Gullvekta
Grimm-eventyr  ❀ 2
Seksjon › 37   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Brudevalet

Det var ein gong ein ung gjetar som hadde lyst til å gifte seg. Han kjente tre søstrer, men sidan dei alle saman var like vakre, visste han ikkje kven han skulle velje. Han spurde derfor mor si til råds, og ho sa: "By alle tre heim til oss, sett fram ost til dei, og legg merke til korleis dei skjer av osten."

Han gjorde som ho sa. Den første åt osten med skorpe og det heile, den andre skar skorpa av i ein fei så ein heil del av den gode osten gjekk tapt, den tredje tok verken for lite eller for mykje av. Gjetaren fortalde det til mor si og ho sa straks: "Gift deg med den tredje."

Det gjorde han, og levde lykkeleg med ho i mange år.

Notar til Grimm-eventyr

Grimm-eventyr, illustrasjon frå ei bok av Artur Oppman

Tornerose

For mange, mange år sidan var det ein konge og dronning som sa kvar dag: "Om vi berre hadde eit barn!" Men dei fekk ingen. Ein dag dronninga bada, kom det ein frosk krypande bort til ho og sa: "Du skal få ønsket ditt oppfylt. Før eit år har gått skal du få ei dotter."

Det gjekk som frosken hadde sagt. Dronninga fødde ei dotter som var så fager at kongen blei mest frå seg av glede og bestemte seg for å halde ein stor fest. Han inviterte ikkje berre vennar og slektningar av seg, men også dei vise feene for at dei skulle verne barnet. Det var tretten av dei, men då han hadde berre tolv gulltallerkenar, måtte den eine bli heime. Festen blei feira med stor prakt, og feene gav barnet voggegåver. Den eine gav ho dyd, den andre venleik, den tredje rikdom og dei andre alle mogelege andre gode eigenskapar. Då dei elleve hadde gitt gåvene sine, kom med eitt den trettande inn i salen. Ho ville hemne seg fordi ho ikkje hadde blitt boden, og utan å sjå til høgre eller venstre gjekk ho rett bort til vogga og sa: "Når kongsdottera er blitt femten, vil ho stikke seg på ein tein [ein spinnereiskap] og døy."

Deretter snudde ho seg og gjekk. Alle var gripne av redsel, men då gjekk den tolvte fea fram. Ho kunne ikkje oppheve den fæle spådommen fullt ut, men ho sa: "Kongsdottera skal ikkje døy. Ho fell berre i ein djup søvn, og han vil vare i hundre år."

Kongen ville gjerne frelse barnet sitt, og lett kunngjere at alle rokkar i heile landet skulle brennast. Og jenta voks til og blei fager og god og klok som dei vise feene hadde sagt, og alle som såg ho, kom til å halde av ho.

Den dagen ho fylte femten, var kongen og dronninga tilfeldigvis ikkje heime. Ho gjekk då ganske aleine rundt i slottet og såg seg om, og kom til sist opp i eit gammalt tårn. Ho gjekk oppetter den tronge vindeltrappa, og heilt oppe fann ho ei lita dør med ein rusten nøkkel. Ho dreidde han om og kom inn i ei lita stove, der det sat ei eldgammal kone og spann. "Goddag, veslemor", sa jenta, "kva er det du styrar med?"

"Eg spinn", svarte den gamle og rokka med hovudet. "Det ser morosamt ut", sa jenta, tok teinen og ville også spinne. Men straks blei spådommen oppfylt, og ho stakk seg i fingeren.

Med det same sokk ho om på ei seng som stod ved sida av ho, og fall i djup søvn. Søvnen bredde seg over heile slottet. Kongen og dronninga, som like var komne heim, og heile hoffet sovna med det same. Hestane i stallen, hundane i garden, duene på taket, flugene på veggen, ja sjølv elden som brann i eldstaden blei ganske stille og sov inn. Kokka som nettopp hadde tatt fatt på kokkedrengen for å få meir fart i han, sleppte han, og fall i søvn. Vinden la seg også, og der var ikkje eit blad som rørde seg.

Rundt om slottet tok ein tornehekk til å skyte i vêret, og for kvart år som gjekk blei han større og større. Til sist blei han så høg at ein ikkje kunne sjå noko av slottet, ikkje ein gong fanen som vaia frå tårnet. Men ute i landet gjekk segna om den vene, sovande Tornerose frå munn til munn. No og då kom kongssøner og prøvde å trenge gjennom hekken, men tornane greip tak i dei så dei ikkje kunne komme laus att. Mange, mange år etter kom ein kongsson frå eit framandt land reisande dit, og ein gammal mann fortalde han om den fortrylte kongsdottera som sov bak tornehekken med faren og mora og heile hoffet sitt. Den gamle hadde høyrt av bestefaren sin at alt mange hadde prøvd å trenge gjennom hekken, men hadde sett livet til ved det. Kongssonen brydde seg ikkje om farane. "Eg vil inn til den herlege Tornerosa", sa han.

Nett den dagen var dei hundre åra gått, og då kongssonen kom til hekken, var der ingen tornar, men store duftande blomster som bøygde seg til side for han og lukka seg igjen bakom han. På tunet låg hestane og hundane og sov, og oppe på taket sat duene med hovudet under vengen. Inne i huset sat flugene på veggen og sov, kokka stod med løfta hand for å gi guten ein øyrefik, og jenta sat med ei svart høne for å plukke fjøra av ho. I storsalen sat kongen og dronninga med heile hoffet, men alle sov, og det var så stille at han kunne høyre sin eigen pust. Til sist kom han opp i tårnet der Tornerose låg og sov. Ho var så herleg at han måtte bøye seg ned og kysse ho, og straks slo ho opp auga.

No tok dei kvarandre i hendene og gjekk ned i salen. Då vakna kongen og dronninga og heile hoffet, gnei auga og såg seg forundra om. Hestane på tunet vrinska, hundane gøydde, duene stakk hovudet fram og flaug av stad, flugene kraup vidare på veggen, elden flamma opp att, steika på panna tok til å syde, kokka gav kokkedrengen ein dult så han hoppa til, og jenta plukka høna ferdig. Og bryllaupet til Tornerose og kongssonen blei feira med stor prakt, og dei levde lykkeleg saman til dei døydde.

Notar til Grimm-eventyr

  Innhald  


Bøker      

Grimm-eventyr ved brørne Grimm.    Seksjon     Sett    Neste

Grimm-eventyr ved brørne Grimm. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2001–2020, Tormod Kinnes. [E‑post]