FIRST PAGE  

Kristen med blodpølse og utan geiter

 15 › 5 › 15

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE
ORD I BUDDHISMEN

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   PREVIOUS   NEXT



Kristen

Det er ikkje dei friske som treng lege, men dei sjuke. Eg har ikkje kome for å kalle dei rettvise. [Markus 2:17]

Desse Jesusorda tyder mellom anna at dei som blir kalla til kristne, blir rekna som sjuke som treng lege. Kristne er ikkje rettvise, meiner Jesus vidare. Det vil seie, "har for dårleg moral". Matteus 9:13 og Lukas 5:31-32 samstemmer: "For eg har ikkje kome for å "kåssa, kåssa" [her stod 'kalle'] dei rettvise, men syndarar." [Matthew 9:13]

Jesus omtalar dessutan dei som følgjer han, som sauer med undermakt til å drepe fikentre, kaste fjell i havet [Matteus 21:21], og leggje hendene på sjuke og gjere dei friske. [Markus 16:17-18]. Då skulle ikkje kristne ha behov for leger, men slik er det ikkje her i landet. Dessutan er ingen kjent for å kaste fjell i havet. Somme kan ha starta steinras, men det er annleis.

Det er mykje betre å vere kjekk og frisk enn oppstasa "sjukt dyr". For "Kor mykje meir verdifullt er eit menneske enn ein sau! [Matteus 12:12; Johannes 10:2-6].

Skal vi ikkje heller seie det? "Heller moden og harmonisk enn konform og gjengslave (hordedyr). Hordemenneske få så fort for dårleg moral dytta på seg."

Det går elles fram av Bibelen at den stygge blotinga av Jesus var unødvendig, ikkje berre feil. Eit par geitebukkar årleg skulle "klare den biffen" [3. Mosebok 16]. I Moselova står det at årlege geiteblot skulle vere ei varig ordning, at den var gitt av Herren så synder hos folket hans skulle fjernast, år for anna. Noko kom til kort. Det er mykje slikt i Bibelen.

Så då Jesus sveitta blod i kvide i Getsemane-hagen, skulle han ikkje ha mint Far sin på, "Høyr no her, eit par geitebukkar held jo!" Det står i Bibelen."? Han kunne blitt spart for den fæle opplevinga å ha verka og blitt blota fåfengt for folk som ikkje ville ha han likevel, tykkjer no eg.

Somme sjuke har for dårleg moral, og trur stort.

HELLER FRISK OG GLAD ENN SÆR. Somme sære har sær tru, tru som ikkje stemmer. Slik tru hadde Jesus:

I Jesus si jamføring med sauer i Johannes 10:3-5 går det fram at sauene hans vil ha han. Men han sikta til jødane - folket han fortel han kom for, og berre dei. Han ofra livet for dei, hardt pressa av Faderen på Golgata, men dei han meinte var sauene hans, ville ikkje ha han. Med éi røyst skreik dei: "Vekk med denne karen [Jesus]! Slepp fri [mordaren] Barabbas til oss!" [Lukas 23:18-19]

Så Jesus tok feil. Sentrale jødar og ein folkehop fekk han avliva for gudsbespotting, trass i det Jesus kalla Guds plan og Jesu evangelieord om at han var berre for jødar. "Eg blei sendt berre til Israels tapte sauer." [Matteus 15:24]. Han sende også ut apostlane med befaling om ikkje å gå til ikkje-jødar og heller ikkje gå inn i nokon by i Samaria, men til dei tapte Israel-sauene. [Matthew 10:1-6]. Eit unntak finst likevel i Johannes 4:6-41.

Ja, no kan han angre seg, sia jødane ikkje har teke mot han enno.

Å IKKJE LA SEG DUPERE AV ORD. Det står i Apostelgjerningane at apostelen Peter fekk eit syn mens han var oppå eit hustak i det som no heiter Jaffa. [Apgj. 10:9-48]. Dette var nye takter [Ap.gj Acts 11:1-18].

Sia då har Heilaganden komme til ikkje-jødar også, same kva Jesus sa om at han var "berre for jødane". Her skulle ein kanskje innvende, "Men Jesus sa då i siste versa av evangeliet som er tillagt Matteus, at apostlane hans skulle dra ut og gjere disiplar av alle nasjonar, døype dei, og lære dei å gjere alt han hadde befalt dei. [Matteus 28:18-20] Ja, det står det, men så er det ei ganske tydeleg forfalsking som har blitt lagt til Matteusevangeliet og Markusevangeliet 16:14-19. At det er eit seinare tillegg, er mange bibelgranskarar samde om. At det dessutan er ei forfalsking, skriv Joseph Wheless i boka Forgery in Christianity [Fic 221-29].

  • Apostelgjerningane syner at apostlane ikkje gjekk av stad og forkynte alle stader.
  • I fall Jesus hadde gitt befalinga til apostlane like etter han hadde komme ut av grava, hadde dei neppe vore til, dei lange historiene i Apostelgjerningane om Peter som kom til å omvende ikkje-jødar, og kor forbløffa dei andre apostlane blei over det.
  • Fleire Paulusbrev stør ikkje "Matteus-befalinga"; men syner at apostlane tenkte i andre baner.
  • Kristendom for ikkje-jødar står i Apostelgjerningane 15 og 21:25. Dei fire tinga som er nødvendige for ikkje-jødiske disiplar femner over nei til blodmat, men tek ikkje med eitt einaste ord eller bod av Jesus.
  • Wheless trur at dåpsformlane også er forfalska, ved at dei viser til treeinigheita, eit omgrep som blei til for konsilet i Konstantinopel i 381 eKr. Wheless syner til Dr Joseph McCabe som seier om misjonsbefalinga, "Den blei lagt til evangeliet som forfalsking då presteskapet blei forma."
  • Wheless meiner befalinga var del i propaganda mynta på ikkje-jødar etter at jødane massivt hadde avvist Jesus og sekta hans.

Ein gjer sikkert godt i å avvege "for og mot" mellom sjølvmotseiingane. [Litt meir]

I KVA GRAD ER SAUEN SJUK ENDA OM DEN SER KJEKK UT? Kva skil ekte dyr og kristensauer og rettvise menneske?

1. Ekte sauer er firbeinte og flokkdyr.

2. Kristensauen er ikkje nødvendigvis uboteleg sjuk stakkar (umoralsk, urettvis). Ein og annan kan vel kome seg, og monneleg attpåtil.

3. Heilt friske og kjekke held seg heile - og treng såleis ikkje Jesus, seier han nokre stader [Matteus 12:12-13; Markus 2:17; Lukas 5:31-32].

BAR  

Tullet er det då berre å droppe

Det er ikkje rettvist å la uskyldige døy for at skurkar skal sleppe unna og halde fram.

Få prov i staden for å bli bunden av tulltru i omløp. Framsetjingar utan saklege prov gjer somme påståelege og så firkanta dogmatisk-bombastiske at det er flaut. Det er god skikk i vitskapen å halde uprovne ting "svevande", in suspensio. Uprova, dogmatisert tru er det som bispar styrar med. Trua på at døde står opp att av grava - etter hundre år er fælt lite att, stort sett - med heile og ulastelege kroppar, er med i statskyrkjas gravferdsritual, skriv Helge Aarflot i boka Død og jordeferd. Den trua verkar heller ufundert. [Døg].

UTSTYR TIL GJETING vist ved San Narno Vescovo, Chiesa di San Giovanni Apostolo, Villa d'Ogna, Bergamo, Italia.

Utstyr til gjeting av toføtte sauer (bispeskrud).
Mykje av "gjetarutstyret" i gjengs kristendom kjem frå andre religionar i Romarriket: Bispehue, bispestav og så bortetter. Korset som kristent symbol kom til og blei kjent først på 300-talet, og religionar blandar seg. [Meir]


FABELBLOTET AV JESUS VAR UNØDVENDIG. Etter Moselova skulle dyr blotast for at jødane skulle sleppe straff. Uvedkomande tamdyr og fuglar måtte bøte med livet for syndene til jødane, så dei kunne ture fram vidare ved å kverke uvedkomande slik Gud hadde forordna. Slik er Guds såkalla rettferd - å la uskyldige li og døy for kjeltringpakk, også kalla syndarar. Slik låkheit bør ein helst klare seg utan, og utan fall. Sjå korleis det gjekk Jesus: Han sa jødane hadde monopol på han, sånn om lag, at dei var dyra hans, han var som hønemora deira, at sauene hans kjente stemma hans - men vikarblotet hans for dei fall ganske enkelt i fisk. Dei ville ikkje ha han, same korleis han streva og døydde. Først deretter kom "Plan B" i stand - nytt opplegg for ikkje-jødar. Blant dei fire tiltrengte tinga å halde for slike, var "nei og fy til blodmat". [Ap.gj. 15; 21:25; Lukas 13:34]

Kjenner du nokon som et blodpølse, mår, blodpudding og anna blodmat og ser ned på horande? Slikt er vanleg i visse krinsar, der dei ikkje har lese Bibelen . . . Saka er at å hore og ete blodmat verkar ganske jamstelte for heidningkristne, det vil seie mest alle kristne i dag [Ap.gj. 15; 21:25]. Skal ein seie dessverre?

Det var elles synd med Jesus: Faderen ville ha han avliva for jødane; det var Guds vilje, sa Jesus, og Jesus meinte feilaktig at Gud var rettferdig [Johannes 17:25]. Han fekk seg ikkje til å jamre: "Gud er urettferdig!" Det er sikkert og visst. Men normal oppfatning av rettferd seier den som lèt uskyldige bli syndebukkar for seg og drep uvedkomande til gagn for kjeldringar og syndarar, er eit korrupt svin eller blotgal og må sperrast vekk av omsyn til godt folk.

JESUS BLEI BLOTA AV FADERVÅR TIL LITA NYTTE, STÅR DET. Det urettferdige blotet av Jesus blir kalla herleg, underfullt, vilkår for frelse av mange. Men at notorisk urettferd blir kamuflert med tilgjort pjatt, skulle ingen normale like og hylle ved feil ordbruk: Der ein dommar lèt uskyldige li og avrettast fordi han vil gagne kjeltringane sine ved det, er det umoral og korrupsjon som rår. Slik skulle ingen takke for.

År etter år, hundreår etter hundreår heldt "Guds folk" på med å blote dyr slik Gud hadde knesett for nettopp dei [2. Mosebok, kap. 21 ff, særleg 3. Mosebok kap. 16]. To geiter som blei rituelt blota årleg skulle ta vekk alle syndene til jødane det året. Ordet "syndebukk" kjem av denne brutale slaktarpraksisen, som Bibelen fortel var innstifta av Gud for å vere varig. Det står i 3. Mosebok 16.

Det var dermed ikkje grunn god nok til å avrette han som hevda å vere Guds son, for å berge jødar. To geiter årleg var alt som skulle til, fortel Bibelen, og den eine geita blei dessutan sleppt fri. "Kor synd for Jesus at det ikkje var nokon som kunne Lova i høvet," er ein fritenkt kommentar.

Hoverande syndebukkgjering med avretting av vidt uvedkomande (dyr og Jesus) blir venteleg farleg i langdrag. Det fremmar usunne tilhøve. Narring er slik. La dermed vere å kalle syndebukk-makeri stort og herleg. I psykiatrien nemner ein at hard scapegoating (syndebukkgjering) gjer nevrotisk.

Jesus blei blota av Fadervår om lag som eit dyr på Golgata, utan god eigenvilje å setje igjennom mot Fadervårs blotarvilje og manglande oversyn over kva som gjekk: Heile det erklærte opplegget til Faderen og Jesus slo feil og blei patetisk. Jesus hadde alt sagt at læra hans var berre for jødar, fortel evangelia.

Vaktar ein seg for liksom, gjer ein truelg vel, for hardt liksom fører til liv som ikkje er godt nok.

LÅK TRU FÅR IKKJE SVAR. Den naive kristne kan ha blitt rundlurt ifrå sunn og naturleg moral og ifrå oppfatning av bra rettferd ved falsk som blir hamra inn i lag med dupering, så han og ho får svekka moralsk sans, og ikkje ser kva som er godt og bra. Somme blir nok narra inn i det av renkespel frå barndommen av, andre blir hardt kua og tvangsfora med Paulus utan skam, og følgjene er farlege. Jamfør: "Eg har ikkje kome for å kalle . . . rettvise." [Markus 2:17].

Sjuka i botnen får Jesus til å kalle "sine" for sjuke (og sauer). Mangel på bra moral kjenneteiknar ein ussel stakkar, niding og det som verre er. Det kan sjå ut som mangel på mot og bra moral heng saman med urettvisa som krenkar uskyldige og lét kjeltringar og låke få "nåde" til å halde fram ved skjending.

Det som skjedde med martyrane i oldkyrkja var at stakkarane ikkje fekk vite at ein slakta geitebukk skulle vere nok etter Guds ord [3. Mosebok 16], at dei ikkje trong å li og døy heller, sia Jesus hadde garantert at "alt var mogeleg" om dei berre hadde slik tru, eller bad [Matteus 17:21]. No står det dessutan at ikkje ein gong Jesus blei bønhørt av Fadervår då Jesus hang på krossen og bad for jødar. Så livet (døden) og læra hans harmonerer ikkje der. Slike leie sprik er ikkje bra [Matteus 26:39]. Sia offerlamma hans (martyrar i millionvis) "kopla for dårleg i hovudet", kom dei heller ikkje i hug at dei kunne gjere betre enn den avretta Jesus, slik han sjølv hadde kunngjort [Johannes 14;12].

  1. Jesus såg på dei og sa: "For Gud er alt mogeleg." [Matteus 19:26]
  2. "Om de trur, får de alt de ber om i bønnene dykkar" [Matteus 21:22]
  3. Jesus. "Alt er mogeleg for den som trur." [Markus 9:23]
  4. "Har de tru . . . vil ingenting vere umogeleg for dykk." [Matteus 17:21]
  5. "Den som har tru på meg vil gjere det eg har gjort. Han vil gjere enda større ting, av di eg drar til Faderen." [Johannes 14:12]

No syner lidingshistoria til Jesus at det var mogeleg for Gud å nekte han bøna hans på krossen (punkt 1), and slikt verkeleg var mogeleg for den som trur fordi alt var mogeleg (jf. punkt 3, 4). Men martyrane kunne ha gjort større ting og frelst seg (5).

Litt meir detaljert, kanskje:

1. Trua: "Gud er allmektig": Når vi røktar etter, kjem vi til slikt som "Kan Gud skape ein stein som er så stor at han ikkje kan løfte den?" "Kan Gud rake hovudhåret av ein flintskalla?"

2. Bøner frå Gud-Jesus fekk ikkje bønesvar. Jesus jamra om å få sleppe krossfestinga, men fekk det ikkje. Då først resignerte han. På krossen bad han for jødane, utan at det hadde nokon særleg verknad. Han trudde han kom for jødane, at dei ville høre på han og la han ta dei under vengjene sine, men det gjorde dei ikkje, og har ikkje gjort det til denne dag.

3. Vanleg skikk er iallfall mogeleg. Har du tru, vil det ikkje vere umogeleg for deg å ikkje bli bønhørt, sia "alt er mogeleg" . . . og gravlagde står nesten aldri opp att av molda, og "dei døde gravleggjer ikkje døde" likevel, enda det står i eit evangelium. "Følg meg og la dei døde gravleggje sine eigne døde" [Matteus 8:22]. No hevdar George Lamsa i boka Gospel Light at Jesus meiner "La landsbyen gravleggje sine døde," fordi det aramaiske ordet for død er metta, og for by, matta. Men likevel, "La byen gravleggje dei døde", som var vanleg skikk i den tida, er ikkje med i Lamsas eiga bibelomsetjing ein gong. Jamfør "Targumstudier" her på nettstaden.

4. Større ting enn urett skryt. Blant større ting å gjere enn Jesus gjorde, er å ikkje bli avretta for låkt snakk og skryt, ikkje satse feil på kven som er eins eigne sauer og ikkje, og kanskje å ikkje bli våt i regnet utan paraply. Snakket om å flytte fjell og kaste fjell i havet ved tru [Matteus 17:21; Markus 11:23], hoppar vi over, sia ingen lét eller lèt til å gjere slikt likevel, ikkje bokstaveleg.

Ein skal ikkje tru alt ein høyrer og ikkje alt som står prenta med svart i ei bok heller. Det er slikt Buddha fortel, med meir.

Kven er menneskeson?

Klisjéen om at Jesus døydde for alle, er ikkje sann. Mange buddhistar, som Milarepa, har klart seg utan snakk om han. Jamvel Bibelen fortel om fleire som kom i himmelen før han. Abraham, Enok, Elias er mellom dei. Jesus skulda til overmål samtidige farisearar og skriftlærde for å vite om korleis ein gjekk fram med det og løynde det for folk. Ut frå dette både fanst og finst vegar inn.

Somme vil seie det gjeld å løfte opp menneskesonen (aramaisk: barnasha), som mellom anna tyder å heve kvardagsmedvettet, vanemennesket, vanleg menneske, menneske. Neil Douglas-Klotz fortel at bar tyder "son" og nasha menneske, mann og kvinne, og ordet heng etymologisk saman med "skrøpeleg og glømsk". For å løfte opp menneskesonen sin (heve medvettet sitt) tydde jødar lenge før Jesus til mystikk-øvingar for å "stige opp til Guds trone". Lærde fortel at slike praksisar fanst i jødedommen før Jesus og på hans tid. [Hg 162-63; Net xxiv].

Til sjuande og sist er det sjølvbetring og heving av medvettet i meditasjon som TM, Rudolf Steiner og essensiell antroposofisk sjølvskolering og buddhisme handlar om. Buddhismen tilbyr ein avrunda, god veg, og det krevst inga låk og dogmatisk tru for å vandre den. Dessutan kan den som vil, ta til seg kva det skal vere frå buddhismen utan å rekne seg som buddhist eller kalle seg det - det er greitt. Sjølvberging kan vere så mangt.

Det er tulltru at alt som skal til for å kome i himmelen, er å tru tull og vas. Tru-vektinga ignorerer bibelord om arbeid, om løfting av medvettet, som gjerne blir forstått som å gjere sitt beste for å kome inn i himmelen innom seg, på Jesu ord [Sjå Matteus 10:7]. Det står då i klartekst at det ikkje held berre å kalle Jesus "Herre". Det skal meir til, som å vere rettferdig og finne og kome seg inn gjennom den tronge porten, fortel Jesus. [Matteus 7:21; 5:20; 7:13; Lukas 13:24]. Ein lyt iallfall droppe å ete blodmat, seier Apostelgjerningane 15 og 21:25, der ikkje eitt Jesus-ord blir rekna som tiltrengt - ikkje er med i dei fire tiltrengte tinga for ikkje-jødiske kristne.

I somme former for yoga finst lære om kunsten å løfte medvettet. Somme klarer å opne sushumna nadi og "løfte slangen, Kundalini" som det heiter. Det finst metodar for slikt.

Middelvegen og buddhisme

Dharma-hjulet

Det er flott å betre seg, men famling i mørket og sjuk "kalking av grava" (tildekking) gir heller tilkortkoming enn gild framgang. Milarepa-soga fortel det kan la seg gjere å kome seg etter svartekunstar, iallfall.

Du maktar kanskje ikkje å ta alle konsekvensane av "Det er betre å vere sjuk og rettvis (heil) enn bli kalla gjæv kristensau" på ein gong. Små steg i gongen kan lykkast. Kanskje er det også slik at ein lyt krype før ein kan gå med babysteg. [Matteus 12:12; 9:12-12; Markus 2:17, osv; sjå ovafor].

Ein gjer vel om ein tek omsyn til det Jesus lærer om at det er betre å vere menneske enn sau, og betre å vere frisk enn sjuk, betre å vere rettvis og sann enn urettvis og løgnaktig. Har vi etablert oss i slikt, høver vi neppe i gjengs og gal kristendom. Det går fram av evangelium.

Buddhismen sin åttedelte veg og fleire andre gode råd frå Buddha kan vere god hjelp. Og i buddhismen treng ein ikkje tru blindt og galt; ein treng ikkje ta noka som helst lære for god fisk utan vidare. Det er naturleg og godt levevis med tilhøyrande sjølvutvikling som er det sentrale i Buddha si basislære. Men det har vakse fram eitt og anna i buddhismen også som ikkje er med blant gründaren sine sentrale ord i den eldste kanonen som er tilgjengeleg. [Lenkje]

Buddha fortel korleis det gjeld å ta vare på moralen sin framfor ytre akting om ein skal velje, kor godt det helst går for den som tek tida til hjelp og byggjer vid forteneste som følgjer ein vidare, mens vond karma vonleg blir tømt vekk etter kvart. Jamfør Jesus: "Skaff dykk pungar som ikkje blir utslitne, ein skatt i himmerike som ikkje blir tømt, der ingen tjuv kjem nær og ingen møll øydelegg [Luke 12:33]." Det er ganske likt.

Saka er at å bli betre og få det godt ved rett veg for seg ved (1) forstandig meditasjon og sjølvhjelp og (2) hjelp frå samkvem med venner (sangha) og (3) klok og kunnig lære (dharma) å styre etter, er dei tre skattane i buddhismen, og nok er også eit langtidsprosjekt det gjeld å ikkje gi opp med fordi alternativa truleg endar verre.

Buddhisme på nettstaden.

TILGIFT

Litteratur  

Døg: Aarflot, Helge. Død og jordeferd. Oslo: Luther, 1982.

Fic: Wheless, Joseph. Forgery in Christianity: Documented Record of the Foundations of the Christian Religion. Norwich, Norfolk: Cosimo, Inc., 2007. (originally published in 1868). On-line at Google Books and About.com.
[altreligion.about.com/library/texts/bl_forgerychristianity.htm]

Hg: Neil Douglas-Klotz. The Hidden Gospel: Decoding the Spiritual Message of the Aramaic Jesus. Wheaton, IL: Quest Books, 2001:162-64.

Net: Lamsa, George, tr. The New Testament. Philadelphia: Holman Bible Publishers, 1968. A later edition is Online.

Glt: Lamsa, George Mamishisho. Gospel Light: Comments on the Teachings of Jesus from Aramaic and unchanged Eastern Customs. Philadelphia: Holman, 1939. (Opphaveleg på University of Michigan).

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   © 1999–2010, Tormod Kinnes. [E-POST]  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]