![]() |
Språkvett | |||||
| 15 1 7 | ||||||
|
SpråkvettreglaneHer kjem ein enkel gjennomgang av klarspråk og språkvettreglane. Det er litt fritt etter Finn-Erik Vinje.
Språkvettreglane kan hjelpe oss å forme enklare og greiare og klarare ord og setningar. Dei er altså mynta på ord- og setningsnivå. Det finst andre reglar og normer for å byggje opp tekstar på høgare nivå i tillegg. Tekstar som er vanskelege å skjøne, fører til mistydingar, misnøye, klagerop, spørsmål, gale oppfatningar, og tap av tid. Å skrive tydeleg og greitt kan derimot spare tid og betre samkvem under eitt. Finn-Erik Vinje er kjent som språkkonsulent og forfattar av fleire bøker om språk, språkforming og språkrøkt. Han forma for nokre tiår sia ti språkvettreglar. Han har også skrive fleire bøker om korrekt behandling av språket og orda, og eg liker dei. I andre land finst både offentlege organ og organisasjonar som kjempar for klarspråk. Språkrådet skriv: Med klarspråk meiner vi korrekt, klårt og brukartilpassa språk i tekstar frå det offentlege.Klarspråk skal vere "forståeleg for alle" slik, men Det er ikkje alltid mogleg å uttrykkja seg krystallklart . . . og det kan vera mange grunnar til [å] ta atterhald og bruka runde talemåtar . . . I dei aller fleste tilfelle har styresmaktene alt [!] å vinna på å uttrykkja seg klart og forståeleg. Klarspråk hjelper bodskapen fram . . .På engelsk finst motsvaret "plain English" og "plain language". "Godt norsk" er elles lansert som boktittel av Vinje. Den er klar og grei.
Nedover har eg utvida og utfylt formingsråd frå han. Boka The Plain English Guide av Martin Cutts har også bra vink om språkforming. [SKRIVERÅDA HANS]
Kan hende treng du å maskere deg i ordvegen også. Då kjem nye reglar inn. |
|
Cutts, Martin. The Plain English Guide. Oxford: Oxford University Press, 1996. [Nyare utgåve finst også.]
Vinje, Finn-Erik. Skrivereglar. Nynorsk. 7. utg. Oslo: Aschehoug, 2009.
|
|
© 19992011, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-POST]. Ansvarsfråskriving: [LENKJE] |