GULLVEKTA

Grimm-eventyr

  13 › 1 › 31 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR Grimm-eventyra
– SAMLINGA

Ugla

Grimm-eventyr

FOR EIT par hundre år sidan, då folk ikkje var på langt nær så kloke og durkdrivne som no, hende det noko nokså rart i ein liten by. Tilfeldigvis hadde ei av dei store uglene frå skogen, ei hornugle, komme inn i ei løe, og då dagen braut fram, torde den ikkje våge seg ut, av frykt for dei andre fuglane, som skrik så fælt når dei ser den.

Då drengen om morgonen kom ut i løa for å hente høy, blei han så forskrekka over å sjå ugla som sat i ein krok at han styrta inn og fortalde bonden at ute i løa sat det verste uhyret han hadde sett. Det rulla med auga og så ut som om det utan vidare kunne fare laus på ein og sluke ein. "Å, eg kjenner deg nok", sa mannen, "du er modig nok til å springe etter ein trast ute på marka, men når du får auge på ein daud hane, hentar du ein stokk før du tør gå bort til den. La meg no berre sjølv komme ned og sjå kva det er for eit uhyre."

Deretter gjekk han nokså freidig ned i løa og såg seg om. Men då han oppdaga det fæle dyret, blei han likså redd som drengen. Med lange skritt sprang han ut og bort til grannane sine for å bede dei om hjelp mot dette ukjente, farlege dyret. Heile byen kunne jo komme i fare dersom det kom ut frå løa. Der blei stor larm og ståhei. Borgarane kom trekkande med spyd, høygaflar, ljåar og økser som om dei skulle i krig. Til sist kom endatil bystyret med ordføraren i spissen.

Grimm-eventyr

Då dei hadde stilt seg i orden borte på torget, drog dei bort til løa og omringa den. Ein av dei modigaste trødde så fram og gjekk inn med senka spyd, men ein augeblink etter skreik han høgt og kom ut, døyeleg bleik, utan å kunne seie eit ord. To andre våga seg no dit inn, men det gjekk ikkje det minste betre for dei. Til sist steig ein stor, sterk mann fram. Han var berømt for heltemotet sitt i krig. "Vi jagar ikkje uhyret bort berre ved å sjå på det", sa han, "vi må ta alvorleg fatt, men eg ser jo at de har blitt blaute, alle saman, og ingen tør våge pelsen sin."

Han fekk no fatt i rustning, sverd og spyd, og alle priste han for motet hans, sjølv om dei skalv for livet hans. Løedørene blei lukka opp, og ei såg ugla sitte på ein av dei store tverrbjelkane. Mannen stilte ein stige opp dit, og belaga seg på å krype oppetter den. Alle ropte til han at han skulle vere ved godt mot, og bad St. Georg som hadde drepe draken, hjelpe han. Men ugla var blitt ganske forstyrra av ropa til alle menneska, og visste verken ut eller inn. Så då mannen var kommen omtrent heilt opp stigen, gav den seg til å rulle fælt med auga, stritta med fjøra, lyfta vengane og kveste med hås stemme: "Uhu, uhu."

"Støyt til no", ropte folka til den tapre helten. "Det ville de nok ikkje seie om dei stod her oppe", sa han. Han våga seg enno eit trinn høgare, men så tok han til å riste over heile kroppen, og halvt avmektig gav han seg til å kravle ned att.

No var det ingen som torde gå dit inn. "Berre ved å kvese og puste har uhyret tatt motet frå den sterkaste mannen og såra han døyeleg", sa dei, "så korfor skulle vi risikere livet."

Dei heldt no råd om kva dei skulle gjere for at ikkje heile byen skulle gå til grunne. Først kunne dei ikkje finne på noko, men langt om lenge sa ordføraren: "Eg synest at bykassa skal betale eigaren av løa og alt som står der inne, korn og høy og halm, og såleis halde han skadelaus. Så stikk vi eld på det heile så det fæle dyret brenn inne. Det er likevel inga meining i at nokon skal sette livet sitt til. Her er inga tid å miste, og det ville dårleg sparsemd å knipe inn på pengane her."

Dei syntest alle saman han hadde rett. Der blei altså stukke eld på løa i alle fire hjørna, og ugla fekk ein ynkeleg daude i flammane. Og den som ikkje vil tru det, kan gå av stad sjølv og spørje om det.

OPP

Kloke Else

DET VAR ein gong ein mann og ei kone som hadde ei dotter som blei kalla kloke Else. Då ho var blitt vaksen, sa faren: "Vi må sjå å få henne gift."

"Ja", svarte kona, "berre det kjem ein som vil ha henne."

Langt om lenge kom det ein friar som heitte Hans, men før han fridde, spurde han om Else verkeleg var slik eit godt hovud. "Ho er klokare enn alle vi andre til saman", sa faren, og mora la til: "Ho kan sjå vinden fare bortetter gata og høyre flugene hoste."

"Ja, for dersom ho ikkje er svært klok, vil eg ikkje ha ho", sa Hans.

Dei sette seg no til bords, og då dei hadde ete, sa mora: "Gå ned i kjellaren og hent noko øl, Else."

Kloke Else tok kruset og klapra med lokket mens ho gjekk, for at tida ikkje skulle falle ho lang. Då ho var kommen ned i kjellaren, tok ho ein stol og sette seg framfor fata for at ho ikkje skulle trenge å bøye seg. Ho gav seg så til å dreie på hanen, og mens ølet rann ned i kruset sat ho og såg seg om der nede. Då fekk ho auge på ein murhammar like over hovudet, ein som murarane hadde gløymt. "Når Hans og eg no ein gong får eit lite barn som skal hit ned og hente øl, så fell murhammaren ned i hovudet på det og slår det i hel", tenkte kloke Else og brast i gråt.

Dei andre sat der oppe og venta på ølet. Då Else ikkje kom, sende mora kokkejenta ned for å sjå kor ho blei av. Jenta gjekk ned i kjellaren, og då ho såg Else sitte gråtande framfor fatet, spurde ho kva som var i vegen.

"Eg er så ulukkeleg", svarte Else, "for når Hans og eg ein gong får eit barn og det skal ned hit og tappe øl, fell murhammaren ned i hovudet på det og slår det i hel."

"Kor klok Else er", sa jenta, og gav seg også til å gråte.

Då verken jenta eller Else kom att, sende faren tenesteguten ned for å sjå kor dei blei av. Han fann dei begge to i gråt og spurde kva som var i vegen.

"Eg er så ulukkeleg", svarte Else, "når Hans og eg ein gong får eit barn, og det skal ned hit og tappe øl, fell murhammaren ned i hovudet på det og slår det i hel."

"Kor klok Else er", sa guten og gav seg til å gråte høgt.

Oppe i stua sat dei og venta og venta. Til sist sa mannen til kona si: "Gå ned og sjå kor dei blir av."

Kona gjekk dit ned og fann alle i gråt, og spurde kva som var i vegen. Else fortalde henne kor sørgeleg det ville gå det vesle barnet hennar. "Kor klok du er", sa mora og gav seg til å gråte, ho også.

Mannen sat der oppe og blei meir og meir tørst, og til sist bestemte han seg for å gå ned sjølv. Då han kom ned i kjellaren, fekk han vite at dei gret for det barnet som Else kanskje ville få ein gong, og kanskje ville komme ned I kjellaren for å tappe øl når murhammaren fall ned. Han sa då: "Kor klok du er, Else", og gav seg til å gråte, han også.

Friaren sat lenge og venta, men til sist tenkte han: "Dei sit vel der nede og ventar på meg. Det er nok best eg går ned og ser kva dei driv på med."

Då han kom ned dit, sat alle fem og gret, den eine høgre enn den andre. "Kva er på ferde", spurde han heilt forferda.

"Å Hans", sa Ellen, "når vi ein gong får eit lite barn, og vi sender det ned hit for å hente øl, fell murhammaren ned og slår det i hel. Er det ikkje fælt?"

"Du er klok, Else", sa Hans, "og derfor vil eg også gifte meg med deg."

Deretter tok han henne i handa, og dei gjekk opp og heldt bryllaup med det same.

Då dei hadde vore gift i ei tid, sa Hans ein dag: "Eg vil gå ut og sjå å få noko arbeid, så eg kan tene nokre dalarar. Gå du ut på marka og ta til med å meie ned kornet, så vi kan få noko å bake brød av."

"Det skal eg nok, Hans", svarte Else. Då Hans var gått, kokte ho først graut og tok den med ut i marka. "Skal eg no ete eller meie først", tenkte ho då ho var kommen ut dit, "No, eg trur eg vil ete."

Så åt ho all grauten og blei stappande mett. "Skal eg no sove eller meie først", tenkte ho. "Eg trur eg vil sove." Deretter la ho seg i kornet og fall straks i søvn.

Hans hadde komme heim for lenge sidan, og då Else ikkje kom, tenkte han: "Det er ei makelaus klok kone, eg har. Ho er så flittig at ho ikkje ein gong kjem heim for å ete."

Men då det blei kveld, gjekk han ut for å sjå kva ho hadde gjort, og fann henne liggande og snorksove utan å ha meitt det minste av kornet. Då skunda han seg heim og henta eit fuglegarn med bjøller og sveipa det omkring henne utan at ho vakna. Så gjekk han heim og lét att døra og gav seg til å arbeide.

Langt om lenge vakna Else. Det var belgmørkt, og då ho famla rundt om seg for å komme opp, ringde bjøllene kvar gong ho rørde seg. Ho blei forskrekka og visste verken ut eller inn. "Er det eller er det ikkje meg", tenkte ho, men det blei ho ikkje klokare av. Ho visste ikkje kva ho skulle gjere, men endeleg rådde ho seg for å springe heim og få saka oppklart.

Då ho kom heim, var døra lukka. Ho banka på glaset og ropte: "Er Else der inne, Hans?"

"Ja, det er ho", svarte han.

"Herregud, så er det ikkje meg", tenkte ho forskrekka og sprang frå det eine huset til det andre, men ingen ville late opp når dei høyrde bjøllene ringe. Så sprang ho ut av landsbyen, og ingen veit kor ho er blitt av.

Grimm-eventyra– 
SAMLINGA
Grimm-eventyra- SLUTTBOLK

Grimm-eventyra- LITTERATUR  

Grimm-eventyra- OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Grimm-eventyr BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkeråd, tilvisingar og meir. [LENKE]
© 2001–2012, Tormod Kinnes [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKE]