Noko betre liv og gulasj |
|
Dei fleste ønsker å ha eit godt liv så lenge det kan gå. Ein del kan ein prøve, og starte tidleg. Det er mangt å sjå vidare inn i: til dømes er ikkje alle slags tilsettingsstoff (E-stoff) fysjom: Karragenan (raudalge i pulverisert form), som ein finn i sjokomjølk og tannkrem, er også eit naturlegemiddel mot så som hudsprekkar, og særleg katarrar i slimhinner og hoste. E-stoff blir tilsette mat og drikke for å gjere dei meir haldbare, erstatte sukker eller gi visse farger, smak, eller konsistens. Bokstaven E står for at stoffa er EU-godkjente. Det finst om lag 340 godkjente e-stoff. Mellom "kloke E-stoff" er så som E100 Kurkumin (gurkemeiefarge), E140 Klorofyll, Klorofyllin, E160c Paprikaekstrakt; E162 Raudbetfarge, E163 Antocyan; E330 Sitronsyre; E406 Agar-agar; E407 Carageenan (karragenan); E410 Johannesbrødkjernemel (carob) - sunne saker for det meste!
Prøv eller sats mykje på:
La bli:
Drikke. Med alderen minkar tørst-kjensla gradvis. Somme eldre er noko dehydrerte (manglar væske). Elles er væskemangel neppe noko stort problem. Levande mat (for eksempel frisk frukt og grønsaker) skulle normalt vere betre for organismen enn hermetisert mat. Den er det ikkje mykje liv att i. Økologisk mat er venteleg betre enn mat dyrka i fattig jordsmonn der massiv bruk av kunstgjødsel nok har gjort bakterielivet ringare og mineralisert jorda. Følga er færre spormineral i maten, sporstoff som er gode for helsa. Sukker får kroppen din til å skilje ut høge nivå av insulin. Insulin og stresshormonet kortisol er to hormon som kan framskunde aldringsprosessen. Sunn trening, som litt enkel mosjon og ein liten spasertur rett som det er, hjelper jamt mot framskunda aldring. Dessutan hindrar det kronisk sjukdom og er bra for korleis hugen fungerer. Høvelege inntak. Kroppen skil ut mangt uønska gjennom huda og andre utskiljingssorgan, som nyrer, tarmar og lunger. Ved å drikke reint vatn, ete sunn mat, unngå forureina luft og tobakk og i det minste minske bruken av alkohol, konserveringsmiddel, koffein, sukker og overlag prosessert mat, bade eller dusje dagleg, freiste høvelege urtemedisinar og ta djupe andedrag ein del gongar, skulle gagne litt. Naturleg D-vitamin er bra for helsa og for å leve lenge. Sollys hjelper organismen produsere D-vitamin. D-vitamin hjelper opptak av kalsium og danning av bein, ymse slags reparasjonar og vedlikehald, og verkar inn på hundrevis av genar, og er med å nedkjempe infeksjonar. Mangel på D-vitaminet bidreg til kroniske plagar som høgt blodtrykk, diabetes, osteoporose, kreft, inflammatorisk tarmsjukdom og depresjon og demens hos eldre. Få nok søvn. God søvnkvalitet er særs viktig Mens vi søv, blir organismen "ladda opp att", og visse reparasjonar blir gjort. Skipla søvnmønster over lengre tid kan påverke helsa, og spesielt den mentale helsa. Somme verknadar omfattar kortvarig minnesvikt og nedsett kreativitet. Dessutan kan vektauke eller vekttap komme, og auka risiko for diabetes og hjartesjukdommar. Søvnmangel svekker immunforsvaret, og kan føre til nedsett produksjon av melatonin, som blir danna i hjernen under søvn.
Dyrk gagnlege haldningar. Finn behageleg glede i grunnleggande nyttige, mentale haldningar, så som å sjå på problem som utfordringar til vinst. Det er fint å leite etter og finne bakom-grunnar til sjukdommar for å bøte dei skikkeleg, i staden for berre dempe symptom. Ei slik haldning - å sjå etter grunnleggande årsaker som kan vere å finne - er rosverdig. Om og men gjennom gulasjOm noko er gagnleg eller ikkje, eller kor gagnleg det vel kan vere, kjem an på så mangt. Her blir det illustrert: Gulasj med kyllingkjøtdeig for 2 porsjonar eller ein maksiporsjon
FramgangsmåteKok linser slik det står på pakken, men om dei blir blautlagte så dei tar til å spire så vidt, får dei fleire gongar så mykje av likande enzym og andre næringsmiddel som spiringsprosessen driv fram. Det er altså skilnad på linser alt atter korleis ein handsamar dei. Det hjelper å la linser ligge i bløt over natta, for eksempel. Behovet for kjøt er stort i landet. Skjer kjøtet i ca. 3 x 3 cm store terningar og tenk på grisen - eit oppvakt og følsamt dyr - og skjer paprikaen i strimlar. Skjer poteter og løk i terningar og purre i ringar. Fres løken i ein kjele (wok-frasing er nok sunnast slik), og ha i kjøt, presset kvitløk og paprikapulver. Steik i eit par minutt. Rør i tomatpuré og tilset purre, paprika og buljong (ulike slags buljong finst, også vegetabilsk buljong, så noko kjem venteleg an på kva slags buljong ein bruker). La suppa koke nokre minutter. Ha i kokte linser og smak til med krydder - (Korleis krydderet har blitt oppbevart og kva slags stand det er i, har mykje å seie) Krydder bør lagrast mørkt, kaldt og tørt, som regel. Frysetørka krydder er best. Kjøleskapet høver til det). Server med godt brød, som er . . .? Paprikapulver er svært omtykt i det ungarske kjøkkenet, saman med løk, kvitløk og tomat. Om ein får stuing eller suppe, kjem an på kor mykje væska fordampar. Lokk under tillaginga er vel greitt, så lenge ein justerer buljongmengda til det ein vil ha: suppe eller stuing. Desse elementa - storfekjøt, bacon, margarin, og hard steiking - kan dra velværet ned i langdrag, iallfall for vegetarianar. |
East, Katherine (Katherine Oosthuis). "Use Common-Sense Lifestyle Tips for Longevity." Natural News August 29, 2009. Food Standards Agency. Manual of Nutrition (Reference Book 342). 11th edition, paperback. London: Stationery Office Books, 2008. Kirschmann, John D. Nutrition Almanac. 6th ed. Paperback. Columbus, OH: McGraw-Hill, 2007. Murray, Michael, and Joseph Pizzorno. Encyclopedia of Natural Medicine. 3rd ed. New York: Atria Paperback, 2012.
Wikipedia, sv. "E-nummer".
|
Seksjon | Sett |
BRUKARGAID: [Lenke] © 2009–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post] ᴥ Ansvarsfråskriving: [Lenke] |