![]() |
| |||||
| 13 1 31 | ||||||
|
Halmstrået, gneisten og bønnaDET VAR ein gong ei fattig kone som budde i ein liten landsby. Ein dag gjorde ho opp eld på grua for å koke seg nokre bønner. Ho stakk ei handfull halmstrå i elden for at det skulle gå fortare. Då ho rista bønnene ut i gryta, fall ein av dei ved sida av utan at ho merka det. Han kom til å ligge attmed eit halmstrå. Litt etter sprang der ein gneist ned frå elden og fall nær ved dei. "Kor kjem de frå, godtfolk", spurde halmstrået. "Gudskjelov - eg slapp ut av grua", sa gneisten, "elles var eg blitt brent til oske." "Eg må også vere glad over at eg har behalde livet", sa bønna, "dersom eg hadde hamna i gryta med kameratane mine, hadde eg blitt kokt til graut." "Og lagnaden min hadde mest ikkje blitt betre;" sa halmstrået, "den gamle tok alle brørne mine, heile tresindstyve, og kasta dei på elden. Heldigvis slapp eg frå henne og fall ned hit." "Kva skal vi gjere no?" spurde gneisten. "Eg synest vi skal halde saman for framtida", svarte bønna, "og for at vi ikkje skal bli utsett for fleire farar her, synest eg vi skal dra bort til eit framand land." Dei to andre syntest godt om forslaget, og dei gav seg straks på veg. Men då dei hadde gått eit stykke, kom dei til ein liten bekk, og då det ikkje var noka bru over, visste dei ikkje korleis dei skulle komme over. Men halmstrået fann på råd og sa: "Eg legg meg tvers over vatnet, så kan de bruke meg til bru." Dei sprang no ut i vatnet og la seg over det, og gneisten som var rask på det, gav seg nokså kjekk ut på brua. Men då han hadde komme eit lite stykke ut og høyrde korleis vatnet bruste, blei den redd og stansa og torde ikkje gå vidare. Då gjekk det eld i halmstrået; det brende tvers over, og gneisten fall kvislande ned i vatnet og drukna. Bønna som enno stod på bredda, brast i latter då den såg det, og lo så hardt at den rivna. Det hadde nok vore ute med den om det ikkje til alt hell hadde komme forbi ein skreddar. Han fekk medynk med bønna, tok fram nål og tråd og sydde den saman. Bønna takka mange gongar. Men mannen hadde sydd med svart garn, og av det kjem det at det er ei svart stripe på alle bønner.
GudfarenEin fattig mann hadde så mange barn at han allereie hadde spurt alle kjente om å vere gudfar [1], og då enda eit barn blei født, var det ingen att som han kunne be. Han visste ikkje kva han skulle gjere, og la seg derfor til å sove. Då drøymde han at han skulle gå utfor porten og bede den første han møtte å vere fadder. Då han vakna, bestemte han seg for å følge draumen og gjekk utfor porten, og bad den første han møtte om å vere fadder. Den framande gav han ei flaske med vatn og sa, "Dette er godt vatn. Du kan lækje sjuke med det. Du skal berre sjå kor dauden står. Står han ved hovudet til den sjuke, blir den sjuke frisk. Men står dauden ved føtene hans, er alt strev til inga nytte; for då lyt den sjuke døy." Frå den dagen kunne mannen alltid seie om sjuke kunne bli friske eller ikkje, blei vidgjeten for kunsten sin og tente mykje pengar. Ein gong blei han kalla til barnet til kongen. Då han kom inn, såg han dauden stod ved hovudet til barnet, og kurerte det med vatnet han hadde, og han gjorde det same ein gong til eit tid etter, men den tredje gongen stod dauden ved føtene til barnet, og då måtte barnet døy. Ein gong tenkte mannen å gjeste gudfaren og fortelje korleis det hadde gått med vatnet. Men då han kom inn i huset, var det så underleg der. Ved den innvendige trappa stod ein kost og ei og spade og krangla og slo kvarandre fælt. Han spurde: "Kor held gudfaren til?" Kosten svarte, "Ovanpå." Då han kom opp til andre etasje, såg han ein haug av daude fingrar ligge der. Han spurde: "Kvar held gudfaren til?" og ein av fingrane peika han vidare ovanpå. I tredje etasje låg ein haug med daude hovud, som viste han vidare opp i huset. I fjerde etasje såg han fiskar som steikte og bakte seg sjølve i ei steikepanne. Dei også sa "ovanpå". Då han kom til femte etasje, var det eit rom der. Han kika gjennom nøkkelhólet, og såg at gudfaren hadde eit par lange horn. Mannen opna døra og gjekk inn, og då skunda gudfaren seg i seng og dekte seg til. Mannen sa, "Gode gudfar, for eit underleg stell det er her i huset! Då eg kom inn, heldt kosten og spada på å krangle og slå kvarandre. "Nei, kor dumt", sa gudfaren. "Det var tenesteguten og tenestejenta som snakka med kvarandre." "Men i andre etasje låg det avkappa fingrar." "Det var skorsonerrøter [2]." "I tredje etasje låg det ein haug hovudskallar." "Det var kålhovud." "I fjerde etasje såg eg fisk i ei steikepanne. Dei steikte og bakte seg sjølve." Då han hadde sagt dette, kom fiskane og serverte seg sjølve for gudfaren. "Og då eg kom til femte etasje, kika eg inn gjennom nøkkelhólet i ei dør, og då såg eg Dykk, gudfar, og De hadde lange horn." "Det er sikkert ikkje sant." Men no var mannen blitt så forskrekka at han sprang ut, og kven veit kva gudfaren ville gjort med han. Ord
|
|
|
|
© 20102012, Tormod Kinnes [E-POST]. Ansvarsfråskriving: [LENKE] |