Somme normer i Bibelen kan vere tenlege for oss, og "Ein skal ikkje kaste ut barnet med vaskevatnet [Ordspråk]." Men dette kjem også inn i biletet: "Den vise skal ikkje framkalle forvirring hos dei uvitande [Bhagavad Gita 3:26]," og Bibelen er ei forvirringsbok av dei store, med ei mengd tvilsame hevdingar og merkelege sjølvmotseiingar.
No kan ein også sjå at opptil halvparten av den kristendommen ein kjenner og møter i kyrkjesamanheng, er teke over frå andre religionar, men slikt tilfang kjem ikkje med på denne sida. Så får ein kose seg med kloke ord frå gamle dagar og noko lagt til - om ein evnar og har hug til slikt. Noko av det som har kome med, blir truleg mykje for krevjande for folk som har blitt narra ved tru, og det er mange. Men det var nok prosentvis fleire godfjottar av det slaget før om åra. Jamfør ◦nyare statistikk.
|
|
 | |
Utstyr til ikkje å gifte seg |
|
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
© 20022011, Tormod Kinnes [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE]
|