Norsk del, Gullvekta
Bhagavad Gita
Seksjon › 9 Sett Søk Førre Neste

Yoga-ord

Reservasjonar Innhald  

7

Krishna sa:

Når du får lære yoga av meg og sannkjenner Atman (Sjølvet) direkte, kan du det som er å klokast å kunne. (7.2 mod)

Blant fleire tusen menneske er det kanskje eitt som går inn for å bli fullkommen slik, og jamvel blant desse er det kanskje berre ein som kjenner meg som eg eigentleg er. (7.3)

Dei høgare og lågare sidene ved meg - eg, forstand (vett, forstand, persepsjon), hug, natur-elementa - er alle vesens livmor i heile universet. (7.6 stytta)

Alt som finst er festa i meg, som klynger med edelsteinar på trådar. (7.7 mod)

Eg er inst i alt, eg er intelligensen i den gløgge, det strålande i dei strålande. (7.8, 10)

Reine, aktive og trege ting og vesen kjem alle frå meg. [I Samkhya-filosofiens klassifikasjonssystem blir vesen og ting grupperte som reine (sattva), aktive (rajas) og trege (tamas) ut frå kva for eigenskap (guna) ein tenker seg dominerer.] (7.12 stytta)

Ein lyt klare å komme ovanfor illusjonane i verda. (7.14)

Dei grundig narra og vonde er dei lågaste menneska; dei prøver ikkje å sanne meg, men lever som djevlar. (7.15)

Fire slags gode menneske dyrkar meg: Dei som lir naud, dei som søker viten, dei som søker rikdom, og dei vise. (7.16)

Av desse er dei vise best; dei er stø og kjære i den Eine. Den vise har meg overlag kjær, og eg er kjær i ho. (7.17, mod)

Alle desse er edle, men eg held den vise for å vere Meg Sjølv fordi ho er grunnfest i meg. (7.18)

Alt det som er, er det inste Sjølvet. Det er vanskeleg å finne ei stor ånd som sannar dette. (7.19)

Dei som har fått visdommen sin rive vekk av låge [og grove] ønske, dei går til andre gudar, følger ditt og datt blant riter og seremoniar, dei blir leidde av eigne vesen. (7.20)

Dei som er kjære i meg, kjem til meg. (7.22-23 stytta)

Eg tonar ikkje fram til alle (som eg er), ufødd og udøyeleg, fordi Maya tilslører meg. [Meininga med Maya ligg i at "ting er ikkje som dei ser ut til"]. (7.25)

Eg veit av dei som finst og kjem til å finnast. (7.26)

Innhald


Bhagavad Gita, Bhagavadgita, Bhagavad-Gita, nynorsk, litteratur  

Kjeldene: [Bøker]

Bhagavad Gita, Bhagavadgita, Bhagavad-Gita, nynorsk, opp Seksjon Sett Neste

Bhagavad Gita, Bhagavadgita, Bhagavad-Gita, nynorsk BRUKARGAID: [Lenke]
© 2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]