![]() |
Dei vanlegaste orda på norsk | |||||
| 15 1 7 | ||||||
|
Dei vanlegaste orda på norskNedafor står "dei fem hundre vanlegaste orda" i norsk. Men somme av "orda" viser seg å vere tal, somme er einskilde bokstavar, og lista er blitt nokre år gammal og kanskje ikkje heilt up to date, i så fall. Men ein får hjelpe seg med det som ligg føre. Nynorske omsetjingar er sette til av meg. Dei kan godt takast i bruk i språklæring for mange. Oversynet kjem frå ei undersøking som blei gjort i regi av Universitetet i Bergen, og kviler på tekstar frå romaner og aviser. Dei to hundre vanlegaste orda står til venstre, og kva dei heiter på nynorsk er lagt til bak dei, til høgre. Desse orda er det godt å lære seg godt og grundig, sia dei er sentralt ordtilfang, nettopp slike ord som truleg fyller minst halvparten av vanlege samtalar. Det er ikkje urimeleg å tenkje dette, for dei hundre vanlegaste orda i engelsk fyller femti prosent av vanlege samtalar på engelsk, fortel briten Tony Buzan i Using Your Memory. Her er dei engelske orda - og dei tilsvarer ganske bra dei vanlegaste på norsk: [◦Lenkje] Kan ein kjerneorda, har ein dessutan fått ein snarveg til å fatte kva innfødte (natives) seier, og har "hugseknaggar" som kan hjelpe vidare tileigning (læring). Det setter folk ofte pris på. Når ein ser nærare inn i materialet, finn ein slike interessante ting som at ordet Bergen (nr. 124) slepper oftare til i media enn både Norge (162) og namnet på hovudstaden (165). Dessutan får lista fram kva for ord det gjer godt å satse på å lære først og fremst for å skrive hovudforms-nynorsk. I det mest sentrale ordtilfanget på rundt hundre ord, er det berre rundt tretti bokmålsord ord som skil seg frå dei nynorske, og skilnadene er slett ikkje store i forhold til likskapane. Det er ganske enkelt å lære dei sentrale orda frå lister som dette. LæringsprogramTa for eksempel tjue ord dagleg, og lær dei "begge vegar", så du kan dei både på bokmål og nynorsk. Når du har streva med å lære dei utanboks slik og kan seie dei fram heilt rett etter ei læringsøkt som ikkje skal vere lei, har du berre lært dei så vidt. No kan du gjere noko for å motverke gløymsle. Først kan du overlære dei tjue daglege orda dine: Rundt 25 % overlæring kan treffe godt. Det vil seie: Treng du 13 repetisjonar for å lære inn orda i lista di, går du gjennom dei 3-4 gonger til på rappen, rett etter at du har lært dei. Du kan godt få ein annan til å hjelpe deg slik, så lenge læringsarbeidet ikkje er skam, men snarare tung underhaldning og slikt. Så er tida inne til å repetere bra og bruke det du har lært. Du kan godt mumle for deg sjølv. Det kan hjelpe, sia det hjelper å bruke orda! Ein gjer godt om ein friskar opp att dagens nye ord same kveld, og neste dag, og ei halv veke etter, ei veke etter det, og ein månad etter det, og så nokre månader etter det - så kan ein ganske mange, fordi ein har fått mykje over i langtidsminnet (LTM). Sats dernest også på å få læraren til å bruke dei første ti minutta av kvar time til repetisjon av pedagogiske grunnar. Det kan bli den best nytta tida i heile lærargjerninga hennar. For det syner seg at det lærast best når opptil 80 % av innlæringa består av repetisjon. Francis Robinson, professor ved Ohio University, publiserte i 1970 at studentar får mest utbytte av studiet når om lag 80 prosent av tida blir brukt til memorering (innprenting). Ein givande læringsmetode som utnyttar det, kan du lese litt meir om her, og på engelsk her. Det finst altså alternativ til å gå og vere lei deg. Benjamin Bloom og andre har også funne at den som får gå fram i sitt eige tempo og meistre materialet sitt i eiga fart, kan lære gromt. Det er laga eit opplegg for det: meistringslæring. Mastery learning heiter det på engelsk. Her har du fått del i kva slags læringsarbeid som kan hjelpe med nokså lite innsats: (a) overlæring, (b) repetisjonar som er tilpassa korleis gløymsla fungerer, for å motverke nettopp det, og (c) meistringslæring, der ein setter oppnåelege mål og får gå fram i sitt eige tempo, først og fremst så det er behageleg. Det skal ikkje vere vondt å lære.
Men . . .Frå 1. august 2012 skal nye normer og former innan nynorsk gjelde. Klaus Johan Myrvoll, som er stipendiat i norrøn filologi ved Universitetet i Oslo, meiner at "2012-nynorsken" kjem til å bli meir flokete og rotete enn nynorsken vi har no. Han gir eit døme:
Til dette: "Lær fleksibilitet med nynorsk!" Det finst andre måtar å ta det på også. Dult: "Tenkt iallfall positivt og så det sit." [2] Ord ein støyter på ofte, bør ein meistreDet finst vel fleire omsetjingsord enn dei som er med. Lista er ikkje uttømmande; eg har gjort eit utval ifrå hovudformer ut frå ganske vanlege samanhengane bokmålsorda står i. Men det finst enkelte sjeldnare omsetjingar som ikkje er med. Ord med feit skrift skil seg frå tilsvarande bokmålsord. Ord med (s) bak er substantiv i ei eller anna form, og ord med (v) bak er verb i eikor form. 1. og og 2. i i 3. det det 4. på på 5. som som 6. er er 7. en ein 8. til til 9. å å 10. han han 11. av av 12. for for 13. med med 14. at at 15. var var 16. de dei og dykk 17. ikke ikkje 18. den den 19. har har 20. jeg eg 21. om om 22. et eit 23. men men 24. så så 25. seg seg 26. hun ho 27. hadde hadde 28. fra frå 29. vi vi 30. du du 31. kan kan 32. da då, da 33. ble blei 34. ut ut 35. skal skal 36. vil vil 37. ham han og honom 38. etter etter 39. over over 40. ved ved 41. også også, òg 42. bare berre 43. eller eller 44. sa sa 45. nå no og nå (verb) 46. dette dette 47. noe noko 48. være vere 49. meg meg 50. mot mot 51. opp opp 52. der der 53. når når 54. inn inn 55. dem dei 56. kunne kunne 57. andre andre 58. blir blir 59. alle alle 60. noen nokon, nokre 61. sin sin 62. ha ha 63. år år 64. henne henne, ho 65. må må 66. selv sjølv 67. sier seier 68. få få 69. kom kom 70. denne denne 71. enn enn 72. to to 73. hans hans 74. bli bli 75. ville ville 76. før før 77. vært vore 78. skulle skulle 79. går går 80. her her 81. slik slik 82. gikk gjekk 83. mer meir 84. hva kva 85. igjen igjen 86. fikk fekk 87. man ein (o.a.) 88. alt alt 89. mange mange 90. dash (engelsk innlån, ikkje normert: tankestrek, klatt, skvett) 91. ingen ingen 92. får får, sauer 93. oss oss 94. hvor kor, kvar, der (som) 95. under under 96. siden sidan, sia sida 97. hele heile 98. dag dag 99. gang gong 100. sammen saman 101. ned ned 102. kommer kjem 103. sine sine 104. deg deg 105. se sjå 106. første første, fyrste 107. godt godt 108. mellom mellom 109. måtte måtte 110. gå gå 111. helt heilt, (ein) helt 112. litt litt 113. nok nok 114. store store 115. aldri aldri 116. ta ta 117. sig sig 118. uten utan 119. ho ho 120. kanskje kanskje, kan hende 121. blitt blitt 122. ser ser 123. hvis dersom, om, i fall, viss 124. Bergen Bergen 125. sitt sitt 126. jo jo, jau 127. vel vel 128. si si, seie 129. vet veit 130. hennes hennar, hennes 131. min min 132. tre tre 133. ja ja 134. samme same 135. mye mykje 136. nye nye 137. tok tok 138. gjøre gjere 139. disse desse 140. siste siste 141. tid tid 142. rundt rundt 143. tilbake tilbake, attende, att 144. mens mens 145. satt sat, satt (sindig, roleg, fast, moden) 146. flere fleire 147. folk folk 149. fordi fordi, for di, av di 150. både både 151. la la, late 152. gjennom gjennom 153. fått fått 154. like like 155. nei nei 156. annet anna 157. komme kome 158. kroner kroner 159. gjorde gjorde 160. hvordan korleis 162. Norge Noreg 163. norske norske 164. gjør gjer 165. Oslo Oslo 166. står står 167. stor stor 168. gamle gamle 169. langt langt 170. annen annan 171. sett sett 172. først først, fyrst 173. mener meiner 174. hver kvar 175. barn barn 176. rett rett 177. ny ny 178. tatt teke 179. derfor derfor, difor 180. fram fram 181. hos hos 182. heller heller 183. lenge lenge 184. alltid alltid 185. tror trur 186. nesten nesten 187. mann mann 188. gi gi, gje 189. god god 190. lå låg 191. blant blant 192. norsk norsk 193. gjort gjort 194. visste visste 195. bak bak 196. tar tek 197. liv liv 198. mennesker menneske 199. frem fram 200. bort bort 201. ein ein 202. verden verd, verda 203. deres deira, dykkar 204. ikkje ikkje 205. 000 000 206. tiden tida 207. del del 208. vår vår 209. mest mest 210. eneste einaste 211. likevel likevel 212. hatt hatt 213. dei dei 214. tidligere tidlegare 215. fire fire 216. liten liten 217. hvorfor korfor, kvifor 218. tenkte tenkte 219. hverandre kvarandre 220. holdt heldt 221. bedre betre 222. meget mykje, svært 223. ting ting 224. lite lite 225. 3 3 226. stod stod 227. ei ei 228. hvert kvart 229. begynte byrja, tok til, begynte 230. gir gir, gjev 231. ligger ligg 232. grunn grunn 233. dere de 234. livet livet 235. a a 236. sagt sagt 237. land land 238. 4 4 239. kommet komme, kome 240. e e 241. neste neste 242. far far 243. efter etter 244. egen egen (adj, adv.), eigen 245. side side 246. gått gått 247. mor mor 248. ute ute 249. videre vidare 250. 5 5 251. millioner millionar 252. prosent prosent 253. svarte svara, svarde, ell. svarte (farge) 254. sto stod 255. begge begge, båe 256. allerede allereie, alt 257. inne inne 258. finne finne 259. enda enda 260. hjem heim 261. foran føre, framfor, framanfor 262. måte måte 263. 10 10 264. mannen mannen 265. dagen dagen 266. hodet hovudet 267. saken saka 268. ganger gonger 269. kjente kjende, kjente (adv.) 270. stort stort 271. blev blei 272. mindre mindre 273. 20 20 274. landet landet, landa (verb, fortid) 275. byen byen 276. plass plass 277. kveld kveld 278. ord ord 279. øynene auga 280. fem fem 281. større større 282. gode gode 283. nu no 284. synes synest 285. beste beste 286. kvinner kvinner 287. ett eitt 288. satte sette 289. hvem kven 290. all all 291. 9 9 292. klart klart, klårt 293. holde halde 294. ofte ofte 295. stille stille 296. spurte spurde 297. lenger lenger 298. sted stad 299. dager dagar 300. mulig mogleg, muleg, mogeleg 301. utenfor utafor, utanfor 302. små små 303. frå frå 304. nytt nytt 305. slike slike 306. viser viser, visar (s) 307. 30 30 308. mig meg, mig (urin, piss) 309. kjenner kjenner, kjennar (s) 310. samtidig samtidig 311. senere seinare 312. særlig særleg 313. våre våre 314. akkurat akkurat 315. menn menn 316. hørte høyrde 317. mdash lang tankestrek (typografisk) 318. arbeidet arbeidde, arbeidet (s) 319. altså altså 320. par par 321. din din 322. unge unge 323. n n 324. borte borte 325. plutselig brått, med eitt, plutseleg 326. fant fann, fant (s) 327. fast fast 328. kunde kunde 329. snart snart 330. svært svært 331. fall fall 332. vei veg 333. bergens bergens 334. dessuten dessutan 335. forhold forhold 336. gjerne gjerne 337. snakket snakka, snakket (s) 338. foto foto 339. 6 6 340. snakke snakke 341. bør bør 342. dersom dersom, om, viss, i fall 343. imidlertid likevel, men 344. lett lett 345. tenke tenkje 346. gud gud 347. tro tru 348. 15 15 349. jan jan 350. gitt gitt, gjeve 351. penger pengar 352. egentlig eigenleg, eigentleg 353. mitt mitt 354. ønsker ønske (s), ønskjer (v) 355. ansiktet ansiktet, andletet, fjeset, fleisen 356. kl kl. 357. dermed dermed 358. 00 00 359. slo slo 360. 12 12 361. politiet politiet 362. faren faren 363. eit eit 364. bra bra 365. je dialektord, som ej, æ, æg, e, i, eg, osb. 366. sitter sit 367. sikkert sikkert 368. vite vite, vete 369. full full 370. lille vesle 371. 18 18 372. glad glad 373. fleste fleste 374. slutt slutt 375. ene eine 376. mine mine 377. gjelder gjeld, gjelder (kastrerer) 378. lagt lagt 379. virkelig verkeleg 380. laget laget (s), laga (v) 381. alene aleine 382. ennå enno 383. lang lang 384. ganske ganske 385. johan johan 386. omkring omkring, ikring 387. hjemme heime 388. vårt vårt 389. vanskelig vanskeleg 390. arne arne 391. gammel gammal 392. skulde skulde 393. tidende tidend 394. riktig riktig, rett 395. huset huset (s), husa (v), huste (v) 396. følte følte, kjende 397. møte møte 398. lørdag laurdag 399. klar klar, klår 400. m m 401. kort kort 402. viktig viktig 403. ellers elles 404. minst minst 405. fortsatt framleis, enno 406. op op 407. veien vegen 408. seier (nyn. og bm) seier, siger 409. mål mål 410. kjent kjend, kjent 411. slags slags 412. frode frode 413. 8 8 414. 7 7 415. stund stund 416. arbeid arbeid 417. finnes finst 418. ingenting ingenting 419. lange lange 420. gangen gongen 421. stå stå 422. lot lét 423. rekke rekkje, rekkep class="i"> 424. redd redd 425. høre høyre 426. vilde ville 427. ga gav 428. ti ti 429. forteller fortel, forteljar 430. overfor overfor 431. stadig stadig 432. burde burde 433. visst visst 434. syntes syntest 435. fjor fjor 436. sette setje 437. funnet funnet (s), funne 438. hjelp hjelp 439. største største 440. løpet løpet, laupet 441. meter meter 442. norges noregs 443. hånden handa 444. spørsmål spørsmål 445. s s 446. mente meinte, men også (ha i) mente 447. søndag søndag 448. f f 449. følge følgje 450. fremdeles framleis, enno 451. imot imot 452. 11 11 453. hus hus 454. kvinne kvinne 455. ventet venta 456. reiste reiste 457. hendene hendene 458. trodde trudde 459. usa USA 460. legger legg (v), leggar (s) 461. viste viste 462. regjeringen regjeringa 463. eg eg 464. årene årene (kar, reiskap til å ro med, o.a.), åra 465. eksempel eksempel, døme 466. tenkt tenkt 467. ole Ole 468. slikt slikt 469. erik erik 470. moren mora 471. holder held, haldar (s) 472. seks seks 473. tenker tenkjer (v), tenkjar (s) 474. 19 19 475. stedet staden 476. tillegg tillegg 477. helst helst 478. bruke bruke 479. skolen skolen, skulen 480. kampen kampen 481. nettopp nettopp 482. døren døra 483. egne eigne 484. eget eige 485. sterkt sterkt 486. betyr betyr, vil seie, tyder, inneber o.a. 487. vant vann (v), vand (erfaren), vant 488. enkelte enkelte, somme 489. nærmere nær(m)are 490. hvad kva (og som) 491. 50 50 492. dårlig dårleg 493. per per 494. trenger treng 495. menneske menneske 496. måten måten 497. vise vise, syne 498. oppe oppe 499. finner finn (v), finnar (s) 500. legge leggje
|
|
© 20102012, Tormod Kinnes [E-POST]. Ansvarsfråskriving: [LENKJE] |