Norsk del, Gullvekta
Bhagavad Gita
Seksjon › 9 Sett Søk Førre Neste

Yoga-ord

Reservasjonar Innhald  

6

Krishna:

Ingen blir yogi som ikkje har gitt avkall på tankar! (6, 2)

La eit menneske lyfte seg ved Sjølve seg. (6, 5)

På eit fast og godt underlag, med fokusert merksemd, gjer ein yoga for å reinse Sjølvet. (6, 10-12)

La han halde blikket festa rundt femti centimeter* framfor nasen. (6, 13)

*Tyding av nasikagram: Nasika er nasen, og agram tyder framanfor (Spoken Sanskrit Dictionary og Monier-Williams Sanskrit-English Dictionary). Gitaen seier Sthirah sampreksya nasikagram svam i dette verset. (6:13).

Swami Sivananda fortel at yogiar har "framfor nasen" som fokuspunkt.. Metoden er den same som ein av variantane av tratak(a), gjort utan stress og press, men behageleg og avslappa (Wikipedia, "Trataka").

Den som ikkje vil ete, finn ikkje yoga-tilstanden, og det gjer heller ikkje den som vaker dag ut og dag inn [i lang tid - Et og sov passe for deg. Slikt er individuelt.] (6, 16)

Det høver å vere moderat med mat, fritidssyslar, utfaldingar, søvn og med vakenlivet. (6, 17)

Litt etter kvart festar han hugen i Sjølvet, og klarer å ikkje tenke. (6, 25)

Arjuna:

Denne jamvekts-yogaen du lærer bort til meg, er neimen ikkje lett. Eg held det for like vanskeleg å styre hugen som å kontrollere vinden. (6, 33, 34)

Krishna:

Vanskeleg, men like fullt gjerleg ved hjelp av probate middel! (6, 35, 36.)

Arjuna:

Den som ikkje klarer å styre seg i yoga, korleis går det vedkommande i framhaldet? (6, 37)

Krishna:

Verken her i verda eller i den neste blir vedkommande øydelagt. Ingen som gjer godt får nokon vond lagnad [for det]. (6, 40)

Den som har falle ifrå yoga blir gjenfødd i heimen til reine og velståande. (6, 41)

Eller vedkommande blir født inn i ein familie av vise yogiar. Ein slik fødsel er svært vanskeleg å få her i verda. (6, 42)

Der kjem vedkommande i kontakt med kunnskapen han og ho vann i ein tidlegare kropp, og arbeider meir enn før etter fullkommenskap. (6, 43)

Takk vere tidlegare praksis blir vedkommande bringa vidare mest trass i seg sjølv. (6, 44)

Å nå det høgaste målet for eit menneske kan ta mange liv. (6, 45)

Blant alle yogiar held eg den som har blitt eitt med meg for den frommaste. (6, 47)

Innhald


Bhagavad Gita, Bhagavadgita, Bhagavad-Gita, nynorsk, litteratur  

Kjeldene: [Bøker]

Bhagavad Gita, Bhagavadgita, Bhagavad-Gita, nynorsk, opp Seksjon Sett Neste

Bhagavad Gita, Bhagavadgita, Bhagavad-Gita, nynorsk BRUKARGAID: [Lenke]
© 2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]