![]() |
Yre | ||||||||||||||||||||
|
Poeng
Når plikta kallar - tenk over denKINAS gamle tenkjar Confucius, som no blir kalla Kungfu og liknande, var mye fokusert om å halde samfunnet godt i gang. Moralnormer ifrå han tente det veldig kategorisk. Pliktene han rissa opp var tradisjonsforma og aristrokratisk pålagde, og blei sidan tradisjonsformande.Omgrepa "plikt" og "trufastheit" har sidan blitt sett inn i "konsentriske sirklar", rett forstått, der det ikkje er noe bombesikkert eller sukkesikkert sentrum. Det heng saman med fokuset hans på den einskilde som berar av tradisjoner og oppsette normer: Slik han hadde skjøna og formulert tinga, omfatta ikkje reglane at kvar einskild fekk lov å setje seg sjølv i sentrum så veldig mye, av di ferdig oppsette plikt og lydnad overfor føresette skulle kome først. Slik sett var regelverket og systemet "konsentrisk uttenkt" for eit føydalistisk adelsdannande samfunn, stort sett. Undersåtten sine plikter til herre og foreldre kjem aller først i det, før plikter til venner og medmenneske. Slik tenkjer Confucius. Den sterkt tårnande trua bak slik visdom er at dersom einkvar lever opp til listene over plikter slik dei blei uttenkt og overlevert i fjern fortid, kan staten nyte godt av det og ha stor intern ro og ikkje ufred.
[Mest henta or D. C. Lau's introduksjon til Lao Tzu's Tao Te Ching, ein Penguin
Classic.] Den store lærarenLÆRA til Confucius blir ikkje rekna for religion, men er snarare viktige rettesnorer for så som passande gåvmildskap og kva slags sjølvdisiplin ein oldtidskinesar og slektsledd etter han nok var meint å halde fast ved anten han likte det eller ikkje.Elles utmerkte denne oldtidstenkjaren seg ved å halde på at kvar den som ønskjer å lære, får sjølv freiste det - altså at høvelig lærdom i og for seg ikkje tilhører adelsveldet, men alle som kan og vil. Fødselsdagen hans, 28. september, blir derfor enno feira som Lærardag langt vekke frå her. TankekornDet er klamringa som har bunde deg ned, klamringa som forma deg. - Garma Chang: The Practice of Zen. Harper and Row Publishers. New York, 1970, s. 160.
Litteratur Prz: Chang, Garma C. The Practice of Zen. New York: Perennial/Harper, 1970. BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 20012007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||||