NORSK DEL, GULLVEKTA  

Språkrøkt

 15 › 1 › 3

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




VEGER

Å skrive kunstnarleg e-post

Fattar
Alternativ til flaskepost!
Nokre tips: Frå anna hald får ein vite: Ikkje skriv når du er sint. Eller: Når du har skrive sinne av deg, kast det du laga. Eller: Vent to-tre dagar før du svarer, så meir sinne får høve til å renne av deg. Slike råd kan vere vel og bra. Men har du tenkt over at sinne kan vere bra? At den som viser mye harme, er ærlig? Ein del av kunsten kan bli å gripe tak i dette - og å mate fiendane minst råd. For all del: Skriv minst råd til fiendar, til slike som stadig harmar, opp og opp att. Det finst blokkeringsfidusar til hjelp. Gi dei salte men OK kjendissitat, for eksempel.
      No kjem elles ein artikkel som samtidig ein avansert tabell. Den setter noen i stand til å trekkje ut nye syn gong etter gong. To-tre døme står i botnen. Dei er forma som dikt.

LoFornemt hjelpemiddel: Høfligheit

Howdy KORREKT er ekte. Det er eitt poeng som kan gjøre godt. Ein skal både vere høflig og stålsett formell av gode grunnar.
      Prøv altså å skrive korrekt, utan slurv som gir avgjørande språk- og skrivefeil - blant anna for di feil lett drar merksemda vekk frå innhaldet i teksten.
      Noen språklige hjelpemiddel kan vere gode å ha - ei god ordliste for handa kan hjelpe enda om det finst ordretteprogram i datamaskinen din og ordlister på nettet.
      Få godt fram hovudsaken, og la det helst kome først i e-brevet. Ver bra formell overfor ukjente. Du veit ikkje korleis dei tenkjer og reagerer. Ver derfor høflig av di det kan løne seg. "Alt du skriv kan bli brukt mot deg (av ein eller annan før eller seinare)", kan ein avleie frå Kaptein E. Murphys lov. Den finst i fleire variantar. Her er ein av dei: "Dersom noe kan gå gale, vil det før eller sia skje." ¤


LoNoen avsnitt kan kuttast ut

Hund TUNGE tekstar må ein få gjort lettare.
      Bruk mellomrom mellom din tekst og det du svarar på.
      Fjern helst unødvendig tekst i det du svarar på. Behagelig nedkorting av unødvendig innhald kan spare tid og pengar og gjøre ein og annan mindre trøytt - eller gjør det langt lettare for den som les å sjå samanhengen mellom det du skriv og det du svarar på. Så om den du skriv til har skrive 100 linjers tekst til deg, men du berre skal svare på det siste avsnittet, kan du tenkje på å fjerne den teksten som er overflødig. Av og til finst grunnar til å ha med alt likevel. Dei skal vi ikkje kome inn på her.
      Skriv tydelig kva det gjeld. Somtid blir det så mye e-post at vi må sortere den før vi opnar den. Då kan klare, informative overskrifter vere til god hjelp.
      Form tydelige tekststykke. Marker nye avsnitt ved å leggje inn ei blank linje. Den som les e-brevet ditt, kan ha andre innstillingar i datamaskinen sin enn du har. Om du brukar berre enkle linjeskift for nye avsnitt, kan det bli vanskelig for andre å sjå kor nye avsnitt startar i det du sender.
      La vere å sende e-brev med utblåsingar ifrå deg utan god nok grunn. La ikkje temperamentet ta det vittige ifrå deg.¤


LoSend ikkje frå deg i affekt noe du vil angre på

SKAL du debattere, lyt du kjenne til noen av hovudreglane for slik verksemd. Mediekonsulenten kan kanskje gi råd. [MEIR]
      No og då vil trulig andre menneske tolke det du skriv annleis enn det var tenkt, og det kan godt bli på meir enn ein måte. Like eins kan du sjølv kome til å tolke det andre skriv på ein annen måte enn det som var meininga.
      Skriv kort og fullstendig nok. Gå rakt på sak og hald deg til saka vidare. Det skal ikkje bli utflytande. Fakta manglar kan hende, men eg trur at "dess argare innvendig, dess meir formell" som eit vidt prinsipp. Her kan ein jamføre med britisk stiff upper lips om ein vil, svenske diplomatar, og kva det skal vere.
      E-brev er ein kjapp og grei måte å meddele seg til andre på. Når du skriv e-post, er det visse ting du bør kunne, så som dette: Dersom noe gjør deg opprørt, bør du kanskje ta fem minutt i ro og tenke gjennom saka. Er du enno sint, skal du heller sove på tinga enn å skrive og sende noe du sia angrar på.
      Ikkje send noe du har skrive mens du enno er harm, skuffa, og opprørt. Ikkje prøv å vere sarkastisk og "smart". Kjenslene du trur andre merkar, kjem neppe godt fram over e-post heller. Fjern unødvendig tekst og gjør det behagelig for lesaren. Det du skriv og sender i e-post og kan bli trekt fram når du minst ventar det. Send derfor aldri frå deg noe du trur du kan kome til å angre på.
      Hugs godt på at det er menneske i den andre enden, og at noen kan vere nærtakande også. Slikt er lett å glømme når ein sit aleine framfor ein maskin.
      Det kan dessutan løne seg å ta informasjon du får, med ei klype salt.
      Ved svar: Vis kva du siterer; vis kva du svarar på og kva du skriv sjølv ved å lage dobbelt linjeskift og setje inn eitt eller fleire > for kvart sitat. Sett også inn eit linjeskift mellom det du svarar på og det du skriv sjølv. På dette viset ser ein strukturen i brevet enkelt, og det hjelper kontakta under eitt. Visst finst det variasjonar til dette.
      Sagt på annan måte: Dersom du deler opp det du svarar på, skal du ha to linjeskift mellom ditt eige svar og det neste du siterer.
      Er tekstane dine så høvelige lette å lese som du skulle ønske? Her kjem enda fleire råd for den som vil meir: ¤
      Tenk gjennom kva som må med og noter det, så du ikkje glømmer det når skrivinga har gjort deg trøytt seinare.
      Bruk langt færre ropeteikn (!) enn kjenslene vil ha, og stå imot å skrive MED STORE BOKSTAVAR (versalar) i laupande tekst, om råd. Store bokstavar blir lett oppfatta som (uhøflig) roping, og derfor kan ein med fordel bruke *framheva* skrift eller /kursiv/ skrift når ein vil markere eitkvart. Det finst noen andre val også.
Dao-figur      Ver noe varsam med heimelaga og andre forkortingar, om du ikkje er heilt sikker på om lesaren din skjønar dei. ¤
      Ofte høver det å stykke opp brevet frå den andre i mindre sitat som du i tur og orden kommenterer eller svarer på eitt for eitt. I andre tilfelle, og kanskje dei fleste, høver det å skrive din tekst skilt frå det du svarar på, framfor eller bakom. Det er fritt val.
      Du kommuniserer med andre menneske, og å feile er menneskelig, heiter det ifrå latin (Errare humanum est). Stell deg nokså kritisk til informasjon du får. Jamfør fleire kjelder om du er litt i tvil.
      Du kan godt avrunde med eit sitat. Det gjør ofte veg i vellinga.
      Skriv enkelt. Skriv likefram og bruk helst korte meiningar (setningar, meldingar). Du treng ikkje gjøre deg til. (7)

OPP


Tre dikt

For oss temperamentsfulle som skriv

Også mindre og få språk- og skrivefeil drar merksemda vekk frå innhaldet. Det kan ein avleie.
Å dra inn unødvendig innhald skadar neppe, men hjelper ikkje stort heller.
La ikkje temperamentsfulle utblåsingar i brevet ta viddet ifrå deg.
Send helst ikkje noe du har skrive mens du var harm og oppbrakt, og når skrivinga har gjort deg trøytt.
Det kan ofte høve å vere kritisk om ein er høflig samstundes.


Språklige hjelpemiddel

Gløtt Språklige hjelpemiddel kan bli ganske overflødige om du kortar ned til beinet
så nesten ingenting kjem med i teksten og trekk merksemda til den.
Tenk gjennom nett den saka.


Dei nærtakande

Når dei ekstra nærtakande synest det er frekt at du går rakt på sak, får du kjenne etter i kva grad kunnig, enkel og god skriving har dradd merksemda vekk frå innhaldet . .
Fullstendig opprørte kan ha tatt inn i seg saklig informasjon på annan måte enn du kunne tenkt deg.
Å skrive korrekt krev altså meir enn godt innhald som er likande og kort framlagt - til tider. Stundom er det eit spørsmål kven og kva ein vil vere til lags.


BØLGJE

Litteratur  
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 2003–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]