Norsk del, Gullvekta
Merknadar til Grimm-eventyr
Seksjon › 26   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

ATU-nummer og dei eldre AT-nummera

ATU er korta ned ifrå forbokstavane i etternamna "Aarne, Thompson og Uther", og viser til det reviderte internasjonale klassifiseringssystemet for eventyr og skjemtesoger. AT-tal (etter initialane til Aarne og Thompson) er nummera som var før revideringa til Hans-Jörg Uther (2004). For eldre, godt kjente eventyr er ATU-nummera for det meste dei same som AT-nummera.

Ulike ATU-tal fortel om ulike eventyrtypar. Ein har samla fleire hovud (ganske like soger) under éin og same hatt (typeskildring). Det gjer at den vide hatten ikkje høver fullgodt for kvart enkelt hovud der - slik er det. Attåt ATU-nummeret kjem altså ein typetittel, eit kort samandrag av typen, og fleire litteraturreferansar frå mange språk og land. Det hender at typetittelen ikkje samsvarer godt med kvart enkelt eventyr slik det er klassifisert, og at typeskildringa ikkje høver nemneverdig for eit eventyr i typegruppa heller. Slik er det berre, og fordi det er slik, har eg brukt eldre AT-skildringar av eventyr i somme høve, så sant dei passar betre til dei enkelte eventyra. Men ATU-nummeret og ATU-tittelen er i behald.

ATU-systemet hjelper oss å samanlikne eventyr frå ulike språk, og finne referansar til dei. ATU-nummera gjer det også enklare å få oversyn over kva slags eventyrtype eit eventyr soknar til, i og med at tala er ordna i grupper, som dyreeventyr, undereventyr, og så vidare. Meir om dette: [Lenke]

❦❦❦❦

Saumen

Ramseeventyr av typen "Kumulative forteljingar > Kjeder som involverer andre arrangement" — ATU 2039, Den tapte hesteskosaumen. The Lost Horseshoe Nail

Ein kjøpmann som var ute og reiste til hest, lét vere å erstatte ein hestesko-saum som hadde falle ut. Han tok sjansen på at rittet heim att på hesten ville gå vel like fullt. Men hesten mista skoen til sist, fall til sist og brakk leggen. Då blei kjøpmannen nøydt til å bere varene sine heim på eigen rygg, men det var mykje verre for hesten.

[Til eventyret]

Snøkvit og Roseraud

Trolldomseventyr av typen "Overnaturleg eller forheksa kone (mann) eller annan slektning > Mann" — ATU 426, Dei to jentene, bjørnen og dvergen. The Two Girls, the Bear, and the Dwarf.

Ein vinterdag kom ein bjørn heim til huset der Snøkvit og Roseraud budde med mor si. Bjørnen bad om husly, og var så snill at han fekk bli der ei tid, og søstrene blei glade i han. Ein dag kom jentene over ein dverg som bar ein sekk smykkesteinar og truga dei. Bjørnen kom til hjelp og slo dvergen i hel. I det same fall bjørnehamen av han, og ein kjekk prins stod der og sa: "Eg var fortrolla av dvergen. Han stal skattane mine også. Men no er eg fri." Prinsen gifta seg med Snøkvit, og bror til prinsen gifta seg med Roseraud. Dei levde lykkelege i lag sidan.

[Til eventyret]

Brudevalet

Skjemt og anekdotar av typen "Historier om ei kvinne > Leiting etter kone" — ATU 1452, Å velje bruda ut frå korleis ho skjer ost. Thrifty Cutting of Cheese

Ein friar ville forsikre seg om at han gifta seg med ei god kone. Han la nøye merke til korleis tre søstrer åt ost. Den første åt ost utan å fjerne skorpa. Den andre skar vekk skorpa slik at mykje ost følgde med. Den tredje skar vekk skorpa så nett at ikkje ost følgde med. Friaren følgde så mors råd og gifta seg med den tredje, sidan ho var nett, omhugsam og ikkje sløste.

[Til eventyret]

Tornerose

Trolldomseventyr av typen "Overnaturleg eller forheksa kone (mann) eller annan slektning > Kvinne" — ATU 410, Den sovande fagre. Sleeping Beauty (Dornröschen, La bella addormentata.)

Ein konge og ei dronning fekk ei dotter. Ho fall i ein urimeleg lang søvn så snart ho så vidt nådde gifteferdig alder, og heile hoffet sovna samtidig med ho. To feer stod bak alt dette. Rundt slottet der alle låg og sov, voks det opp ei mengde tornebuskar. Men etter hundre år vekte ein prins den sovande, unge kvinna med ein kyss, og dei gifta seg same dagen.

Det finst variantar av eventyret. Nokre av motiva går tilbake til mellomalderens Frankrike og Catalania.

[Til eventyret]

Reven og gjæsene

Dyreeventyr av typen "Andre dyr og gjenstandar" — ATU 227. Geese Ask for Respite for Prayer

Ein rev fanga ein flokk gjæser og ville ete dei, men dei bad han om å la dei få be si siste bøn først. Det gjekk han med på. "Gakk, gakk gakk!" bad flokken, og har ikkje halde opp enno.

[Til eventyret]

Korleis seks kom seg fram i verda

Trolldomseventyr av typen "Overnaturlege hjelparar" — ATU 513A. The Extraordinary Companions

Ein dimittert soldat som fekk smått med lønn for lang og tru teneste, meinte han skulle hatt betre betalt. Så fekk han høyre at kongen ville gi dottera si til den som kunne springe fortare enn ho, og la i veg mot slottet. På vegen møtte han etter tur fem karar med særlege givnadar, og dei slo følge med han. Fordi dei seks dei samarbeidde, blei kongsdottera vunnen. Men når det kom til stykket, ville ikkje kongen halde løftet sitt likevel, og prøvde i staden å få dei seks drepne. Det lykkast ikkje. Ved at kvar heldt fram og gjorde det han var særleg godt til, klarte dei seg godt. Dei tok med seg skattane til kongen og kunne leve rike og fornøgde resten av livet.

Grimm-brørne fekk eventyret frå Dorothea Viehmann. Uther (2004) sporar historia attende til ei novellesamling av Giovanni Sercambi frå Lucca i Toscana, Italia, ca. 1374.

[Til eventyret]

Reven og katten

Dyreeventyr av typen "Ville dyr og husdyr" — ATU 105. The Cat's Only Trick

Ein rev skrytte til ein katt over å ha ein sekkfull med knep. Katten sa at han sjølv hadde berre eitt, og det var å klatre i tre. I det same kom ein jeger med hundar. Katten berga seg ved å klatre opp i næraste tre, men reven blei drepen.

[Til eventyret]

Snøkvit

Trolldomseventyr av typen "Andre forteljingar om det overnaturlege" — ATU 709. Little Snow-White

Ei dronning pla spørje den magiske spegelen sin kven som var vakrast i landet. Spegelen sa støtt det var ho, heilt til Snøkvit, stedottera hennar, blei sju år gammal og vakrare. Den sjalu kvinna gav ordre til ein jeger om å drepe Snøkvit for dette, men i staden for å gjere det, etterlét han jenta i skogane. Der fann ho fram til eit hus det budde sju dvergar i, og ho fekk bu hos dei. Den vonde dronninga kom sidan på sporet av ho etter at spegelen hadde sagt Snøkvit var vakrast enno, og etter to mislykka forsøk på å drepe ho, forgifta ho Snøkvit med eit eple. Dvergane trudde ho var daud, og bygde ei glaskiste for ho og sette kista ut i det fri. Der låg ho i kista utan å forandre seg noko som helst. Ein dag kom ein prins forbi kista og blei så forgapt i jenta som låg der at dvergane gav han kista å ta med seg. Mens kista blei frakta til slottet hans, blei ho rista og skumpa så den giftige eplebiten fór ut av munnen til Snøkvit. Straks blei ho levande, og deretter gifta ho og prinsen seg.

[Til eventyret]

Fru Rev vil gifte seg att

Dyreeventyr av typen "Ville dyr > Den lure reven (eller liknande dyr)" — ATU 65. Mrs. Fox's Suitors, No. 2

Ein gammal rev døydde. Det kom snart ulike slags dyr og ville fri til enka, men ho ville ikkje ha noko med dei å gjere, den eine etter den andre. Til sist kom det ein annan rev. Han var rette sorten, kom ho til, så han han gifta ho seg med.

[Til eventyret]

Raudhette

Trolldomseventyr av typen "Overnaturlege motstandarar" — ATU 333. Little Red Riding Hood (previously The Glutton). (Petit Chaperon Rouge, Cappuccetto rosso, Rotkäppchen.) (Including the previous type 333A.)

Den vesle jenta Raudhette møtte ein ulv mens ho var på veg gjennom skogen for å besøke bestemor. Ho visste ikkje at ulven var farleg, og fortalde han kor ho skulle. Ulven sprang føre henne til bestemora si hytte, og slukte ho heil. Då Raudhette kom, slukte han ho også og la seg til å sove og snorke i senga der. Ein jeger høyrde den høge snorkinga, og kom innom for å sjå at alt stod bra til med bestemora. Han fann den sovande ulven og skar opp buken han. Ut hoppa Raudhette og bestemora. No fylte Raudhette ulvebuken med steinar og sydde igjen. Då ulven vakna og ville vekk, ramla han saman av steinane i magen, og døydde.

Det finst fleire variantar, og ikkje alle har lykkeleg slutt. Ulvar er farlege dyr. I Frankrike, til dømes skal 7 600 menneske ha blitt drepne av ulvar mellom 1200 og 1920. (Wikipedia, "Wolf attacks on humans")

[Til eventyret]

Gjetarguten

Novelleeventyr av typen "Smarte handlingar og ord" — ATU 922. The Shepherd Substituting for the Clergyman Answers the King's Questions. (The King and the Abbot)

Ein konge fekk høyre om ein gjetargut som skulle vere så klok, og ville sette han på prøve. Guten fekk tre vridde spørsmål, og gav tre like vridde svar. Det syntest kongen var godt gjort, og tok til seg guten som sin eigen.

Det finst mange variantar. Eventyrtypen er truleg av jødisk opphav, og i Europa er han kjent i skriftleg form frå 1200-talet (Uther 2004).

[Til eventyret]

Oskepott

Trolldomseventyr av typen "Overnaturlege hjelparar" — ATU 510A. Cinderella (Cenerentola, Cendrillon, Aschenputtel.)

Ei ung kvinne blei hundsa av stemora og halvsøstrene sine, og måtte arbeide hardt i kjøkkenet som tenar. Ein gong stemora og stesøstrene skulle på ball i kongeslottet, gav dei Oskepott eit heilt urimeleg sorteringsarbeid. Men fuglar kom til og hjelpte ho med det. Dei gav ho dessutan kjole og skor så ho kunne gå på ballet, ho også.

På slottsballet blei kongssonen forelska i Oskepott og ville danse berre med ho. Det gjorde han tre kveldar på rad, og så lenge kvart ball vara. Etter kvart ball sprang Oskepott derifrå, men tredje gongen mista ho eine skoen. Den forelska kongssonen lét dei unge kvinnene i riket prøve om skoen passa. Til sist kom turen til Oskepott. Ho troppa opp med reinvaska hender og fjes. Skoen passa, og kongssonen kjente ho igjen og rei av garde med ho. Dei hadde fått mykje hjelp av fuglar, desse to, men ikkje stemora og døtrene hennar, for dei hadde vore vonde og falske.

[Til eventyret]

Fuglekongen og bjørnen

Dyreeventyr av typen "Andre dyr og gjenstandar" — ATU 222. War between Birds (Insects) and Quadrupeds (previously War of Birds and Quadrupeds)

Ein bjørn fornærma ungane til ein liten fugl, ein fuglekonge. Fuglen erklærte krig, fuglane fylka seg, slost mot dei firbeinte dyra og vann. Etterpå laut bjørnen krype til fugleungane han hadde fornærma og be om tilgiving.

Fakta: Fuglekongen, Regulus regulus, er den minste fuglen i Noreg (Wikipedia).

[Til eventyret]

Hans og Grete

Trolldomseventyr av typen "Overnaturlege motstandarar" — ATU 327A. Hansel and Grethel

I ei tid med hungersnød blei søskena Hans og Grete leidd ut i skogen av foreldra og etterlatne der. To gongar klarte barna likevel å komme seg heim att. Den tredje gongen klarte dei det ikkje. Då kom ein kvit fugl til dei. Dei følgde etter fuglen og kom til eit hus inni skogen. Det var laga av brød, og taket var av pannekaker. Ei gammal kone eigde huset. Ho sleppte barna inn til seg, men hadde tenkt å ete dei. Hans blei sett i bur og feita opp, og Grete slava i huset imens, heilt til ho ein dag dytta den gamle inn i den svære bakaromnen hennar og lét att omnsdøra. Dei to barna sprang så derifrå, og tok med seg gull og edelsteinar som heksa hadde hatt. Dei fann vegen tilbake til far. Han var aleine og lei fælt over det han og kona hadde gjort mot barna, og no var kona hans var avliden. Han blei glad for å sjå barna sine.

[Til eventyret]

Ulven og dei sju geitekillingane

Dyreeventyr av typen "Ville dyr og husdyr" — ATU 123. The Wolf and the Kids

Ein dag geitemor var heimefrå, kom ulven til huset hennar. Killingane var inne, og huset var låst. Han lét som han var geitemor og kom seg inn til sist. Då slukte han killingane heile. Geitemor fann røvaren mens han sov tungt i enga, og skar opp buken hans. Ut sprang killingane. Geitemor fylte ulvebuken med steinar og sydde att. Då ulven vakna, gjekk han til ein brønn for å drikke. Steinane i buken hans fekk han til å ramle nedi og drukne.

[Til eventyret]

Fiskaren og kona hans

Trolldomseventyr av typen "Overnaturlege hjelparar" — ATU 555. The Fisherman and His Wife

Ein fattig fiskar og kona hans budde i ei muddergrøft. Ein dag fanga han ei flyndre som sa: "Eg er ein fortrolla prins!" Dermed sleppte fiskaren flyndra fri. Men då fiskaren fortalde om hendinga til kona si, kravde ho at han skulle be flyndra gi dei ei hytte. Mannen kalla på flyndra og sa kva kona kravde. Flyndra forvandla straks muddergrøfta til ei kjekk hytte. Men kona var ikkje nøgd lenge - snart ville ho ha eit slott av stein, så ville ho vere konge, og så pave. Mannen hennar bad om dette til flyndra, som gav ho alt etter tur. Men kona var ikkje heilt nøgd med å vere pave heller, og ville til sist bli Gud. Fiskaren gjekk til stranda og sa kva kona ville mens ein fæl storm var i emning. Då fiskaren kom heim att, fann han kona si i muddergrøfta att.

[Til eventyret]

Ugla

Skjemt og anekdotar av typen "Historier om ein stortosk" — ATU 1281. Getting Rid of the Unknown Animal

For å bli av med eit skremmande dyr dei ikkje hadde sett før - det var ei ugle dei kom over på høyloftet i løa si -, sette modige bønder fyr på løa.

I somme av forteljingane er det ei ugle som skremmer, i andre ein katt. Forteljinga kan sporast tilbake til 1500-talet (Uther 2004).

[Til eventyret]

Dei tre språka

Trolldomseventyr av typen "Overnaturleg makt eller kunnskap" — ATU 671. The Three Languages

Ein greve hadde ein son som ikkje verka så klok. Etter å ha vore sendt vekk i lære i tre år, sa sonen at no hadde han lært hundespråka og språka til fuglane og froskane. Greven blei så harm over å høyre slikt noko at han jaga sonen på dør. Guten fór så rundt om i verda. Han fekk høyre om ein løynd skatt av bjeffande hundar og blei rik ved det. Med tida høyrde han froskane kvekka at han skulle bli neste pave, og ein dag han gjekk inn i ei kyrkje i Roma, der kardinalane hadde samla seg, flaug to kvite duer med på skuldrane hans. Kardinalane tok dette som eit teikn ovanfrå, og valde han til pave. Dei to duene fortalde han sidan kva han skulle seie fram som pave.

[Til eventyret]

Jorinde og Joringel

Trolldomseventyr av typen "Overnaturleg eller forheksa kone (mann) eller annan slektning > Kone" — ATU 405. Jorinde and Joringel

Kjærastane Jorinde og Joringel kom ved eit tilfelle inn i skogen til ei heks. Ho omgjorde Jorinde til ein fugl og sette ho i bur. Det same hadde ho gjort med andre jenter før. Men ho lét Joringel gå. Han drøymde etterpå om ein blodraud blom som kunne bryte fortryllinga til heksa, og leita til han fann blomen. Så gjekk han til huset til heksa; rørte ho med blomen, og dermed mista ho makta si. Inni huset fann han fleire tusen fuglar i bur. Takk vere blomen blei dei til jenter att. Han tok Jorinde heim, og dei levde lykkelege i lag.

Eit eventyr om flower power.

[Til eventyret]

Rapunkelklokke

Trolldomseventyr av typen "Overnaturlege motstandarar" — ATU 310. The Maiden in the Tower (Petrosinella, Rapunzel)

Ei kone som var med barn, fekk slik trong til å ete rapunkelklokke at ho overtalte mannen sin til å gå inn i nabohagen og rappe nokre av dei som voks der. Men det var ei heks som eige hagen, og ho tok mannen på fersk gjerning tredje gongen han var der. Han fekk sleppe derifrå berre ved å love henne det kommande barnet. Jentebarnet fekk namnet Rapuntelklokke (Rapunzel), og då ho var tolv år gammal, låste heksa henne inne i eit dørlaust tårn med gluggar. Ei tid etter oppdaga ein prins ho der. Ho sleppte ned det lange håret sitt, så han kunne klatre opp til ho. Heksa fann ut av kva som gjekk føre seg i tårnet fordi magen til jenta voks seg diger, og sende jenta frå seg ut i villmarka. Det visste ikkje prinsen om. Då han ville klatre opp til ho, lurte heksa han så han fall frå tårnet og ned i eit tornekratt og blei blind. Han vandra no omkring i mange år, heilt til han fann Rapunkelklokke i villmarka. Ho hadde født eit tvillingpar, ein gut og ei jente mens ho var der, og hadde det elendig. Då ho fekk sjå att far til barna sine, og at han var blind, laut ho gråte. To av tårene fall over auga hans. Dermed kunne han sjå att. Han tok ho og barna med seg til riket hans, og der levde dei lenge og lykkelege.

Den eldste versjonen av eventyret er gitt ut i Italia, i eventyrsamlinga Pentameronen av Basile. Samlinga er frå 1600-talet.

[Til eventyret]

Røyrdrummen og hærfuglen

Dyreeventyr av typen "Andre dyr og gjenstandar" — ATU 236*. Miscellaneous Tales with Imitation of Bird Sounds

Eventyrtypen "klargjer" blant anna lydane til to slags fuglar - røyrdrummen og hærfuglen - med at dei hadde vore gjetarar og sendt kyrne sine på gale beite - det eine beitet med for rikt og saftig gras, og det andre med for lite godt gras Dermed fekk dei ikkje styr på kyrne sine, same kor dei kalla på dei, kvar på sin måte.

[Til eventyret]

Biedronninga

Trolldomseventyr av typen "Overnaturlege hjelparar" — ATU 554. The Grateful Animals.

Tre brør kom til ei maurtue. Dei to eldste ville skade maurane i tua, men den yngste - som dei kalla Einfaldig - ville ikkje la dei gjere det. Seinare ville dei to eldste fange ender og steike over bål, men Einfaldig sa nei til det også. Så ville dei to eldste tenne opp bål under eit tre der bier hadde samla mykje honning, så biene svima av i røyken, og brørne kunne ta dronningbia, men yngstemann stogga dei igjen. Seinare kom desse dyra til hjelp for yngstemann så han vann ei prinsesse: Maurane samla tusen perler som var blitt strøydde i mosen i skogen; endene henta opp ein nøkkel som var kasta i havet - og dronningbia hjelpte han å sjå kven av tre like jenter som var prinsessa å vinne, så alt gjekk godt til slutt.

[Til eventyret]

Bonden i himmelen

Religi�se eventyr av typen "Himmelen" — ATU 802. The Peasant in Heaven

Ein fattig bonde og ein rik mann kom til himmelen omtrent samtidig. Rikmannen blei sleppt inn først, og helsa med jubelrop mens bonden blei oversett då han blei sleppt inn. Han spurde då St. Peter med nøklane til himmelporten korleis det hadde seg, og fekk til svar at rike kom til himmelen så sjeldan som kvart hundreår, så det gav god grunn til feiring, mens fattige kom dit kvar dag - sa Peter.

[Til eventyret]

Den kloke bondejenta

Novelleeventyr av typen "Kvinna gifter seg med prinsen" — ATU 875. The Clever Farm Girl

Ein fattig bonde fekk eit jordstykke av kongen. I enga fann bonden eit kar av gull - ein mortar -, og ville gi det til kongen som takk for jordstykket. Den kloke dottera til bonden rådde i frå det, men han høyrde ikkje på ho, og gav gullkaret til kongen. Kongen takka, men ville også ha ein annan gulldel, ein støytar, som gjekk saman med karet. Den delen hadde ikkje bonden, og dermed blei han kasta i fengsel. Der jamra han om og om att, "Om eg berre hadde høyrt på dottera mi!" Kongen fekk høyre at bonden hadde ei klok dotter, og ville sette ho på prøve. Ho skulle komme til slottet verken naken eller kledd, verken gåande eller ridande. Det klarte ho, og dermed gifta kongen seg med ho.

Nokre år etter dømde kongen urett i ei sak. Då viste dronninga mannen som kongen hadde dømt leitt og galt mot, korleis han skulle gå fram for å vise kongen kor elendig det var dømt. Det gjorde mannen. Kongen fann ut at dronninga stod bak, kjende seg sviken av ho, og sende ho frå seg. Ho fekk lov å ta med seg det kjæraste ho eigde, sa han. Dermed tok ho den sovande mannen sin med seg, for det var mannen sin ho heldt mest av. Det sa ho til han då han vakna heime hos far hennar. Kongen tok ho deretter tilbake til slottet.

[Til eventyret]

Kloke Else

Skjemt og anekdotar av typen "Historier om ei kvinne > Konejakt" — ATU 1450. Clever Elsie

Ein friar kom til gards. Gifteklare Else gjekk ned i kjellaren for å hente øl. Då la ho merke til ei øks som hang på veggen og tok til å gråte. Dei andre kom til etter kvart og tok til å gråte, dei også, straks ho fortalde dei korfor ho gret: Dersom ho blei gift og fekk ein son, og sonen gjekk ned i kjellaren for å hente øl, kunne øksa falle ned og drepe han. Friaren blei så imponert over kor klok Else var, at han gifta seg med ho.

Sluttdelen av dette Grimm-eventyret er av typen ATU 1383:

Vel gift skulle Else skjere korn ein dag, men la seg ned i kornåkeren for å ta ein lur. Der fann mannen ho. For å lære ho ei lekse dekte han ho til med eit garn som det var bjøller på. Då ho endeleg vakna, blei ho forvirra av bjøllene og undra seg ørskent på kven ho er. Ho gjekk heimom og banka på glaset og spurde om Else var heime. "Ja," svarte det innanfrå. "Du store," svarte Else, "då er eg ikkje meg sjølv!" Med det rende ho ut av bygda, og kom ikkje att.

[Til eventyret]

Rumleskaft

Trolldomseventyr av typen "Overnaturlege hjelparar" — ATU 500. The Name of the Supernatural Helper.

Ein fattig møllar skrytte og sa at dottera hans kunne spinne så halmstrå blei til gull. Kongen fann ut han ville prøve om det stemte. Klarte ho det, ville han gifte seg med ho; elles skulle ho døy. Ho blei låst inne i eit kammer for å spinne, og visste ikkje si arme råd. Då dukka det brått opp ein liten mann og baud seg til å spinne halmstråa til gull dersom ho lovde han det første barnet ho fekk. Ho visste ikkje betre råd enn å gå med på det. Eit år etter fekk ho eit barn med kongen, mannen sin. Kort etter kom dvergen for å få det. Ho gret så sårt over å miste barnet at dvergen sa ho kunne få behalde barnet om ho innan tre dagar gjetta kva han heitte. Ho gjetta og gjetta, men ingen av namna ho sa fram passa. Den tredje dagen sa ein tenar til dronninga. at han hadde sett ein underleg liten mann i skogen, og han hoppa rundt eit bål og song han heitte Rumleskaft. Det namnet sa ho til dvergen då han kom og spurde kva han heitte. Dermed tapte han, og dronninga fekk behalde barnet sitt. Henne gjekk det bra med, men ikkje med dvergen.

[Til eventyret]

Lykkehans

Skjemt og anekdotar av typen "Den dumme mannen og kona hans" — ATU 1415. Lucky Hans

For sju års arbeid fekk Hans ein gullklump som var like stort som hovudet hans, og gjekk av garde heimetter. På vegen bytte han gullet i ei ku, kua i ein gris, grisen i ei gås, og gåsa i ein slipestein - som han kom til å miste i ein brønn. Han prisa hellet sitt, for han hadde blitt sliten av å bere slipesteinen. Utan bør, men glad kom han heim att.

[Til eventyret]

Ulven og mannen

Dyreeventyr av typen "Ville dyr og menneske" — ATU 157. Learning to Fear Man.

Ein ulv skrytte av at han var sterkare enn mennesket. Reven viste då ulven ein jeger som bar på ei børse og eit sverd, og bad ulven syne kva han var god for. Etter å ha møtt jegeren sa ulven til reven: "Han bles inn i ein kjepp så lyn og hagl flaug inn i snuten på meg. Så drog han fram eit slags ribbein og slo meg til eg nesten låg daud." [Til eventyret]

Ulven og reven

Dyreeventyr av typen "Ville dyr > Den lure reven (eller liknande dyr)" — ATU 41 Ulven foret seg i kjellaren. The Wolf Overeats in the Cellar

Reven og ulven stal mat i lag nokre gongar. Reven slapp unna med det, men ulven var så glupsk at han ikkje kom seg vekk før han blei oppdaga og dengt av folk. Ulven og reven sneik seg så inn i kjellaren til ein gard der det blei laga og lagra mat til ein bryllaupsfest. Maten stod i kjellaren. Dei kom seg inn gjennom ei lufteopning med gitter framfor, enda om det var trongt. Etter nokre få munnfullar målte reven seg opp mot den tronge opninga, mens ulven fråtsa det han kunne. Då gjestane kom til garden, kunne reven klemme seg ut gjennom opninga og sleppe unna, men ulven var blitt for tjukk til å komme ut att der, og blei slått i hel. [Til eventyret]

Kjempa og skreddaren

Det dumme trollet: Typen "Partnarskap mellom mennesket og troll" — ATU 1049, The Heavy Axe; ATU 1053, Shooting Wild Boars; and ATU 1051, Springing with a Bent Tree.

Eventyrtypane i dette samansette eventyret er alle i gruppa "Partnarskap mellom menneske og troll (Partnership between man and ogre), ATU 1030-1059.

Ein skrytande skreddar kom i teneste hos ei kjempe i ville, mørke skogen. Lønna var at han fekk leve. Han skremde først kjempa med å by seg til å hente heile brønnen til kjempa inn i huset, så ho fekk seg vatn lettare. Då gjekk kjempa og henta vatn sjølv. (1049)

Då skreddaren blei sett til å hogge ved, baud han seg til å felle heile skogen til kjempa, og sette enda ein støkk i kjempa med slikt eit tilbod. (1050)

Så bad kjempa han skyte villsvin til middag. "Korfor ikkje tusen med eitt skot, og bringe dei alle hit?" spurde skreddaren og skremde kjempa så mykje at skreddaren fekk sleppe heile greia, og den godtruande kjempa ikkje fekk sove den natta. (1053)

Neste morgon fekk kjempa ein ide, og bad skreddaren setje seg på ei pilegrein for å bøye ned treet. Mens skreddaren bala med det, mista han taket så det bøygde piletreet med eitt retta seg opp, og skreddaren fór så høgt til vêrs at kjempa ikkje såg han att. Det var kjempa glad for. (1051)

[Til eventyret]

Den fattige møllarguten og katten

Trolldomseventyr av typen "Overnaturlege hjelparar" — ATU 545B. Puss in Boots

Ein møllar sa at den av dei tre sveinane hans som kom att med den beste hesten, skulle få arve mølla hans. Den yngste møllarsveinen, Hans, blei forlaten av dei to eldste, men i skogen møtte han ei kjette som tilbaud han ein god hest mot teneste i sju år først. Kjetta førte han så til eit fortrylt slott, der alle tenarane var kattar. Hans blei stelt med og kledd opp, og fekk i oppgåve å hogge ved, slå gras og bygge eit lite hus. Etterpå skulle han dra heim til mølla i den skitne frakken han gjekk i støtt, og vente på at nokon kom dit ein bestemt dag med hesten han hadde tent seg.

Dei hine ville ikkje ha han i hus i den skitne frakken med berre fillete klede under, men han fekk sove i gåsehuset. Dagen etter kom ei staseleg vogn med ei kongsdotter inni, og bak vogna var hesten som var lovd Hans. Kongsdottera spurde etter han og fekk han henta ut av gåsehuset. Hans blei vaska og kledd opp i fine klede, og hesten hans var den finaste, så han fekk mølla, sa møllaren.

"Trengst ikkje", sa kongsdottera og gifta seg med Hans. Det var ho og hoffet hennar som hadde vore fortrylte til kattar. Så levde dei rike og lykkelege i lag i huset han hadde bygd for ho då ho var kjette, for no var det omdanna til eit stort slott av gull og sølv.

I Vestens folklore er "Katten med støvlane" den best kjente eventyret der eit spesielt dyr er hjelpar. Grimm-versjonen er ikkje den første av dette slaget. Ein fransk kom før, og aller først var ein italiensk: Giovanni Francesco Straparola gav ut den første skrivne versjonen av eventyret i Venezia i 1553. (Wikipedia, "Puss in Boots")

[Til eventyret]

Den gamle kona i skogen

Trolldomseventyr av typen "Overnaturleg eller forheksa kone (mann) eller annan slektning > Mann" — ATU 442. The Old Woman in the Forest.

Røvarar overfall ein følge reisande i ein stor skog. Berre ei jente som gøymde seg i eit tre, overlevde. Ei due kom til ho etterpå og gav ho ein gullnøkkel. Nøkkelen opna eit tre som var fullt av mat. Om kvelden kom dua tilbake og gav ho ein nøkkel som opna eit tre med ei seng i. Dagen etter fekk ho ein nøkkel til eit tre med klede i. Ein dag bad due ho om å gå til det vesle huset til ei gammal kone og hente ein enkel ring som var der. Jenta skulle ikkje svare på spørsmåla til kona, men finne ringen mellom mange blanke og fine. Jenta fekk tak i den ringen, og gjekk tilbake til staden der ho først møtte dua.

Mens ho venta på fuglen, sette ho ringen på fingeren og lena seg til eit tre. Då omfamna treet ho med greinene sine og blei til ein kjekk prins som tok ho i famn. Kona var ei heks som hadde omskapt både han og følget hans der i skogen. Han fekk bli ei due berre eit par timar om dagen. Mens han fortalde dette, blei andre tre i nærleiken til tenarar og hestar. Prinsen førte så jenta heim til riket sitt. Der blei dei gifte.

[Til eventyret]

Tre lærlingar

Trolldomseventyr av typen "Overnaturlege motstandarar" — ATU 360. Dei tre lærlingane og styggen sjølv

Tre lærlingar avtaler med hinmannen at dei skal svare alle spørsmål dei får vidare, med "Vi tre", "For pengar", og "Slik er det berre" (I staden for det siste er det valt "Liksom" som tredje-svar i denne attgivinga).

Dei tre tar inn på eit vertshus. Etter at verten har drepe ein rik gjest og skulda dei tre for det, blir dei tre faste svara deira rekna som tilståingar. Like før dei blir avretta, kjem fanden køyrande i ei vogn. Han er kledd som herremann og får dei frikjent, mens verten blir avslørt og må bøte med livet. Slik fekk djevelen den sjela han var ute etter, og dei tre hadde lommene fulle av pengar resten av livet, som avtalen var.

Eventyret har eldre røter som mellom anna kan sporast til den engelske munken John Bromyards latinske Summa Praedicantium frå 1300-talet (ATU 1697).

[Til eventyret]

Den leie kona

Skjemt og anekdotar av typen "Den dumme mannen og kona hans" — ATU 1405. The Lazy Spinning Woman

Ei lat kone sa ho ikkje kunne spinne fordi ho ikkje hadde spole til tråden. Mannen hennar gjekk til skogs for å finne passande tremateriale å lage spole av. Kona sprang i forvegen utan at han visste om det, og gøymde seg i eit buskas. Derifrå ropte ho nokre gongar då mannen nærma seg: "Den som høgg tre for å lage spole av det, skal døy." Mannen blei skremd og vende heim att utan spole, men han var misnøgd med kona som før. Då laga ho i stand noko tråd saman med mannen, sa det måtte kokast, og sette mannen til å passe nøye på, elles blei tråden kokt til tau, sa ho. Mannen trudde han hadde passa godt på kokinga, men då han opna lokket på kjelen og såg etter, var det ikkje anna enn tau der. Det hadde kona først lagt oppi utan at han såg det. Mannen trudde han hadde øydelagt tråden, og slutta å klage over at kona ikkje spann.

[Til eventyret]

Spelehans

Trolldomseventyr av typen "Overnaturlege motstandarar" — ATU 330. The Smith and the Devil

Spelehans gav nattely til Vårherre og Heilag-Per. Til takk skulle han få tre ønske oppfylt. Han bad då om ein kortstokk som han alltid ville vinne med, og eit frukttre som støtt bar frukt og som heldt fast kvar den som klatra i det, berre han sjølv sa det. Det fekk han, og hadde snart vunne halve verda. Då blei dauden sendt for å hente han. Spelehans var opptatt ved spelebordet, og foreslo at dauden skulle klive opp i frukttreet utanfor og hente litt frukt til reisa seinare. Der i treet heldt Hans dauden fanga i sju år. Fordi ingen på jorda døydde i den tida, kom Skaparen og Heilag-Per og bad Hans om å sleppe dauden laus. Det gjorde Hans. Straks tok dauden han med seg - først til himmelen, men der ville dei ikkje vite av spelelystne Hans.

Så laut Hans ta vegen til helvete, men han hadde med seg kortstokken sin. Snart hadde han vunne mange djevlar, tok dei med opp til jorda og henta humlestilkar. Med dei for Hans og følget til himmelen og gav seg til å slå laus på himmelen. Det knaka og braka, så dei i himmelen sa, "Vi må la han komme inn, elles jagar han oss ut herifrå."

I himmelen gav Hans seg til å spele kort, der også. Det blei snart slikt spetakkel at dei kasta han på porten og reiv sjela hans i mange bitar. Dei bitane fór inn i alle speleville.

[Til eventyret]

Eselet

Trolldomseventyr av typen "Overnaturleg eller forheksa kone (mann) eller annan slektning > Mann" — ATU 430. The Donkey Bridegroom

Ein konge og ei dronning hadde vore barnlause i lang tid. Så fødde dronninga eit esel. Det sørgde ho over, men kongen oppdrog eselet som ein prins. Eselprinsen var svært glad i musikk, og streva til han kunne spele lutt, og blei flink til det også.

Ein dag fekk han sjå spegelbildet sitt i ein brønn, og det uventa synet skaka han så mykje at han drog ut i verda med ein tenar til følge. Til sist kom dei til eit land der kongen var gammal og hadde ei pen dotter. Først fekk han ikkje komme innanfor slottsmurane, men då han gav seg til å spele, fekk han komme inn, og makta tilmed å få sitje ved same bord som kongen.

Etter ei tid blei eselet sorgtungt. Kongen spurde han korfor, og fekk til svar at eselet ville ha dottera hans til kone. Den gamle kongen ville gjerne glede luttspelaren sin, og sa ja. Eselet og prinsessa blei gifte. Då det blei kveld, gjekk dei til soverommet sitt i lag. Kongen hadde plassert ei vakt der utan at dei visste om det, for han ville vere sikker på at eselet oppførte seg bra mot dottera hans.

Dagen etter forsikra kongsdottera at ho var godt fornøgd med brudgommen. Så kom vakta og fortalde at eselet hadde tatt av seg eselskinnet straks han hadde komme inn i soverommet, og blitt til ein kjekk ung kar. Om morgonen hadde han tatt på seg eselskinnet att.

Neste kveld fekk kongen tak i eselskinnet og brende det. Det gjekk innpå karen som no var svigersonen hans, men kongen overtalte han til å bli hos dei ved å by han halve riket. Då kongen døydde, fekk eselkaren heile riket, og då hans eigen far døydde, hadde han to kongerike.

[Til eventyret]

  Innhald  


Grimm-eventyr, Brørne Grimm, merknadar, bakgrunnsinformasjon, litteratur  

Merknadar til fleire av kjeldene nedanfor: [Merknadar]

Twig

Ashliman, D. L. A Guide to Folktales in the English Language. New York: Greenwood Press, 1987.

Basile, Giambattista. The Pentamerone. Omsett av Benedetto Croce. 2 band. London: John Lane the Bodley Head, 1932.

Brothers Grimm. The Complete Fairy Tales. Omsett av Jack Zipes. Utvida 3. utg. London: Vintage Classics, 2007.

Den Store Danske, "Grimms eventyr"

Edwardes, Marian, red. Grimm's Fairy Tales. Omsett av Edgar Taylor og Marian Edwardes (dels). London: J. M. Dent, 1912.

Ewald, Carl, oms. Grimms samlede eventyr. København: Nyt Nordisk Forlag, 1987.

Grimm, Jacob, and Wilhelm. Fünfzig Kinder- und Hausmärchen. Leipzig: Otto Spamer, 1901.

Grimm Brothers. Household Tales by Brothers Grimm. Omsett av Margaret Hunt. London: Bell, 1884.

Hodne, Ørnulf: The Types of the Norwegian Folktale. Universitetsforlaget. Bergen, 1984.

Manheim, Ralph, tr. Grimms' Tales for Young and Old: The Complete Stories Translated by Ralph Manheim. Paperback ed. London: Victor Gollancz, 1993.

Sercambi, Giovanni. Novelle. Bari: Laterza Editore; 1972.

Store norske leksikon, "folkeeventyr" av Brynjulf Alver

Tatar, Maria. The Hard Facts of the Grimms' Fairy Tales. Princeton, NJ: Princeton University Press, 1987.

Uther, Hans-Jörg. Handbuch zu den "Kinder- und Hausmärchen" der Brüder Grimm: Enstehung, Wirkung, Interpretation (Handbook of the Grimm Brothers' "Children's and Household Tales": Origin, Impact, Interpretation). 2. utg. Berlin: Walter de Gruiter, 2013.

Uther, Hans-Jörg. The Types of International Folktales: A classification and Bibliography Based on the System of Antti Aarne and Stith Thompson. Vols 1-3. FF Communications No. 284-86, Helsinki: Academia Scientiarum Fennica, 2004.

Wikipedia, "Grimm's Fairy Tales."

Zipes, Jack. "The Forgotten Tales of the Brothers Grimm." The Public Domain Review. (Magazine), 2012. Online.
publicdomainreview.org/2012/12/20/the-forgotten-tales-of-the-brothers-grimm/

Grimm-eventyr, Brørne Grimm, merknadar, bakgrunnsinformasjon, opp    Seksjon     Sett    Neste

Grimm-eventyr, Brørne Grimm, merknadar, bakgrunnsinformasjon. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2018–2020, Tormod Kinnes. [E‑post]