Norsk del, Gullvekta
Bhagavad Gita
Seksjon › 9 Sett Søk Førre Neste

Yoga-ord

Reservasjonar Innhald  

17

Krishna:

Det er tre slags tru i folk - reinhjarta (sattvisk); heftig og vill (rajasisk); og mørk (tamasisk) (17.2)

Folk trur i samsvar med korleis dei er, og trua dirigerer menneska. (17.3)

Dei reine gler gudane. Dei flott førande (med mykje rajas i seg) kan gi seg over til både gagnlege naturånder og menneskeetande trollskapsånder. Resten (tamas-fylte), dyrkar farne og mange slags naturånder. (17.4)

Djevlane mellom folk drive med pinefulle praksisar som er uhelsesame. Dei er hyklande, sjølviske, og drivne av begjær og tilknyting. (17.5 mod)

Djevlane mellom folk er dumme og sjølvpinande av seg også. (17.6)

Mat, gudsdyrking, sjølvtøyming og giving kan ein også dele i tre slag. (17.7)

Mat som gjer ein vel og gjer ein livleg, rein, frisk, glad og munter; med olje i og smakfull, mettande og høveleg - slik er mat som reine liker godt. (17.8)

Mat som er beisk, sur, salt, for heit, tørr, skarp og brennande - er mat som rajas-folk liker, og som fører til smerte, sorg og sjukdom. (17.9.)

Mat som er blitt for gammal; utan smak; stinkande roten; og ureint søppel, er mat som mørkefolk (tamas-folk) liker. (17.10)

Ei ofring som blir gjort slik det er pålagt i dei klokaste heilagskriftene, er reint. (17.11 mod)

Ei ofring for å lønnast eller for å braute, er rajas-fylt. (17.12)

Ei ofring som er i strid med det dei klokaste skriftene påbyr, og som ikkje gir mat eller andre gåver til folk, utan maktord og tru, blir kalla for mørk. (17.13)

Tilbeding av gudane; dei to gongar fødte [dei rett innvigde], lærarane og dei vise; og reinleik, likeframheit, og ikkje-skading, går for høveleg og godt med kroppen. (17.14 stytta)

Tale som ikkje oppøser og er sannferdig, behageleg og gagnleg, studium av vedaane, går for høveleg tale. (17.15)

Å ha opphøgd sinnsro og å halde seg godhjarta, rein og sjølvtøymt, kallast høveleg sinnsklokt. (17.16)

Når ein trufast og stødig lever ut dette kloke for kropp, tale og sinn, og utan ønske om lønn for slikt, blir det kalla reint (sattvisk). (17.17)

Når ein handlar støtt og klokt for å bli vel mottatt, få heider og bli dyrka - somtid med hykling - er det rajasaktig, ikkje støtt, men heller forgjengeleg. (17.18)

Når ein toskete handlar ut frå tru på at ein gjer vel for seg ut frå griller og piner seg sjølv eller vil øydelegge nokon, kallast udåden mørk gjerning og tamasgjerning. (17.19)

Gåva som blir gitt til nokon som ikkje gjengjelder ho, som blir gitt fordi ein pliktar det og tid og stad høver, og til einkvan som er verdig til å få gåva - den gåva kallast rein og god. (17.20)

Gåva ein gir fordi ein vil ha noko til gjengjeld, eller fordi ein ser fram til ei belønning, eller som ein gir motvillig - den gåva kallast berre fyrsteleg - (17.21)

Gåva som blir gitt på feil stad og til feil tid til uverdige, respektlaust eller fornærmande - det er ei dårleg gåve. (17.22)

"Om Tat Sat" er fortetta sagt for 'Gud" (som Brahman) (17.23)

Sat tyder Røyndommen og Godleiken sjølv, stødig gåvmilde også, med meir. (17.25, 26 stytta)

Innhald


Bhagavad Gita, Bhagavadgita, Bhagavad-Gita, nynorsk, litteratur  

Kjeldene: [Bøker]

Bhagavad Gita, Bhagavadgita, Bhagavad-Gita, nynorsk, opp Seksjon Sett Neste

Bhagavad Gita, Bhagavadgita, Bhagavad-Gita, nynorsk BRUKARGAID: [Lenke]
© 2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]