Norsk del, Gullvekta
Islandske ordspråk – Íslenskir málshættir
Seksjon › 13 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Islandske ordtak

Ordsprog fra Island, islandske ordtak ordspråk
"Det er mangt slags folk som seglar over havet [Islandsk]."

Historie, landkunne og keltisk-norrøn arv

Island ligg på ein geologisk hot spot (eit varmt område) i havet vest for Noreg: det ströymer lava opp gjennom jordskorpa der og bygger øyer og landmasse. Island har ei gammal lovgivande forsamling, Alltinget, som blei starta i 930 AD. Tynwald på Man i Irskesjøen blei også skipa av norske sjøfarande som slo seg ned, og er enda eldre.

Etter 300 år som uavhengig blei Island med i Noregsveldet på 1200-talet, og kom seinare under Danmark. Island blei heilt uavhengig igjen i 1944, og har nesten 300 000 innbyggjarar. Dei er ei blanding av etterkommarane av norrøne sjøfararar og keltarar.

Island er fleire øyer. Den største av dei er den attande største øya i verda, med våte og kjølige somrar, vulkanar, bukter og fjordarmer, varme kjelder, og flinke små ponniar til rideturer inn i fjellheimen som dominerer det meste av landet. Leselysta har vore god på Island. Talespråket stammar frå norrønt. Islendingar skreiv og tok vare på norrøne skrifter.

Finnur Jónsson nemner i forordet til samlinga si frå 1920 at ordspråk er drastiske ytringar om livet og menneske med feil og gode sider. Ofte er desse ytringane tvitydige og fleirtydige. Det blir dei om enkle ytringar å sjå til, blir tatt i overført meining. Til dømes kan "Alle brannar brenn ut til sist" vere om bål, men også om kjærleikselden, lysta og andre figurative brannar -

I tillegg til å kunne brukast som fleirtydige frasar, forenklar ordspråk tilværet heller mykje. Overforenklingar har visse ulemper med seg i bagasjen, så som oppfatningar som kjem til kort og ikkje hjelper godt nok.

Mange islandske ordspråk har gamle røter, også frå før høgmiddelalderen. Jónsson fortel kva for samlarar og verk han har hatt nytte av, danske og islandske i sær. Blant danske trekker han fram Peder Låle og Peder Syv. Blant islandske forgjengarar har han mellom andre Gudmundur Jonsson (1763–1836) og samlinga hans frå 1830. Ho har 12 000 ulike innføringar, og mange ordspråk og frasar er med, og er ei viktig og ikkje alltid påliteleg kjelde til islandsk folklore. I tillegg finst andre og større samlingar, som samlinga frå 1847 av Hallgrímur Scheving (1781–1862). Denne samlinga har omtrent 2800 innføringar (ordtak). Fleire islandske manuskript blandar seg også med kvarandre gjennom innbyrdes handskrivne avskrifter.

Bjarni Vilhjálmsson (1915–1987) og Óskar Halldórsson (1921–1983) si samling (1979) er den likaste. Dei har støtta seg på nesten alle trykte islandske ordspråksamlingar før deira og merkt av kjeldene ved initialar bakom ordtaka, som FJ (for Finnur Jónsson) og så vidare. Det er elles med 2410 ordtak frå Finnur Jónssons samling (1920).

I forordet sitt skriv Vilhjálmsson og Halldórsson om kva som særmerker ordtak - at dei kan ha både rett fram meining og opptil fleire overførte tydingar. Rommar eit ordtak filosofiske vyar - som når ein ytrar seg generelt om tilværet og viktige sider ved det - flyt dei utsyna ganske fritt, utan forankringar å snakke om. Slik er det når ein snakkar allmennt, "med brei pensel" og skjer alt over éin kam: Det kan vere meir eller mindre med rette. Dei to fortel også ifrå historia til dei islandske ordtaka, fyndorda, og om samlingar med ordtak og sitat, og forskjellige manus ifrå islandske soger og vidare til vår tid. Kjelder er presenterte, og hjelparane blir takka.

Islandske ordtak, islandsk og engelsk.

Islex-ordboka, Nettordbok: islandsk til nynorsk, med meir.

Innhald


Íslenskir málshættir, islandske ordspråk, litteratur  

Jónsson, Finnur. Íslenskt málsháttasafn. [Islandsk ordtaksamling] København: Gyldendal, 1920. ⍽▢⍽ Ei basisbok.

Scheving, Hallgrímur Hannesson, saml. Islenzkir málshættir safnadir, uútvaldir og í stafrofsrøod færdir. Reykjavik: Reykjavíkur skóla, 1847.

Sogene: Ordspråk er med frå Egils saga, Eyrbyggja saga, Gisla saga, Grettis saga og Njåls saga.

Stolpe, Herman. Isländska ordspråk och skaldeord. Stockholm: LT, 1974.

Vilhjalmssón, Bjarni, og Óskar Halldórsson. Íslenzkir málshættir. 2. auka utg. Reykjavik: Bokafelagid, 1979. ⍽▢⍽ Fin bok, tjukk og god - mykje nær 3250 ordspråk i første utgåva, før auken.

Høyet i hus

På ymse sider er det små teikn i teksten: parentesar, symbol, tilvisingar og anna til nytte for mykje "høyberging": (1) Teiknforklaringar; (2) Handtering av tørka fôr.

Íslenskir málshættir, islandske ordspråk, opp Seksjon Sett Neste

Íslenskir málshættir, islandske ordspråk BRUKARGAID: [Lenke]
© 2005–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]