Norsk del, Gullvekta
Bhagavad Gita
Seksjon › 9 Sett Søk Førre Neste

Yoga-ord

Reservasjonar Innhald  

18

Krishna:

Det finst tre slags avkall: (18,4)

Ofring, giving og rett sjølvtøyming skulle ein ikkje gi slepp på, for dei reinsar vise. (18,5)

Det er ikkje fullgodt å forsake gjerningar ein pliktar å gjere. (18,7 stytta)

Om ein gir opp gjerningar fordi ein frykter dei kjem til å gi pine, er det berre fyrsteleg avkall - (18,8)

Når ein gjer som ein har plikt til fordi det bør gjerast, og forsakar tilknyting og ønske om løn, så kallast det reint avkall. (18,9)

Den som gir avkall på somt og er rein, oppvakt og utan skjemmande tvil, hatar ikkje ubehageleg arbeid og er ikkje knytt til behageleg arbeid heller. (18,10)

Det er umogeleg for eit levande vesen å forsake alle handlingar fullstendig. (18,11)

Handlingar får frukter, vonde, gode og blanda. Dei går saman etter dauden for dei som ikkje har forsaka fruktene, men går ikkje saman for den som ikkje var ute etter desse fruktene. (18,12)

Samkhya-filosofien fortel om fem årsaker til at ulike gjerningar blir gjort. Dei fem: (1) staden - kroppen medrekna, (2) den som handlar (sjela/eg'et), (3) sansing, (4) livsfunksjonar (med eigne anstrengingar), og (5) skjebna, slumpetreff, guddomleg inngriping og/eller forsynet (ordet er daiva og har fleire tydingar) - slikt kan verke inn. (18,13–14)

Kommentar: I tillegg til Samkhyas fem kan ein godt liste opp fleire faktorar, for det ein gjer, rommar ofte tillempingar ut frå slikt som:

  • Tida/tidene (stad-tid utgjer ei høgare eining).
  • Ein sjølv og forholda ein har i staden-tida blandar seg. Døme: På eit drivande isflak langt frå land får ein truleg mindre gjort enn på ei aude palmeøy, og så vidare.
  • Dei folka ein blandar seg med verkar også inn på det som blir gjort. Korformitet har ikkje berre sin pris, men også sine hjelpande sider, ved at ein blir "pakka" inn - for det meste.
  • Utsikter og utsyn formar mykje som blir gjort, som i vitskapane.
  • Reguleringar formar somt.
  • Standhaftigheit er ein faktor.
  • Rett skjerming tel godt.
  • Vilje og anna som tel kan også endre og avgjere ting.

Den som oppfattar seg som den einaste verksame i alt han og ho gjer, kan misforstå (sjå ovanfor). (18,16)

Viten, det som er å vite, og den som veit av, er tregreina. (18,18)

Kunnskap, handling og den som handlar er tregreina, og skirt og reint om ein sannar den udøyelege Røyndommen og det felles i alle. (18–20)

Men den som berre skodar ulike slags vesen i alle, har berre fyrstesyn. (18,21)

Og den som klamrar seg til ein einaste verknad som om den var heilskapen - grunnlaust, utan forankring i Sanning, og keisamt platt - er dårleg. (18,22)

Gjerningar som er pålagt med rette, og som ein ikkje er knytt til, skulle vere reine nok. (18,23)

Det som er gjort med lengsel etter vinning, eller for å få oppfylt ønske - sjølvisk eller med mykje strev og slit -, er vel ikkje betre enn fyrsteleg - (18,24)

Det ukloke ein gjer forvilla, fortrylla og forvirra, utan tanke på tap, skade og svekka evner i seg, det er dårlege greier. (18,25)

Ubøyeleg svindlande, vond, fæl og somlande - er for ille. (18,28)

Vett til skilje mellom det som er å gjere og ikkje, heng saman med reinleik (18,30)

Forderva intellekt ligg det dårskap bak. (18,32)

Fastleik i yoga kjem av reinleik. (18,33)

Å vere dum og innbilsk og sove altfor lenge, er dårleg. (18,35)

Glede, underhaldning, hjelpemiddel, komfort, moro og fornøyelsar (sukha) som er søte som nektar i langdrag, er reine og likande og høver Sjølvkunnskap! (18,37)

Men fornøyelsar som forvirrar og fører vill, er for dårlege. (18,39)

Ein lyt dyrke Herren (Bhagavan) med sitt eige vesens fremste plikt. (18,45-46)

Betre å gjere sine eigne hovudplikter godt enn å gjere andre sine godt. (18,47 mod)

Kunnskapstilstanden framfor nokon er Herren Sjølv. (18,50)

Den opphøgde og stille i Sjølvet får Meg kjær. (18,54)

Klar slik skilje-yoga som får deg til å feste sinnet i Meg. (18,57)

Flyg til Herren med alt du er og finn livd. (18,62)

Gi [rett] slepp på alle plikter og finn livd i Meg. (18,66)

Innhald


Bhagavad Gita, Bhagavadgita, Bhagavad-Gita, nynorsk, litteratur  

Kjeldene: [Bøker]

Bhagavad Gita, Bhagavadgita, Bhagavad-Gita, nynorsk, opp Seksjon Sett Neste

Bhagavad Gita, Bhagavadgita, Bhagavad-Gita, nynorsk BRUKARGAID: [Lenke]
© 2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]