Norsk del, Gullvekta
Homøopati og blomstermedisin
Seksjon › 5 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Homøopati og blomstermedisin

Utgangspunktet er ei religionshistorisk hovudfagsavhandling av Grethe Sogn Heggland.

Lause omgrep kan fostre problem

Om korleis vi kan takle mangslungne omgrep og ulike praksisar til slutt

Homøopati og blomstermedisin
Hundegras, Dactylis glomerata

Grethe Sogn Heggland har skrive ei religionshistorisk avhandling om naturmedisin (2000). Det er mange måtar å studere naturmedisin på, mange innfallsvinklar også. Ho fokuserer mest på homøopati og den britiske legen Edward Bach sin blomstermedisin. I avhandlinga legg ho fram element frå naturmedisin, fortel noko rundt grunnleggarane av homøopati og Bachs blomstermedisin, om litteratur og prinsipp for læking i dei krinsane, og litt av kvart anna. Ho har fokus på å samanlikne visse sider ved homøopatien og blomstermedisinen med religiøse ytringar og verksemder. Det har både fordelar og veikskapar. Tre veikskapar ved avhandlinga hennar er:

  1. Ho bruker det uklare uttrykket "alternativ medisin" vel mykje, for det er eit mangslunge omgrep som femner over eit mangfald av ulike behandlingstilbod; det er eit "hummar og kanari"-felt" med likt og ulikt. I det feltet finn vi ulike skolar og retningar som er meir eller mindre sjølvstendige system, som homøopatien. Slik Heggland ofte nyttar omgrepet, kjem ho ofte til å skjere mange ulike alternative tilbod over same kam av di dette omgrepet hennar ikkje er godt avklara og nyansert.
  2. Ho gjer det same mot "New Age". Det omgrepet er også mangslunge, ofte uklart forstått, og kanskje ikkje så veldig interessant for folk flest meir, syner Encyclopedia Britannica ved "By the mid-1990s, it was evident that the movement was dying". [EB, "New Age"].
  3. Ho drar inn religionsdefinisjonar som kan verke mindre sentrale under eitt i forhold til det homøopati og blomstermedisin er i og for seg.

Heggland vurderer sider ved homøopati og Dr. Bachs blomstermedisin i lys av religionsomgrep. Det er sider ved dei to terapiformene som gir tru spelerom, men slik tru krevst ikkje for forsvarleg behandling. Der heiter det at midla frå dei to terapiformene gagnar i seg sjølve, og uavhengig av "tvil, tru, suggesjon eller tilfelle" (placeboverknader, narreverknader). Slikt kan etterprøvast ved godkjent forskingsdesign og -metodikk. Det er ikkje vanskeleg. Somme strevar med det innan vanleg medisin - forskar og etterprøver etter vitskapelege design med meir, enda om dei nok ikkje er fleirtalet. Tvert imot. Encyclopedia Britannica definerer iallfall medisin som vitskap - og som praksis. [EB, "medicine"]

Når dette er framheva, høyrer det også med å nemne at kjekk tru, humor, positivt sinnelag og gode tankar kan hjelpe mykje. Det lyt ein ikkje knipse vekk, men alliere seg med som det høver. Det syner nyare og litt eldre undersøkingar av til dømes kreftpasientar. Å alliere seg med psykosomatiske effektar kom professor Olof Lindahl (1979) til var ein grei og forsøksvis veg å prøve;. Det ein kallar placeboeffektar kan også vere sterke. I somme studiar syner det seg at sukker kan hjelpe like mykje mot depresjon som lykkepiller, til dømes. I forsking over verknadane av medisinar, tar ein omsyn til placeboeffekten. Opptil 70% av betringar kan bli tilskrivne placeboeffekten, seier Lindahl og andre med han. Så tru er ikkje noko vonde - men kan vere ein ressurs. Ein kan nytte den vel eller la det vere. Eit verksamt middel hjelper utan placeboeffekten, men i praktisk bruk er det ikkje noko enten-eller, heller eit både-og i dette. [Lykkepillen]

Naturmedisin kjem ofte inn som komplementær, utfyllande medisinutøving. I utlandet er mange homøopatar legar, til dømes. Medisin strevar etter å vere vitskapeleg, men har også i seg element frå gammal praksis som ikkje er etterprøvde, og kan også bere i seg ein viss grad av kunst innan utøvinga. Så også innan naturmedisin, der vitskapeleg stringens kan mangle på fleire felt, og metodikken vere tvilsam også.

Alt i alt er det det vitskaplege som ber medisinen fram i våre dagar. Det skal vere forskjell på vitskap og tru. Grunnvitskapen sine teoriar og metodar kan ein etterprøve ut frå "verkar slike middel, så kan ein få fram mål (målingar) på i kva grad og under kva for forhold". Dette gjeld for utprøving av homøopatiske middel også. Både homøopati og blomstermedisin har sine ulike former for praksis, men det er ut frå vel skikka praksis eitkvart seiast å verke, ikkje ut frå tru, tilfelle, suggesjon og eventuelt "anna fanteri" (placeboeffektane) aleine.

Ein skal skilje mellom ulike former for naturmedisin. Når det gjeld homøopati, er det mykje som treng å bli avklara, ikkje minst kva for middel som hjelper mot kva, i kva grad, kor lenge, under kva for forhold, og så bortetter. Det rekker ikkje heilt opp å avvise alt ifrå eit felt om det ikkje ligg føre god og nok dokumentasjon, sidan "Absence of evidence is not the evidence of absence, for å seie det med Dr. Carl Sagan: I dette tilfellet gjeld det registrerte verknadar. [Meir rundt homøopati]

Innhald


Homøopati og blomstermedisin, Litteratur  

BHI. Homeopathic Therapy: Physicians' Reference for Use by Health Care Professionals. Albuquerque, NM: Heel Inc. and Menaco, 1998.

Carlston, Michael. Classical Homeopathy (Medical Guides to Complementary and Alternative Medicine). Philadelphia, PA: Elsevier Science, 2003. ⍽▢⍽ Dr Carston står for samanføring av vanleg og komplementær medisin ved hjelp av saksvarande informasjon og rasjonelle gjennomgangar. Denne innføringa hans er skriven for fagfolk i helsesektoren. Carlston tar for seg hovudting som forsking, forskingsopplegg, teori og klinisk bruk av homøopati, og har med forskingsreferansar..

EB: Encyclopaedia Britannica. Encyclopaedia Britannica 2016 Ultimate Reference Suite DVD. London: Encyclopaedia Britannica, 2015.

Heggland, Grethe Sogn. Piller og dråper for sjelen: en religionsvitskapeleg analyse av alternativ medisin med vekt på homøopati og Bach blomstermedisin. Oslo: Universitetet i Oslo, Institutt for Kulturstudier. Hovedoppgave i religionshistorie høsten 2000. Nettadresse.
www.skepsis.no/publikasjoner/hoppg/vol1/grethesh.txt

Lindahl, Olof, og Lars Lindwall. Laegevidenskaben i nyt perspektiv. København: Reitzel, 1979.

Owen, David. Principles and Practice of Homeopathy: The Therapeutic and Healing Process. Amsterdam: Elsevier, 2007. ⍽▢⍽ Fleire liker Dr Owens lærebok. Ho viser korleis ein gir homeopatisk sukker (alkohol, evt. med "något attåt") i praksis så det går trygt for seg. Dr Owen tar for seg grunnleggande normer og handsaming av akutte og kroniske plager, korleis ein skriv ut reseptar og handterer dei som vanleg medisin ikkje kan hjelpe.

Schjelderup, Vilhelm. Nytt lys på medisinen. Oslo: Cappelen, 1989.

Stephenson, James Hawley. A Doctor's Guide to Helping Yourself with Homeopathic Remedies. 6th impression. Wellingbourough: Thorson's, 1983.

Vithoulkas, George. Homeopathy: Medicine for the New Millennium. New ed. Alonissos, Greece: The International Academy of Classical Homeopathy, 2000. ⍽▢⍽ Professor Vithoulkas går inn for at behandlingar får vise omsyn til personen under eitt (og altså er holistiske).

Homøopati og blomstermedisin, opp Seksjon Sett Neste

Homøopati og blomstermedisin BRUKARGAID: [Lenke]
© 2006–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]