GULLVEKTA

Grimm-eventyr

  13 › 1 › 31 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR Grimm-eventyra
– SAMLINGA

Kona som var for lat

Det var ein gong ein mann og ei kone som budde i ei bygd. Kona var så lat at ho ikkje gadd å gjere noko, og når ektemannen gav henne noko å spinne, spann ho det ikkje ferdig. Og tråden ho spann, spola ho heller ikkje opp, men let alt ligge i ein hop. Når mannen skjente for slikt, var ho alltid klar med tunga. Ein gong sa ho: "Korleis kan eg spole opp tråden når eg ikkje har garnspole? Du får gå til skogs og skaffe meg spolar."

"Er det det heile", sa mannen", så skal eg gå til skogs og skaffe ved å lage spoler av."

Kvinna blei redd, for om han laga spolar for henne, så måtte ho ta til å spinne att. Ho tenkte seg om, og med eitt fekk ho ein god idé og sprang etter mannen inn i skogen. Då hadde han klatra opp i eit tre for å velje ut og hogge trevirke. Ho gøymde seg i krattet under treet så han ikkje kunne sjå henne, og ropte:

"Den som høgg seg spoletre skal døy,
og den som spolar skal gå under."

Mannen lytta, la vekk øksa, og kunne ikkje fatte kva det tydde. "Eg lyt ha øyresus [1]", tenkte han så. "Eg vil ikkje uroe meg for ingen ting."

Dermed greip han øksa og tok til å hogge. Han tok øksa igjen og hønsket å hogge, men då ropte det igjen:

"Den som høgg seg spoletre skal døy,
og den som spolar skal gå under."

Han stogga å hogge og kjende seg både redd og ille til mote. Så sat han i ro ei stund. Men då han ikkje kunne oppdage noko, tok han mot til seg att og rekte ut handa etter økse for tredje gong for å hogge, men stemma kom for tredje gong, og det var svært høgt og tydeleg no:

"Den som høgg seg spoletre skal døy,
og den som spolar skal gå under."

Det var nok for mannen. Lysta til å skaffe trevirke forsvann, og han klatra i stor hast ned treet og fór heim. Kvinna sprang ein snarveg så fort ho kunne, og kom før han.

Då han kom inn i stua, helste ho han med, "Vel, kjem du med eit skikkeleg trestykke som det skal bli spolar av?"

"Nei", sa han, "eg har sanna at spolar ikkje er godt", og så fortalde han kva som hadde hendt han i skogen. Frå no av ville han ikkje lenger krevje at ho skulle vinde opp tråden ho spann, sa mannen. Men etter ei tid tok han likevel til å klage over rotet i huset.

"Kone, sa han, "det er verkeleg ei skam at spunne garn ligg i slik ein vase."

"Tja", svarte ho, "sidan vi ikkje har spolar enno, skal du gå opp på loftet og eg stå her nede og kaste garn opp til deg, og du skal kaste det ned til meg. Gå no opp på loftet mens eg står nedanfor, og så kastar vi garnvinda fram og tilbake. Slik kan vi få ein vid garnbunt."

"Ja, det er godt", sa mannen. Og då dei var ferdige, sa han: "No er garnet bunta, men det må også kokast."

Kvinna blei på ny fortvila over å gjere noko. Enda om ho sa, "Ja, det skal eg gjere i morgon", tenkte ho på korleis ho skulle spele han eit nytt puss.

Tidleg neste morgon stod ho opp, fyrte opp og sette kjelen over varmen, men i staden for garnet, la ho i ein klump hampetau, og la det koke. Så gjekk ho til mannen og sa: "Eg må ut eit bel, så du lyt stå opp og passe på garnet som koker i kjelen. Men pass godt på, for dersom hannen gjel og du ikkje passar garnet godt nok, blir det tau av det."

Mannen stod opp med det same og gjekk inn på kjøkkenet, men då han såg ned i kjelen, var det ikkje anna enn ein taukveil der. Då blei den stakkars mannen så still som ei mus, for han trudde det var hans feil at det hadde gått gale. Frå no av snakka han aldri med kona si om garn og spinning. Men du vil vel vere samd i at ho var ei temmeleg vemmeleg kone.

Ord
  1. Øyresus, tinnitus er lyd som ein høyrer, men som ikkje finst i den ytre verda. Slik lyd kan høyrast på det eine øyret eller begge øyra. Øyresus er ganske vanleg, og kan bli skildra som til dømes ringande lyd, summing, plystring eller melodi. Lyden som blir oppfatta, kan variere frå ein stille bakgrunnslyd til ein lyd som overdøyver ytre lydar.

    Ein kan få øyresus av øyrebetennelse. Det kan også vere andre orsakar til tilstanden, som til dømes høgt blodtrykk. Øyresus blir ofte rangert frå "lett" til "katastrofalt" i samsvar med vanskane som går saman med det, for eksempel søvnvanskar. Vanlegvis finst det inga behandling, og den ramma blir jamt tilrådd å ignorere problemet. [Wikipedia, s.v. "tinnitus".]

TO TOP

Gjetarguten

Det var ein gong ein gjetargut som var kjent vidt og breitt for dei kloke svara sine på alle slags spørsmål. Ryktet om han nådde også kongen, som sende bod etter guten.

"Kan du svare meg på tre spørsmål", sa han, "skal eg ta deg til meg som min eigen son, og du får bu her i slottet med meg og ha det så godt som nokon."

"Kva er dei tre spørsmåla?" spurde guten.

"Kan du først seie meg kor mange dropar det er i sjøen?" sa kongen.

"Kan du demme opp alle elvene så ikkje ein drope kjem ut i havet til eg har talt alt, skal eg fortelje det", svarte guten.

"Kan du seie meg kor mange stjerner det er på himmelen?" sa kongen.

Guten bad om eit stort stykke kvitt papir, og laga så mange små prikkar på det at ein knapt kunne sjå dei og langt mindre telje dei. Alle som ville granske arket kunne få såre auge av å stire og forsøke å telje. "Det er så mange stjerner på himmelen som det er prikkar på papiret her", sa guten, "Berre tel etter." [1]

Men det var det ingen som kunne.

"No kjem det tredje spørsmålet", sa kongen, "kor mange sekund er det i æva?"

"I nedre Pommern er det eit diamantfjell", svarte gjetarguten. "Fjellet er førti tusen meter høgt førti tusen meter breitt, og ei mil djupt. Kvar hundre år kjem ein fugl og kvesser nebben sin mot fjellet, og når den har slite ned heile fjellet, har det første sekundet av æva gått."

"Du har svart godt, synest eg", sa kongen. "Bli hos meg i slottet mitt, så skal eg vere som ein far for deg."

Ord
  1. Det er lett å spørje kor mange stjerner som finst, og vanskeleg å gi noko rimeleg godt svar. Astronomar reknar det til at det finst lausleg 2-400 000 000 000 (2-400 milliardar) stjerner berre i Mjølkevegen (galaksen vi er i), og utanfor den finst millionar på millionar av andre galaksar. Dei stjernene ein kan sjå og rekne seg til ved teleskop, er 70 tusen million million million. Dette er ikkje alle stjernene som finst, men talet på dei som ein kan fange opp signal ifrå med teleskop. Sanninga er at astonomane ikkje veit så godt kor mange stjerner som finst, dei heller.

    På ei stjerneklar natt vekke frå lysa i tettbygte stadar, kan ein kanskje sjå opptil 2 500 stjerner utan stjernekikkert. Berre prøv.

Grimm-eventyra– 
SAMLINGA
Grimm-eventyra- SLUTTBOLK

Grimm-eventyra- LITTERATUR  

Grimm-eventyra- OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Grimm-eventyr BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkeråd, tilvisingar og meir. [LENKE]
© 2001–2012, Tormod Kinnes [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKE]