Norsk del, Gullvekta
Bhagavad Gita
Seksjon › 9 Sett Søk Førre Neste

Yoga-ord

Reservasjonar Innhald  

Gitavers frå kapittel 2

Bhagavan Krishna sa:

Bli ikkje knuga av avmakt, for det sømmer seg ikkje. Kast av deg denne hjarte-veikskapen og reis deg. (2.3)

Du har sørga til inga nytte - sørga over dei som ein ikkje bør sørge over -, og likevel taler du kloke ord. Dei vise sørger verken over dei levande eller dei daude. (2.11)

Den faste sørger ikkje over at sjela blir født i ein kropp og gjennomgår barndom, ungdom og alderdom og - sidan får ein annan kropp å bu i for ei tid. (2.13)

Sanse-kontaktar har byrjing og slutt og går over. Hald dei ut så tappert du kan. (2.14 mod, 15)

Det uverkelege finst ikkje. Det Verkelege finst. Dei som har sett det Inste, har sett sanninga om begge to. (2.16)

Det som gjennomsyrar alt dette, kan ikkje øydeleggast. Det Uforgjengelege kan ikkje øydeleggast. (2.17)

Sjølvet som bur i ein kropp er evig, enda om kroppen døyr. (2.18)

Sjølvet verken drep eller blir drepe. Dei som trur noko anna om slikt, tar feil. (2.19)

Det gamle Sjølvet sluttar ikkje å vere til og blir ikkje drepe når kroppen blir drepen. (2.20)

Slik som eit menneske kastar av seg utslitte klede og tar på nye, slik kastar Sjølvet av seg utbrukte kroppar og tar på seg nye. (2.21, 22)

Sjølvet kan ikkje hoggast, brennast, vætast eller tørkast ut. Det er evig, og gjennomsyrar alt. (2.22, 23-4, stytta)

Enda om du tenker om det evige Sjølvet at det blir fødd og døyr stadig vekk, bør du ikkje sørge. (2.26)

Dauden er visst viss for dei som blir fødde, og fødselen ganske viss for dei daude [som ikkje har vunne frigjering i yoga]. Ein bør la vere å sørge over ting som ikkje er til å unngå. (2.27)

Éin ser Dette (Sjølvet) som eit under, ein annan taler om det som eit under, men så lenge dei og andre berre har høyrt om Det, forstår dei Det slett ikkje. (2.29)

Dette, som bur i kroppen til einkvar, kan ikkje øydeleggast, så ikkje sørg over nokon. (2.30)

Fall ikkje ifrå det du pliktar. . . [så held du vel stand blant folk.] (2.31, 34-36, stytta)

Men høyr no, ved yoga-visdom skal du kaste av deg banda til handlingar! (2.39)

Jamvel berre litt av denne kunnskapen (berre litt av denne yoga-utøvinga) vernar ein mot stor frykt. (2.40)

Det gjeld å vere resolutt for å vinne fram. Dei som ikkje er det, får mykje å tenke på. (2.41 attgitt)

Gjer det som skal gjerast, hald deg stø i yoga, gi slepp på tilknytinga [til å gi slepp på tilknyting også], og hald deg balansert i framgang og fiasko. Djup mental likevekt blir kalla yoga. (2.48)

Med visdom (djup sinnsro) gir ein slepp på [minner om] gjerningar, så gjer [skapleg] yoga [nøye og] dugleg. (2.50 tilpassa)

Når intellektet blir halde stødig i Sjølvet, så vinn du til Sjølvkunnskap. (2.53)

Stødig vis er den som ikkje har mykje lyst på nytingar, som er klokt likeglad, og ikkje overlag skaka av motgang. (2.56 mod)

Slik som skjelpadda trekker inn lemmane frå alle sider [og hovudet], trekker den vise sansinga si inn att frå sanseverda, og får stø visdom ved det. (2.58 mod)

Den som såleis vinn indre fred, får eit stødig sinn. (2.65 stytta)

Når alle er vakne, er det nattemørke for den som veit [av det indre Lyset]. (2.69 mod)

Den som er fredfylt av hjartet, held seg så roleg som havet enda om fleire ønske kjem rennande inn i han som elvar. Men den som blir full av ønske, finn vanskeleg slik ro. (2.70 mod)

Innhald


Bhagavad Gita, Bhagavadgita, Bhagavad-Gita, nynorsk, litteratur  

Kjeldene: [Bøker]

Bhagavad Gita, Bhagavadgita, Bhagavad-Gita, nynorsk, opp Seksjon Sett Neste

Bhagavad Gita, Bhagavadgita, Bhagavad-Gita, nynorsk BRUKARGAID: [Lenke]
© 2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]