Norsk del, Gullvekta
Nokre skriveråd
Seksjon › 7 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Det finst mange hundre velkomne standardar for språkforming. Mange er kjekke å kunne.

Det høver vel å sondere grundig kva "terrenget" toler før ein gir seg i kast med noko godt og vel. Er ikkje omgivnadane førsteklasses, tillet dei sjeldan førsteklasses utputt - Ein lyt ofte passe måten. Endatil hippiar passar hippiemåten. Eit godt råd er å avpasse så alt kan kallast rett og bra nok iallfall.

Kunsten å skrive danna er det elles mogeleg å lære bit for bit når ein blir gammal nok til slikt.

❦❦❦❦

Første tekststykke

Fyndig, sirleg, forsvarleg og kunnig nok kan gå godt, får vi håpe.

EinararNormen nærmar seg "så lite som mogeleg" på ein av to måtar

Der forholda tillet det, høver tydeleg bodskap ved klart og gjerne enkelt språk. [A B]

"Greitt språk"-tekstar har logisk oppbygging, layout som er lesevennleg, og bruker korte setningar.

Ver så personleg som samanhengen tillet.

Gjer deg klar til bruk aller først. Jamt over er det slik at dei som har noko å seie, blir brukte, kanskje oppbrukte (nedslitne og utslitne) som følge.

Kanskje er psykoanalytiske overlegg nyttige til å skjøne kva som kan ligge attom kansellistil og småborgarfortrengingar og -draumar i spann på ein eller annan måte: Skal klart og godt språk vinne fram, lyt ein kanskje førebygge nevrotisk tilgjersle og halde den vekke frå seg i den grad det er råd, før klarspråket kan skine fram som sola. [N]

Når ein skal skrive om eit emne er det dessutan viktig å skilje mellom den utviklinga ein ser som den mest ønskelege og den ein held for å vere den mest sannsynlege, skriv Arne Torp. [J]

TO TOP

Andre tekststykke

EinararInnfløkt og dårleg språk vitnar berre sjeldan om gode organiseringevner

Det legalt korrekte kan og bør uttrykkast klart. Det viser forsking.

Opplagt engelsk (plain English) er klart og likefram uttrykt og bruker ikkje fleire ord enn tiltrengt. Det er ei språkform som unngår dunkle vendingar, oppblåst snikksnakk og snirklete, innfløkt setningsoppbygging. Det er ikkje babysnakk, heller ikkje ein forenkle versjon av Engelsk. Dei som skriv opplagt engelsk, lar publikum samle seg om bodskapen og ikkje bli forstyrra av innfløkt språk. Dei forvissar seg om at publikum forstår bodskapen lett. Alt dette går fram av den australske professor Robert Eaglesons definisjon av 'Plain English'. [N L M]

Kva med å tale som ein sprintar kloss etter løpet? Det blir jo helst i mindre bitar og korte setningar, som høver somtid - i visse meldingar - men slett ikkje alltid.

Klar tekst, effektivt organisert og tiltalande presentasjon er nøklar til å skape leselege, informative tekstar. I fall du lyt bruke eit fagord, så definer det eller gi eit døme. (C F)

Gå inn for å få vennleg feedback, for å få merknader og gratis feedback til tekstar som lèt til å komme til kort og kanskje mislykkast - Betre er nok å skrive godt nok ifrå starten av. [Jf. E H C]

Skikka layout gjer tekstar lettare å lese, slik at lesande lettare kan finne informasjonen dei leitar etter. Gå dermed inn for probat innhald, tydeleg struktur, tydleg samanheng, tiltalande utforming og nok hjelp til lesande så dei finn det vesentlege, rår Barbro Ehrenberg-Sundin. [Cf. L and M]

"Tigg" minst råd om merksemd dersom du klarer det. Markskrikarsk skriving er neppe godt nok. Hald deg heller til det vesentlege innhaldet utan å overdrive. [B N]

Sett samandratte ord (akronym) i parentes første gongen du bruker heile ordet som akronymet er forma ifrå. Derifrå kan du bruke akronymet i resten av teksten din. Og når du er i tvil, skriv heile ordet, ikkje samandraginga. [N, F]

La iallfall hovudorda gli vel og stå godt i lag til kvarandre - lytt velvald gjennom verket etterpå. [N]

Forkortingar - det er ikkje alle som er stø i dei, og vis omsyn nok til slike lesarar. Brukt gjerne ord og vendingar som du veit velvillige lesarar forstår, og bruk flittig det som dansken kallar snilde; det er "førleik", dugleik, skill. [N B]

ToararLa dei som teksten er mynta på, fortelje deg korleis dei tar han, om dei bryr seg om å gagne deg

Unngå lange strengar av samanklumpa substantiv og innfløkte vendingar i fall du kan tenke deg dei gjer det ekstra vanskeleg for lesaren. Ordstrengar og ordklumpar manglar bindeord som av, for, om, i og genitivs-s. Ved det mister ein signal om korleis orda i "ordklynger" står i forhold til kvarandre.

Ein kan godt teste kor godt ein skriv: Finn nokon av dei som teksten din er mynta på, og la dei sjå gjennom den så formelt som du eller forholda tillet og du har råd til. (1) Liker dei å lese teksten, og kor godt i så fall? (2) Skjøner dei det du skriv? (3) Framfor alt, kan dei dra nytte av det? [Jf. F G]

  1. Innfløkt og dårleg språk vitnar berre sjeldan om gode organiseringevner.
  2. La dei som teksten er mynta på, få sleppe til og fortelje deg korleis dei tar han om dei bryr seg om å gagne deg.
Dårleg språk og knot kan kanskje fortelje eitkvart om deg og forholda du er midt i.

TO TOP

Veg

Tredje tekststykke

EinararTaktfulle har slike standardar - og å halde standardar krev at ein er sterk nok til det

Det gjeld å kommunisere med omhug, og i den gata kan ein vurdere å (1) fjerne lita skrift; (2) skrive om noko så det blir lettare å skjøne; (3) nå opp til ein eller annan godkjent standard. Mange slike finn ein i stilguidar, style guides, som Chicago Manual of Style, CMS. Det finst fleire andre. [Cf. L]

Ha "innebygd" å forme probate, enkle setningar (høvelege periodar) frå starten, i tråd med råda for mellom annan plain English av Martin Cutts. Juster så setningane dine,

  • i gjennomsnitt har kanskje 15-20 ord;
  • har mange aktive verb framfor passive verb;
  • nyttar kvardagsspråk;
  • nyttar ord som "du" og "vi" framfor meir tungvinte, bombastiske og veldig upersonlege;
  • er konsis, stringent;
  • er klar og oversiktleg, har hjelpande overskrifter med eit eller anna høveleg, konsekvent system bak;
  • har god skriftstorleik (fontstorleik 12 er heller vanleg) og tydeleg skrift;
  • har ei hjelpande linjebreidde, f.eks. rundt 7 - 12 ord;
  • har logisk framdrift om det skal vere slikt i saka di. [H]

Eit eller anna språksertifikat kan vere bra å få med seg, eller noko tilsvarande, som god språkfagutdanning. [Cf. I]

Unngå bråmodne sjargonguttrykk og kjepphestar. Vurder i kva grad det du skriv, skal nå folk som ikkje lese så mykje og ikkje tar seg tid til å lese fagkunning heller. (Slike dugleikar kan godt trenast opp; det finst bøker og kurs om slikt også.) [Cf. A. B and L and G and C]

Greileg språk skal kunne spare tid, strev og pengar. Skriv på, nivåa som er jamt godtatt av målgrupper du vender deg til frå den eine teksten til den andre, og vurder i kva grad det er rett at "Det trengst ein som er kunnig til å dra kjensel på kunnig språkforming hos hine."

Har du fleire ting på hjartet, så sei ein ting om gongen i den beste rekkefølga du klarer. Ein god tekst verkar naturleg og inntil sjølvsagt, nemner Marika Tandefelt. Ho er professor i svensk. Det kan hjelpe å dele inn teksten i stykke for å ordne poenga - det er, samle tankar som høyrer saman på ein måte og finne ei grei rekkefølge for dei. [N Cf. B. K N]

Kommenter velfundert og skikka der det er råd, i fall du blir bedt om det. [N og N]

Klart og enkelt språk handlar altså om å bli forstått, meiner Barbro Ehrenberg-Sundin, språkekspert i det svenske Regeringskansliet. [N M]

ToararDet gjer ofte godt å tenke og organisere poenga i forkant av skrivinga

Stå på for den grepa, helst konkrete nok uttrykksmåten. Sov gjerne på materialet eit par dagar for å få klokast mogelege tankar; slikt gjer forskarar også. Tenk godt på kva for lesar du skriv for som venn. Det høver til vanleg å skrive om att og betre tekstdelar som ikkje er lødige. [N G]

TreararGod orden, god rekkefølge og heilt bein mentalt kan vel hjelpe somtid

Der det du skal skrive krev meir av deg enn hallo og det der, kan du først skrive notatar med fakta i notisblokk eller på kort, med meir, og planlegg kva du treng å seie og i kva for rekkefølge. Med PC kan ein elles omorganisere stykka sine og setningane sine - det er eit grepa hjelpemiddel.

Her skal eg nemne noko meir om "stykke". Det tilsvarar det engelske ordet section, og er eininga midt mellom avsnitt og kapittel, grovt sagt. Eit kapittel har fleire stykke i seg, og stykke kan ha understykke, og avsnitt og setningar går gjennom alle. Det finst bøker om akademisk skriving for slikt også . . . kokebokoppskrifter om korleis ein legg fram poenga sine i avsnitt og organiserer i stykke, introduserer og underbygg tankar og oppsummerer for kvart avsnitt. Det er éin måte å skrive på. [N B]

Det saka gjeld, jamt over, er å te seg rimeleg og høveleg i kontaktfeltet sitt.

Samandrag

I sum
  1. Å halde seg taktfull eller konsekvent kan krevje standardar og mykje styrke mentalt.
  2. Tenk gjennom somt før skrivinga, viss du held det ut.
  3. God orden hjelper somt, og PC-en kan fungere som eit glimrande hjelpemiddel; det kjem an på støttande program med meir.

In nuce Taktfull tenking og god orden skulle gagne i somt der det krevst at ein avpassar eit og anna.

Innhald


Nynorsk, klarspråk, enkel språkføring, skrivetips, Litteratur  

At lenker forsvinn etter kvart, er eit problem for den som bruker Internett til tilvisingar. Men kanskje Internet Archive Wayback Machine har lagra sida som forsvann. Det kan godt hende.

  1. ◦White House Memorandum on Plain English
  2. ◦Den svenske regjeringa rundt "klarspråk"
  3. Introducing Plain Language
  4. ◦Om adekvat språk (svensk)
  5. ◦Plain English Campaign (English)
  6. ◦Plain Train: Appropriate words
  7. ◦Plain Train: Testing
  8. ◦Plain Train: Crystal Mark - an avenue
  9. ◦Plain Train: Using appropriate words
  10. Torp, Arne 1997: "Hvor går bokmålet i framtida?" - i Språknytt nr. 1, 1997
  11. ◦Skrivkonsten (svensk)
  12. ◦ Plain English: Editing
  13. ◦Svensk kamp mot "gobbledygook" og sånt

Lagt til


Nynorsk, klarspråk, enkel språkføring, skrivetips, opp Seksjon Sett Neste

Nynorsk, klarspråk, enkel språkføring, skrivetips BRUKARGAID: [Lenke]
© 1999–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]