![]() |
Milarepa flyr høgt | |||||||||||||||||||||
|
Milarepa lærer å flyNoe metta og varma
"Eg gjekk i veg og fann ein stad der det voks fine nesler og ein liten bekk rann framom. Der kunne eg trene i å meditere. Der hadde eg ei hole. Eg levde berre på neslesuppe og var utan klede. Kroppen min blei som eit skjelett, men grønfarga som neslene eg åt og drakk, og over skjelettet voks grønt hår. No og då la eg den bokrullen eg hadde med, mot panna mi, og kjensla av den metta og lindra i magen. Eg svalt og hadde ingenting å ete. Eg fekk teikn på ikkje å opne bokrullen enno. Då kom nokre grove jeger-kameratar og løfta meg i veret så grufullt at det fornærma meg der eg sat og mediterte. "Vel, no løftar vi deg opp i lufta att, om du ikkje gir oss maten din!" sa dei. Så gjorde dei det, og eg gret av smerte i den veike kroppen. Eg syntest så synd i dei at eg gret. Den eine av karane sa då: "Hald opp no då; dette er ein verkelig lama. Det er ikkje han si skuld at vi svelt." Og til meg sa han: "Det er verdt å beundre - eg har ingenting imot deg; hugs meg derfor." Dei andre la til for moro: "Hugs å be om at vi blir verna." Så gjekk dei leande av garde og blei arrestert alle saman. Leiaren blei avretta, og alle dei andre fekk stukke ut augene sine, unnateke han som ikkje ville krenkje meg meir." Noe å rose, eller?Eit år etter meinte Milarepa det var best å halde fram med meditasjons-øving. No meinte han elles at han hadde nekta seg mangt lenge nok, og tvinna klefiller om kroppen for å ha noko ly i Himalaya-høgda.Harde gamle jegarar fann han året etter. "Her er ei vond ånd!" Dei kunne ikkje finne anna enn nesler rundt beinrangelet, og då blei dei rørt til respekt og sa: "Det her er verdt å rose." Dei la endatil att mat til han. Då blei han overveldande glad, så glad at han ikkje hadde kjent noko betre før, i all den tida han hadde strevd og meditert - Han nytte jeger-menyen til det gjekk makk den. Då kom han til at det ikkje var noko for han å ete kjøt, og tenkte: "Når eg no et og deler med makkane, er det å rane dei. Det er ikkje verdt å rane nokon." Slik fall han tilbake på neslesuppe. Kven er den elendigaste?Etter enda eit år sat han i kontemplasjon då nye jegerar kom innom. Dei pirka i han med boge-endane sine for å forvisse seg om det var ei vond ånd eller noko levande som sat slik, mager og grøn. Dei meinte helst det var ei vond ånd. Då lærte han dei å lage neslesuppe."Om eg hadde hatt kjøt, bein, merg og feitt, ville eg hatt mat som smakte, men slikt har eg ikkje hatt i mange år. Bruk nesle til krydder, til å jamne suppa med, og til å salte med til sist," sa han til dei. Dei kom til at å leve på slik mat og ikkje ha anna enn samanknytta filler om seg, fekk fram at ein ikkje verka som noko menneske. Dei heldt fram: "Om du hadde fått teneste som tenar hos einkvan, ville du hatt mat. Du er den mest elendige stakkaren i heile verda!" Eg sa: "Sei ikkje det. Eg er ein av dei heldigaste; eg har fått møte Marpa, omsetjaren. Og no sit eg langt vekke frå der folk lever og bur. Men de, på den andre sida, samlar saman synder ved å kappast med kvarandre, underordna altfor dumme og ureinslege mål." Så song eg dette for dei: Å vere klar i hugen er jammen komfortabelt." Søstera Peta finn hanMilarepa hadde ei søster, Peta. Til henne sa jegerane då dei kom derifrå:"Anten det er dyr eller menneske, så er "Å vere klar i hugen er jammen komfortabelt" frå bror din som sit og sveltar seg og ligg an til å dø av lidingane. Det her er del av ein song han sang for oss." Då skreik ho: "Bror min rømte i veg, og eg blei svekka ved å bli aleine. No er eg tiggar i elende." Så skreik ho til nokon bad henne pent om å stoppe. Det endte med at søstera Peta kom berande med ein sekk mjøl til broren. Då ho fekk sjå han, blei ho fælen. Auga låg djupt under augebryna, kroppen var skinn og bein, og blågrøn av nesler. Musklane var skrumpa vekk, og det brågrøne håret som stod som buster opp skalla, var så stive at det forma eit kratt. Lemmene såg ut til å knekke ved neste vindkast. Ho meinte det var ei vond ånd, men tok mot til seg og sa: "Er du mann?" "Eg er Milarepa," sa eg. Ho drog kjensel på stemmen og svima av. Då blei han glad og lei samtidig. Kunne nokon ha det verre, spurde ho då ho vakna, og sette i å gråte og bere seg utan stans. Broren forstod å trøyste henne med nok ein song: Hør på bror din sin song.Då søstera hørte dette, sa ho: "Hadde dette vore sant, hadde det vore verdt å høgakte." Ho gjekk broren på klinga og ville ha han til å halde opp å meditere i skogen, men då song han: Guruen er slektningen,Ei som følgde søstera sa: "Den songen er verdt å høgakte." Søstera sa til broren: "Skulle eg komme og finne at du er enno levande, kjem eg med noko å kle deg med." Så gjekk dei to kvinnene, og Jetsyn sat aleine att og blei sterkt forvirra, står det i kjelde-skrifta. Det var no han fann det bra å opne bokrullen frå guruen sin. Det han las seg til, førte med seg at han førebudde nervane sine for veldige indre omskapingar av seg. Puppa blir sommarfuglMilarepa tok seg enda meir saman og begynte å trene så han blei klar og rolig. Ved det vakna overnaturlig kunnskap - og han blei også hjelpt av gagnlig mat som Peta skaffa han. Då meinte han at rett overnatur-kunnskap også kunne vinnast ved å ta vel vare på høvelig kropp og helse, og utan å gi opp nærande mat og behagelege klede. Dette gjæve fekk søstera lære han, ved å hjelpe han med mat som gjorde han sterkare. Ho måtte leve mest som tiggarkjerring å rekne - Då song han som best han kunne:Ja, vurder kvar gåve ut frå kva ho fører til,Milarepa gjekk vidare og fortel: "I nokre av drømmane mine kunne eg heretter blir til mange hundre personar, alle med dei same undergåvene som eg sjølv. Kvar av desse drømme-personane kunne fare gjennom verdsrommet og dra til ein av Buddha-himlane, lytte til det som blei undervist der, og så komme attende og preike rett lære til mange personar. Eg kunne også forvandle kroppen min til ei flammande lysmasse, eller til ei rennande eller rolig vassmenge. Ja, eg fann ut at eg hadde vunne endelause gåver (om enn i drømme). Det gjorde meg så glad at det oppmuntra! Her heldt eg fram og så kunne eg det. Eg kunne faktisk fly uten venger av noko slag. Somme gonger flaug eg over til eit slott for å meditere. Andre gonger flaug eg til vasskjelda der eg hadde ei god hole." Slektningen ser han fly over bygdaEin gong Milarepa var ute og flaug slik, kom han til å passere over ei lita bygd, Long-da. Der heldt ein fjern slektning på å pløye eit jorde med sonen sin. Då Milarepa flaug over, sa den sonen:"Sjå der, ein flygande mann!" Faren hans svarte: "No - det var ein gong ei slem kvinne som fekk ein son som gjorde mykje vondt - Milarepa, han som svalt seg. Kva er det å gle seg over at ein slik ein flyg over hovudet på oss?" Sonen sa utan å skamme seg: "Om ein mann kan fly, kva gjer det at han elles blir kalla ingenting verdt?" Han heldt fram med å sjå på mens Milarepa flaug vidare. Milarepa: "No kunne eg hjelpe alle vesen eg ville hjelpe, men eg fekk ordre av gudinna over meg om å velje djup meditasjon, slik Marpa, læraren min, hadde kommandert. Eg kunne ikkje gjere noko betre enn berre å meditere for meg sjølv. Det blei det mest høvelige. For no hadde eg nådd oversanselig kunnskap og overnaturlege evner, og folk hadde sett meg fly i lause lufta. Blei eg verande der dei hadde sett meg, ville grove og harde legge bører på meg ved å be om kjempehjelp mot skade, verning og oppfylling av dumme ønske. Det ville eg ikkje. Det kunne endatil freiste meg. Derfor fôr eg min veg." Krukke og jegervinkEin dag kom Milarepa til å snåve utafor meditasjonshola Dragkar-taso mens han var nokså naken og bar på leirkrukka si - ganske naken var han mest støtt. Han glei på ein stein rett utafor hola og datt over ende. Handtaket gjekk sund, krukka rulla vekk og gjekk i knas, men sjå - det dukka opp ei ny krukke frå innsida av krukka. Den nye var grøn og av størkna neslesuppe som hadde festa seg på krukkeveggen. No skjønna Milarepa kor lite varige jordiske ting er, og laga ein hymne over den nyttige hendinga:Leirpotta fanst, no gjer den det ikkje.Mens han song, kom enda nokre jegerkarar forbi. Dei var ute etter å få eit måltid mat ved hola, og sa: "Nei, så grøn og tynn du er!" Dei baud han på mat, og mens dei åt, sa ein av dei yngste. "No, du verkar kraftig bygd, så korfor plage deg så grassat og nekte deg mest alt? I verda kunne du vel få bra oppgang, ri ein hest som ei løve, stikke som mang ein tornebusk i kvass strid, ja, kuve fiendar. Ved å samle og grave saman rikdom kunne du verne dei som er mest glade i deg i slekta, og du kunne bli glad. Eller du kunne bli rik og glad gjennom handel - eller i verste fall bli tenar for å få god mat og klede. Alt slikt ville nok vore betre. Det let ikkje til at du har visst alt dette før, så set i gong med det same." Ein av dei gamle jegerane: "Han klengjer seg til nokon, og kan vel ikkje bry seg om verdslege og velmeinte vink frå slike som oss." Han vende seg til meg: "Ver god å syngje ein song. Det vil gjere godt." Milarepa svara: "Det ser ut til at de alle held meg for å vere elendig. Men ingen i heile vide verda er så glad. Og ingen kan skryte av eit edlare og meir storveges vellykka liv, om de berre kunne fatte det. Hør," sa han, og song: Milarepa-hymne"Kroppen eig mitt eige altar. Det er brystkorga. Ein oppstrammar til ungjenteneEtter denne songen gjekk Jetsyn til ein stad som blir kalla Tingri. Nokre kjekke ungjenter gjekk på vegen og fekk sjå den heldige. Dei sa:"Så elendig og fæl! Berre synet gjer oss nervøse." Men Jetsyn meinte dei var rett uvitande. Han gjekk bort til dei og sa: "Jenter, ikkje tal slik. Det er rosverdig å ha medynk, men medynk og opphøging av seg sjølv passer heller dårleg saman." Så song han: Vegen til gudars Olymp,Milarepa-stubbane er korta ned og att-fortald frå boka Tibet's Great Yogi Milarepa [Tm] på Oxford University Press, redigert av W. Y. Evans-Wentz. (Med forbehold om feil i attgivingane). Litteratur Tm: Evans-Wentz, Walter Yeeling, ed. Tibet's Great Yogi Milarepa. 2nd ed. London: Oxford University Press, 1969. BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 19992007, Tormod Kinnes. [E-POST] | |||||||||||||||||||||