Norsk del, Gullvekta
Fantastiske historier   ❀ 3
Seksjon › 29   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Gjetaren og kråkene

For mange år sidan budde ein gjetar på Svartfjellet ovanfor Longton. Der dreiv han ein liten gard for ein annan. På kvar side av garden budde to brør. Dei dreiv jorda til far sin.

Sauane til alle tre beita i lag på fjellet, men dei to brørne hata gjetarkaren. Ein dag det ikkje var andre og gjette på fjellet, fekk dei tak i han, tok han til fange og sa dei ville ta livet av han. Det fanst ingen andre der omkring, sa dei, og at det aldri ville bli komme for ein dag kven som drap han.

"Dersom de drep meg," sa han, "skal sjølv kråkene gale det fram!"

Dei drap han likevel og gravla han på fjellet. Liket blei funne etter ei tid. Det fanst ingen prov på kven som hadde drepe han, men ikkje lenge etter kom kråkene. Dei sirkla omkring hovuda til dei to brørne og gol "kra, kra, kra." Dei heldt fram slik dagen lang, både når dei to brørne var saman og når dei var kvar for seg.

Til sist kunne brørne nesten ikkje halde det ut, og ein gong dei var ute på marka, sa den eine til den andre: "Bror, hugsar du då vi drap den fattige gjetaren på fjelltoppen der, at han sa at kråkene skulle gale mot oss?" Desse orda overhøyrde ein mann som var ute i marka ved sidan av. Ei offentleg gransking førte så til at brørne blei hengde for drap.

Kjelda er W. Perry, Walbersham, då han var åtti. Han var opphavleg frå Langdon. Historia hans er mellom anna gitt att i Briggs 2003, 320-21.

  Innhald  


Bøker        

Fantastiske historier, forteljingar.    Seksjon     Sett    Neste

Fantastiske historier, forteljingar. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2015–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]