![]() |
Makrobiotikk | |||||
| 15 2 8 | ||||||
|
Makrobiotikk
Makrobiotikk, frå makro, stor(t), og bio, liv, er ein taoistisk påverka livsstil og ei tilsvarande kosthaldslære. Yin (mørkt, kaldt, vått, o.a.) og yang (lyst, varmt, intenst, fast, o.a.) er kjerneomgrep i taoismen og i denne utleiinga frå den. Tao (Vegen) vil framtone gjennom yin-yang-balanse, og noko vil ein kunne oppnå i matvegen også, heiter det. Denne matlæra, som blei gjort kjent vidt og breitt av den japanske tenkjaren George Ohsawa (1893-1966), kom i vinden i Europa etter 1950-talet. Eigentleg ligg læra til den japanske naturlegen Sagen Ishizuka bakom. Han er den eigentlege grunnleggaren av det sentrale i makrobiotikken, og tilrådde enkel mat av upolert ris, grønsaker, salt og olje. Ishizuka studerte eldgamle kinesiske verk som "Den Gule Keisars Klassikar i Indremedisin". Boka finst i engelsk (Veith), tysk (Schnorrenberger og Chien-Lien) og dansk (Karlsen) omsetjing. Det verket frå 500 eller 300 f.Kr. legg grunnen for akupunktur og også den seinare japanske bruken av yin-yang-trua i kosthaldet. Boka er ein dialog der ein legendarisk keisar spør ministeren sin, Ch'i-Po (Qi Bo) om helse og lækjekunst. Ohsawa kom etter kvart til og omformulerte mykje av teorien til Sagen Ishizukas foreining for sunn mat og fekk knytt namnet makrobiotikk til den. Frå starten var Ohsawas makrobiotikk ei urimeleg streng diettlære med altfor mykje salt mat i, tilmed farlege saltkurar. Når ein snakkar om strengt: Mora lærte han å symje ved å kaste han i isvatn frå ei bru - og han laut ofte klare seg gjennom vinteren utan sko og sokkar. Ein gong han brast i gråt i fortviling, irettesette mora han for å syne kjensler og kalla han ein svak mygg. Men seinare på ferda vekte Ohsawa oppstuss då han føresa at Marilyn Monroe, John F. Kennedy og broren Robert kom til å dø, og bak føreseiinga låg orientalsk fysiognomisk diagnose. Dei tre synte teikn på ekstrem utmatting, sa han. Sjølv blei Ohsawa syttitre og nådde å skrive over 300 bøker og halde over fem tusen foredrag, og dessutan å bli fengsla og torturert for oppvigleri og forsøk på statskupp, med meir. Men før han blei avretta tok amerikanarane over Japan, og dei oppheva dødsdommen hans. Michio Kushi, elev av Ohsawa, har ført makrobiotikken vidare og gjort den meir variert og mindre streng, slik at vi i dag seier "det finst verkeleg ikkje nokon "makrobiotisk kosthald". Makrobiotikk er prinsipp som formar kva vi et og korleis maten blir laga til. Maten bør hjelpe til å balansere yin og yang i forhold til klima og personar og vidare, og treng ikkje vere absolutt vegetarisk heller, heiter det. Vidare tek makrobiotisk kosthald individuelle omsyn til klima, aktivitet, alder, kjønn, årstid og helsetilstand. [Varona, 14] Men når dette overordna no er framheve, hører det med å gå ganske vanlege oppfatningar på klinga. Somme trur at kvart måltid må ha "rette mengder" proteinar, feitt og karbohydrat, men kor mykje som er rett, skil seg mellom folk. Til dømes krev alderdommen venteleg ein heil del meir proteinrik mat og mindre karbohydrat, mellom anna fordi aktiviteten går ned. Og så skal det helst bli balanse mellom varmande (yang) og kjølande (yin) mat og utlikning i forhold til korleis helsa til personen er, klimaet, og så bortetter. Kulde (yin), krev meir varmande mat for at vi skal halde oss nokolunde opplagte; det er fast del av trua. Mykje yang etter vinteren kan ein truleg få av seg med sydfrukter som appelsiner i påska (yin-mat som balanserer yang-klima). Det er mange andre intrikate sider ved læra i tillegg. Det blir tradisjonelt fokusert på vegetariske produkt som korn, bønner, grønsaker, tang, nøtter og frø, frukt - og eventuelt fisk. Det blir lagt særskild vekt på å ete ubehandla korn og frø. Det finst også særleg mat, så som det mjølkesyregjæra soyaproduktet miso. Det er salt, og det er del av føremålet med det. Døme på yin-mat er havre, soyabønner, poteter, kamille. Men når ein tørkar, saltar, tromlar og varmar opp slik mat, yangar (yangiserer) ein den eit stykke. Døme på yang-mat er bygg, linser, kål, gulrot, timian. Yangmat blir truleg mindre yang om den blir utvatna og gjort kald. Dette illustrerer at somme matvarer blir klassifiserte som meir yin enn yang - men det er noko avhengig av vekstforholda med meir - og er altså noko relativt. Omvendt kan ein gjere yangmat mindre yang ved å utvatne den så den blir mindre salt, til dømes. Ein skal såleis kunne endre ein del av yin- og yangheita ved korleis ein arbeider maten. Her er døme på enkle makrobiotisk-inspirerte oppskrifter:
Og det er slikt som dette dei tek for god fisk i rørsla, der dei heilt eller delvis unngår kjøt, egg, mjølkeprodukt, tropiske frukter, rå frukt, grønsaksjuice, sterke krydder, raffinert mjøl, konserveringsmiddel og alle slags tilsetjingsstoff, enda om somme tilsetjingsstoff i seg sjølve kan vere heilt gode og ha helsesame verknader, som til dømes karragenan (irsk mose). Raffinert sukker brunt sukker, honning og sjokolade er også ute der, trass i at det er mykje godt å seie om kakao (sjokolade) også. Alkohol, te, kaffi, vin, fruktjuice, sterke urtetear og kullsyrehaldige drikkar er heller ikkje skatta i rørsla. Utøvarane av denne læra trur dei kan gå imot kreft og bote andre sjukdommar også, ved slik yin-yang-balansering, fortel NOU 1998:21. Makrobiotisk levevisSlike utsyn og perspektiv på livet som ein finn i gammal taoisme, er det som gjer makrobiotikken filosofisk fundert. Eitt av måla er å løfte medvettet ved å innsjå ting, til dels intuitivt, og gå inn for byggjande og likande metodar. Det store målet er å gjere det verdslege storarta. Det er mangt som påverkar helsa, og at kjenslestress gjer det, er godt dokumentert: Ein held for sant innan medisin at over halvparten av alle vanlege sjukdommar heng saman med slikt stress (Smith 505). Også haldningane våre spelar inn, måtane vi hanskast med påverknader på, livsfilosofien vi har, fæle naboar og klossete familiemedlemmer kan føre til kritiske høve. Makrobiotikk omfattar såleis:
|
|
© 20092011, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-POST]. Ansvarsfråskriving: [LENKJE] |