Norsk del, Gullvekta
Marpa Omsettar
Seksjon › 6   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ord

Reservasjonar    Innhald     

nn

Marpa Omsettar

Marpa eller Marpa Lotsawa, "omsettaren Marpa" (ca. 1012 – ca. 1097), var ein velståande tibetansk bonde. Kona hans heitte Dakmema og dei hadde fleire søner. Heile namnet hans var Marpa Chokyi Lodros og fødestaden hans var Lhodrak Chukhyer i det sørlege Tibet.

Marpa lærte sanskrit i Tibet hos omsettaren Drokmi Shakya Yeshe (992–1072/74). Etter tradisjonen studerte Marpa hos han i femten år. Dernest drog han til Nepal, der han studerte under to av lærlingane til Naropa (1016–1100).

Marpa selde så mykje som han fann forsvarleg og fekk gull for det. Gullet brukte han som betalingsmiddel for å reise; betale lærarane sine; og til å skaffe seg tekstar. Ein av Naropa-lærlingane følgde Marpa til ein stad nær Nalanda, eit gammalt senter for høgare utdanning i Bihar, søraust for Patna i India. Nalanda var buddhistisk universitet frå 427 til 1197. Der i senteret underviste Naropa.

Marpa studerte under og fekk instruksjonar av Naropa og andre indiske lærarar som Naropa sende han til for å få undervisning og opplæring av. Den mest kjente av desse lærarane var Maitripada (ca 1007 – 1085). Marpa blei godkjent som lærar i den tantriske kagyu-tradisjonen. Etter tolv år drog han tilbake til Tibet for å lære opp andre og føre tradisjonen vidare. Han gifta seg med Dakmema, og slo seg fram som bonde.

Etter nokre år reiste han sør og var seks år til med Naropa. Før han fór, derifrå lovde han Naropa å komme att for å fullende treninga og opplæringa. Sidan sette Marpa ut på den tredje og siste reisa til India, til protestar frå familien sin.

I India fekk han vite at Naropa hadde forsvunne inn i villskogen, og at ingen visste kor han heldt til. Men Marpa fann han likevel og fekk krona på verket - dei siste læresetningane og instruksjonane frå Naropa. I det høvet føresa Naropa at buddhist-rekka etter Marpa ville bli ført vidare av disiplar han fekk, og ikkje nokon av dei sju sønene til han og Dakmema.

Når no Marpa hadde fått del i læra og metodane som følgde med, kunngjorde Naropa at Marpa var den etterfølgaren hans som fekk bringe linja vidare. Men Naropa hadde andre etterfølgarar også, også, blant andre Maitripada.

Tilbake i Tibet budde Marpa, kona og huslyden i Lhodrak, Sør-Tibet. Han omsette buddhistiske skrifter frå sanskrit til tibetansk i mange år. Dei skildra blant anna meditasjonspraksisar.

Etter tantrisk skikk kunne Marpa somtid verke som har var full av det tibetanske ølet chang, også kalla "gudars nektar". Etter tibetanske legender er chang godt likt av dei tibetanske snømennene, yetiane, også. Dei er ofte på plyndringstokt i avsides fjellbygder for å få tak i drikken, seier folk der. Det er mangt som snømenn får skylda for - [WP, sv. "Chang"]

Marpa grunnla eit buddhistisk kloster i Zanskar - vonleg i 1052. Han heldt fram å praktisere metodane han hadde fått lære, og overførte lærdommar og velsigningar til mange lærlingar. Milarepa var ein av dei som fekk slik nåde, enda om den medlidande kona til Marpa nesten øydela det kryptiske opplegget til Marpa då det stod på som verst, fortel Milarepa-hagiografien. Men til sist stod Milarepa som den åndelege arvingen til Marpa i rett linje tilbake til Nalopa.

Doha-songar

Marpa har fått æra for å ha frakta doha-tradisjonen til Tibet også - det er songar der ein syng erkjenningar. Doha-vers er dobbeltvers med rim i. Dei føreset ikkje meir informasjon enn det som ligg i versa sjølve. Versetypen var omtykt i indisk poesi i den tida Marpa levde. Doha-songar gjorde eleven hans, Milarepa, omtykt. Milarepa song fram store mengder av dei (Chang 1999).

Marpa hadde mange andre disipler også. Han døydde åttifire år gammal. Folk melde ifrå om at dei hadde sett ein regnboge og blomsterdryss då det skjedde. Ein høyrde musikk - og i kort tid var lufta fylt av herlege dufter.

Milarepa brakte læra vidare til fleire. Mellom dei var Rechungpa og Gampopa - kjente namn -

Marpa undervist i draumeland

"Ei natt eg sov lett, drøymde eg at to vakre jenter kom til meg og sa: "Du må dra . . . !"

Eg sa: "Eg veit ikkje heilt."

Dei to jentene sa: "Vi skal bere deg på skuldrane."

Dei tok meg med til ein stad der det glade fjeset til ein Gud smilte til meg: "Velkommen, son min!" sa han. Håra på kroppen min reiste seg. Kroppen min var berusa av lykke. Så song guden kva ein skyfri himmel skal tyde." [Stytta]

Eg har reist ein lang veg
utan vennar eller slektningar.
No er kroppen min sliten.

- Marpa

  Innhald  


Marpa Lotsawa, Marpa Omsettar, kagyu, tibetansk buddhisme, Litteratur  

Chang, Garma C. C. The Hundred Thousand Songs of Milarepa. London: Shambala, 1999.

Evans-Wentz, Walter Yeeling, ed. Tibet's Great Yogi Milarepa. 2nd ed. London: Oxford University Press, 1969. (1928).

Gampopa. The Jewel Ornament Of Liberation: The Wish-Fulfilling Gem of the Noble Teachings. Tr. Khenpo Konchog Gyaltsen Rinpoche. Boston: Snow Lion, 1988.

Heruka, Tsang Nyön. The Life of Marpa the Translator. Reprint ed. London: Shambala, 1995. ⍽▢⍽ Marpa Omsettar frå 1000-talet, var bonde, skriftsamlar, -omsettar og lærar. Han er ein av dei høgakta guruane i tibetansk buddhisme. Marpa drog til India tre gongar og laut tole mangt, men han fekk tak i tantriske lærer, frakta dei heim att til Tibet og omsette somme der. Den tibetanske delen av Kagyu-tradisjonen har opphav i han. Sjølv fekk han Tilopa til lærar.

Marpa, Chos-Kyi Blo-Gros. The Life of Mahasiddha Tilopa. Paperback ed. New Delhi: Paljor Publications, 2002.

Roberts, Peter Alan. The Biographies of Rechungpa: The Evolution of a Tibetan Hagiography. Abingdon, Oxon: Routledge, 2007.

Kalama Sutta utdrag, Buddha-lære, Buddhisme, opp    Seksjon     Sett    Neste

Kalama Sutta utdrag, Buddha-lære, Buddhisme. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2014–2018, Tormod Kinnes, cand.philol. [E‑post]