Norsk del, Gullvekta
Blanda  ❀ Orientering
Seksjon › 20   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     


Orienteringar

Bättre vara utan gris än gå i så trånga byxor att man gärna blöder.

Frivers

Frivers (engelsk: free verse; svensk: fri vers) er ei open diktform. Ein bruker ikkje faste rytmemønster, ikkje faste rimmønster og ikkje faste musikalske mønster. Dermed fungerer frivers ganske som naturleg snakk, men kanskje oppstykka over fleire verselinjer og vers. Og kanskje like godt ikkje. Den amerikanske kritikaren John Livingston Lowes kommenterte i 1916: "Fri-vers kan skrivast som vakker prosa; prosa kan skrivast som svært vakre fri-vers. Kva er kva?" [Wikipedia, s.v. "Free verse"]

Med frivers er ein fri til å droppe mønster og andre diktarlege teknikkar, og fri til å bruke dei for å skape ein slags struktur. Somme kan velje å sette saman brokkar og frasar og heile setningar og liknande - som verselinjer - frå mange slags kjelder. Den amerikanske diktarlegen William Carlos Williams (1883–1963) gjorde slikt . . . ein av mange. Dette verset av han kom ut i 1962. Omsettinga er mi. [Wikipedia, s.v. "William Carlos Williams"]

This is just to say

Dette er berre for å seie

  I have eaten Eg har ete
  the plums plommene
  that were in som var i
  the icebox kjøleskapet
 
  and which og som
  you were probably du truleg
  saving sparte
  for breakfast til frukost
 
  Forgive meTilgi meg
  they were delicious dei var herlege
  so sweet så søte
  and so coldog så kalde
 

Ein kan godt sette saman brokkar og frasar og heile setningar og anna frå mange slags kjelder og til sist frå til eit samansurium som i postmoderne arkitektur. Ein friversdiktar i Noreg har såleis høve til å sette saman frasar og brokkar med eller utan nokon spesiell samanheng seg imellom før samanstillingane av dei i produktet (teksten) gir nærleik eller anna som hjelper tanke-assosiasjonar fram. Slik kan ein få nye idear, for dei består av assosiasjonar i "eit knyte". [Wikipedia, s.v. "Free verse"]

No, slik som skissert, kan ulike samansurium bli forma og også pussa på etter kvart.

Samansurium

Blødmer og reinsking av fisk

"Søppel inn, søppel ut" er eit uttrykk frå statistikkfaget, og blir brukt i datamaskinverda også. Det hjelper lapskausen og grisematen at det ikke er søppel i blandinga som skal fôre folk eller fe. Det er faktisk ganske likt i diktekunsten: Smarte uttrykk som blir sett saman effent, kan gi mat til hugen. Det gjeld nok mest for hugen til dei oppvakte som ser klart og greitt. For tar ein fjollete frasar og set saman, kjem venteleg ikkje glitrande visdom ut av det. Mykje kan formast så det blir platt. Ein kan godt øydelegge maten ved å steike han for hardt og blande saman ting som ikkje går heilt godt saman. Det kan vere nok med berre éin del som får ein til å kaste opp, så kastar ein opp heile frukostblandinga, heile samansuriet. Litt av det same kan gjelde for dikt. [Wikipedia, s.v. "Garbage in, garbage out"]

Nokre råvarer kan fungere som fisk. Ein har funne det godt å reinske fisken og gi innvolane og mjølken til måsen og katten, til dømes, for begge setter pris på ferskt slo. Andre finn glede i mjølke også, for det er topp biologisk føde, kan grillast med litt sitron og gli ned, eller kan seljast til utlandet, blant andre Japan . . . Den reinska fisken kan ein fjerne beina frå og lage filetar av, eller gå vidare med på andre, vel etablerte måtar.

Når ein fileterer fisk, får ein god basismat i mange høve. Og når ein blandar tørka, salta klippfisk med vatn og anna til bacalao, som er ein matrett laga av bløytt klippfisk med løk, tomatar og krydder, likefram elskar portugisisk-talande det enkle samansuriet. Det blir ikkje rekna for usselt i det heile. Ein kan altså få i stand gode matrettar av ulike tradisjonelle "samansurium", men også dårlege matrettar. Mykje av dette gjeld dessutan for samansurium-poesi - frivers og liknande - og samansurium-arkitektur, også kalla postmoderne arkitektur. [Wikipedia, s.v. "Fri vers"]

Når dette er sagt . . . Det er ganske mange andre vegar til ei underhaldande historie også. Her på sidene finst ulike samansetjingar. Noko av tilfanget er såleis eksperimentelt, som tyder "ein får prøve seg fram og sjå i kva grad ein får til noko". Noko handlar om tilpassing.

Samansurium er ikkje nytt under sola. Ein finn samansurium - meir eller mindre - slått oppi grisetrau og i diktekunst med folkeleg opphav også. Munnhell og andre blødmer innan kultur og folklore er til dømes sett saman av brokkar frå eldre ordtak og frasar. Døme: "Store menn har store feil, sa tjuven, han skunda seg å bere ut sølvtøyet frå ein heim og gløymde smykka." – Mang ei blødme er sett saman av brokkar.

Ulike slags samansurium Ordet 'samansurium' kjem frå lågtysk sammelsuur, der det tydde 'sur rett av ymse matrestar', ei rotete og tilrota blanding. Grisemat er eitt døme på samansurium, og norsk lapskaus eit anna.

Til tider er det mat som går for samansurium, og til andre tider anna: Det kan vere stilane i bybildet som dannar eit samansurium somme stadar; det kan vere postmoderne bygg som i seg sjølve består av nokså lausrivne delar som blir stilt saman fritt. I diktekunsten kan det vere frivers og andre uttrykksmiddel som liknar frivers på fleire måtar.

Gode samansurium og gode blandingsrettar. I Asbjørnsen og Moe finst mellom anna eit døme på sjonglering med gamle hermer og ordtak som er "sydd saman" i høvet: "Klokkaren i bygda vår".

God lapskaus kan mette, og god pizza også. Somme tradisjonelle blandingsformar kan vere nærande. Og gode samansurium kan verke frigjerande.

Ein får appetittlege matrettar av ulike, tradisjonelle samansurium, men det syner seg at det hjelper med gode råvarer, ikkje bederva mat, og kunstnarlege blandingar og så vidare. Då kan retten bli fin. Ein kan også få dårlege matrettar om ein lagar samansurium. Det kjem an på kva ein blandar saman, og korleis. Nokre eksperimentelle samansurium kan sjå fæle ut, smake fælt, og gjere ein dårleg bak. Andre kan godt vere vellykka på alle tre punkta. Slike samansurium kan ende opp som tradisjonskost. Pizza er eitt døme, lapskaus eit anna.

Når dette er sagt . . . Det er ganske mange vegar til ei underhaldande historie. Her på sidene finst ulike samansetjingar. Noko av tilfanget er til dels eksperimentelt, og noko handlar om tilpassing.

Spoonerisme

Mang ei blødme - som teksten under grisen på førstesida - er sett saman av brokkar frå eldre ordtak og frasar. Andre er dessutan laga ved å byte forbokstavar i to eller fleire ord, til dømes "I have a half-warmed fish in my mind" i staden for "half-formed wish" og "our queer old dean" i staden for "our dear old Queen". Døma blir kalla "spoonerismar", lausleg omsett til "bakvendtsnakk" her.

Spoonerismar er oppkalla etter William Archibald Spooner (1844�1930), ein nervøs kyrkjemann ved Oxford. Slike ombytingar kan bli laga med vilje for komiske effektar.

Wellerisme

Ei god og avvekslande form mellom ordtaka blir kalla herme, munnhell og wellerisme om kvarandre. Ordet 'wellerisme' er oppkalla etter Sam Weller, tenaren til Pickwick i "The Pickwick Papers" av Charles Dickens. Etter eit ordspråk, ein regel eller eit anna munnhell, blir det lagt til noe à la "sa han", og så blir det lagt til enda noko, som kan kaste både pussig, pinleg og overraskande lys over det som er sagt. Det er mange munnhell over slik lest. Eit dansk munnhell: "Gi eg var vel gift", sa jenta, "for no har eg fått nok av kjærleiken."

Eigentleg er ikkje den diktarlege metoden med å sette saman brokkar og frasar og heile setningar og anna frå mange slags kjelder fullt utforska. Og det kan bli frodige stubbar av han til sist, berre ein slepp til og vågar fikse blandingar.

Naturen og menneska

Kven er vi utan argument? Mange segner gir tåpelege vink om opphav, men orda er lite å stole på fordi dei talrike gongar ikkje handlar om verkelege vesen eller verkelege hendingar. Å lese seg inn i slikt tilfang kan kjennast som å vandre inn i ein mørk dal med uhygge og forkrampa og forkvakla oppfatningar.

Finn ein hell og lykke i ein slik dal? Eller skulle ein skunde seg å vekse ut av han, altså vekse ifrå segner og inn i naturvitskapelege forklaringar? Enn om dei siste har viktige manglar på sine vis? Enn om den mørke dalen er i ferd med å bli avløyst av karrig jordsmonn som blir til ørken til sist? Det held visst på å skje i "halve Amerika", og naturvitskap - også kalla vitskapsføretaket - er ikkje utan skuld i same grad som det går hand i hand med store, globale forretningsinteresser som dyrkar grådigheit og omsynslaus ferd, både mot naturen og menneska.

Sagt på annan måte: Naive, somtid naturnære oppfatningar i gamle danske segner kan kanskje gagne intuitive og mottakelege hugar. Korleis? Ved å gi vink om at dauden skjer både her og der og rett som det er, og at ved å sjå mykje frykt knytt til uverkelege vesen og daude bandittar i auga, kan ein få noko att for angsten - kanskje, kanskje. Det kan vere som bjørka og fura som veks på ein vêrhard knaus: Etter kvart blir det hardare ved i dei om dei klarer å stå fast og støtt. "Birk i storm" av I. C. Dahl og "Bjerk i storm" av Laurie Grundt er nokre døme på det. "Wikipedia, s.v. "Birk i storm"]

Frå Per Skars føreord til Thieles samling av segner, og Maslowiansk behovspyramidetenking

I krisetid hender det at heile folk grip hardt til segner og fortellingar som hjelper å halde eller bygge identitet, eller halde ved lag eigenart, kultur og andre immaterielle gode.

Danske segner blei samla og gitt ut i bokform av dansken Just Mathias Thiele (1795-1874). Thiele var tilsett som assistent ved Det kongelige Bibliotek i København rett etter at pengevesenet braut saman etter 1814, etter Napoleonskrigane. Danmark-Noreg hadde vore på Napoleons side, og fekk svi for det.

Mellom gamle bøker og manuskript fekk Thiele i 1817 den tanken at han skulle samle danske folkesegner. Interesse for folkediktinga heldt seg heile livet hans. Og innsamlingsarbeidet av folkesegner og annan folklore fall saman med gryande nasjonalt medvett hos danskane.

Thiele var inspirert av brørne Grimm, og auste stoff - som dei - av både eldre, trykte og skrivne verk og av segner som blei fortalte på folkemunne. I åra 1818–23 blei Thieles "Danske Folkesegner" gitt ut i fire band. I 1843 kom ei ny utgåve av verket, redigert og ordna til ein heil del, noko under tre hundre segner. Og heile segnsamlinga hans hadde gjort dansk litteratur rikare, meinte han. Verket hans blei dessutan opptakt til svært mykje arbeid med folkedikting og folkeminne i Danmark. Arbeidet med det rike materialet førte til at Dansk Folkemindesarnling blei skipa i 1904.

I 1860 gav Thiele ut "Den danske Almues overtroiske Meninger". Det var for det meste ordspråk, talemåtar og levereglar.

Også segner er ganske ofte samansurium. Ein finn same brokkane i mange forskjellige variantar i same land, og mellom forskjellige namn. For eksempel segna om korleis ei domkyrkje blei bygt ved å ta i bruk tenestene til eit troll, for så å komme ut av avtalen når nesten alt var bygt. Reidar Christensens segnklassifisering inneheld mange døme. Dei fører fram til: "Fleire ulike segner er som same lapskausen med litt ulike klumpar i." Det same meiner somme om samansurium-politikken til ulike parti. Får dei smiska seg til det hos veljarane, kan dei styre i veg så det meir eller mindre minner om ein liknande graut, der pengekrefter styrer i store linjer og tel så overhendig hos "passe flinke", naive og einfaldige.

Maslows sorterte allmennbehov

I samband med utgreiinga ovanfor er det grunn til å trekke fram noko Abraham Maslow har postulert: at det finst høgare behov og verdiar enn alt som krinsar om "pengegraut". Det skulle ikkje vere så vanskeleg å finne fram til dei verdiane og behova. Behovspyramiden til Maslow er elles eit godt kjent samansurium ved at han drog frå kjelder herifrå og derifrå, lappa og sette saman, og meininga var og er å få godt fram at det er mange former for behov og nød blant folk enn det som gjeld dei reine pengane.

IMAGE
Abraham Maslows behovspyramide, fem postulerte nivå (forenkla)

Her er eit døme på korleis det kan vere samgangar mellom mykje forskjellig, og vi tar nivåa nedanfrå:

  1. Når ein har behov for mat og bur i by, treng ein nok pengar - det er på det materialistiske plan, heilt i botnen av behovspyramiden.
  2. Når ein har vett i seg til å ha god økonomi - økonomisk sans, som vi seier - fungerer ein heller på det neste nivået, der tryggleiksbehov treng fotfeste.
  3. Når ein har god nok økonomi til å halde seg med partnar, kjem truleg behov for å elske, elskast og bli godtatt inn i bildet.
  4. Når ein blir elska og høyrer til, kjenner ein seg truleg verdsett, og sjølvrespekt kan blomstre. Tilhøyr, vennskap, nærleik, kjærleik og slikt kan få ein til å blomstre.
  5. Med tida kjem truleg meir av trongen til å realisere seg sjølv fram og vil aktualiserast. Nøyaktig kva som ligg i det gåtefulle "sjølvrealisering", får vi la ligge her i oversynet, og nøye oss med teorien om at kvart individ er eineståande, og såleis annleis enn andre. Dei to som elska kvarandre i starten men i djupet var som hund og katt kan hende, toler ikkje lenger å være i lag etter å ha vakse "kvar sin veg" og ikkje hatt gode tider i lag å bygge samkvem i heller - helst det siste.

Til den jungianske hovudtanken om at kvart individ er eineståande, noko for seg sjølv, kjem dette provoserande: Dess meir sjølvrealisert, dess meir avvikande om ein ikkje finn det godt å gardere seg, blant anna ved høge murar, konformt ytre og kva det skal vere.

Men Maslow taler ikkje berre om avvikarar, han deler dei i pluss-avvik og minus-avvik, slik normalfordelingskurva (Gauss-kurva) tilseier. Han fortel dessutan at det er pluss-avvik-menneske som er verkeleg bra og verdt å sjå opp til - sanne målestokkar - men så er det også slik at "gjengen" har ein lei hang til å fryse ut avvikande, blant anna ved å seie stygge ting om dei, og grunnlause, svertande rykte finst også her i verda. Pablo Picasso med all den gilde kunsten sin blei sverta som gal av foraktande kunstkritikarar i eit tiår, minst. [Warnke 1995 bd. 1, s. 10-12]

Behovsordningar i hinduismen

I hinduismen og buddhismen er overlag mykje fundert p� høgare verdiar enn økonomiske. Det blir fastslått at det er skil på folk, og at kvar person kan trenge å bli bra næra på nivåa han har ein viss grad av resonans med, så å seie, og framfor alt finne seg arbeid å trivast med, men skulle ikkje vere tvangstrøye.

Ein held seg til at låge former for menneske har sans for til dømes landarbeid, at litt høgare former for menneske kan vere mykje meir fokusert på utbytte (og tap) ifrå handelsverksemd, og enda meir utvikla tyr til sjefing, og til slutt trekker seg attende - og dermed har ein fire stadium.

Kvar enkelt kan eigentleg arbeide seg opp i det faret - frå det handfaste, til handel, til sjefing over handel og dernest trekke seg attende og pr�ve å nyte tida som er att - i fire store livsgangfasar som svarer nokså godt til korleis ein veks inn i livet og går ut av det i siste fasen.

Same kva tildriv, lyster, behov og anna ein har, finst det hovudmål i livet som er felles for mange. Ein treng å oppføre seg godt heile livet. Det kjem under det storstilte livsmålet kalla "høveleg avstemming til og etterleving av grunnlags-rettferd", dharma. [Knapp, 2006]

Innhald


Blanda forteljingar, litteratur  

Alexander, Michael, trans. Beowulf and Grendel. London: Penguin, 1995.

Fry, Donald. The Beowulf Poet. A Collection of Critical Essays. Englewood Cliffs, NJ: Prentice-Hall, 1968.

Klaeber, Friedrich, ed. Beowulf and the Fight at Finnsburg. 3rd ed. Lexington, Mass: Heath & Co, 1950.

Knapp, Stephen. The Power of the Dharma: An Introduction to Hinduism and Vedic Culture. Lincoln. NE: iUniverse, 2006.

Maslow, Abraham. Motivation and Personality. 3rd ed. New York, HarperCollins, 1987.

Maslow, Abraham. Religions, Values, and Peak Experiences. Columbus: Ohio State University, 1964.

Maslow, Abraham. The Farther Reaches of Human Nature. Harmondsworth: Penguin, 1973.

Maslow, Abraham. Toward a Psychology of Being. New York: Van Nostrand Reinhold, 1968.

Maslow, Abraham H., with Deborah C. Stephens and Gary Heil. Maslow on Management. New York: John Wiley, 1998.

Munch, P. A. Norrøne gude- og heltesagn. Rev. ed. Oslo: Universitetsforlaget, 1981. ⍽▢⍽ Heile boka på engelsk.

Rytter, Henrik. Beowulf og Striden um Finnsburg. Oslo: Det Norske Samlaget, 1921.

Sirnes, Tollak. - at vi skal elske hverandre. Oslo: Gyldendal, 1968.

Thiele, Just Mathias. Danmarks folkesagn. Bd. 1 og 2. Kjøbenhavn: C. A. Reitzel, 1843.

Thiele, Just Mathias. Danmarks folkesagn. 3 band. (red., Per Skar). København: Rosenkilde og Bagger, 1968.

Warnke, Carsten-Peter. Pablo Picasso 1881-1973. Bd 1. Köln: Taschen Verlag, 1992.

Blanda forteljingar.    Seksjon     Sett    Neste

Blanda forteljingar. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 1999–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]