Norsk del, Gullvekta
Nokre viser
Seksjon › 16 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Hestehandlarar

Ein sognamann og ein forherda halling
kom ein gong opp i handel om ein hest.
Først gjekk det dram i dram med song og tralling,
for begge tenkte, "Eg skal tola mest."
Men før dei vardest vart det skjell og skalling,
og tollekniven vart mot hælen kvest,
til brått dei sturta med ei kaldsleg ralling
før dei fekk bod på sakrament og prest.

Omsider kom då lensmannen og presten -
Ja, omsider kom då lensmannen og presten.
Å ja, omsider kom då lensmannen og presten -
omsider kom då lensmannen og presten.
Men sjølve opphavet til synda, hesten,
kom ingen av dei høge herrar på.
Men sjølve opphavet til synda, hesten,
kom ingen av dei høge herrar på.

Han stod der frami skuggjen utfor stova,
han stod der utfor stova og åt.
Han stod der frami skuggjen utfor stova,
han stod der framfor stova og åt,
og veifta fly og fluger vekk med rova,
og leska seg på frisk og saftig hå.
Og veifta fly og fluger vekk med rova,
og leska seg på frisk og saftig hå.

- Jakob Sande (tekst), Geirr Tveitt (melodi).

Dar kjem dampen

Ved bryggja i Bergen dar ligg da ein båt
So blankpust og fin at han lyse,
Med skikkeleg master og pipa med låt,
Og månge slags varer han hyse.
Dar kjem dampen, gamle dampen,
Tak på deg triskona og spring.
Dar kjem dampen, gamle dampen,
Linge-linge-linge-linge-linge-ling.

I rubmet ligg mjølsekkjena i høge lag,
Og kassa med abelsine.
På dekkje e da fullt utå adle slag:
Mjelkespadn og røyre og tine.
Dar kjem dampen, gamle dampen,
Tak på deg triskona og spring.
Dar kjem dampen, gamle dampen,
Linge-linge-linge-linge-linge-ling,

Han fer idni gjønå med damp og med køl.
Nett snøgt ikkje fram han fere.
Men leie veit han og fidn kvart eit høl,
Dit gøtt ifrå bydn han vil bere.
Dar kjem dampen, gamle dampen,
Tak på deg triskona og spring.
Dar kjem dampen, gamle dampen,
Linge-linge-linge-linge-linge-ling

No hev han sigla i femtifem år.
Binda by og land saman han konne.
Og når han no ikkje lenger går,
Då græt både bymann og bonde:
Dar gjekk dampen, gamle dampen,
Far or triskona, far stilt.
Dar gjekk dampen, gamle dampen,
Å detta var sørgjeleg ilt.

- Ragnvald Hammer (lyrikk), Ivar Medaas (melodi)

Innhald


Svenska visor, svenske viser, litteratur  

Svenska visor, svenske viser, opp Seksjon Sett Neste

Nokre viser BRUKARGAID: [Lenke] - User's Guide: [Link]
© 2019, Tormod Kinnes. [Email]  ᴥ  Disclaimer:  [Link]