![]() |
Grimm-eventyr | ||||||||||||||||||||||
|
Tornerose
FOR MANGE, mange år sia var det ein konge og dronning som sa kvar dag: "Om vi berre hadde eit barn," men dei fekk ingen. Ein dag dronninga bada, kom det ein frosk krypande bort til henne og sa: "Du skal få ønsket ditt oppfylt. Før eit år har gått skal du få ei dotter." Det gjekk som frosken hadde sagt. Dronninga fødde ei dotter som var så fager at kongen blei mest frå seg av glede og bestemte seg for å halde ein stor fest. Han inviterte ikkje berre venner og slektningar av seg, men også dei vise feene for at dei skulle verne barnet. Det var tretten av dei, men då han hadde berre tolv gulltallerkenar, måtte den eine bli heime. Festen blei feira med stor prakt, og feene gav barnet voggegåver. Den eine gav henne dyd, den andre venleik, den tredje rikdom og dei andre alle mogelege andre gode eigenskapar. Då dei elleve hadde gitt gåvene sine, kom med eitt den trettande inn i salen. Ho ville hemne seg fordi ho ikkje hadde blitt boden, og utan å sjå til høgre eller venstre gjekk ho rett bort til vogga og sa: "Når kongsdottera er blitt femten, vil ho stikke seg på ein tein [ein spinnereiskap] og døy." Deretter snudde ho seg og gjekk. Alle var gripne av redsel, men då gjekk den tolvte fea fram. Ho kunne ikkje oppheve den fæle spådommen fullt ut, men ho sa: "Kongsdottera skal ikkje døy. Ho fell berre i ein djup søvn, og den vil vare i hundre år." Kongen ville gjerne frelse barnet sitt, og lett kunngjere at alle rokkar i heile landet skulle brennast. Og jenta voks til og blei fager og god og klok som dei vise feene hadde sagt, og alle som såg ho, kom til å halde av ho. Den dagen ho fylte femten, var kongen og dronninga tilfeldigvis ikkje heime. Ho gjekk då ganske aleine rundt i slottet og såg seg om, og kom til sist opp i eit gammalt tårn. Ho gjekk oppetter den tronge vindeltrappa, og heilt oppe fann ho ei lita dør med ein rusten nøkkel. Ho dreidde den om og kom inn i ei lita stove, der det sat ei eldgammal kone og spann. "Goddag, veslemor," sa jenta, "kva er det du styrar med?" "Eg spinn," svara den gamle og rokka med hovudet. "Det ser morosamt ut," sa jenta, tok teinen og ville også spinne. Men straks blei spådommen oppfylt, og ho stakk seg i fingeren. Med det same sokk ho om på ei seng som stod ved sida av henne, og fall i djup søvn. Søvnen bredde seg over heile slottet. Kongen og dronninga, som like var komne heim, og heile hoffet sovna med det same. Hestane i stallen, hundane i garden, duene på taket, flugene på veggen, ja sjølv elden som brann i eldstaden blei ganske stille og sov inn. Kokka som nettopp hadde teke fatt på kokkedrengen for å gi han ein øyrefik, sleppte han, og fall i søvn. Vinden la seg også, og der var ikkje eit blad som rørde seg. Rundt om slottet tok ein tornehekk til å skyte i veret, og for kvart år som gjekk blei den større og større. Til sist blei den så høg at ein ikkje kunne sjå noko av slottet, ikkje ein gong fanen som vaia frå tårnet. Men ute i landet gjekk segna om den vene, sovande Tornerose frå munn til munn. No og då kom kongssøner og prøvde å trenge gjennom hekken, men tornane greip tak i dei så dei ikkje kunne kome laus att. Mange, mange år etter kom ein kongsson frå eit fremmendt land reisande dit, og ein gammal mann fortalde han om den fortrylte kongedottera som sov bak tornehekken med faren og mora og heile hoffet sitt. Den gamle hadde høyrt av bestefaren sin at alt mange hadde prøvd å trengje gjennom hekken, men hadde sett livet til ved det. Kongssonen brydde seg ikkje om farane. "Eg vil inn til den herlege Tornerosa," sa han. Nett den dagen var dei hundre åra gått, og då kongssonen kom til hekken, var der ingen tornar, men store duftande blomster som bøygde seg til side for han og lukka seg igjen bakom han. På tunet låg hestane og hundane og sov, og oppe på taket sat duene med hovudet under vengen. Inne i huset sat flugene på veggen og sov, kokka stod med løfta hand for å gi guten ei øyrefik, og jenta sat med ei svart høne for å plukke fjøra av den. I storsalen sat kongen og dronninga med heile hoffet, men alle sov, og det var så stille at han kunne høyre sin eigen pust. Til sist kom han opp i tårnet der Tornerose låg og sov. Ho var så herleg at han måtte bøye seg ned og kysse henne, og straks slo ho opp auga. No tok dei kvarandre i hendene og gjekk ned i salen. Då vakna kongen og dronninga og heile hoffet, gnei auga og såg seg forundra om. Hestane på tunet vrinska, hundane gjødde, duene stakk hovudet fram og flaug av stad, flugene kraup vidare på veggen, elden flamma opp att, steika på panna tok til å syde, kokka gav guten ein øyrefik så han skreik, og jenta plukka høna ferdig. Og bryllaupet til Tornerose og kongssonen blei feira med stor prakt, og dei levde lykkeleg saman til dei døydde. Hans og GreteVED UTKANTEN av ein stor skog budde det ein fattig vedhoggar med kona og dei to barna sine. Guten heitte Hans og jenta heitte Grete. Dei hadde lite mat og ved i huset, og ein gong det var dyrtid i landet, visste ikkje mannen lenger korleis han skulle skaffe dagleg brød. Om kvelden, då han var komen i seng og låg og tenkte over ulykka si, sukka han og sa til kona si: "Kva skal det bli av oss. Vi har ikkje mat til barna, knapt nok til oss sjølve.""Veit du kva," sa kona, "i morgon tidleg følgjer vi barna inn i den tette skogen og tenner eit bål der. Vi gir dei eit stykke brød kvar, og så går vi på arbeid. Dei kan ikkje finne heim att, og så er vi av med dei." "Nei, det gjer eg ikkje," sa ein den, "eg kan verkeleg ikkje orke å la barna mine bli ganske aleine i den store skogen. Der blir dei jo etne av villdyr." "Du er ein tosk," sa kona hans argt, "vi døyr jo alle saman av svolt. Du kan like godt ta til å snekre saman kistene." Ho heldt fram å plage han til han gav etter. "Men det gjer meg likevel forferdelig vondt overfor dei stakkars små," sa han. Dei to barna hadde ikkje kunna sove av svolt og hadde høyrt kva mor deira hadde sagt. Grete gret og sa til Hans: "No er det ute med oss." "Ver stille, Grete," svara han, "eg skal nok finne på råd." Då dei gamle hadde sovna, stod han opp og lista seg ut. Månen skein klart, og dei kvite kiselsteinane som låg utafor på vegen, lyste som sølv. Han stappa lommene fulle av dei og gjekk heim att og sa til Grete: "Legg deg berre roleg til å sove, vesle syster. Gode Gud vil ikkje forlate oss." Deretter kraup han opp i si seng att. Då det grydde av dag, vekte kona barna. "Stå opp, dovenpelsar," sa ho, "no skal vi ut i skogen og hente ved." Ho gav kvar av dei eit stykke brød og sa: "Der har de middagsmaten dykkar. Meir får dei ikkje." Grete tok brødet inn under forkleet, for Hans hadde lommene full av stein, og dei gav seg no i veg alle saman. Då dei hadde gått eit lite stykke, stod Hans stille og snudde seg og kikka etter huset, og då dei var komne litt vidare, snudde han seg att. "Korfor snur du deg heile tida?" spurde faren, "det har vi ikkje tid til, få beina med deg." "Eg ser etter den kvite katten min," sa Hans, "den sit på taket og vil seie farvel til meg." "Som du vasar," sa mora, "det er berre sola som skin på skorsteinen." Men Hans hadde ikkje kika etter katten; han hadde kasta kiselsteinar bak seg på vegen. Då dei var komne djupt inn i skogen, sa faren: "Kan de no samle ved, småbarn, så tenner eg eld så de ikkje skal fryse." Hans og Grete samla ein liten bunke riskvistar, faren sette eld på den, og då den hadde teke godt fyr, sa kona: "Sett dykk ned ved elden og kvil dykk mens vi går inn i skogen og høgg ved. Når vi er ferdige, kjem vi igjen og hentar dykk." Hans og Grete sette seg ved elden, og ved middagstid åt dei dei tørre brøda sine. Dei trudde dei høyrde øksehogg, og at faren derfor var nær ved, men lyden kom av at han hadde bunde fast ei grein til eit tre, og no slo vinden greina mot treet. Til sist blei dei søvnige og fall i søvn, og då dei vakna var det alt mørk natt. Grete gav seg til å gråte. "Korleis skal vi finne veg ut av skogen," sa ho. Men Hans trøysta henne. "Vent til månen kjem fram," sa han, "så skal vi nok finne veg heim." Og då månen hadde stått opp, tok Hans systera si i handa og dei lysande kiselsteinane viste veg. Dei gjekk heile natta, og tidleg om morgonen nådde dei huset til faren. Dei banka på, og då kona lukka opp og såg at det var dei, sa ho: "Kor har de vore, de slemme barn. Vi trudde slett ikkje de ville kome heim att." Men faren blei glad då han såg dei, for samvettet hadde plaga han for at han hadde late dei bli aleine att i skogen. Kort tid etter var det stort elende att, og barna høyrde at mora sa til faren om natta: "No har vi berre ei halvt rugbrød igjen. Dersom barna ikkje blir rydda av vegen, er det ute med oss alle saman. Vi må bringe dei enno lenger inn i skogen så dei ikkje kan finne veg heim." Det gjorde mannen leitt og han tenkte: "Det var penare å dele den siste munnfullen med barna sine." Men kona brydde seg ikkje om kva han sa. Når ein har sagt A må ein også seie B, og då han hadde gitt etter fyrste gongen, laut han bøye seg no også. Barna hadde lege vakne og høyrt det heile. Då dei gamle hadde sovna, stod Hans opp og ville ut og samle kiselsteinar som førre gong, men mora hadde låst døra. Likevel trøysta han systera si og sa: "Ikkje gråt, Grete. Gode Gud hjelper oss nok." Tidleg neste morgon kom kona og sa til barna at dei skulle stå opp. Dei fekk eit stykke brød kvar, men det var mykje mindre enn førre gongen. Hans tok brødet i lomma og brakk det i små stykke, og mens dei gjekk, snudde han seg rett som det var og kasta eit lite stykke på jorda. "Skund deg litt, Hans," sa faren, "kva er det du kikar etter no?" "Det er dua mi som sit oppå taket og vil seie farvel til meg," sa Hans. "Din tosk," skjente kona, "det er berre sola som skin på skorsteinen." Men etter kvart som dei gjekk, kasta Hans alle brødsmulane på vegen. Kona førde barna så djupt inn i skogen som dei aldri hadde vore før. Der tente mannen eit bål og mora sa: "Sett dykk her og kvil, og sov om de er søvnige. I kveld, når vi er ferdige med å hogge ved, kjem vi og hentar dykk." Ved middagstid tok Grete fram brødstykket sitt og delte det med Hans, som hadde strøtt sitt på vegen. Så sovna dei, og det blei kveld, men det kom ingen og henta dei. Då dei vakna, var det mørk natt, men Hans trøysta systera si og sa: "Vent til månen kjem fram og vi kan sjå brødsmulane, så kan vi nok finne heim." Men fuglane i skogen hadde hakka opp alle brødsmulane, og det var ikkje ein einaste igjen. "Vi finn nok veg likevel," sa Hans, men det gjorde dei ikkje. Dei gjekk heile natta og heile neste dag, men dei kom ikkje ut av skogen. Dei hadde ikkje fått anna å ete enn eit par bær dei hadde funne, og var så trøytte at dei ikkje kunne stå på beina. Så la dei seg under eit tre og fall snart i søvn. Neste dag gjekk dei vidare, men dei kom berre djupare og djupare inn i skogen, og dei var like ved å døy av svolt. Ved middagstid fekk dei auge på ein snøkvit fugl som sat på ei grein og song så herleg at dei blei ståande for å høyre på den. Då den hadde sunge litt, flaug den opp frå greina, og dei følgde etter den og kom til eit lite hus, der fuglen sette seg på taket. Då dei kom heilt bort til huset, såg dei at det var laga av brød og taket av pannekaker. Rutene var av kvitt sukker. "No kan vi då få noko å ete," ropte Hans glad. "Kom Grete, ta eit stykke av glaset, det er herleg søtt, så et eg noko av taket." Hans stilte seg no på tærne og brakk eit lite stykke av taket for å prøve korleis det smakte, og Grete gav seg til å gnage laus på ruta. Då høyrde dei ei tynn stemme som ropte inne frå stova: "Kven er det der ute som gneg på ruta mi?"Barna svara: "Det er stormenSå åt dei vidare utan å la seg forstyrre. Hans som syntest at taket smakte herleg, brakk av eit stort stykke, og Grete dytta inn ei heil lita rute og forsynte seg godt av den. Med eitt gjekk døra opp og ei eldgammal kone kom ut. Ho støtta seg på ei krykkje. Hans og Grete blei så redde at dei mista det dei heldt i handa. Den gamle rokka med hovudet og sa: "Korleis er de komne hit, vesle barn? Kom inn med meg og bli hos meg, eg skal ikkje skade dykk." Ho tok dei i handa og gjekk med dei inn i huset. Der fekk dei herleg mat, mjølk og pannekaker med sukker og eple og nøtter. Deretter putta ho dei i to små, mjuke senger, og Hans og Grete trudde dei var komne i himmelen. Men den gamle var ei vond heks, og slett ikkje så grei som ho let som. Ho hadde bygt kakehuset berre for å lokke barn til seg.* Når ho hadde fått eit barn i sin makt, drap ho det kokte det og åt det, og så var det festdag for henne. Heksene har raude auge og er temmeleg nærsynte, men dei har god luktesans liksom dyra og kan lukte så snart der er menneske i nærleiken. Så då Hans og Grete kom gåande mot huset, grein ho slemt og sa: "Dei skal ikkje sleppe frå meg." *Veldig feilplassert, får ein seie - langt, langt inni hutaheiti og vekke frå folk, takk og lov.Tidleg neste morgon, før barna var vakna, stod ho opp, og då ho såg dei liggje der med raude, runde kinn og sove trygt, tenkte ho: "For nokre godbitar dei er." Ho tok så tak i Hans med dei tørre hendene sine og bar han ut i stallen og lukka han inne bak eit gitter, utan å bry seg om at han gret og bad for seg. Så gjekk ho inn og ruska Grete vaken og sa: "Stå opp, din dagdrivar, og hent noko vatn og lag noko god mat til broren din. Han sit uti stallen, og når han er blitt retteleg tjukk og feit, et eg han."
Grete gav seg til å gråte, men det nytta ikkje, ho måtte gjere det den vonde heksa forlanga. No fekk Hans gild mat, mens stakkars Grete ikkje fekk anna enn boss. Kvar morgon gjekk den gamle ned til stallen og ropte: "Rekk fram fingeren din så eg kan kjenne om du er blitt feit." Men han stakk eit avgnaga bein ut gjennom gitteret, og den gamle, som ikkje kunne sjå det med dei svage auga sine, trudde at det var fingeren hans, og kunne ikkje fatte at han heldt seg så mager. Då det var gått fire veker og Hans ikkje hadde blitt det minste tjukkare, mista ho tolmodet. "Skund deg å hente vatn opp frå brønnen," sa ho til Grete, "anten Hans er tjukk eller tynn, vil eg ete han i morgon." Tårene rann nedover kinna til stakkars vesle Grete, men ho måtte gå. "Hjelp oss, gode Gud," sa ho, "om villdyra i skogen hadde ete oss, hadde vi i det minste døydd saman." "Hald opp med den skrikinga," sa den gamle, "det hjelper likevel ikkje." Neste morgon måtte Grete tenne opp eld i peisen og setje kjelen over den. "Vi skal fyrst bake," sa heksa, "eg har fyrt opp i bakaromnen og elta deigen alt." Ho puffa den stakkars jenta bort til omnen, og flammane slo ut av den. "Kryp inn og sjå om den er varm nok," sa ho. Grete kunne merke at det var meininga at ho skulle steikast der inne, og sa derfor: "Korleis skal eg kome inn?" "Di gås," sa heksa, "opninga er då stor nok. Kan du sjå, det er tilmed plass nok til meg." Mens ho sa det, stakk ho hovudet inn i omnen. Då gav Grete heksa ein dytt så ho ramla inn i den store omnen, og i ein fart smekka Grete jerndøra igjen og sette slåa for. Den gamle tok til å hyle og skrike, men Grete skunda seg berre av stad, og heksa måtte brenne opp. Grete sprang like ut til Hans, opna gitteret og jubla: "No er vi frelste, Hans, den gamle heksa er død," og Hans sprang ut så glad som ein fugl som slapp ut av buret sitt. Dei omfamna og kyste kvarandre og gjekk så tilbake til huset til heksa, for no var det ikkje noko å vere redd for der. Der stod store kasser fulle av perler og edelsteinar. "Dei er betre enn kiselsteinane," sa Grete og tok ei heil mengd i forkleet sitt. "La oss no skunde oss å kome ut av skogen," sa Hans, og dei gav seg på veg. Då dei hadde gått eit par timar, kom dei til ein stor sjø. "Den kan vi ikkje kome over," sa Hans, "eg kan ikkje sjå noka bru." "Det er heller ingen båtar," svara Grete, "men der sym ei kvit and. Den hjelper oss nok, når vi bed den om det." Så ropte ho: "Kom du, vesle kvite anda,Anda kom straks symjande, og Hans sette seg på ryggen av den og ville at Grete skulle setje seg saman med han. "Nei, det gjer eg ikkje," svara Grete, "det er altfor tungt for annan. Den må heller kome tilbake hit og hente meg." Det gjorde den hyggelege anda, og då dei lykkeleg og vel var komne i land på hi sida, syntest dei at skogen verka kjent, og det varte heller ikkje lenge før dei kunne skimte huset til faren mellom trea. Då gav dei seg til å springe av alle krefter og styrta inn i stova og fall om halsen på han. Mannen hadde ikkje hatt ein glad time sia han hadde etterlate barna i skogen, og no var den fæle mora deira død. Grete kasta perlene og edelsteinane ut av forkleet, og Hans tok den eine handfulla etter den andre opp av lomma. No var alle sorger sløkte, og dei levde lenge i fryd og glede. Snipp snapp snute, Litteratur BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 20012007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||||||