NORSK DEL, GULLVEKTA  

Søraustgreina

 15 › 2 › 24

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Denne greina

Greier du ikkje slappe av godt nok i arbeid og fritid? Ta det i så fall som ei utfordring, og ei som bør meistrast. Det gjeld å lære å slappe av, gjøre det bra, og vere passe avspent i jobben. Øv litt kvar dag. Elles kan ein stresse seg sjuk etter kvart.
      Best er det ventelig å lære seg ein skikkeleg god meditasjonsteknikk. Eg har lært TM; den metoden gir rike helsegevinstar, syner forsking. Så kjem kanskje kvardagstrening i kunsten å leve passe avspent i tillegg. Ein skal då nytte merksemda si, fortel Buddha. Det same gjeld i Zen. Det er altså ikkje rett å knyte seg. Å vere avspent - det måtte Eugen Herrigel lære seg då han ville trenast opp i å skyte med pil og boge. Overført til kvardagslivet sine ulike utfordringar finst overlag nyttig lærdom i forteljinga til Herrigel.
      Å slappe av skal ein la gå føre å stress-arbeide. Det er særlig viktig å vere behagelig avspent under opplæring, oppøving og opptrening - i starten. Det gjeld å innarbeide avspent verksemd frå først av, og gjerne i små steg. Så bør det gå bra etter kvart.
      Ikkje alle er så heldige at dei kan leve ut "Eg går på universitet så eg kan jobbe med å slappe av." Aller først gjeld det å slappe av for å kome så langt at verk og urimelege spenningar blir borte. Ta ein mental sjekk mens du sit ved skrivebordet og tren i å slappe av av mens du jobbar, jo før ho heller. Mykje kan vinnast ved ergonomisk sikkerheit, som veldig ofte "kviler på balanse".
      Herrigel, som ikkje greidde å spenne bogen sin rett, blei dermed undervist i å puste for betre prestasjonar. Skytemeisteren hans, Awa Kenzo, viste korleis han skulle puste ut jamt og sakte, for så å puste inn fort, og puste ut seint att etter ein aldri så liten pause - og slik finne ei rytme som gradvis "danna seg sjølv". "Innpust bitt saman, utpust vinn over stengslar," sa den treffsikre læraren, og at det gjaldt å samle seg om pustinga si for å slappe av. Den gradvis innøvde pustemåten blei vevd saman med bogeskytingsfasar i tur og orden. Slik kunne bogeskytinga til Herrigel gå lettare, og indre kraft flomme rikare, sa læraren.
      Denne måten å puste på er ein av fleire pustemetodar i omlaup. Noko liknande skulle ein jammen prøve å få orden på når ein skriv og les vanskelige saker også - og ta det som trening. Djup avspenning løyser opp for mange, og hjelper i retning av å fatte betre. Éi side ved prinsippet blir nytta i psykoanalysen. [Zwb 30-34]


Ganske som i dvale då synet steig fram

EIN GAMMAL nabo i grenda hadde fått krykker og polio, dau og dvask som ein diktar. Men den gongen kallen glei og slo hovudet mot ein liten stubbe, fekk han for seg at det sto det ein raudmåla bygning midt framfor han. Bror min og eg stod og såg at augene hans blei fælt tomme. Huffa, skulle eg ha tenkt om eg hadde visst såpass.
      Ja, det var ilt i emning, men inntil vidare blei han blåsvart i synet mens han mælte: "Danskefoten kjem til å falle. I synet mitt treiv eg børsa, og ho var skarpladd. Kva skulle eg skyte med vinnarlykka? Ikkje noen. Danskefoten fall. Før det hoppa og sprang den. De veit vel korleis det er med mye folk og hårreisande lite land."
      No fekk vi gutane gå heim.


På gammalt turisthotell og budd til dyst

EIN GONG eg underviste vaksne med stil, hamna eg på etterutdanningskurs i lag med gamle og yngre jenter og ein reisevant franskmann. Kurset blei halde ute på landet på eit heller gammalt hotell. Vi hadde så vidt komme fram då ei av dei gamle trultene i flokken kasta seg over meg.
      "Eg hører du er harding. Men eg hatar dei."
      Eg hadde ikkje møtt henne før. Så kom det sårt frå ho: "Men mannen min elskar slike, fortel han meg. Han er offiser."
      Det var neppe godt å høyre for kona.


Huldertreff, er det vegen å gå?

MED EITT kom det eit stort, vent kvinnfolk fram imot oss ute på ei surklemyr og song ein song.
"Å holi o lei, sann, sann,
Jamen er du grei, sann, sann."
Ho hadde berre bryst som duva, og eg kunne vel ha vore åtte ni femten år gammal i ei herlig kveldstund.
      Eg veit ikkje kva eg skal seie, men bror min kasta seg over meg som ein gal tosk mens han gaula og lei under eitt eller anna: "Eg skal drepe deg!"
      Gamle Kain var borti nett den same mentaliten - graset var høgt og lukta vedunderlig. Eg tenkte: Gras, det er jammen ein oversett faktor for velvære - .
      "Pass dykk for erting før det går for langt," meinte mor.


Trallharen

Oppi fjella gjekk det ein trallhare. "Det er ikkje første gong den karen har plumpa i myr og mark," sa Ingen betrevitande.
      "Jaså."
      Ein kveld sette haren seg trøytt og fortalte noko viktig. Det var:


Ubendig børsemann

TIDLIG ein morgon på høgsommaren skylde bergkjerringa frå Rundefjellet klede nedi plaskebekken sin, og så fekk ho sjå så mye på botnen av bekken. Det blenka og skein, kvar evige smitt og smule.
      Det kunne ikkje nattevind-Gustav klare. Han var vel ein av dei som ofte reid ned i sønnavind på svær, mørk fjording - så skaut han den røya likesæl. Ved det stansa klok nok ferd.
      Stakkars kvinna kakla då: "Trur du du er noen utan villa?" Å fortelje slikt seint og blygsamt med hjertelag kan vere ein stor kunst.


Hønselort

Keisar Wilhelm II likte norskekysten. Han kom eit tjuetal gongar med åra, att og att, og fann ikkje på betre ting å gjere. Støtt la han og folka hans att pæng etter seg. Høns og anna fugl legg att guano. Den kan vere overlag verdifull på sine måtar. Ein skal berre handtere den med omhug, og helst ikkje i villastrøk.
      Ålesundarane skuldar Wilhelm stor takk.


Jugendbyen

BYKJERNA i fiskarbyen Ålesund brann ned ei januar-natt i 1904, i ein sterk storm eller orkan. Så blei bykjerna bygd opp att i stein, i Jugendstil. Jugend er tysk utforming av stilretninga Art Nouveau.
      Norgesvennen keisar Wilhelm (1859-1941) av Tyskland og meir til, gav store gåver for at byen skulle komme seg opp att etter den brann ned. Han er heidra med gatenamn og ymse anna.
kaiser      I 1918, rett før første verdskrig blei tapt, rømte den litt vinglete keisaren til Nederland og blei herre på landet der og til dels ei belasting for regjeringa, mellom anna av di allierte land frå verdskrigen ville ha han og hengje han - ikkje for å ha hjelpt Ålesund - Men kongeslekter frykta det kunne gå mote i slikt - og noe betydde nok slektskap også. Mordforsøk mot han hørte også med, og framstøytar for å opprette tysk keisarrike att - både surt og søtt, altså.
      Det var han som sa til generalstaben då den beslutta å mobilisere for første verdsskrigen: "Mine herrar. De vil angre dette." Det fekk dei høve til etter kvart.


Surt og mutt kom det

"I VONDE ÅR og dagar blir folk sterke i trua på all slags trollskap," sa Roger N. Oksen ovafor bygda på ein koll. "Hamrande skremmesoger heldt simple nede i lag med huldertru og bløffa kryp-religion. Men den som vinn sterk, god sig utan å trumpe, kan vel kome til å bli ein aldri så liten forvaltar, utan at det er noe særs å seie på det."
      Roger klara halsen, så tok han til å leggje ut. "Sjå opp til budeia," sa han. "Ei budeie er ei hendig, iherdig jente, fullt opptatt av mjølkings-strev. Ei slik ei får grunnleggjande trening. Eg skylder ingen å utdjupe slik lokalsymbolikk nærare.
      Somme dikt verkar enkle i det ytre fordi dei når høgt, på høgde med annan litteratur."
      Det sa Roger N. Oksen, som aldri blei tatt gyroskopisk alvorlig. Han heldt fram: "Den glupe dottera mi skal ikkje ha nokon stakkar med tusen unotar; men ein med sitt eige hjerte. Du og eg skulle flire ut hekser, dumme troll og mye anna. Slikt trengs. Og vi kan vi kle oss om og le saman i ei rorbu og på TV også."
      Kona hans slo til: "Kva er tidsnok? Det er for seint for konforme Per og Pål, er det, der skitharde og mektige rår. Tidsnok til å bli underkuva, audmjuka og hudfletta, det kan ikkje vere berre av det gode. Det finn du og eg ut saman og aleine i eige, drømmestøtt hjerte også." For seint og til sist blei gubben redd for velstandskverna - først skremd, så såra og sia veldig sur og mutt utan orsaking.


BØLGJE

Litteratur  
      Asbjørnsen, Peter, og Jørgen Moe: Samlede eventyr, bd 1-3. Kunstnerutgaven, Gyldendal. Oslo, 1965.
      Zwm: Herrigel, Eugen. Zen i bueskytingens kunst. (Zen in der Kunst des Bogenschiessens) Oslo: Hilt og Hansteen, 1995.

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 1999–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]