Norsk del, Gullvekta
Lokalhistorie
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

Innleiing

Lokalhistorie og ein naturvitskapleg innstilt prestemann

På den eine sida er lokalhistorie blitt eit fag der ein nyttar historiefaglege metodar. På den andre sida tar ein til historier frå gamle tider, då mange krav til framstilling slett ikkje fanst. Ved å kombinere historiefaglege metodar med lokale segner og offentlege register rundt om, får ein "lokalhistorieskriving", som florerer i vår tid. Lokal historieskriving skjer i stor grad på lokalt nivå, og det har komme fleire verk om landsdelars, bygders og byars historie ut av det. I dei fleste kommunane i landet ligg det etter kvart føre bygdebøker, eller det blir arbeidt med å skrive slike. I bygdebøkene har gards- og ættehistoria oftast breiast plass.

Også emnet 'lokalhistorie' har si historie. Dei eldste bygdeskildringane her i landet skildra for det meste område; terrengtilhøve, busetnad, kommunikasjonar med meir i eit landområde. Ludvig Holberg gav ut Bergens Beskrivelse i 1737. Seinare gav historikaren Gustav Storm (1845-1903) ut verk frå 1500-talet. Frå andre halvdel av 1700-talet kom ei rekke bygdeskildringar. Fremst blant dei var

Hans Strøm
Hans Strøm

eit framifrå tobandsverk av presten, topografen og naturforskaren Hans Strøm (1726-97). Verket heitte Beskrivelse over Fogderiet Søndmøre (1762-69). Det blir ofte omtalt som Søndmørs Beskrivelse også.

Strøm var son til presten i Borgund prestegjeld på Sunnmøre, fødd og oppvaksen i prestegarden der. Saman med tvillingbror sin tok han eksamen ved Universitetet i København i 1745, og etterpå flytta han tilbake til Borgund og arbeidde som prest attåt soknepresten i fjorten års tid. Han gjekk på husbesøk og hadde dessutan mykje omgang med fiskarar som kom til Borgund for å drive vinterfiske. Slik fekk han høyre forskjellig frå eit vidt område. Sidan drog han rundt i distriktet, også til mange avkrokar, for å sjå ved sjølvsyn korleis forholda var der. Han både skreiv ned og teikna. Det var i 1756 at Strøm tok til å skrive ned somt han fekk høyre. Han skreiv også ned eigne observasjonar. [◦Lenke]

Over hundre år etter Strøms storverk kom verket Norges land og folk (1885-1921) i 44 bind. I tiåra etter blei det skipa ei rekke lag (historielag, soknelag) rundt om i landet, og dei gjekk inn for å få gitt ut by- og bygdebøker.

Dei fleste byane i landet har også museum med lokalhistorisk sus og fokus.

Faget 'lokalhistorie' har fått sitt eige statsdrivne institutt. Det heiter Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) i Observatoriegata 1b ved Solli plass i Oslo. Instituttet ligg under Kulturdepartementet., og skal fremme lokal- og regionalhistorisk verksemd. Det gir råd og rettleiing på mange steg i arbeidet med by- og bygdebøker og andre lokalhistoriske skrift, og går også gjennom manus til slike arbeid, skriv dei. NLI er ansvarleg for nettstadane lokalhistorie.no og lokalhistoriewiki.no. Instituttet gir ut kjelder og handbøker, litteratur- og kjeldeoversikter, spørjelister og andre hjelpemiddel for lokalhistorikarar. Saman med Landslaget for lokalhistorie gir det ut eit magasin og steller til kurs og seminar. Det har eit godt bibliotek med over 13 000 bygdebøker og annan lokalhistorisk litteratur. Resten av dei 18 000 verka i biblioteket er mellom anna frå folkloristikk og namnegransking. Instituttet har lesesalplassar tilgjengelege for publikum.

Mange bygdebøker kan ein kjøpe i bokhandlar. Mange kan ein låne på næraste bibliotek. Bibliotek kan låne inn bøker dei ikkje har. Somme bøker ligg føre i digital utgåve. Skanna kyrkjebøker er det også blitt ein heil del av. Digitalarkivet har oversyn over mange folketeljingar.

Bjørn og slekt

Korfor dette utvalet utdrag spedd på med direkte sitat som det høver? Det kan tenkast å ha noko å seie for somme. Slekta kjem frå stadane som er med. Og slektsstubbar og bjørnesoger er neppe det verste ein skriv om, men det spørs kan hende korleis slekta var og er. I alle fall kan soger om låke blot, tvilsame blotstadar og trolldom verke sterkt på ein hug -

For å finne data om anar og andre slektningar, er internett til stor hjelp. Der er det mange skanna kyrkjebøker som forsyner oss med offisielle opplysningar om dåp, konfirmasjon, vigsel og meir. Det finst mange kyrkjebøker som ikkje er skanna enno. Det finst også mange bygdebøker å leite i, og stundom glimt ifrå Noregshistoria. Bygdebøker kan duge framifrå der slektsgreiner har budd i same distriktet i tiår eller hundreår, men det kjem jo an på kva som står i dei og kva ein finn i dei. Nedst på sida står oversyn over litteraturkjeldene eg har brukt så eg ikkje skriv dikt.

Kjeldene til innhaldet her er i stor grad bygdebøker med gardssoger, og dessutan nokre ættesoger, norsk Wikipedia og Store Norske leksikon. Det finst også ein heil del hjelp på nettet utanom det som alt er nemnt.

Sykkeltur, bjørn og ymse anna

Det var ein gong -

Hjørundfjordbunaden. Utsnitt
Hjørundfjordbunaden. Utsnitt

Ein gong i Hellesylt, målte eg opp, teikna og fotograferte eit gammalt bur. Ein kar på garden fortalde mellom anna soger om bjørnejakt i gamle dagar og synte fram innbanka trefliser i lafteveggar mot vonde vetter. Slik praksis var utbreidd folketru.

Det var meininga at oppmålingane mine med meir skulle ende hos byantikvaren i ein by vestpå, og slik blei det. Eit bygdebokverk om Hjørundfjord har med mykje interessant om bjørn og bjørnejakt;.

Kjøtdungen

"Udyr var der tidlegare på Hole som andre stadar, og bjørnen var verst i mørke haustnetter. Gamle Hols-Jo låg gjerne ute oppå Bakkane og hadde med seg storkjelen som han banka på når kyrne vêra bjørn og tok til å bli urolege. Ein gong rundt 1860 var bjørnen ute etter sauane. Dei beita då ovanfor bøgarden, og bjørnen jaga dei føre seg inn gjennom Rimane. I Kolfossen inn mot Leira skremde han dei utfor ein hammar, tretti sauar i talet. "Kjøtdungen blei so stor at dei siste som kom øvst levde, men hadde fått so mykje skade at dei måtte slaktast", skriv Ivar S. Viddal." [Hjørundfjordboka, bd 3, s 452-53]

Frå gardane før i tida

Knut Hamsun skreiv ein artikkel, kalla "Fra det ubevidste Sjæleliv" (Samtiden, 1890). Der har han med noko mystifistisk om "Blodets Hvisken, Benpibernes Bøn, hele det ubevidste Sjæleliv". Det kan vere som det vil; det kan vere godt å vite kor slekta sit, til dømes på gamle gardar heller enn i bergskorter like tilbake til tider då anerekker ikkje er klare og eintydige, og fangsfolk i steinalderen søkte ly i hòler og var opptatt av jakt. Når det gjeld tida mellom fangstfolka og bilistane si tid, får vi makte å ha i minnet at mange kanskje blir ikkje éi visse samanlagt. Sjå berre:

Døme på bygdebokskriving

Omtalen av dei første kjende brukarane på Martegarden på Bjørke blir om lag slik når forkortingar blir skrivne ut:

Første kjende brukar: Før 1589 til 1614 var Ola Olsson Bjørke brukar på garden. Han var født omkring 1550, og døydde i 1614. Han var gift med Marit (Jonsdotter Øvrelid?) Hareid.

Vi får kjennskap til Ola gjennom eit pergamentbrev, dagsett 1/12 1589. Dokumentet fortel om bygsle og landskyld på Bjørke. . . . Det kan der sjå ut som Ola overtok bruket i 1587 . . . Ola må ha ått noko andre stadar . . . Det året han døydde, var han i basketak med Kruse-Ola . . . Han fekk då 4 dalar i bot, "for hand bloduitte Ole Kruse ib." Marit stod føre garden eit par år. Det kan sjå ut som ho kom frå lågadelsætta på Synes, Vigra.

Kan hende desse borna:

1. Kona til Endre Bjørke, bruk nummer 3.

2. Sylvei, til bruk nummer 1.

3. Eline, Sjå Knut Leira, bruk nummer 6." [Hjørundfjordboka, bd 4, s 80]

Er ein ikkje hundre prosent sikker, er det både rett og godt å få det fram så ingen mistyder ting eller risikerer nakken på mange kanskje og det dei kan hende målar fram. Men folk er forskjellige – Same kva, det er ikkje feil å halde seg til fakta og rimeleg avvegne slutningar. Det er slike opplysningar og slikt tilfang bygdebøker har mykje av.

Historikaren Bjørn Jonson Dale (1950-) nytta "husreglar" i bokverket Ørstingar for å gradere sannsyn heilt enkelt. Der står:

Går du attende til 1600-talet, finn du ofte atterhald når det gjeld slektskap og ekteskap. Står det "truleg" tyder det at eg manglar prov, men har tre haldepunkt for at sambandet er rett. Står det derimot "kanskje" lyt ein ta dette heilt bokstavleg. Sambandet er muleg, men bygg berre på to haldepunkt, og fråværet av motstridande opplysningar. [s. 6]

Det er éin kjekk måte å gradere (skalere) uvissa på. Og jamt og trutt kjem det til uttrykk nettopp ved reservasjonsord og -frasar som "kanskje", mogeleg" og så vidare.

Nedgangstider og skriftfall

Kva som er skrøner og vas er ikkje alltid heilt enkelt å greie ut. Krav på slektslinjer bør slutte når mytar og skrøner tar over. Det er til tider ikkje råd å vite sikkert i kva grad ein sterk munnlig tradisjon har feil i hovuddraga; det kjem i tillegg. No viser det seg at munnlige overleveringar kan vere bra rette gjennom mange hundre år, slik Knut Liestøl (1922) har synt ifrå Robyggjelaget. Liestøl var professor i folkeminnevitskap ved Universitetet i Oslo i ei årrekke. Men ei enkelt jamføring er ikkje bevis for at den sterke munnlege Aspa-tradisjonen som gjer enkelte til direkte etterkommarar av vikingkongen Olav Tryggvasson (ca. 968 - 1000) som var konge i Noreg mellom åra 995 og 1000, også stemmer. Slik er det berre. [Meir om Olav i Wikipedia, s.v. "Olav Tryggvasson"]

Det hender ein har hell og kan følge anar attende til 1500-talet, kanskje enda lenger. Der forsvinn dei fleste nedskrivne opplysningane om gardar og folk her i landet. Det har samanheng med dei tunge etterverknadene av Svartedauden og at norsk kultur for det meste gjekk dukken. Pesta kom første gongen til landet nokså nøyaktig i 1349 og la talrike gardar øyde. Mykje gammal, norsk kultur blei i ettertid også knasa i unionstida med Danmark, norsk skriftspråk blei utradert og skriftlige kjelder blei mangelvare. Frå desse tidene og baketter er det mangt som ikkje er retteleg godt dokumentert. Dei var ikkje så flinke til å ta vare på og skrive ned kjeldene sine, vikingane heller. Skaldekvad og soger blei nytta som kjelder, men somme er nok ikkje til å lite på, som den underhaldande Soga om Gange-Rolf, som kallast ei fornaldersoge. Problema som kjem i lag med soga, blir breitta ut på denne sida: [Meir]

I motsetnad til legendariske skrønesoger, kjem bygdebøker som ein kan vere stolt av, og brettar ut fakta og sannsynlige saker og ting ut frå klokleg val av kjelder og det ein finn fram til ved å jamføre ulike kjelder. Det er sikker dokumentasjonen som bygdebøker og slektsrekker treng, og slike nedteikningar finst det heller lite av før 1500-1600-tala. Dei fleste spora har gått tapt før ein kjem til Gange-Rolv-tid (rundt 900 AD)

Fem hundre år utan bløffing og skinnliv

I lys av Gange-Rolv-sogene er opptil fem hundre års bra dokumenterte anar frå gardar i Hjørundfjord og andre stadar ifrå rett gamle dagar rett bra, det.

I mange av hundreåra som bygdebøker går attover tid, sat mange i tronge kår og gret. Dei var kanskje tilhøyrarar i finkulturen før i tida, der gode forteljarar stod på og leverte noko av underhaldinga. Matmangel var det nok mange stadar, usunn drikkekultur også, og kanskje mangla dei klede og våpen. Få hadde ikkje byskikkar i nisteskreppa, for byane var mykje mindre då. Den tida ein av anane mine sat som borgarmeister i Oslo, var det to tusen som budde i byen. Bergen var størst i mange hundre år; ikkje berre i Noreg, men i Skandinavia.

Antibiotika, elektrisk lys, innlagt vatn, telefon, mobil, radio, TV, GPS, bilar og bilvegstandardar var nesten ikkje. Under slike forhold blei det fortalt eventyr og segner frå slekt til slekt som det no høvde. Lokale skikkar og lokal kultur og kulturarv var i gjenge - ikkje berre finkultur for passive og såkalla stjerner. Folk hadde mykje meir "i-lag-kultur" for folk som budde tett innpå kvarandre, sloss og krangla og blei iallfall offisielt forlikte att. Folk levde mykje nærare kvarandre, husdyra og naturen, når ein ser bort frå einebuarar og, isolerte gardar.

Den franske tenkaren Jean Baudrillard (1929–2007) hevda at samfunnet i hans tid hadde fjerna seg frå røyndommen og at menneske-oppleving var blitt ei simulert røyndom. Han hevda meir også. Sagt på noko anna vis: TV-biletet er berre todimensjonalt, mens det konkrete og rettelege livet har minst tre dimensjonar i tida som renn. Så folk på TV er ei blanding av forflata figurar, "skjermmanetar" - kanskje iblanda skjermtroll. Og internett-kommunisering, telefonkontakt og anna som mange av dagens unge meiner dei ikkje kan vere utan, er også ei utflating. Ein reknar nemlig med at kanskje tre firedeler av kontakta mellom to menneske ligg i grimaser, uttrykk, kroppsspråk, lukter, går vekk når kontakten blir digitalisert. Når mykje går vekk, blir ein deprivert -

Ei anna, stygg side ved det som skjer i kontaktgata er at kyniske aktørar heiar fram ting som kjem imellom mangt som var saftig, naturleg kontakt før, for å tene pengar på tinga. Slik er stoda. Milliardprofitten til blant anna Telenor kjem med ein pris, og ikkje all betalingas ligg ved overflata heller.

Vil ein sjå djupt, får ein studere trendar og fakke tankar i høgda omkring dei. Ein får konstatere at folk blir meir og meir isolerte frå naturleg nærleik, stort sett, at urbanisering syg mykje livsrom, boltreplass og fridom, og teknologiske framsteg blir å betale for nokon, så som ved forarming av kontaktnettet om ein ikkje passar seg. Kven er lette å lure? Det kan vel vere nok filosofi for i dag, for notida.

Det var hardt under borgerskapet før. Mange laut slite mykje, utan å kunne gifte seg, tilmed. Men folk som hadde gardar, var gjerne noko friare og noko frivilligare deltakarar på fest og i anna lag, kanskje friare enn tilskodarar i dag, dei mange som lyt betale for å skrike, hyle og reise seg over mål, og elles løyve til å øse seg opp igjen og igjen, synge i lag, heie og klappe. Folk før hadde meir plass til å røre seg i naturen, meir fridom til å jodle og spele på lur frå nutar, og betalte slett ingenting for mange gode som folk må betale for i dag. Dei levde ikkje forstilte, oppskremte agurkliv, men annleis, både på godt og vondt. Men dei hadde faktisk meir fridom og boltreplass i naturen, og meir nærkontakt. Og no er det andre tider med langt mindre boltreplass, mindre fridom, og nokre gode også, så som vaskemaskin og såpe.

Kulturen ute blant folk i eldre tider var brukskultur, og ikkje avleggs som "museumspynt" i dag. Landet låg nede med knekt rygg, og folk var ikkje overlykkelege då heller. Nokre få kunne skrive og lese meir enn bumerke. Det var berre få som hadde råd til mykje skulegang, enda om mange hadde gode evner og sterk lyst til å lære.

Det finst mange slags kultur. Folkekultur er eitt, finkultur er annleis. Ein får skilje mellom aktiverande nærkultur med folkelige utslag på den eine sida og passiviserande narrekultur på den andre sida. Filosofen Hans Skjervheim frå Voss har skrive essay om skilnadar mellom deltakarar og tilskodarar, og noko av det høver også her.

Kven er så dåra at dei trur blaserte har godhug nok? Kven trur at festivaldundring for pengar er mykje betre enn generell "turistprostitusjon"? For å lokke turistar blæs folk i gang nokså rare tradisjonar og spel som ikkje var markstokne nok til at det var uråd å reise dei opp att frå dei daude - Føremåla med å blåse kunstig liv i spel og anna slikt, kan vere pent formulert, men sjå om ikkje alvorleg pengesug jamt ligg attom der. Prostitusjon har også det ved seg at ein vil gjerne ha folk med pengar stimande til seg. Forlystinga kan elles bli kjapp og lite heilhjerta, overflatisk og noko å bli flau over for mange. Motsett dette varte bryllaup i gamle dagar fleire dagar til ende -

Kva så med gamle Nidarosdomen? Var liket etter heilagkongen Olav noko spesielt, eller var det juks som gav Trondheim så mykje blæst i ei tid då folk også vandra i skarar til det dei trudde var heilage stadar det var gagnlig å komme innom eit bel? Kan andre stadar "blåse opp lik" og trekke folk, og sidan mange offentlege gode? Det spørs kva tid ein er i, kva ein får selje.

No ja, ein gjer nok vel i å gå inn for nærkultur, ikkje snobbekultur, men heller kultur på gode føter, og halde liv i det som er bra, og ikkje for show og spetakkel i nød. Men ein skal ikkje sjå vekk frå "Kva er innhaldet, og kva er samanhengen?" Kan gardssoger hjelpe oss alle eller berre somme? Kanskje det . . .

Forkortingar vekk

I slektsbøker kan det vere mange spesielle forkortingar som blir nytta for å spare plass. Som hjelp til å forstå kva som står i teksten der dei er brukt, har eg skrive ut tekst her og klipt ut tekst der, sydd saman utdrag og attgivingar, og elta språket frå ulike kjelder for å gi det eit meir einsarta preg. Det har vore interessant arbeid for det meste.

Eg har lista opp ei god del spesialuttrykk alfabetisk på ei side for seg. [Forklarte ord og forkortingar]. Det kan vel vere til hjelp. Ein kjem til sida med forkortingar ved lenka 'Ord' nede til venstre på sidene.

På mange av sidene som kjem, finst tilfang om gardar frå gamle dagar. Det skulle ikkje forundre meg om nokon kjem forholda nærare inn på livet ved å få del i noko slikt.

Innhald


Gardssoger, lokalhistorier, gardshistorier  

Noko litteratur som er nytta:

Twig

Asphaug, Arne, red. Øygarden. Band 1. Tjeldstø: Øygarden kommune, 1992. ⍽▢⍽ Digitalisert utgåve ligg føre.

Asphaug, Arne, red. Øygarden. Band 2. Tjeldstø: Øygarden kommune, 2004. ⍽▢⍽ Digitalisert utgåve ligg føre.

Bjørkvik, Harald. Folketap og sammenbrudd 1350-1520. Aschehougs norgeshistorie, bd 4. Oslo: Aschehoug, 1996. ⍽▢⍽ ◦På nett

Borgan, Bjarne. Viknaboka: Gards- og ættehistorie. Bind I. Gnr. 1 til 21: Kråkøya – Innersund. Vikna: Vikna Historielag, 1969.

Borgan, Bjarne. Viknaboka: Gards- og ættehistorie. Bind II. G.nr. 22 til 54, Pålsaunet – Dale. Vikna: Vikna Historielag, 1969.

Borgan, Bjarne. Viknaboka: Gards- og ættehistorie. Bind III. G.nr. 55 til 78. Austafjord – Binnerøy. Vikna: Vikna Historielag, 1969.

Dale, Bjørn Jonson. Ørstingar I: Ættebok for Ørsta 1600-1900. Ørsta: Ørsta kommune, 1995. ⍽▢⍽ Digitalisert utgåve ligg føre.

Fidjestøl, Bjarne. Sagalitteraturen - eit utval: Soga om volsungane; Soga om Gange-Rolv. Oslo: Det Norske Samlaget, 1984.

Fugelsøy, Mauritz. Frøyaboka tilrettelagt for internett og CD-ROM av Bygdebok Service, 3275 Svarstad, 2006. - 1. utg.: Frøya: Arbeidsnemnda for Frøyaboka, 1955.

Førsund, Finn Borgen. Førde bygdebok: Gardssoge og soga om folket. Band II Førde: Førde kommune, 1992.

Giske, Louis. Bygdebok for Skodje: Gard og slekt. Band 1. Skodje: Skodje sogelag, 1986.

Giske, Louis. Bygdebok for Skodje: Gard og slekt. Band 2. Skodje: Skodje sogelag, 1986.

Handegård, Odd, red. Vår felles slektshistorie - Hardanger, Sunnhordland og Ryfylke, m.m. - Perioden 1170 - 1650. CD. Tromsø: Eige forlag. Sist oppdatert 2011.

Hansen, Martinus Bernhard. Slekter og gårder i Steigen prestegjeld. Trondheim: Martinus Hansen, 1955.

Haugland, Anders. Radøy gjennom tidene. Band 1 Manger: Radøy kommune, 2006.

Haugland, Anders. Radøy gjennom tidene. Band 2. Manger: Radøy kommune, 2008.

Haugland, Anders. Radøy gjennom tidene. Band 3. Manger: Radøy kommune, 2010.

Haugland, Anders. Radøy gjennom tidene. Band 4. Manger: Radøy kommune, 2012.

Havnelid, Anders. Kvinnherad. Gards- og ættesoga. Band 3. Hovudsokna. Rosendal: Kvinnherad kommune, 1988.

Jensøn, Christen. Den Norske Dictionarium eller Glosebog. Ny utgåve ved Torleiv Hannaas. Kristiania: Den norske historiske kildeskriftkommission/Grøndahl & Søn, 1915.

Joranger, Terje Mikael Hasle, og Lars E. Øyane. Gardssoge for Luster kommune, band 8 - Veitastrond. Gaupne: Luster kommune, 2008.

Joranger, Terje Mikael Hasle, og Lars E. Øyane. Gards- og ættesoge for Luster kommune. Band 9: Hafslo 1. Gaupne: Luster kommune, 2012.

Jørgensen, Jan Gunnar. Aslak Bolts Jordebok. Oslo: Riksarkivet, 1997. ⍽▢⍽ ◦På nett.

Kjelland, Arnfinn, hovudred. Busetnadssoga for Volda. Band 4: Høydalen - Austefjorden - Hjartåbygda. Volda: Volda kommune, 2007.

Kjelland, Arnfinn, hovudred. Sula-soga. Busetnadssoga. Band 1: Kvasnes – Bjørkavåg. Sula: Stiftelsen Sula-soga, 2004.

Timberlid, Jan Anders. Bygdebok for Gaular. Band 1. Frå dei eldste tider og fram til omkring 1660. Sande i Sunnfjord: Gaular sogenemnd, 1990.

Kleiveland, Geir. Naustdal Bygdebok: Gards- og ættesoge. Band 1. Naustdal: Naustdal Sogelag, 1995.

Leirvik, Sveinung. Nærøy bygdebok, band 4. Nærøy kommune, 1989.

Leirvik, Sveinung. Nærøy bygdebok, band 5. Nærøy kommune, 1991.

Lind, Asbjørn P. Slektsbok for Nordfold. Valnesfjord: Eige forlag, 1985.

Lind, Asbjørn P. Slektsbok for Sørfold, band 1. Sørfold kommune, 2007.

Lind, Asbjørn P. Slektsbok for Sørfold, band 2. Sørfold kommune, 2008.

Lind, Asbjørn P. Sørfold bygdebok, band 1. Sørfold kommune, 1996. ⍽▢⍽ Boka ligg også føre på Internett.

Lind, Asbjørn P. Sørfold bygdebok, band 2. Sørfold kommune, 1997.

Lind, Asbjørn P. Sørfold bygdebok, band 3. Sørfold kommune, 1998. ⍽▢⍽ Boka ligg føre på Internett.

Liestøl, Knut. Norske ættesogor. Oslo: Norlis forlag, 1922.

Loftheim, Abraham. Askvoll bygdebok I. Kristendomens innføring år 996. Kyrkjehusi, gravplassane, prestekallet, prestane og anna personell m.m. 1306 – 1963. Askvoll: Askvoll sogenemnd, 1963.

Loftheim, Abraham. Askvoll bygdebok: Folket II A: Ættarbok frå det 16. århundrad. Askvoll: Askvoll sogenemnd, 1971.

Losnegård, Gaute. Havfolk og fjordfolk. Allmennsoge for Askvoll. Bind I. Askvoll: Askvoll kommune, 2009.

Mathisen, Tor Q., m.fl. Brønnøy: Gård og slekt I. Brønnøy kommune, 2009.

Mathisen, Tor Q., m.fl. Brønnøy: Gård og slekt II. Brønnøy kommune, 2011.

Munthe, Gerhard, mfl. Samlinger til det norske folks sprog og historie. Første bind, første hefte. Christiania: Et Samfund, 1833. ⍽▢⍽ Google-bok.

Myklebust, Olav, red. Sandesoga, band 1. 3. utgåve. Larsnes: Sande sogeboknemnd, 1994.

Myklebust, Olav, red. Sandesoga, band 2. 3. utgåve. Larsnes: Sande sogeboknemnd, 1996.

Myklebust, Olav, red. Sandesoga, band 3. 3. utgåve. Larsnes: Sande sogeboknemnd, 1997. ⍽▢⍽ Bandet ligg føre på Internett.

Os, Edvard. Eid og Hornindal etter Jacob Aaland: Nordfjord frå gamle dagar til no. Band II/I, Eid – Hornindalen. Eid: Eid Herad og Hornindal Herad, 1973.

Palsson, Hermann, and Paul Edwards, trs. Gongu-Hrolf's Saga: A Viking Romance. Edinburgh: Canongate, 1980.

Pedersen, Lorentz Ulrik. Fra Brønnøys fortid. Brønnøysund: Brønnøysund Bokhandel, 1994.

Rabben, Bjarne. Herøyboka: Gardar og folk I. 2. opplaget. Fosnavåg: Herøy sogelag, 1979.

Sandnes, Berit. From Starafjall to Starling Hill: An investigation of the formation and development of Old Norse place-names in Orkney. PDF. Edinburgh: Scottish Place-Name Society, c/o School of Scottish Studies, University of Edinburgh, 2010. PDF. www.spns.org.uk

Sjursen, Jahn Alfred. Ættebok for Nordre Øygarden. Bergen: Eige forlag, 1983.

Skogseth, Arvid. Bygdebok for Lindås. Band 3. Lindås sokn: Gards- og ættesoge gnr 87–gnr 108. Bygdeboknemda for Lindås Sokn / Bodoni Forlag, 2008.

Skogseth, Arvid. Bygdebok for Lindås. Band 4. Lindås sokn: Gards- og ættesoge gnr 109–gnr 127. Bygdeboknemda for Lindås Sokn / Bodoni Forlag, 2009.

Solbakk, Harald, saml., og Gunnar Berg, red. Slektsbok for Skjerstad og Fauske. Bind I. Bodø: Skjerstad og Fauske bygdeboknemnd, 1978.

Solbakk, Harald, saml., og Gunnar Berg, red. Slektsbok for Skjerstad og Fauske. Bind III. Bodø: Skjerstad og Fauske bygdeboknemnd, 1985.

Strømme, Lars og Ragnar Standal. Hjørundfjordboka. Band III: Gard og ætt. Ørsta: Hjørundfjord bygdeboknemnd og Ørsta kommune, 1988.

Strømme, Lars og Ragnar Standal. Hjørundfjordboka. Band IV: Gard og ætt. Ørsta: Hjørundfjord bygdeboknemnd og Ørsta kommune, 1990.

Strømme, Lars og Ragnar Standal. Hjørundfjordboka. Band V: Gard og ætt. Ørsta: Hjørundfjord bygdeboknemnd og Ørsta kommune, 1993.

Svihus, Årstein. Bremanger bygdebok. Band IV: Gards- og ættesoge for gnr. 96-117. Svelgen: Bremanger kommune, 2006.

Timberlid, Jan Anders. Bygdebok for Gaular, band 5. Gardar og folk. Sande sokn. Sande i Sunnfjord: Gaular sogelag, 1999.

Timberlid, Jan Anders, og Berit Selseng. Sogndal Bygdebok. Gardar og folk. Stedje sokn. Band 2. Sogndal sogelag, 2007.

Timberlid, Jan Anders, og Berit Selseng. Sogndal Bygdebok. Gardar og folk. Stedje sokn. Band 3. Sogndal sogelag, 2007.

Veka, Rolf Erik. Bygdebøker for Vaksdal. Dalekvam: Vaksdal Historielag. Nett-utgåve frå 6 oktober 2011. ⍽▢⍽ ◦På nett.

Vigerust, Tore Hermundsson, red. Aspa-seminaret. Sandvika 25 oktober 1996. Kristiansund 6-7 september 1997.. Oslo: Adelsprosjektet / kane.benkestokk.teiste.forlag ved T. H. Vigerust, 1997. -- ◦På nett.

Vaage, Erling. Kvinnherad. Gard- og ættesoga. Band 2. Soknene Ølve Hatlestad Ænes. Rosendal: Kvinnherad kommune, 1987.

Wika, Haakon Olsen. Vega bygdebok. Bind I. 2. oppl. Gladstad: Vega bygdeboknemnd - Vega kommune, 1975.

Wika, Haakon Olsen. Vega bygdebok. Bind III. Gladstad: Vega bygdeboknemnd - Vega kommune, 1977.

Øvrelid, Ragnar. Borgund og Giske, Band 2: Gardssoge: gardsnr. 1-51. Np.: Borgund og Giske bygdeboknemnd, 1962.

Øvrelid, Ragnar. Borgund og Giske, Band 3: Gardssoge. Sula, Godøya, Giske og Valderøya. Np.: Borgund og Giske bygdeboknemnd, 1964.

Øyane, Lars E. Gardssoge for Luster kommune, band 1 - Fortun sokn. Gaupne: Luster kommune, 1984.

Øyane, Lars E. Gardssoge for Luster kommune, band 2 - Dale 1. Gaupne: Luster kommune, 1985.

Øyane, Lars E. Gardssoge for Luster kommune, band 3 - Dale 2, og Nes sokn. Gaupne: Luster kommune, 1987.

Øyane, Lars E. Gardssoge for Luster kommune, band 4 - Gaupne sokn.Gaupne: Luster kommune, 1991.

Øyane, Lars E., og Terje Mikael Hasle Joranger. Gardssoge for Luster kommune, band 6 - Eikum ytre - Høgi. Gaupne: Luster kommune, 2006.

Øyane, Lars E., og Terje Mikael Hasle Joranger. Gardssoge for Luster kommune, band 7 - Dalen - Fevoll. Gaupne: Luster kommune, 2007.

Aaland, Jacob. Nordfjord frå gamle dagar til no: Dei einskilde bygder. Innvik - Stryn. Sandane: Nemnd, 1974.

Ådna, Lars Martinusson. Haus i soga og segn: Ætt og æle I. Gjerstad sokn. Osterøy: Osterøy sogelag, 1993.

Ådna, Lars Martinusson. Haus i soga og segn: Ætt og æle II. Haus sokn. [Bergen:] Haus sogenemnd, 1959.

Ådna, Lars Martinusson. Haus i soga og segn: Ætt og æle III. Ådna sokn. [Bergen:] Haus sogenemnd, 1964.

Årviknes, Per. Volda-soga. Band I. Volda: Volda bygeboknemnd, 1970.

Årviknes, Per. Volda-soga. Band II. Volda: Volda bygeboknemnd, 1971.

Årviknes, Per. Volda-soga. Band III. Volda: Volda bygeboknemnd, 1973.

Notar

  1. Maria Finnøy Fagervoll. "– I siste fase av DNA-prosjektet". Sunnmørsposten, Ålesund, 26.9. 2011.
    www.smp.no/nyheter/article381533.ece


Gardssoger, lokalhistorier, gardshistorier, litteraturkjelder, opp Seksjon Sett Neste

Gardssoger, lokalhistorier, gardshistorier, litteraturkjelder BRUKARGAID: [Lenke]
© 2013–2017, Tormod Kinnes [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]