| |
Fjellvettreglar for skriving
 | |
Ha alltid fjellvettreglane med i normgrunnlaget for skrivinga di.
|
Reglar er oftast "breie saker", "breie ting", og det kan finnast situasjonar der unnatak er
påkravd, ikkje berre fint.
Dei fleste kan sjå likskapen mellom å gå ein fjelltur og skrive
ein tekst sakprosa. Noen kan også finne nyting i ei slik samanlikning. Godt forfatta
tekst har altså start og slutt og noe imellom. Men enda viktigare er det å ha
rett fokus med seg: Det er jo skriveprosessen (turgåinga) som er hovudsaka, ikkje alt som kjem ut av den og alle forholda som heng saman med den.
Øving gjør meister. Noenlunde likeins er det også med fotturar i
fjellet. Ein kan berike livet sitt titt og ofte for di ein er fjellvant og kan
å gå korte og lange turar under ganske gode forhold. Er forholda dårlige,
held ein seg heller heime. Det som kjem er elles tommelreglar.
1. Legg ikkje ut på lange turar utan trening.
Skriv ikkje lange dokument utan trening til det arbeidet.
2. Sei først ifrå kor du har tenkt deg hen.
Freist å orientere på førehand om kor du vil med det du
skriv. Ei lita briefing i starten kan vere godt. Då kan vonelig ei vennepatrulje og andre finne sporet til deg i tilfelle eitkvart går gale - og det kan ein jamt halde seg budd på, fortel kaptein Edward Murphy i "Dersom noe kan gå gale, vil det før eller sia gjøre det." Murphys lov kan ein i lang tid hindre i å bli fullbyrda ved kloke nok tiltak, som å "bitte dyret (frimodig id) hardt" og tone ned ting: Det vi skriv høflig og distingvert utan å braute og sverje, kan mange fatte.
3. Vis respekt for veret og vermeldinga.
Vis omsyn til forholda og skaff deg lødig orientering om dei, så du ikkje gir deg i
kast med noe på måtar som kan bli kalla uforsvarlige og uforsiktige.
Følg derfor med i utviklinga på feltet ditt, og generell utviklingsgang generelt.
Det kan jo vere kjekt å bli så skrivegod at ein ikkje treng å bli redda av
andre.
4. Lytt til erfarne fjellfolk.
Lytt til og lær av dei fjellvante; det er dei som har vore i terrenget og
kjenner det, også i hardt vêr. Dei kan gjøre deg delaktig i forholda og
lønsame ruter og enda meir.
In noen høve lønnar det seg å stogge opp og spørje:
"Erfarne fjellfolk, er det filologane eller diktarane?" Det kan vere begge deler, jamvel om
noen diktarar har skrive mangt fælt mot filologar og andre kritikarar. "Critics are
like eunuchs in a harem; they know how it's done, they've seen it done every day, but
they're unable to do it themselves" [Brendan Behan (1923-64)]. Alexander Kielland sa
nokså nær det same i si tid.
Skaff deg i tillegg det utstyret som hjelper dei erfarne. Noe mindre er kanskje
ikkje høflig.
5. Ver rusta mot uver og kulde sjølv på korte turar. Ta alltid med ryggsekk
og det utstyret som fjellet krev. På lengre turar: Ha alltid med
spade.
Når stormen kviler
og di lykke smiler,
og du tykkjer allting går som best.
Nettopp då du, nettopp då du,
skal du vare deg mest. - Ivar Aasen, i "Når du mest må
strida"
"Alltid budd" er elles speidarmottoet. Spørsmålet er berre kva ein er budd til eller mot. Ver budd på litt av kvart - og ved å spørje andre til råds kan ein bu seg på somt ein ikkje føresåg aleine. For di forhold fort kan forverrast kan ein
like godt programmere seg til å stå vel budd sjølv om forholda ser fine
ut. Det er betre å gjøre slik enn å bli dumma ut om noe uventa skulle
inntreffe. Det er ein slags "kløktig pessimisme" som er ute og går. Den
får bonden til å lage låve og hus som toler meir enn sommarver.
Kulde skal ein her tolke som dårlig mottaking. Uver kan vere fiendskap
frå uventa kant, eller kanskje den vante kanten. I "ryggsekken" legg ein kanskje
to-tre bøker om korleis ein forfattar, ordliste, og dikt. Mangt kan få plass i
ein ryggsekk. Det er også kjekt å ordne til så ein kan kose seg midt i
prosjektet.
Fjellet kan vere det monumentale som skal skrivast - Ein lyt ofte stramme seg opp
for å komme opp i høgda og få det friare slik at orda flyt (being in
the flow, som det heiter) og otten svinn inn litt.
Spada kan vere granskingsmiddel. Program (med automatisk ord- og setningsgransking i
seg) kan for eksempel hjelpe framifrå.
6. Hugs kart og kompass.
Kart er oversyn. Disposisjonen kan fungere som kart. Mentale kart hjelper
orientering og at vi finn vegen. Tankekart hjelper oversyn framifrå.
Kompasset er mye som framdriftsplanen. Den som skriv avhandlingar i studiet, blir
oftast avkravd framdriftsplan no om stunder.
Oversyn og framdriftsplan kan hjelpe deg som kart og kompass om halsen, så du
finn fram steg for steg i skriveprosessen og ikkje overser detaljar som leier deg i retning
av målet - vellykka skriving (vellykka skriveprosess), ikkje berre eitt
vellykka skriveresultat.
7. Gå ikkje aleine.
Gå helst ikkje aleine. Gå ikkje aleine om du ikkje må. Noen
diktarer har kjent på seg dei måtte, som Knut Hamsun og andre nobelprisvinnarar
som leid fælt og svalt for kunsten sin. Hjelp frå venner er ofte
kjærkommen for den som skriv og kan trenge høflig og vennligsinna
tilbakemeldingar. Det er jo også langt meir behagelig å få kjekke
korrektiv undervegs i staden for å få dei etter å ha gått feil veg i
lang tid.
Samtidig heiter det at du også bør unngå store følge der
dei som er med har ulike føresetnader. Det er ikkje sikkert det blir tiltrengt
framdrift i slikt følge.
8. Vend i tide. Det er ingen skam å snu.
Når veret uventa endrar seg, kan ein altså justere opplegget sitt. Det
er normalt ikkje lurt å prøve å trasse skriveveret. Legg du ut på
skriving i uvisst ver, så gå helst mot vinden (tøff deg fram). Då
blir det lettare å gå tilbake etterpå . . .
9. Spar krefter og grav deg ned i snøen om nødvendig.
Sterk vind gjør påkjenningane verre. Unngå å bli sveitt;
unngå å leggje fram det du skriv for mange som blir sveitte av deg. I sær
om dei tar til å rope opp i lag over deg, kan det bli vanskelig.
Et og drikk ganske ofte under vanskelige forhold; det kan tenkjast å vere til
hjelp (for idsystemet inni oss, til dømes). For lite drikke og mat gjør deg
slapp, og du kan miste motet. Ein skal jo ha det godt . . . .
Når fiendtlig omtale frå folk som før tok seg saman og tok seg
saman med eitt haglar og piskar omkring deg som blindande snødrev, kan det vere
overlag viktig å gå i dekning for å berge livet. Vent i så fall
ikkje med å grave deg ned. Det kan skje på mange og ulike måtar, men vent
ikkje med å grave deg inn i snøen til du er utsliten. Noen vel å sitere
autoritetar, andre tar til forslitne vendingar og opplegg, og så bortetter. Slikt
skulle du lære deg; lær prima akademiske verkemiddel når du har overskott,
så har du skaffa deg velprøvd erfaring til det brakar laus: Det er ikkje greitt
å vere frimodig diktar, kunstnar og rettlige vitskapsmann til alle tider. Det er det
mange vitnemål på.
Diktarar og filosofar unnatatt
Når du kan og lever etter fjellvettreglane som står over, kan du
gå tryggast råd i fjella, heiter det. Diktarar og filosofar er elles som
fjellklatrarar - for slike gjeld også andre tommelfingerreglar.

Litteratur
Trap: Nida, Eugene, and Charles Taber. The Theory and Practice of Translation. Leiden: United Bible Societies / Brill, 1974.
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
© 20012007, Tormod Kinnes. [E-POST]
|