Norsk del, Gullvekta
Homøopati og nokre fakta
Seksjon › 5 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Homøopatisk sukker

"That individual randomized controlled trials have given positive results is not in contradiction with an overall lack of statistical evidence of efficacy." (Wikipedia, "Homeopathy")

Sitatet vil seie at somme testingar fører til konklusjonar som "Homeopati verkar", mens gjennomsnittet av store mengder forsking ikkje fører til den same konklusjonen i alle tilfelle. Her er ein:

A systematic review and meta-analysis of trials of individualised homeopathy published in December 2014 concluded that individualised homeopathy may have small effects, but that caution was needed in interpreting the results. (Eit systematisk oversyn og samla analyse (meta-analyse) for utprøvingar av homøopati tilpassa den enkelte (individualisert homeopati) konkluderte med at homeopati kan ha små verknadar [i gjennomsnitt, vel å merke], men at tolking av funna krev varsemd). (Ibid.)

Det siste momentet er viktig. Ein skal kunne statistikk for å gjere seg opp ei vel fundert eiga meining. Kva då? Då får vi sette oss nærare inn i tinga om vi orkar det. Det er eit stort arbeid, og mykje ansvar følger truleg med. Her kjem ein spørjerunde:

Spørsmål: Kva er homeopati?

Svar: Det er ei behandlingsform der ein normalt får små kvite sukkerkuler med latinske namn - små søte kuler eller sukkerpillar å suge sakte, ikkje knaske.

Spørsmål: Gjer det vondt?

Svar: Dei fleste liker søtsmaken.

Spørsmål: Gjer det vondt verre?

Svar: Dersom det kjem i vegen for fagleg forsvarleg, medisinsk undersøking og behandling og ikkje verkar eller ikkje verkar godt nok, lyt ein seie "tja-a-a". Dokumentasjon trengst på både det eine og det andre. Det er fleire sider ved saka, og litt innfløkt å vurdere rimeleg godt.

Spørsmål: Verkar homeopatiske middel?

Svar: Folk flest har stort sett lov å prøve og sjå for sin eigen del innan trygge og greie grenser (eigenomsorg og vidare).

La oss til dømes seie ein pasient som var i ferd med å bli alvorleg sjuk, verre og verre, kom til å bli enda verre etter ei tid med homøopatiske "drops" og liknande. Kan vi seie vedkommande blei verre av behandlinga? Ikkje utan vidare. I dette er det somme som feilar. Blant feilkjeldene kan nemnast: Ho kunne blitt bra eller betre utan sukkerdropsa, eller det kunne gått likedan utan - i sær om dei ikkje verka! - Eller ho kunne blitt enda mykje verre! Vi har ikkje vitskap som har god nok beviskraft i enkelttilfelle, men indikasjonar. Dei kan no elles vere tydelege. Blir ein merkbart betre av sukkerkulene, er det fint. Blir ein ikkje bra eller betre, får ein sjå seg om etter anna og ikkje "placebo-narrast" så lite (ved placebo-effektar) at det ikkje hjelper. Dei fleste her kanskje prøvd legemiddel frå apotek allereie.

Spørsmål: Finst det dokumentasjon på at homeopatiske middel verkar?

Svar: Ja og tja. Les Wikipedia-artikkelen for eit greit oversyn. Lenkene nedst på sida her fører til fleire forskingsfunn. Det trasige: Oppfatningane omkring forskingsfunn er delte. Ifølge homeopatien sjølv kan ein våge seg på både kroniske og akutte, psykiske og fysiske sjukdommer, og dessutan prøve å forebygge visse sjukdommar - og rett brukt skal dette vere uten biverknadar. Men ifølge fleire samle-forskingsvurderingar (meta-analyser) verkar ikkje homeopatiske middel betre enn narremedisin (placebo).

Same kva, det er eit poeng at det mogeleg å alliere seg med placebo forsvarleg, sidan det har synt seg mang ein gong at placebomedisin (narremedisin) hjelper, iallfall midlertidig.

Spørsmål: Kan eg forsøke å hjelpe meg sjølv og familien med slik behandling?

Svar: Ja, forsvarleg eigenomsorg og familieomsorg er lovleg. Uerfarne gjer truleg klokt i å få kunnig hjelp så ikkje noko blir gjort gale på ein eller annan måte, eller fleire. Det er jamt best å forvisse seg.

Spørsmål: Finst det forklaringar på om og korleis dei kan verke?

Svar: Til no var forklaringsmodellane for dårlege. Men gjennom magnetforsking har Dr. Karin Lenger dokumentert at homeopatiske middel ikkje er tatt ut av lause lufta. Ein kan med rette vere glad for god forsking. (Nedanfor).

Spørsmål: Korleis kan homeopatiske middel verke?

Svar: Ved psykosomatisk innverknad, enten ved placebo (tru, forventningar) eller noko som kallast biomagnetisk assonans og resonnans, som kan gi informasjonspåverknadar i organismen. Det kan tenkast. Det kan vere alle tre faktorane går saman, eller to av dei - meir eller mindre, under dei og dei forholda, osv.

Meir enn halvparten av alle vanlege fysiske sjukdommar er knytt til emosjonelt stress, og er altså dels psykosomatiske (Smith ofl., 2003:505). Stress er rota til rundt 60% av alle sjukdommar folk får, og tre av fire legebesøk gjeld stress-tilknytte plager, orienterer The American Stress Instutute i ein ◦Infografikk. For mentale/emosjonelle plager kan tala vere høgare.

Stress kan syne at kropp og sinn heng nøye saman "langs psykosomatiske baner" - ein kan spekulere i om ikkje libido (id) etter kvart får skavankar ved stress og hardkøyr. Same kva, i den grad eit middel er "verkeleg verksamt", hjelper det uavhengig av trua på det, berre så det er sagt.

Spørsmål: Kor får ein tak i homeopatiske middel?

Svar: På apotek. Dei er reseptfrie. Apoteket kan dessutan skaffe om dei ikkje har på lager.

Spørsmål: Kan eg lage homeopatiske middel sjølv og spare store pengar slik?

Svar: Ja, og det er heilt enkelt [Gjer det slik].

Spørsmål: Kan dette vere alt?

Svar: Nei då, men det er heilt sentrale sider som har blitt skissert her. Ein treng også å vite korleis ein skal velje ut det som går for å vere høvelege middel mot dei og dei plagene, kva for homeopatisk "potens" som seiast å vere bra i saka, og vite korleis ein skal gjennomføre eit kurforsøk på til dømes seks til åtte veker.

Spørsmål: Skal eg no dømme homøopatien nord og ned?

Svar: Eg meiner det er best å vente til fleire prov blir framlagte. Ein medisinsk skolert person vil ikkje felle dommar for og imot utan klare forskingsfunn om verknadar, helst i samgang med godtakbar teori. Det er nok minstekrav. Ut over dette treng ein dokumentasjon på at ulike middel verkar mot spesifikke plager. Inntil då har vi kanskje lov til å prøve å dra nytte av homeopatien på ulike måtar - det gjer norske apotek ved å selje homøopatiske sukkerkuler til rundt ti tusen kroner kiloen, om ikkje meir.

Homeopatiske middel er del av business-verda

Nedanfor kan ein sjå eit utval plager som homeopatiske middel er utprøvd mot i utlandet. Vanlege homeopatiske middel er å få kjøpt på apotek, som iallfall for nokre år sidan hadde plikt til å skaffe dei om dei ikkje har dei, og dei fanst frå homeopatiske fabrikkar. Resept trengst ikkje, men kontantar, slik ein syng i barnesongen:

Og har du penger, så kan du få
Men har du ingen, så må du gå.

Til ein ganske liten kur trengst stundom mange glas med sukkerpillar og sukkerkuler til kanskje 120 kr glaset - la oss seie seks glas. Skulle ikkje første framstøyt gi gode nok resultat, kjem stadig nye, kanskje i fleire år. Slikt kan merkast i pengepungen. Men så finst det kanskje ei råd til å kutte ned på utgiftene til sukker likevel, enda om apoteka neppe gnir hendene over den: Du kan tilverke homeopatiske middel for hand sjølv, og det koster nesten ingenting [Lær det her]. Og du kan gå vidare ifrå eit glas du kjøper på apotek så middelet varer heile livet for deg, om det er det du vil. [Gjer det slik]

Kvaliteten på homeopatiske middel laga for hand blir neppe rekna som verre enn slike middel ein får på apotek heller, berre du er sirleg og handfast i saka. Visste du at i utlandet finst homeopatiske middel til sals som er laga til for hand som i rett gamla dagar? Det gjer det. Og her får du lære å framstille dine eigne eller bygge frå slike du kjøper frå apotek. Det siste kan kanskje vere det fornuftigaste for den usikre.

Du kan altså lære slikt. Nedst på sida stå lenker til mange homeopatiske lærebøker. Dei er tung lesing, og somt er kanskje vel tvilsamt.

Kort om sjukdommar

Ein stad seier ein homeopatisk lege, James Tyler Kent, at det er samgangar mellom det ytre og indre i mennesket, og at det indre banar seg veg utetter [Kent, Aphorisms and Precepts 5].

Kent taler om psykosomatiske sjukdommar, der ugreie innanfrå baner seg veg ut i fysiske plager. Den tanken er vidt godtatt i den medisinske verda. Legar anslår at emosjonelt stress spelar ei viktig rolle i minst halvparten av alle vanlege fysiske sjukdommar [Smith et al., 2003:505]. Det finst også uheldig miljø, uheldige påverknadar, mangelsjukdommar, feil kosthald, gal (for sedat) livsstil, gifter og stråling som kan gå andre vegen. Kort sagt, sjukdom og vanhelse kan ha fleire årsaker.

Det ligg nær å tenke at i fall psykosomatikk - stress med stressrelaterte plager - er involvert i noko, kan vel homeopatiske piller gagne den som har tiltru til dei. Det kan vere verdt å prøve. Det same kan placebomedisin, narremedisin makte når god tru og suggesjon motverkar sjukdommane psykosomatisk. Optimisme og humor hjelper også. Så: "Hjelper det, er det vel bra innan visse grenser."

Homeopatar har i grunnen tru på at homeopatiske piller hjelper uavhengig av tru og suggesjon (placebo). Ein har tre hjelpemiddel når ein prøver å gagne folk og fe til betring via homeopatisk medisin: ved "sukkerkuler med mange forskjellige latinske namn" på seg - men det er ikkje alt som er sagt om homeopatiske middel:

TO TOP

Dr. Karin Lengers funn

Dr. Lenger har funne magnetiske foton* i homeopatiske middel (høgpotensar). Ho nytta ein magnetisk resonansmetode der ymse homeopatiske middel i høge potensar blei plassert i eit sterkt magnetfelt. Det viste seg at dei ulike midla hadde ulik resonans, at kvart middel hadde sin eigen magnetiske resonans - eller kan hende oscillasjonsbølge, oscillatory wave gir like god forståing. Dr. Lenger har altså brukt ein ny magnetisk resonansmetode til å måle homeopatiske potensar.

*I fysikken er foton eit kvantum av det elektromagnetiske feltet, for eksempel lys. Fotona blei opphavleg kalla energikvant. Eit foton er ein elementærpartikkel og har både partikkel- og bølgeeigenskapar. Foton står bak elektromagnetiske fenomen som røntgenstråling og mikrobølger. I teoretisk fysikk kan eit foton reknast som mellomledd ( mediator) i alle slags elektromagnetiske interaksjonar, inklusive magnetfelt. Fotonforståing har ført til stor framgang i eksperimentell og teoretisk fysikk.

Eit foton sin energi er det same som frekvensen det har, altså talet på elektromagnetiske svingingar per sekund som det representerer.

Dr. Lenger fann at homeopatiske foton er bundne til molekyla som ber dei (berarane) - enten vatn eller sukker - ved magnetpolane sine. Når vi "skakar i hop" eit homeopatisk middel blir ikkje vassmolekyla endra så vatnet verkar som "stille minne" av utgangsstoffet for det homeopatiske middelet, men endra vasstruktur blir tilskrive ulike slags foton med sine spesifikke frekvensar og energi når dei blir bundne til vatnet sin magnetiske pol.

Og fordi foton med sine særkjenne blir magnetisk bundne slik, inneheld homeopatiske preparat "informasjon". Denne informasjonen er det homeopatiske magnetiske fotonet med sin ibuande elektromagnetiske bølgepakke, wave packet, og ulike frekvensar omforma av tilverkingsmåtane til høgare frekvensar ved høgare potensar.

Generelt inneheld kvar homeopatiske potens eit distinkt energinivå. Høgast energi finn ein i potensar som har blitt rista fram (skaka) mest. Det er berre talet på skakingar - for hand eller maskinelt - som er avgjerande faktor for energinivåa til midla ho har undersøkt ved magnetisk resonans, og ikkje akkurat graden av fortynningar som blir nytta i tilverkingsprosessen av slike middel. Ho fann også at handskaka og maskinelt produserte homeopatiske middel er likeins. Det vil seie du kan lage homeopatiske middel sjølv. Slik kan du kanskje spare ein tusenlapp eller fleire i året.

Alle verdiane dr. Lenger har funne, kan reproduserast nøyaktig. Det er avgjerande i forsking.

Homeopati gagnar ved å regulere det elektromagnetiske feltet i samsvar med resonansprinsippet, seier ho.

Hahnemanns regel om å bruke berre eitt middel for å få i stand fullstendig heiling, er tvilsamt.

Hahnemanns ofte siterte "likskapslov" for val av homeopatisk middel, kan ein redusere til likearta resonansfrekvens mellom potensen av at middel og den patologiske "stien", pathway inni ein, i samsvar med resonansprinsippet. Kvart homeopatisk middel har sitt eige resonansmønster, og sjukdommar i kroppen er ytringar av defektar i dei resonansane.

Du får sjå om og i kva grad det høver. Ei mengd homeopatiske middel er karakteriserte i homeopatiske lærebøker.

Dr. Lenger har frambrakt forskingsdata som stadfestar enkelte homeopatiske læresetningar og ikkje støttar (motseier) andre. Ho har gjort fysikk-funn over at homeopatiske middel ikkje er "berre sukker" med litt "snusk" i.

Forskingsrapporten hennar: [◦Rapport] - [◦Lenke til todelt artikkel]

Meir er å seie

Tradisjonelt har ein til rådevelde:

  • Liste over middel (materia medica). Lister vil gi opplysingar om "gjengs skitt" som har blitt knytt til eit middel (remedium) ut frå mange slags påstandar med og utan vitskapelege sjekkingar - mest utan, dessverre.
  • Liste over plager og skavankar m.v. (repertorium)
  • Oppskriftsbøker (lærebøker) over korleis ein går fram for å handtere det påfallande medisinske systemet som homeopatien har ord for å vere.

Ut frå dette vel ein sukkerkulene som ein trur kan hjelpe godt. Her kjem vi saman til eit annleis teoritilfang med ein 200 års tradisjon i ryggen.

Når det gjeld det homeopatiske verktøyet (midla, remedia), er det du ser, sukker. Det vil seie, beraren av verknaden er små sukkerkuler som smeltar på tunga og smakar godt. Dei blir gitt ulike namn ut frå kva som gjekk inn i skaking-og-fortynningsprosessane føreåt, frå før sukker blei dusja eller dynka med skaka vatn på eit vis som hindrar at sukkerkulene går i oppløysing. Som homeopatiske preparat er dei utnemnt til å ha ulike styrkegrader (potensar) - enkelt og greitt å sjå til, kan hende: Det ein kallar homeopatiske middel er frå éi side sett (nesten berre) ugiftig sukker i hovudtrekk. Dei er til sals i apoteka ilandet, fordi styresmaktene i si tid kom til at midla dei godkjente, ikkje kunne innehalde fysiologisk verksame ingrediensar (delar). Nei, men noko inneheld det altså likevel: foton, syner ny forsking (Dr. Karin Lengers funn (engelsk)). Ein får justere seg til den forskinga som best ein kan, meiner eg. Eg for min del starta med det for rundt ein generasjon sidan -

Eit av dei fremste kjennemerka på nokon som kan faget sitt skikkeleg, er enkel, ledig framlegging, så liketil at born eller unge kan fatte hovudtinga. Dette er nokså generelle vink frå toppfysikarar som Werner Heisenberg, Albert Einstein og Erwin Schrödinger. (Zukav 1979:27)

La oss berre slå det fast: homeopati har vind i segla, og vinn fram også i legestanden, og i utlandet når det enda fleire. Sjå stillinga til homøopatien ute i verda.

Kva for homeopatiske middel finst på marknaden i Sverige og Norge?

Link:DCG: DCG - Homeopatiske middel å få (sjå under "Enkeltmiddel" og nedover)

Dei fleste varene som står oppført, kan kanskje lokal apotekar skaffe. Han tingar i så fall desse reseptfrie midla ifrå NMD (Norsk Medisinaldepot) med kontor i Oslo, Bergen, Trondheim og Harstad, om han ikkje har det på lager. Det er slett ikkje sikkert. I verste fall har ikkje NMD middelet heller. Då kan det tingast ifrå grossist eller frå utlandet, og det kan fort gå nokre dagar eller veker slik. Eit alternativ som ser greitt ut, er å tinge (bestille) ifrå Løveapoteket i Trondheim eller eit apotek som har større utval, om ein finn det i Norden. Det er ikkje så sikkert.

Norske apotek har elles plikt til å forsøke å skaffe deg midla i fall du tingar (bestiller), ifølge Helsedirektoratet, med basis i Lov om apotekarverksemd m.m. Sjå elles:

Å skaffe midla

"Når det gjelder leveringstid, må det sentrale anliggende for Statens helsetilsyn være å legge forholdene til rette for at apotekets kunder får de forskrevne legemidler raskest mulig.

Statens helsetilsyn har derfor gjort følgende vedtak:

Med hjemmel i forskrift om grossistvirksomhet med legemidler av 21.desember 1993, § 4, 3. ledd og under forutsetning av at handel kun skjer mellom parter med godkjenning for tilvirkning av eller handel med legemidler samt at det til enhver tid velges den bestillingsmåte som gir kunden raskest tilgang til de ordinerte preparater [ettertrykk lagt til], gjøres herved unntak fra forskriftens krav til leveringstid. Unntaket gjelder kun homeopatiske og antroposofiske legemidler."

[Lenke]

Teste middel?

Her kan du finne fram til kven som har lov å ta andre i kur når det gjeld den forma for naturmedisin som homeopatiske middel vel kan kallast. [Lenke] [Høyringsuttalelsene]

Når ein vil teste middel, kan ein godt prøve å finne eit apotek som har godt utval av middel på lager. Kva som så skjer er kanskje uklart. Same kva: Det hjelper ofte å halde seg heilhjerta. Det kan også hjelpe å syte moderat - kven veit?

Norske legar flest har jamt nekta å tru at homeopatiske piller har verknad på menneske og dyr fordi:

  1. Mykje av vanleg homeopatisk teori har vore tullete ifrå starten, ikkje i spann med medisinsk hovudkunnskap.
  2. Praktiske utprøvingar, i sær akseptable, vitskaplege testingar, har mangla til nyleg.

Dessutan kjem det til at Helsedirektoratet knesette i si tid at dei midla som er i handelen - dvs med homeopatisk styrkegrad "D6" og høgare: D12, D30; D200, og så vidare, ikkje har fysiologisk verksame mengder i seg. Derfor blir jamt resultat frå homeopatisk praksis underkjent som utslag av:

  • Tru, suggesjon og tilfelle, samtale, og eventuelt også ufatta underverksemd;
  • Verknad på ufatta måtar som ikkje er fysiologiske i seg sjølve, og heller ikkje energetiske (energiarta), og ikkje akkurat underverksemd.

For nokre få tiår sidan fanst det dårleg med lovande, ganske vitskapeleg fundert forsking over homeopati. No finst det noko.

Sunt?

Homeopatiske middel er - ytre sett - "sukker med mange latinske namn på seg". Det skal vere sunt og lurt å tru minst råd og heller undersøke ting for å avklare. Det kan også hjelpe å ha sterk tru på narremedisin (uverksam medisin, placebo), men det er ein vågal veg, vel eg meine. [Prov]

Om homeopati er dette å seie: Det har vore eit likande og ugiftig felt. Det hender det kallast gjævt, enda om det er kontroversielt eller baksnakka: La oss sjå her kva tre professorar i kjemi kjem fram til med omsyn til dei gamle, vel innbanka forklaringane på korleis dei kostbare/kostelege (vel sjølv) sukkerpillene kan verke:

"Det . . . finnes (ikke) noe vitenskapeleg grunnlag for medisinske effekter av homeopatiske ekstreme fortynninger, som hverken kan inneholde virkestoffer, andre energitilstander av virkestoffer eller relevante spor etter virkestoffer. De såkalte forklaringsmodeller bygger ikke på noe reelt grunnlag." [Lenke]

Dei tre ytrar seg ut frå gjengs nok teori og skjøner ikkje at homeopati kan verke. Men nyare forsking gir andre funn og betre forklaringar (dr. Lenger). Og så gjeld det også at "The proof of the pudding is in the eating (Engelsk ordtak)": Dersom midla syner seg å verke ved lagelege utprøvingar, og ein ikkje forstår at dei kan verke, har ein ikkje gode nok tankar til å skjøne fenomena ved. Også for homeopatiske middel gjeld det at ein får dyrke fram saklege omgrep til å skjøne eitkvart ved. Testingar kan godt bli gjort, og homeopatiske middel høver framifrå til dobbelblindforsking, som dominerer når ein vil utprøve legemiddel. Dersom homeopatiske middel har effekt, må han kunne komme fram gjennom omhyggelege tilrettelagt dobbelblindforsking. Det spelar inga rolle om ein forstår kva som verkar eller ikkje; verkar eit middel, så kan det komme fram.

Ein skal altså ikkje sette seg på sin høge hest om homeopaten ikkje har vitskapeleg skreddarsydde teoriar. Har han piller som har verknad, kan han vere godt nøgd like fullt Vi kan også vere aktsame og la vere å sette bom for gagnleg teoriutvikling ved snakk som er litt dumt.

Heller gå inn for lagelege etterprøvingsmåtar (testar) av homeopatiske middel, som nemnt. Det opplegget skulle harmonere med bra og vitskapeleg sikker framferd i det store og heile.

Har ein ikkje prov på at teorilaginga er god - eller avvisinga av teorilaginga- er det ikkje skikkeleg å braute udugeleg så ein kompliserer. Men vi avviser altså ikkje nokså fair praksis fordi om teoriar kan ha sine feil og manglar. Verkar midla, så verkar dei. Det skulle no vere prova at det ikkje er tabbe å drive gransking i verknadar av homeopatiske middel i og for seg (per se).

Den som kjenner for det, kan gjere seg kompetent (skikka) og prøve ut noko, all den tid det homeopatiske provmaterialet som finst er spinkelt. Det finst fleire slags opplegg å velje mellom (nedanfor). Etter ein gjennomgang av ting som er gjort, kjem nokre hint som blei utpønska av ein professor i medisin og ein statistikar.

OPP

Kva verkar homeopatiske middel mot?

Sei det -

Ein bør ikkje vente at homeopati hjelper mot alt her i verda - det gjer heller ikkje placeboeffekten (verknadar av narremedisin i kontrollerte forsøk) - men ◦statistikk syner at Transcendental Meditation, TM, hjelper mot stress og anna. [◦David Lynch Foundation: Verknadar av TM: forskingsstatistikk] Det som kan hjelpe, kan ein freiste, og det som hjelper så mange at det finst godtatt statistikk omkring det, kan ein få med seg.

Nokre uttrykk som går igjen i testingslitteratur, treng kanskje litt forklaring.

Dobbeltblind (eng. double blind er ein måte å teste på. Den er forma for å fjerne skeive og tendensiøse resultat ved at verken dei som administrerer middelet eller dei som får det, veit om dei får narremedisin (placebo) eller retteleg medisin. Først når studien er over, får dei vite det. I mellomtida er begge grupper "blinde", altså "dobbeltblinde".

Placebo (frå latin: "Eg gler") er narremedisin som blir brukt i forskinga (sjå over).

At ein studie er randomisert vil seie at ein bruker loddtrekning for å dele inn pasientane i grupper.

At forskingsfunn er signifikante (ikkje tilfeldige; utsegnskraftige m.m.) på visse nivå, fortel om graden av hald i forskingsfunna. Dette blir uttrykt gjennom statistisk utrekna forskjellar mellom t.d. dei som fekk reell medisin og dei som fekk narremedisin.

Skåre er resultat, testresultat, "kor mykje ein skårar".

Når vi no ser kva Wikipedia har med om forsking over homøopatiske middel, blir det fair å fjerne gamle forskingsfunn som ikkje har fått mykje stød i nyare forsking. Så narrar ein neppe nokon. [Wikipedia, s.v. "Homeopathy"]

OPP

Rundt praktiske utprøvingar

Dr. Olof Lindahls opplegg er ingen spøk

Kan ein bli frisk eller bra i lang tid ved tru og suggesjon - det som legevitskapen kallar placeboeffekten? Ja, syner professor Olof Lindahl frå Sverige. Han har skrive bok om slikt i lag med statistikaren Lindvall. Han peiker på at når legemiddel blir utprøvd, kan verknadane faktisk tilskrivast "tru, suggesjon og tilfelle" i nær 7 av 10 tilfelle. Han legg også til det enkle, kunnige: "- så kan vi kanskje lære å utnytte den effekten - spele varsamt med den -"

Det kan vere noko av grunnen til at homeopatiske sukkerpiller med mange ulike namn verkar. Det kan sjå sånn ut. Men dr. Olof Lindahl er også inne på alternative utprøvingskutymar [kutyme: sedvane, skikk og bruk]. "Ta inn (få i deg) utvalde middel for deg sjølv, om og om att, og noter kunnig korleis du hadde det før og korleis du har det etterpå og etter kvart. I langdrag får vi eit bilde som kan vere gyldig, same kva." Han meiner om lag: "I staden for mange som blir testa samtidig og samanlagt for å få fram gjennomsnitt, kan same person bli testa ei rekke gongar som blir vurdert samanlagt, og så lagar ein gjennomsnittsstatistikk frå dette." Om lag sånn får han det fram. Dette er godsleg nedkorta.

Dr. Lindahl hevdar: I dette ingenmannslandet får den som maktar, prøve og sjå og leite etter prov på i kva grad verktøyet verkar. Det er elles leitt at få ifrå legestanden med økonomiske middel og likearta pasientgrupper nok, har sett seg i stand til å dobbelsjekke i kva grad homeopatiske verktøy i røynda fungerer - mot kva - i kor lang tid, på kva for tenkelege måtar - og så bortetter. Sanninga er - som Olof Lindahl også er inne på - at homeopati eignar seg framifrå til dobbelsjekkingar av den typen legevitskapen kjenner som "dobbelblindforsøk". Ingen skal blinde seg. Namnet viser til: vel to grupper, gi nokre homeopatisk middel mot noko, og gi den andre gruppa narremedisin, placebo). Når ingen av dei som er med i opplegget får vite kva som er homeopatimiddel og kva som er narremiddel, har vi designen som kan prove ting ved, berre nokon veit på førehand korleis alle midla er koda.

Ein treng også å målfeste kva for tilstand folk har vore i før og etter kuren - og kan også makte å kontrollere om dei mogelege endringane mellom før og etter forsøket, held seg over tid - til dømes 4 månadar.

Det er latterleg enkelt å gjennomføre. Her skulle vore gjort mykje meir. [Litteratur: sjå Lnp]

Frå kunsten å velje ut "rette namn"

Kunsten å hjelpe seg sjølv ved å suge kuler, høyrest kanskje rar ut i først, men ein ven seg. Denne forma for alternativ medisin blei sett i gong av tyskaren Samuel Hahnemann for dryge 200 år sidan. Den første utgåva av hovudboka hans, Organon, kom i 1810.

Dr. Hahnemann gjekk i barkeskor i lang tid, fordi dei bisarre framgangsmåtane hans som apotekar - han var doktor - ikkje fann gehør i Tyskland. Han hadde ikkje råd til betre. Men straks han kom til Paris blei det gjort skikkeleg stas på han. Slik kan det skifte. Somtid.

Homøopatiske middel: Kor ein kjøper dei, om prisane og lovverket

Om middel

I Noreg er homeopatiske middel reseptfrie, og fleire kan ein kjøpe på apotek. Alle norske apotek er lov-forplikta til å skaffe homeopatiske middel som er oppførte på Legemiddelverket si lange liste [◦Byråkratiet er over oss].

No vel, somme apotek har middel på lager og kan skaffe eller sende dei straks. Har ikkje apoteket ditt middelet kan du eller apoteket sjekke på ◦arnika.no om det er på apotekas hovudlager.

Eit glas homeopatiske middel frå apotek kostar kanskje mellom 100-150 kr; det bør ein vere budd på. I Trondheim finst Løveapoteket, i Bergen St. Georg apotek, og i Oslo finst mellom anna Nordstjernen Apotek.

For den som kan slikt, er det mykje å spare ved å skake og riste fram middel sjølv for eksempel ut frå eit lite glas ein kjøper. Slik kan ein ha homøopatiske middel livet gjennom - på eige ansvar. Det er nesten gratis. Metoden finst, og er like gammal som homøopatien sjølv. Ein får likevel akte seg og akte seg rett; det høyrer med.

Meir informasjon er hos ◦Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin i Tromsø.

Om "homeopatisk kur"

Ein homeopatisk sukkersugingsperiode blir kalla homeopatisk kur av somme. Når ein kur tar rundt 8 veker, og det kan gå med kanskje 4 glas i ein slik runde, kjem vi fram til kostnadar som ein kan rekne ut lausleg på eit vis, så ein ikkje blir overraska ved disken.

Det som sidan kan skje, er at somme kurar blir tatt opp att og opp att med nokre få vekers kvilepausar mellom "kulesugingane". Det gjeld i regelen for kroniske forhold. For akutte, mindre plagar kan kuren ta mindre tid, og ned til nokre dagar.

Konsultasjonane

Konsultasjonshonorar for kvar gong kjem også til. Det kan koste 500 til 1500 kr første gongen, og 300 til 600 kr gongen etter det. Honoraret kan skilje seg frå homeopat til homeopat, så ein kan vere tent med å sjekke på førehand.

Så kjem homeopatiske middel i tillegg - det kan bli 400 kr og meir for ein 7-8 vekers kurframstøyt. Ein får ikkje noko igjen av dette på trygdekassa. Og det kan bli nye omgangar (rundar) med kurer og pausar sidan, avhengig av litt av kvart.

Den som vil lage homeopatiske middel sjølv, eller lære å dryge eit glas så det varer ikkje ei eller to veker, men tusen veker eller lenger, kan lære dei gode, gamle, kjekke og svært enkle måtane å få det til på. Her er ei engelsk side som viser veg, og har med nok litteraturtilvisingar om det, så ein kan lese vidare, den som vil. [Lenke]

Ein kan også lære seg å finne fram til middel i enkle tilfelle. Det kan vere eit alternativ. Det kan likefram vere spennande. Opplegget heiter som hos yrkeshomeopatane "prøv og sjå". Det finst mange kloke reglar å lære seg for å få det til, og likeframme sjølvhjelpsbøker skrivne av legar (sjå nedanfor).

OPP

Oppå og attåt kur-framstøytar

You must get off the cure. - Dr. Bernard Jensen (1908-2001) under eit foredrag i Oslo.

Meininga med ein kur er først og fremst å bli frisk. Det er ikkje alltid det er råd. Då kjem det fram "reservemål" og kanskje kriseminskingar som:

  • Betringar.
  • Hjelp til å halde stillinga,
  • Seinke forfall;
  • Lindre og dulme eit og anna, kan hende;
  • Kanskje førebygge tilbakefall;
  • Og anna; det er mangt å ta omsyn til.

Bernard Jensen, amerikansk kosthaldskjennar, forfattar og enda meir, var talsmann for mange ulike alternative omsorgsmåtar. Dei omfatta mellom anna refleksologi, homøopati, urtekunne (herbology) og akupunktur. Han eigde tre sanatorium, og sa at over 350 000 hadde oppsøkt han i alt. Han heldt eit to-dagars kurs i Oslo - han og kona var på tur verda rundt då. Han sa at det er betre å vere før (sunn og heil) enn å ha reservedelar. Og at det er bra å komme seg så mykje til hektene at ein ikkje treng kur resten av livet. Det er vanskeleg å vere usamd i slikt snakk.

Nok ressursar, sunt og godt liv, gode omkring seg, godt miljø og slikt hjelper i rett veg. Det er meir å ta omsyn til også, kanskje særleg "hald motet oppe, iallfall". Tilmed kreftforsking syner det kan gagne signifikant (Sjå Simonton ofl. 1980, fremste delen)

Det kan hjelpe å satse på å bygge helseressursar. Det skjer når ein går inn for helsegevinstar. Det er mange definisjonar av helse. Her er Verdshelseorganisasjonen sin: "Helse er ikkje berre fridom frå sjukdom og lyte, men fullstendig lekamlig, psykisk og sosialt velvære." [Meir]. Ei probat forståing er dessutan holistisk, og reknar inn fleire nivå, medrekna åndelege forhold, sosiale grupperingar og så vidare.

Så for å delta bra, lyt mange detaljar og mindre ting først vere i orden. Og deretter kjem behov for å fornye balansane. Noko kan ein ause innanfrå, men den som lyt streve for mykje for å delta, skulle først studere kva motpartane er ute om, kva for rutinar som gir vinst, og la vere å skvatretilpasse seg i eit sig som gir langsiktige tap lange vegar. Hovudting først, i alle fall.

Innhald


Homeopati, forsking og utprøvingar, Litteratur  

ENHR. An Overview of Positive Homeopathy Research and Surveys. The European Network of Homeopathy Researchers, March 2007 ⍽▢⍽ Korte samandrag av "positiv homøopati-forsking". Ein får ta det med ei klype salt, fordi det er eit skeivt utval (berre positive funn), og ikkje tar med mindre flatterande resultat.
www.worldhomeopathy.org/PositiveHomeopathy.pdf

Harrington, Anne. The Cure Within: A History of Mind-Body Medicine. London: Norton and Co., 2008.

Lindahl, Olof and Lindwall, Lars: Laegevidenskaben i nyt perspektiv. Reitzel. København, 1979.

National Center for Homeopathy. Research Library. McLean, VA: National Center for Homeopathy, 2015. ⍽▢⍽ Tilpassa amerikanske forhold
http://www.homeopathycenter.org/research

Owen, David. Principles and Practice of Homeopathy: The Therapeutic and Healing Process. Amsterdam: Elsevier, 2007. ⍽▢⍽ Dr Owens viser korleis ein gir homeopatisk sukker (alkohol, evt. med "något attåt") i praksis så det kan går trygt for seg. Dr Owen tar for seg grunnleggande normer og handsaming av akutte og kroniske plager, korleis ein skriv ut reseptar og handterer dei som vanleg medisin ikkje kan hjelpe.

Shrand, Joseph A., with Leigh M. Devine. Manage Your Stress: Overcoming Stress in the Modern World. New York: St. Martin's Press, 2012.

Simonton, O. Carl, Stephanie Matthews-Simonton, and James Creighton. Du kan bli frisk igjen. Oslo: Dreyer, 1982. ⍽▢⍽ Med respekt å melde: Ikkje alle kan det. Somme kan. Positiv halding hjelper somme.

Stephenson, James Hawley. A Doctor's Guide to Helping Yourself with Homeopathic Remedies. 6th impression. Wellingbourough: Thorson's, 1983.

Smith, Carolyn D., ed, et al. Hilgard's Introduction to Psychology. 14th ed. Belmont: Thomson Wadsworth, 2003.

Svoboda, Robert E. Ayurveda: Life, Health and Longevity. Albuquerque, NM: The Ayurvedic Press, 2015.

Vithoulkas, George. Homeopathy: Medicine for the New Millennium. New ed. Alonissos, Greece: The International Academy of Classical Homeopathy, 2000.

Vithoulkas, George. The Science of Homeopathy. New York: Grove, 1980.

På nettet

Mange tunge, gamle klassikarar i homeopati ligg føre på Internett. Blant dei blir bøker av Boericke-brørne og John Henry Clarke mykje nytta ute i verda.

  • Boericke, Oscar E., MD. Repertory
  • Boericke, Oscar, MD, MD, Ph.D. Mind Repertory (French: Dossier Psychiatrie Mind - Repertoire de Boericke
  • Boericke, William, MD. Homeopathic Materia Medica
  • Clarke, John Henry. A Dictionary of Practical Materia Medica

Homeopati, forsking og utprøvingar, opp Seksjon Sett Neste

Homeopati, forsking og utprøvingar BRUKARGAID: [Lenke]
© 1999–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]