Gullvekta
Grimm-eventyr  ❀ 18
Seksjon › 37   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Spelehans

Det var ein gong ein mann som ikkje gjorde anna enn å spele, og derfor kalla folk han Spelehans. Til sist hadde han sett over styr huset sitt og alt anna han eigde. Like før kreditorane kom for å ta huset hans, kom Skaparen i lag med vennen Peter og bad om å få bli der om natta.

"For min del gjerne", sa Spelehans, "men eg kan ikkje gi dykk noka seng, og eg har heller ikkje mat til dykk."

Men Skaparen sa at når dei berre fekk bli der, skulle dei nok sjølve kjøpe seg mat, og det hadde Spelehans ikkje noko imot. Peter gav han så ein peng og sa han skulle gå bort til bakaren og kjøpe brød. Og Spelehans gjekk, men då han kom til det huset der dei andre speleglade sat, dei som hadde vunne alt frå han, kalla dei på han: "Kom inn hit, Hans", ropte dei. "Ja, det ville de like", sa han, "de vil vinne også denne mynten frå meg."

Men dei lét han ikkje sleppe, og til sist gjekk han då dit inn og spela vekk pengane.

Skaparen og Peter venta og venta, men då det varte så lenge, gjekk dei ut for å møte han. Då dei trefte han, lét han som han hadde mista pengane og leita etter dei over alt, men Skaparen visste godt at han hadde spela dei vekk. Peter gav han ei mark igjen, og denne gongen motstod Spelehans freistinga og bringa dei brødet. Skaparen spurde han no om han ikkje hadde geitemjølk, men Spelehans svarte at alle bøttene var tomme. Skaparen påla han då å gå ned i kjellaren. "Der står den gildaste geitemjølka ein kan få", sa han. Spelehans ville først ikkje tru det, men til sist sa han: "Eg kan jo gjerne gå ned dit, men eg veit der ikkje er noko."

Men då han tok av næraste bøttelokket, var det gild geitemjølk i bøtta. Hans bringa ho opp til dei to, og dei blei der om natta. Neste morgon sa Skaparen til Spelehans at han fekk ønske seg tre ting. Skaparen tenkte at han ville ønske å komme i himmelen, men Hans bad om ein kortstokk han støtt vann med, eit tre som støtt bar frukt, og at den som hadde krope opp i det, ikkje kunne komme ned att før Hans gav ordre til det. Skaparen gav han dei tre ønska, og gjekk sin veg att med Peter.

Spelehans tok no til å spele stort, og vann snart halve verda.

"Det går verkeleg ikkje an", sa Peter til Skaparen, "han vinn jo til sist heila verda. Vi sender dauden til han", og det gjorde dei.

Grimm-eventyr
Hans ved spelebordet

Då dauden kom, sat Hans ved spelebordet. Dauden sa til han: "Kom med utanfor ein augeblink."

"Vent litt til spelet er ferdig", sa Hans, "Imens kan du klatre opp i det treet og plukke litt frukt til oss, så eg har noko å knaske på på vegen."

Dauden klatra opp i treet, men kunne ikkje komme ned att. Spelehans lét han sitte der oppe i sju år, og i den tida døydde det ikkje eit einaste menneske.

Då sa Peter til Skaparen: "Dette går ikkje. Det døyr jo ikkje eit einaste menneske. Vi må sjølve dit ned."

Dei gjekk ned til jorda og gav Hans beskjed om sleppe dauden fri. Hans gjekk straks ut til treet og sa: "Kom ned." Då dauden kom ned, dreidde han straks halsen om på Hans. Dei heldt dernest følge til hi sida, og Spelehans kom til himmelporten og banka på. "Kven er det?"

"Spelehans."

"Deg har vi ikkje bruk for, gå din veg."

Så gjekk han til skjærselden og banka på porten. "Kven er det?"

"Spelehans."

"Her er så menn nok jammer og nød; vi har ikkje lyst til å spele. Gå din veg."

Han gjekk såg til helvete, og der kom han inn. Det var ikkje andre heime enn gamle Lucifer og forkrøpla djevlar, - dei friske hadde nok å gjere oppe på jorda. Hans sette seg ned og gav seg til å spele med hinmannen. Men han hadde ikkje anna å spele om enn dei forkrøpla djevlane, og Hans vann dei alle saman, for han hadde den kortstokken som han støtt vann med. Han flaug så med djevlane sine opp til jorda og henta nokre humlestenger, og fór opp til himmelen og gav seg til at slå laus på han. Himmelen knaka og braka, og Peter sa til Vårherre: "Det går ikkje, vi må la han komme inn, elles jagar han oss ut av himmelen."

Dei lét han sleppe inn. Spelehans gav seg straks til å spele kort, og det blei slikt eit spetakkel at ein ikkje kunne høyre kva ein sjølv sa. Då sa Peter: "Det går likevel ikkje. Vi lyt kaste han ut att, elles bringar han heile himmelen i opprør. No greip dei Hans og kasta han på porten, og sjela hans reiv dei i stumpar og stykke. Dei bitane fór inn i alle speleglade som lever enno.

Notar til Grimm-eventyr

Eselet

Det var ein gong ein konge og ei dronning som var rike og hadde alt dei ønskte seg, utan barn. Dronninga klaga over det dag og natt, og sa: "Eg er som ei mark der ingenting gror."

Til sist fekk ho det ho så gjerne ville, men då barnet blei født, såg det ikkje ut som eit menneske, men eit lite esel. Då mora fekk sjå det, tok ho til å klage og skrike for alvor, og sa at ho heller ville vore utan barn enn å føde eit esel, og sa at dei skulle kaste det i vatnet så fiskane kunne ete det.

Kongen sa: "Nei, har vi fått det, skal det vere sonen og arvingen min, og når eg er daud skal det sitte på kongetrona og ha kongekrone."

Dermed blei eselet oppseda, og voks seg til og fekk høge øyre som peika opp i vêret. Det var lystig av seg, hoppa rundt og leika og hadde særleg glede av musikk. Derfor gjekk det til ein kjent musikar og sa: "Lær meg kunsten din så eg kan spele lutt så bra som deg."

"Å, kjære vesle herre", svarte musikaren, "det ville bli særs vanskeleg for deg. Fingrane dine høver ikkje til det, og er altfor store. Eg er redd for at strengane ikkje vil halde."

Men slikt snakk hjelpte ikkje, for eselet hadde bestemt seg for å spele lutt, og så øvde han iherdig til han blei like dugande som meisteren.

Ein dag gjekk den unge herren i tankar og kom til ein brønn. Han såg ned i han og i den klare vassflata fekk han sjå at han hadde eselform. Det plaga han slik at han drog ut i den vide verda og tok med seg berre ein trufast følgesvein. Dei reiste hit og dit, og til sist kom dei til eit rike der kongen, som var gammal, hadde ei vakker dotter.

Eselet sa: "Her skal vi bu", banka på døra og ropte: "Det er ein gjest utanfor. Lat opp, så han kan komme inn."

Då ingen opna døra, sette han seg ned, tok lutten og spela vakkert på han med framføtene sine. Då sperra portvakta opp auga, sprang til kongen og sa: "Det sit eit ungt esel utanfor porten og spelar lutt så godt som ein erfaren meister."

"Så lat musikaren komme til meg", sa kongen. Men då eselet kom inn, tok alle til å le av luttspelaren. Så blei eselet bedt om å sette seg ned og ete i lag med tenarane. Men det ville han ikkje, og sa: "Eg er ikkje noko vanleg stalldyr, men av edel byrd."

Då sa dei: "Om du er det, så sit i lag med krigsmennene."

"Nei", sa det, "eg vil sitte i lag med kongen."

Kongen smilte og sa godmodig, "Ja, så blir det som du vil, vesle esel. Kom hit til meg."

Så spurde han: "Korleis liker du dottera mi, esel?"

Eselet vende hovudet mot ho, såg på ho, nikka og sa: "Eg liker ho overlag godt. Eg har aldri sett nokon som er så vakker."

"Vel, då skal du sitte ved sida av ho", sa kongen.

"Det er akkurat det eg helst vil", sa eselet og sette seg ved sida av ho, åt og drakk, og visste korleis ein skal te seg fornemt og reinsleg.

Då det gode dyret hadde budd hos kongen i lang tid, tenkte han: "Kva godt kan dette gjere meg? Eg lyt likevel dra heim att." Så hang han med hovudet, gjekk framfor kongen og bad om å få dra.

Kongen hadde blitt glad i han og sa: "Vesle esel, kva er det? Du ser så sur som ei mugge med eddik. Bu hos meg, så gir eg deg det du vil. Vil du ha gull?"

"Nei", sa eselet og rista på hovudet.

"Edelsteinar og smykke?"

"Nei."

"Vil du ha halve riket?"

"Å nei".

Då sa kongen: "Om eg berre visste kva som ville gjere deg fornøgd. Vil du ha den vakre dottera mi til kone?"

"Å ja", sa eselet, "ho skulle eg gjerne ha", og blei glad og lystig med det same, for det var akkurat ho han ønskte seg. Så blei det halde eit stort og flott bryllaup. Om kvelden blei brureparet leidde til senga i rommet sitt. Kongen ville vite om eselet oppførte seg bra mot dottera hans, og hadde bode ein tenar om å gøyme seg der i soverommet.

Då dei to nygifte var komne inn, låste brudgommen døra, såg seg om, og sidan han trudde dei var for seg sjølve i rommet, kasta han med eitt av seg eselhamen og der stod ein vakker kongeleg ungdom.

"No ser du kva eg er", sa han, "og ser også at eg ikkje er uverdig til å få deg."

Då blei brura lykkeleg og kyste han og elska han inderleg. Om morgonen hoppa han ut av senga og tok på seg dyrehamen att, og ingen kunne gjette korleis han eigentleg såg ut under hamen.

Snart kom den gamle kongen til dei. "Vel", sa han, "er det vesle eselet i godt humør? Men du er vel ikkje i godt humør", sa han til dottera si, "sidan du ikkje har fått ein mann å vere kona til?"

"Å nei, kjære far, eg elskar han så vel som om han var den vakraste i verda, og vil behalde han så lenge eg lever."

Kongen blei overraska, men tenaren som hadde gøymt seg, kom og avdekte alt for han.

Kongen sa: "Det kan ikkje vere sant."

"Så sjå sjølv i kveld. Då får De sjå det med eigne auge, og veit De kva, ta huda og kast ho på elden, for då lyt han stå fram også om dagen i si sanne form."

"Rådet verkar godt", sa kongen, og om natta, då dei sov, kraup han inn, og då han kom bort til senga, såg han i måneskinet at det låg ein stolt ung mann der, og huda låg utstrekt på golvet. Så tok kongen ho vekk og fekk tenarar til å tenne eit stort bål utanfor, kasta eselskinnet på bålet og stod ved sida av for å forvisse seg om at heile skinnet brann til oske. No ville han sjå korleis eselmannen tedde seg når han oppdaga at hamen var vekk, så kongen vaka natta til ende i soverommet og lytta.

Då brudgommen hadde sove ut og det lysna av dag, stod han opp og ville ta på seg eselskinnet, men fann det ikkje nokon stad. I sjokk og sorg og kvide sa han: "No må eg prøve å rømme."

Men då han gjekk ut, stod kongen der og sa: "Son min, kor skal du i slik ein hast? Kva har du i tankane? Bli her. Du er ein kjekk kar, og treng ikkje dra din veg. Eg vil gi deg halve kongeriket, og når eg er daud, får du den andre halvparten."

"Eg håper at noko som begynner så bra kan ende godt også", sa den unge mannen. "Ja takk, eg vil bu her hos deg."

Den gamle kongen gav han halve kongeriket, og då han døydde eit år etter, fekk den unge det heile, og etter far sin fekk han eit kongerike til. Så levde han og dronninga hans i stor prakt til dei døydde ein gong, dei også.

Notar til Grimm-eventyr

  Innhald  


Bøker      

Grimm-eventyr ved brørne Grimm.    Seksjon     Sett    Neste

Grimm-eventyr ved brørne Grimm. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2001–2020, Tormod Kinnes. [E‑post]