NORSK DEL, GULLVEKTA

Fuglesong for skrivande

 15 › 1 › 7 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR Fram til fuglesong og sauebrek m.m. 
– SAMLINGA

Vegen

Vinn å høyre fuglesongen

- og havbruset, sauer i enga, og anna koseleg.

IMAGE

Teksten under viser korleis ein (og annan) kan finne ein god (ut)veg (tao) for seg under eitt. Avsnitta er for det meste forma som aforismar. Det er meininga at ein gjer kunnige utval for å byggje slik ein Veg utan farar for seg og andre.

EinararOm verktøy, forhold, konfliktar og murar

Lær behageleg av vinnaråtferd, og av og til av andre si vanskelege åtferd. Den kan vere til "skrekk og åtvaring" mang ein gong.

Slå til best mogeleg når sjansen er der. Det gjeld å fram eigne, sterke sider ved forhandlingsbordet og ofte elles også.

ToararAv og til må ein nøye seg med den taletida ein får

Det glupe ikkje å takle vanskelege spørsmål og problem, men heller å avverje og løyse dei før dei blir tunge å bere og handtere. "Den verkeleg kloke løyser ingen store problem, han tok hand om dei då dei var små," heiter dei i Tao Te Ching.

Ein gjer jamt vel i å førebu seg på noko som verkar ille, om ikkje verst, og så gjere slikt som skal til for at det neppe hender eller ikkje hender. Byggjer ein huset for svakt, utan å førebu det på stormar, snøfall og mykje væte, til dømes, kan det går fælt for seg før eller sia.

Ein kan også handtere uventa endringar ved å byggje inn ekstra tid og ekstra rom for slikt. Den halvnorma er hendig.

Sjå om du kan finne ut kva og kven det er som hindrar deg i å styre tida di til eigen føremonn vidt og breitt, og sjå i kva grad du kan gjere noko med det. Å høyre fager fuglesong og lukte blomar høyrer med til fine opplevingar, og er altså viktig. Å arbeide fram bra livskvalitet ligg i dette.

Tenk over i kva grad du blir manipulert og forma til berre konsument, og dermed avhengig, lite sjølvhjelpt. ◊

Betre å ha fridom til "bør" enn "må", og betre enn "bør" er "får" som løyve og fridom.

Der ein er grei mot andre med diverse motiv under det, kan forholda kallast manipulerande og manipulerte.

Ein bør helst ikkje selje arbeidskraft, tid og innsatsvilje til kven som helst, men lære å vurdere forhold under overflatene også. Når til dømes ein eller annan offentleg etat går inn for haldningskampanje med stivt kommersielt utforma plakatar som "Vi trivast forferdeleg på arbeidsplassen / i utkanten" eller "Politiet hjelpe deg!" viser det til eit temmeleg stort behov for at forholda blir likare. Var alt i orden, trong ein jo ikkje ganske lausrivne eller sjukelege fasadeåtgjerder.

Det gjeld å ha hjertet med i det ein skriv også.

TreararTenk 'tja' vidt og breitt for å gagne deg sjølv

Lær om råd av erfarne konfliktløysarar. Kven er erfarne? Somme har lest seg til kompetanse, andre har opplevd og blitt erfarne, røynde. "Av skade blir ein klok". Det finst også eit anna vink: "Den som kan, gjer. Den som ikkje kan, underviser." Eller kan hende han går til filmlivet.

I dag legg teknologi mange av premissane for arbeidet, og i tillegg kjem ulike praktisk gaidar for enkle tilfelle. Saka er nok at i vesten har maskintilpassinga vunne. Ein ser det ved å sjå kva ein kan få utretta utan slik hjelp. Det er ikkje meir slik at "verktøy er halve verket", som ordspråket seier, men heller nittifem prosent av det.

Midt oppi dette som breier seg og sia utbytter jorda meir enn vi og dyr og plantar og jordsmonn toler, kan ein for så vidt meine at a tale distinkt - klart og tydeleg - kan gjere stor forskjell, like eins å lære å puste djupt og behageleg før ein taler.

Lytt til hjertet, det indre i deg. Det er derfor du har det og er det, alt etter som, og ha hjernen med i praktiske, konkrete utformingar av "slikt som hjertet (ditt indre) velsignar". MM

Skap gjerne ein "vinn-vinn-situasjon" mellom menneske; slikt kan komme godt med.

Det lønner seg jamt å ha så god opplæring og trening at ein ikkje gjer dyre og flaue feil, og dessutan veit å styre unna farer, snublefeller og djupare feller.

Når det gjeld kontroll over tida, er "ikkje over evne" eit ord å ta med, så ein ikkje blir slave av organisering. Det finst mykje anna og høgare i livet enn det.

Noter deg Peter-prinsippet, "I eitkvart hierarki tenderer kvart individ mot å stige til sitt inkompetansenivå" (In any hierarchy, every individual tends to rise to his level of incompetence) - Lawrence J. Peter (1919 -). (8)

Resymé

IN SUM
  1. La det som kan hjelpe deg, hjelpe deg - både verktøy, forhold, konfliktar, murar og anna. Gå forbi det som ikkje kan hjelpe deg og formar framtida til slavar - verktøy, forhold, konfliktar, murar og anna.
  2. Av og til må ein nøye seg med å vere skrivefør og talefør.
  3. Tenk 'tja' vidt og breitt om litt av kvart, for å unngå å bli gjort underleg.
IN NUCEKonfliktar som ikkje hjelper deg, må du nøye deg med å unngå, helst . . .

Fram til fuglesong og sauebrek m.m. 
– SAMLINGA
Fram til fuglesong og sauebrek m.m. - SLUTTBOLK

Fram til fuglesong og sauebrek m.m. - LITTERATUR  

Om det kanskje ikkje går å høyre fuglar i hagen heile dagen eller året, kan ein kjøpe natur-lyder på CD-ar eller annleis, f.eks. gjennom Amazon.co.uk. Tre tips:

Ron Kettle, Richard Ranft. "British Bird Sounds on CD: The Definitive Audio Guide to Birds in Britain". British Library Publishing Division, 2006.

Nature sounds. "The Sound of Birdsong". Music Digital, 2008. Utdrag her:
www.amazon.co.uk/Sound-Birdsong-Field-Recordings/dp/B00140GXB0/ref=pd_sim_b_3

Birdsong. "Birdsong in Britain". Wildsong, 2002.



Fram til fuglesong og sauebrek m.m. - OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Fram til fuglesong og sauebrek m.m. BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, tilvisingar og meir. [LENKJE]
© 2003–2011, Tormod Kinnes [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]