg eit kongarike."

"Kjære mann", sa ho, "kva forstå barberar av livet? Vi har eit ordtak: "Dropp alle råd frå barberar, musikarar, og svulstige karar." Kongar må hanskast med ein serie av vanskar, må stendig uroe seg over fred, krig, stillingar, alliansar, og mykje anna som ikkje gjer ein tilfreds. Enda verre er det at kongen sitt eige avkom og brør ønsker å rydde han av vegen. Når ein fattar slik, kjem ein ikkje då til å forkaste å vere konge?"

"Ja", sa vevaren, "du har fole rett. Men sei meg kva eg skal bede om."

Og ho svarte: "Som det no er, klarer du å veve eitt tøystykke om dagen, og det dekker alle utlegga våre. Men dersom du bed om eit hovud til og eit par ekstra armar, kan du veve eitt tøystykke framfor deg og eitt bakom deg dagleg. Dermed får vi dobbelt så mykje å leve av. Det du tener på det ekstra tøystykket, kan du bruke til å sjå stilig ut, og vinne heider og ære mellom dei andre vevarane."

Då vevaren høyrde dette, stråla han av glede og sa: "Glimrande tenkt, du trufaste kona mi! Forslaget ditt er framifrå. Det vil eg halde meg til."

Så gjekk vevaren til trollet ved stranda og sa han ønska seg eit hovud til og eit par armar til. Og alt mens han sa fram ønsket, kom det ekstra hovudet og armane fram på han. Men då han glad og nøgd gjekk heim med to hovud og fire armar, trudde folk han var eit troll, og gjekk til åtak med køller og steinar og anna så han døydde.

Ord

  1. Shesham (Dalbergia sissoo) veks i India, Pakistan og Nepal. Det trivast ved elver under 900 moh. men finst naturleg opp til 1300 meters høgde. Treet kan tole temperaturar frå kuldegradar til 50℃, toler mykje nedbør og attpåtil tørke i 3-4 månadar. Jorda kan vere rein sand og grus til rik mold ved elvebreidder. Unge plantar toler skugge dårleg.

    Treslaget blir brukt til blant anna møblar. Kjerneveden er svært vakker og luktar godt, er gyllen til mørkebrun, og dessutan haldbar og motstandsdyktig mot insektåtak. Det hardføre treet blir også nytta til å betre landskap og anna treplanting, til å gi skugge i rekker langs vegar, og meir.

Dalbergia sisoo
Shesam (Dalbergia sisoo). Detalj. Står det for seg sjølv, kan det bli høgt og vidt.

Dagdraumen til presten

The Brahman's dream

I ein by ein stad budde ein lasete prest som hadde tigga til seg byggmjøl. Han laga byggraut av noko av det og fylte ei krukke med resten av mjølet. Krukka hang han på ein knagg ein kveld, sette senga si under den, festa blikket på krukka og sokk inn i ein kraftig dagdraum.

"Vel, her er ei krukke full av byggmjøl", tenkte han. "Blir det hungersnød, kan eg nok få tre tusen kroner for den. For den summen skal eg kjøpe to ho-geiter. Kvar sjette månad før dei to nye ho-geiter. Etter å ha fått mange geiter, får eg råd til kyr. Når kyrne kalvar, sel eg kalvane. Etter kyr kjem hopper. Fra hoppene blir det mange hestar. Når eg sel dei, får eg mykje gull. For gullet kjøper eg meg eit stort hus med ein innvendig gardsplass. Så vil nokon komme til huset mitt og by meg den pene dottera si til kone, og gi meg ei monnaleg medgift. Ho skal få ein son, og han skal eg kalle Monefar. Når han blir gammal nok til å ri på kneet mitt, skal eg ta ei bok og sette meg på taket av stallen for å tenke. Nett då kjem Monefar til å sjå meg og vil hoppe ned frå fanget til mamma i iver etter å ri på kneet mitt, og så vil han komme for nær hestane. Då blir eg sint og seier til kona mi at ho skal passe betre på guten. Men ho er opptatt med andre ting og så tar ho ikkje omsyn til det eg har sagt. Då kjem eg til å sparke mot stalltaket og sjå så arg ut at ho tar omsyn til meg."

Mens han låg slik og dagdrøymde, sparka han uvilkårleg ut med ein fot og kom til å knuse krukka på veggen. Byggmjølet i den fall ned over han og gjorde han kvit over heile seg.

Det er ei tid til alt; også dagdrøyming.

Draumar er ønske som hjartet formar. (Amerikansk ordtak)

Mykjevett, Meirvett og Enkeltvett

Hundred-wit, Thousand-wit and Single-wit

I ein dam budde det to fiskar, Mykjevett og Meirvett. Ein frosk budde også i dammen og var vennar med dei. Han heitte Enkeltvett. Ofte gledde dei tre seg i vasskanten med å snakke og vitse med kvarandre før dei dukka ned i vatnet att.

Ved solnedgang ein dag, mens dei samtalte og skjemta som vanleg, kom det fiskarar med garn til dammen. Fiskarane sa til kvarandre då dei såg dammen: "Sjå der. Det ser ut til å vere mykje fisk i dammen, og den verkar grunn. Vi kjem tilbake hit i morgon tidleg." Med dette gjekk dei heim.

Dei tre vennane i dammen blei først vettskremde av å overhøyre dette, og rådslo saman. Frosken snakka først: "Kjære vennar, kva gjer vi no? Skal vi røme eller bli her og halde ut?"

Meirvett lo stolt og sa: "Gode venn, bli ikkje skremt av ord aleine. Ein skal ikkje vente at fiskarane kjem att i det heile. Men skulle det skje, skal eg berge meg og deg med vettet mitt. For eg kan mange knep i vatnet."

Og Mykjevett la til: "Ja, Meirvett har fatta mangt. Vettet finn utvegar fort." Og det sømmer seg dårleg å røme frå fødestaden sin utan kamp. Dra ikkje ifrå oss. Eg skal berge deg ved vettet eg har, eg også."

"Vel", sa frosken audmjukt og oppriktig, "Eg sjølv har nok ikkje forstand på mange ting, men det eg kjenner, er at eg skal røme så fort eg kan. Kona mi og eg drar til ein annan stad alt i kveld." Som sagt så gjort: Då det blei mørkt drog frosken og kona hans til ein underjordisk brønn.

Ved daggry neste morgon kom fiskarane og spente garna sine ut over heile dammen. Alle fiskane, skjelpaddene, froskane, krabbane og dei andre skapningane som var i dammen, blei fanga i garnet. Jamvel Mykjevett og Meirvett blei fanga og bløgga, trass i at dei hadde kjempa for å berge livet ved å svømme i mange slags ringar og svingar for å sleppe unna garnet.

Neste dag starta fiskarane glade på heimvegen. Ein av dei bar Mykjevett på hovudet, for han var stor og tung. Ein annan bar Meirvett i ein hank. Då frosken såg dei slik, sa han til kona si frå der dei låg usette i opninga til den underjordiske brønnen: "Sjå, kjære - Mykjevett og Meirvett er ikkje meir, men du og eg kan padle omkring i det klare vatnet enno. Det er ikkje berre vettet som avgjer korleis det går ein i verda."

Det musikalske eselet

The musical donkey

I ein by ein stad var det eit esel som frakta pakkar til og frå eit vaskeri. Om dagen bar han pakkar på ryggen, men om kvelden og natta var han fri til å gå dit det passa han.

Ei natt han rusla omkring ute på markene, støytte han på ein rev, og dei to blei vennar. Første natta braut dei seg gjennom ein hekk som gjerda inn agurksenger, og då dei hadde meska seg med agurkar til dei ikkje romma meir, skildest dei ved daggry og gjekk kvar til sitt.

Ei anna natt dei var i agurksenga, sa eselet til reven: "Sjå, bror, natta er så fin at eg vil bidra med ein song. Kva for kjensler vil du at eg skal gi uttrykk for?"

"La det heller vere, bror", sa reven. "Det kan gi oss bråk om nokon kjem hit ved å gå etter lyden, og finn ut av vi har stole agurkar. Som ordtaket seier: "Den som nys, skulle ikkje bli tjuv."

Og la meg no få seie eitkvart rett ut: "Du syng snarare låkt enn pent. Bøndene som får høyre deg synge ute på markene deira, kjem til å fange og drepe deg! Hald deg heller still og et."

"Nei, høyr berre her!" sa eselet. "Slengmerknadene dine syner berre at du bur i skogen og ikkje har musikalsk sans i det heile. Har du aldri høyrt at musikk gir lykke?"

"Det er så sant som det er sagt", sa reven, "Men det gjeld ikkje all slags musikk, og eselskryt er ikkje behageleg. Korfor må du skryte og gjere det verre for deg sjølv?"

"Tru no ikkje at eg ikkje kan meg med song og musikk", sa eselet. "Og her på jorda finnst knapt noko som er meir vedunderleg enn song. Eg kan meg med slikt, eg", sa eselet.

Reven skjønte at det ikkje nytta å stagge han. "Gjer som du må, bror", sa han. "Eg vil halde meg ved opninga i hekken og halde utkik etter bønder. Du kan synge av hjartans lyst."

Då reven hadde funne seg ein plass ved opninga, lyfta eselet på nakken nakken og tok til å gi lyd frå seg. [◦Høyr eselskryt]

Då bøndene fekk høyre eselet, skar dei tenner i sinne, treiv til knortekjeppar og sprang innpå eselet og dengde laus til han låg flat. Så batt dei saman forbeina hans og festa tauendane til ei sterk krukke med hol. Krukka tredde dei på halsen hans. Dermed gjekk dei heim og til sengs.

Etter litt reiste eselet seg opp og såg ut til å ha gløymd smertene sine heilt og fullt. Med krukka om halsen trampa han ned hekken og gav seg til springe vekk derifrå.

Reven stod på trygg avstand og sa med eit høflig smil: "Du song bra til esel å vere. Men korfor ville du ikkje lytte til meg i stad? Då hadde du vel sleppt å gå med utriveleg halsband. Den som vettlaust nektar å lytte til venneråd, går det kanskje gale for."

Ikkje alle som trur godt om seg på ulike måtar, er realistar.

Naturlege givnadar treng jamt over å modnast og kultiverast ved behageleg, lang tids øving før konsertpublikum klappar. Det bør ein vere budd på iallfall.

Innhald


Femboka, fablar, soger, Panchatantra, litteratur  

Femboka, fablar, soger, Panchatantra, opp Seksjon Sett Neste

Femboka, fablar, soger, Panchatantra BRUKARGAID: [Lenke]
© 2011–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]