NORSK DEL, GULLVEKTA  

Kosthaldvink. Yogakosthald

 15 › 2 › 8

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Opplagt av å ete - yogisyn

1. Et mat med god vitalitet (prana) i

Ferske og sunne grønsaker og frukt blir jamt sagt å innehalde vitalitet, liksom rein luft. Ein god grunn til å ete er å få i seg livskraft (kalla prana) frå mat og drikke.

Skal ein dele opp grønsaker for å koke dei, gjer ein det for kvart måltid. Ferdig oppkutta grønsaker ein kjøper, har alt mista noko av vitaliteten (dei er i ferd med å gå dukken).

2. Spis organisk eller lokalt dyrka mat når det er mogeleg

Økologisk mat har meir prana enn matvarer som er gjort ringare ved kjemisk gjødsel og plantevernmiddel. Dersom kroppen lyt streve for fri seg frå uønska kjemikal ut i eitt, kan ein føle eg trøytt og urein.

Lokalt dyrka mat ein skaffar seg, inneheld truleg meir livskraft (prana) enn mat som er sendt langt vekke frå, lagra og modna på lager. Lokalt dyrka mat er også balansert så den samsvarer godt med kroppen sine finare sider på visse måtar: Slik heiter det, utan at eg går nærare inn på det her: Lokalt dyrka urter, frukt, grønsaker og meieriprodukt vil gi betre biologiske verknad. For korn og bønner som ikkje alltid er å oppdrive lokalt, og som toler lagring godt, gjeld det ikkje. Og om lokalt dyrka grønsaker og frukt ikkje er å få, er det truleg betre å ete importvarer enn slett ikkje.

Men som det heiter, urter og planter dyrka i ørkenen er nyttigare for folk som bor i den slags tørt, varmt klima. Dette synet liknar nokså mykje på det ein finn i makrobiotikken, der tru på lokale produkt er forankra i yin-yang-læra, som også kinesisk akupunktur kviler på.

Poenget her er om du har eit val, bør det vere omtanken verdt å kjøpe eller dyrke lokale produkt for meir trivsel og velvære, betre balanserte mineral i matvarer, og til fremme av vitalitet og langt mindre fremmendgjering, venteleg.

3. Unngå å ete død og dum mat

Mat som er gammal, død eller kraftig tilverka (arbeidd mykje på), inneheld normalt nesten inga livskraft. Frosenmat, hermetikk, pakka, behandla, gjæra matvarer og mat i glas og eller restar (leivningar) er anten for gamle til å vere ferske og livsfriske, eller - enda verre - har fått tilsetningar som har endra dei - kunstige tilsetjingar og konserveringsmiddel som kroppen ikkje lett blir av med. Slik dum og mindre fersk mat kan blir tung å fordøye. og det kan ein bli trøytt av. Kan ein velje, skulle ein gå inn for mat som er fersk, sunn (biologisk, økologisk), og berre minimalt forandra av kjemikal, skadelege prosesseringsmetodar og lagring.

4. Et energigivande mat

Utanom frisk, økologisk frukt og tilsvarande grønsaker, omfattar oppiggande kosthald fullkorn som bygg og kanskje chia, om det er å oppdrive. For mykje god protein kan ein få tak i økologisk mjølk, lage fersk yoghurt (det finst enkle kjøkkenmaskinar for det) og fersk ost. Mandlar, cashew- nøtter, eller valnøtter er gode proteinkjelder om dei blir bløytlagde først og gitt saman med korn å gjere dei meir fordøyelege. Det er godt å finmale dei, dessutan. Splitta, avskala mungbønner (dei er bra vanlege utanlands, men ikkje her), og andre små eller delte bønner og linser er utmerkte proteinkjelder også. Proteinkjelda dal er tørka bønner eller linser der skalet har blitt fjerna, og så splitta og kokt til stuing og anna.

Ferske og lettfordøyelege oljar er også del av oppiggande kosthald. Av dei som ein kan finne i handelen, er organisk solsikkeolje framifrå (Ultrakjeda har) - andre gode oljar finst også. "Ekstra virgin" olivenolje går framifrå til bakarvarer som blir tilverka ved låg temperatur så oljen ikkje blir svidd, til dømes sautering (rask bruning) ved låg temperatur. Oljane bør slett ikkje brukast ved høge steiketemperaturar

5. Varier kosthaldet

Forsøk å lage eit breitt utval for kvar veke og roter gjerne noko, så du får i deg fleire slags korn, frukt, grønsaker, proteinar og smakar - søtt, surt, salt, beiskt, "snerpande" og skarpt - kvar dag. Blir du lei maten, eller har kraftig lyst på (for) usunn mat, kan det liggje mangel på eitkvart bakom, noko som finst i slik mat.

6. Kok med noko krydder

Kanskje litt krydder kan hjelpe også. Det er gagn i bra krydder, dessutan. Å dampkoke maten (i mikrobølgjeomn går fint) med velvalt krydder gjer den lettare fordøyeleg og gjer oss meir opplagde. Ein kan sautere krydder på lav varme i olivenolje eller smør og røre det inn dampa grønsaker, kokte korn eller suppedal (t.d. linsesuppe). Det finst andre måtar også. Tilsett helst krydder mot slutten eller heilt til slutt av oppvarminga.

7. Unngå å bli tappa

Matslag som ikkje går heilt godt saman, som kan vere tungt fordøyelege saman, kan ein forsøke å halde greie på, om ikkje anna.

Søte matvarer går godt i lag med mjølk, heiter det innan det gamle indiske Ayurveda-systemet for helse. Dadlar, honning, ris og kveite kan høve med mjølk.

8. Drikk klart vatn

Å drikke mykje kaffi, te eller koffeinhaldig brus kan gjere oss opplagde for ei tid - ikkje heilt ulikt kvitt og gulbrunt sukker og melis - men så spørs det om vi får ta oss inn igjen ved nok søvn tidsnok, ved å kvile ut og elles få i oss noko av det som auka energiforbrenning tek - mellom anna B-vitamin, C-vitamin og ymse mineral. Finst det ikkje i maten, blir det teke ifrå lager i kroppen, om slike lager finst. Ein skulle iallfall passe på å få i seg mat som høver bra for hjernearbeid. Fisk er nemnt som hjernemat; egg inneheld lecitin som er framifrå for hjernen); kalsium er jamt godt etter stadig nattevaking, og så bortetter.

9. Kutt ned på restaurantmat

Det er ikkje rotter og gjenbrukte steikeoljar i kjøkkena til alle restaurantar, men ikkje alt som blir selt på restaurant er ferskt tillaga og smakeleg. Å spørje seg for eller google før ein blir stamgjest ein stad er rett.

10. Et i ei fredfylt og behageleg atmosfære om det er råd

Om du ikkje har venner å snakke med under måltidet - som ikkje bør vere stressa og stressande - kan du finne på noko anna. Men unngå å prate i telefon, drøfte forretningar og prøve å fordøye mat samtidig. Jamt å ete mens ein står, går og kjører, er heller ikkje heilt tilfredsstillande i lengda. Slikt vitnar om å vere veldig forkava, og å vere forkava kan fort gi stressrelatert ubehag. Svært mykje sjukdom heng saman med stress.

Har du det godt, kan du forsøke å slå av elektronisk utstyr og sitje og ete med nok du bryr deg om, så som sanne venner. Dei underkjenner deg ikkje og er ikkje i lag med deg berre for business. Nyt vakre fargar frå sunn og god mat, god lukt og slikt. Om forholda dine ikkje er gode nok slik, kan du jo ha TV-en på eller ha dempa musikk i bakgrunnen, så sant du kan kvile deg. Det skulle vere det beste for mang ei (ein).

Har ein matallergi og diabetes og krev skånekost som rekonvalesent og vidare, kjem nok ein del reglar til attåt.

SAMLINGA  

TILGIFT

Litteratur  

Hovudkjelde: The Council of Maharishi Ayurveda Physicians. "Ten Ways to Feel Energized by Food". Maharishi Ayurveda Newsletter Archive, 1999 - 2009. Maharishi Ayurveda Products International, Inc.
mapi.com/ayurveda_health_care/newsletters/ayurvedic_energy_food.html

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   © 2009, Tormod Kinnes. [E-POST]  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]