Ordspråk, haikudikt og attgivingar av attgivingar av attgivingar av japansk poesi . . .Gjendikta dikt frå Japan er gitt att på nynorsk her på sida for å syne samanhengar mellom japanske ordtak og ytringar som overlappar japanske ordtak i diktform, og til dels går som ordtak. I innleiinga står det noko kortfatta om dikta som kallast haikuar, og om nordmannen Arne Dørumsgaard (1921-2006) som gav att dikt frå Austen på norskdansk (riksmål). Det var eit massivt arbeid som blei krona med litteraturprisar og eit doktorat. Fleire av bøkene Dørumsgaard gav ut, er fylt med haikuar. Haikuar er svært tettpakka, sorgmilde vers. Før i tida var dei epigram (korte, fyndige dikt) med 17 stavingar (mora i), og skulle tradisjonelt vise til ei årstid med hjelp av ymt eller ord som representerer årstida. Kjernen i haiku er å sette to ordbilde saman på diktarleg vis. Med åra har reglane for haikuar blitt mindre stivbeinte, og haiku blandar seg med andre diktformer. Grensa mellom haikuar og ordspråk er nokså laus og flytande. Det blandar seg. Andre kulturar har til dels annleis måtar å forme ordspråk (fyndord) på enn vi har, utanom ganske like eller overlappande måtar. Fyndige framsettingar kan ein finne som dikt, kvad, haikuar, sitat og ordspråk, til dømes. Nedanfor kjem rimeleg godt kjente "japanske kvad og strofar", og i nynorsk målbunad i høvet. Mest alle er gitt att frå Arne Dørumsgaard (1921-2006) sine gjendiktingar på norskdansk (riksmål) av gjendiktingar og omsettingar på andre europeiske språk. Ein får enkelt sagt gjendikta gjendiktingar av gjendiktingar - Basho
Apefjeset: Korta til fyndord: "I yrkeslivet aper mange så fælt . . ." (Jf. rollespel)
Larmande prella dei av mot den spegelblanke issa til guten:
Stemma til blekkspruthandlaren:
OPPHAV Korta til fyndord: "Den som kjem seg opp i verda, kan gjerne hugse bakgrunnen sin."
VENDEPUNKTET Korta til fyndord: "Haustvinden rår ikkje som sola."
FRÅ KOYA'S HEILAGE BERG
"FROSKEDIKTET" Denne haikuen er "alle omsettarars skrekk" nemner Dørumsgaard, og kan hende det mest vidgjetne av alle haikuane til Basho (164494) - og dessutan eit av dei mest omsette versa i verdslitteraturen. Dørumsgaard vartar opp med noko nær tretti gjenskapingar av det til ymse europeiske språk av ulike gjenskaparar, og fortel korleis diktet blei til:
I DET RETTE LYSET
Issa
FÅFENGT
SKJEBNE
SONEN
VED HEIMSTADEN
Buson
KVILE Korta og forma som fyndord: "Å sove under kirsebærtreet er også ei glede, sa mannen, han nådde ikkje opp til bæra."
TRENGT Korta til fyndord: "Også bispar har naturlege behov."
UFORLØYST Korta til fyndord: "Hjorten som ingen fekk sjå, fekk ingen skyte."
MØTE Korta til fyndord: "I nattemørket er alle munkar (kattar, grisar) mørke/svarte/grå."
Klassisk japansk poesi, første samling
ANONYM: DEG SJØLV
KAKINOMOTO NO HITOMARO: EIN GANSKE LITEN SONG
OTOMO NO TABITO: SANNKJENNING
KASA NO IRATSUME: NÅR SKUGGENE FELL
Klassisk japansk poesi, andre samling
DIKT AV KEISAR UDA Ved stranda kviler ei trane Han skriv vel om seg sjølv, figurativt, ved hjelp av bilde. "Kor gripande har ikkje diktarens eiga sinnsstemning komme til orde i dette verset der han med utsøkt eleganse stiller opp to bilde mot kvarandre, for endeleg i siste linje å bringe inn at han er lei, som slutt-replikk, utan direkte å komme med ymt. Men ein kjenner heile tida diktets dobbelbotn enda sterkare ved det som blir fortagd her, som så ofte elles, får smerten som blir halden attende, sorga som ikkje blir nemnd, desto større verknad", skriv Arne Dørumsgaard. (1968b:24 - mi omsetting.] Gjort om til noko meir ordspråkaktig: "Trana som ser ut som vinden har skylt ho i land, kan vere for trøytt til å dra heim." I overført tyding er det ein kar - til dømes ein keisar - som blir nemnd ved metaforar og bilde - slik hag ordkunst.
SOSEI: DET FATTIGE SINN (UTDRAG)
BOKUSUI WAKAYAMA: HÅP
Klassisk japansk poesi, tredje samling
ANONYM: LUTTEN PÅ VEGEN
TADATOMO: TREKOL
Moderne japansk poesi 1
SHIKI: METODAR
SENRYU: UTANLANDSREISE
TACHIBANA AKEMI: SMÅ GLEDER
Moderne japansk poesi 2
FRITT FRÅ HAKUSHU KITAHARA: ROKKEN
Moderne japansk poesi 3
IKU TAKENAKA: SPEGELEN
Til sist i detteModerne japanske dikt er blanda vare. Interesse for haiku og liknande "telegramdikt" tok seg kraftig opp verda over rundt midten av 1900-talet og har halde seg til i dag. Når vi no har fått eit visst overblikk over haiku-sjangeren i omsetting, vel å merke, og fått sjå at haikuvers kan bli til ordspråk, høyrer det vel med å nemne at ordspråk kan stillast opp som tilnærma haiku eller moderne haiku, som er litt friare. Om Dørumsgaards verk, som eg har omsett og gjendikta frå ovanfor: For arbeidet med gjendiktingane av Austens gamle poesi fekk han Ordets pris i 1971, Bastianprisen i 1979 og blei utnemnd til æresdoktor i litteratur ved universitetet i Taipei, Taiwan, i 1982. Og når det gjeld nynorsk, vurderer Dørumsgaard det til at det som ordmusikk kan ligge nærare den fremste haikudiktaren, Basho, enn norsk riksmål. [Kjelder o.a.] Dermed er vi ved vegs ende i denne runden som også inneheld prislønna gjendiktingar av gjendiktingar som opnar opp til framande kulturar i Austen, og ligg på kunstnarleg nivå, ifølge juryen som gav Dørumsgaard Bastianprisen. |
Akiyama, Aisaburo. Japanese Proverbs and Proverbial Phrases. 3. utg. Yokohama: Yoshikawa Book Store, 1940. ⍽▢⍽ Attåt ordspråk på japansk (både romanisert og piktogram-forma) stå omsettingar til engelsk og tilsvarande (analoge) ordspråk på engelsk. Døme: "Chie wa kodashi. Engelsk omsetting: "Take out your wisdom little by little. Tilmåting: "Use your wisdom as the case may be." (s. 30) Blyth, Reginald Horace. Haiku, Band 1- 4. Tokyo: Hokuseido, Bd 1, 1976; bd 2, 1974; bd. 3, 1976 og bd. 4, 1975.⍽▢⍽ Blyth var professor i engelsk ved Gakushuin Universitet. Ei tid var han privatlærar for kronprinsen i Japan, han som seinare blei Keisar Akihito. Doktor Blyth skreiv mykje om Zen - tenking, sinnelag og veremåte - og dessutan skreiv han om små haikudikt og omsette svært mange frå sjangeren. Bownas, Geoffrey and Anthony Thwaite. Japanese Verse. London: Penguin Classics, 2009 (1964). ⍽▢⍽ Ei tilgjengeleg samling, eit Unesco-verk. Samlinga femner over 700 dikt. Mange er tanka og haiku, som er spartanske diktformer fylt av allusjonar, og i samsvar med strenge oppbyggingsreglar for dei dikta. Buchanan, Daniel Crump. Japanese Proverbs and Sayings.. Norman, OK: University of Oklahoma Press, 1965. ⍽▢⍽ 2 500 ordspråk og uttrykk som kan syne Japanske tenkemåtar. Mange har engelske parallellar. Nettversjon (delvis) ligg føre hos Google. Buzan, Tony with Barry Buzan. The Mind Map Book. Rev ed. London: BBC Books, 1995. Buzan, Tony, and Barry Buzan. The Mind Map Book: Unlock your creativity, boost your memory, change your life. Harlow: BBC Active / Pearson, 2010. de Lange, William, and Kyoko Suzuki, ed. A Dictionary of Japanese Proverbs. Warren, CT: Floating Worlds Editions, 2013. ⍽▢⍽ Eit tusental ordtak; nokre hundre av dei er neppe omsett til engelsk før. Ein får bokstavelege omsettingar, tilsvarande engelske ordtak, og forklarande notar som hjelp til å fatte visse ordtak betre, og samanhengen dei er ifrå. Enda eit funn. Dørumsgaard, Arne. Bak sorgens kyst: Issa i norsk gjendiktning (1762-1827). Oslo: Dreyer, 1966. ⸻. Vinger i natten: Buson i norsk gjendiktning (1716-1783). Oslo: Dreyer, 1985. ⸻. Fra duggens verden: Basho i norsk gjendiktning (1644-1694). Oslo: Dreyer, 1986. ⸻. Under kirsebærtreet: Klassisk japansk poesi i norsk gjendiktning. 1. saml. (313-794). Oslo: Dreyer, 1968a. ⸻. I crysanthemenes tid: Klassisk japansk poesi i norsk gjendiktning. Annen samling. Tiden Heian (794-1186). Oslo: Dreyer, 1968b. ⸻. Sverdliljer. Klassisk japansk poesi i norsk gjendiktning. Tredje samling (1186-1868). Oslo: Dreyer, 1968c. ⸻. De sorte svalene: Moderne japansk poesi. Første samling: Meiji-perioden (1868-1912). Oslo: Dreyer, 1967. ⸻. På stjernenes veier: Moderne japansk poesi. Annen samling. Taisho-perioden (1912-1926). Oslo: Dreyer, 1969. ⸻. Regnbuen av stål: Moderne japansk poesi. Tredje samling. Showa-perioden (1926 -). Oslo: Dreyer, 1971. ⸻. Om å gjendikte kinesisk poesi. Oslo: Dreyer, 1970. Galef, David, tr. Japanese Proverbs: Wit and Wisdom. Ill. Jun Hashimoto. Tokyo: Tuttle Publishing, 2012. ⍽▢⍽ Boka er Even Monkeys Fall from Trees (1990) og Even a Stone Buddha Can Talk (2000) slått saman til éi. Forklaringane i ei to samanslåtte bøkene er blitt utvida, og nokre få av omsettingane er endra. Tekstforfattaren er ein amerikansk professor. Heinemann, Klaus-Robert, Übertr. 700 Japanische Sprichwörter. Stuttgart: Rascher Verlag, 1959. ⍽▢⍽ Eit funn på tysk. Hilhorst, Ronald. EnglishJapanese, JapaneseEnglish Proverb Dictionary. Kotowaza.org. Online. ⍽▢⍽ Triveleg. For tida noko over 460 japanske ord (med bildeteikn, dvs. i piktogramform) med engelsk tilnærming. - Hilhorst tok mastergrad i japansk språk og kultur ved Universitetet i Leiden og har stått for kulturutveksling mellom Nederland og Japan i fleire år, også på toppnivå. [Meir] Huzii, Otoo. Japanese proverbs. Tokyo: Maruzen /The Board of Tourist industry, Japanese government railways, 1940. ⍽▢⍽ Grei bok med 300 ordspråk, meir eller mindre, og eit godt, klargjerande forord. Professor Huzii er doktor i litteratur. Wintle, Justin. The Dragon's Almanac: Chinese, Japanese and Other Far Eastern Proverbs. London: Routledge and Kegan Paul, 1985. ⍽▢⍽ Forfattaren er redaktør med meir. Zona, Guy A. Even Withered Trees Give Prosperity to the Mountain and Other Proverbs of Japan. New York: Touchstone/Simon and Schustler, 1996. ⍽▢⍽ Rundt 700 japanske ordtak på engelsk, utan forklaringar.
Notar
|
Seksjon | Sett |
BRUKARGAID: [Lenke] © 2013–2017, Tormod Kinnes. [E-post] ᴥ Ansvarsfråskriving: [Lenke] |