Norsk del, Gullvekta
Eventyrs diktargrep
Seksjon › 21 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Eventyrs diktargrep

Her er utvalde tema:

Ei samanlikning innleiingsvis om brød, eventyr og andre dikt. Slik som det finst små brød og store brød, finst korte og lengre eventyr. Krydder kan bli sett til, og deiga kan innehalde forskjellig. Det skil seg frå brød til brød. Formene som brøda får, er ofte like, men det finst unntak. Det er ikkje den ytre forma som avgjer korleis brødet smakar eller kor godt det gjer i kroppen, det er innhaldet. Eit sukkersøtt brød kan smake godt, men ikkje gjere fullt så godt. Det gjeld å slå opp høveleg store og innhaldsrike brød - og her snakkar eg også om eventyr og segner. Folk vestpå forma jamt kortare dikt enn dei breiare og lenger opplagte frå austlandet. Den skilnaden stig fram, men det finst fleire unntak frå hovudtendensen.

Poetiske grep. Eventyr blir dikta, og ofte i tråd med overleverte mønster. Og ein kan godt sjå på enkelte eventyr som stordikt. Somme kan vere litt kantete eller grove i forma, men femner over fleire av grepa som er knytt til poesi, og tonar fram som ordkunst - kanskje ikkje stor ordkunst, men likevel kunst. Småvers er med i fleire eventyr - litt rim og rytme innimellom. Stordikta eventyr er gjerne stiliserte, får fram poeng ved fleire slags grep (middel). Det er fiks bruk av språklege verkemiddel å finne i mange av eventyra i nordiske tradisjonar.

Skjematikk. "Det var ein gong . . . " Oppbygginga av eventyr følger gjerne visse reglar og mønster. Det er ofte ein skjematikk under overflata. Gudleiv Bø har sondert og sett fram typiske trekk ved norske eventyr. [I Sundland 1995] [Meir]

Handlinga lagt vekk i tid og rom. Eventyr og er lett å kjenne att etter "intonasjonen" eller ei ganske typisk innleiing som hyppig legg handlinga eit stykke vekke i tid og rom. Avstandsbygging kan gjere det lettare å få fram ramsalte ting.

Med type-figurar. Figurane i mange nordiske eventyr er for typar å rekne. Fattigguten som kjem seg fram, kongsdottera å vinne for den som vil opp og fram, kona eller mannen som gir underfulle hjelpemiddel . . . slike figurar er ofte med, og blir skatta.

Stilistiske formlar. Eventyrsjangeren rår også over særeigne stilistiske formlar. Dei lettar formidlinga, slik som innleiinga hyppig gjer også.

Sparsam med utbroderingar. Framstillinga og detaljar som er med i ho, kan gi kjøt på beina til motiv som ligg under overflata.

Sparsam med det sentimentale. Enda om ei heil mengde eventyr fortel om gutar og jenter som har det vanskeleg, utbroderer dei det lite. Målet er ikkje føleri, men skildringar som hjelper folk å fatte hovudtrekk før ein skrid vidare igjennom eventyrfasane. Eventyra stoggar helst ikkje for likefram å velte seg side opp og side ned i skildringar av det gale, dei leie og farlege.

Helt, heltinne og framgangsdøme. Ein finn både éin helt og tvillingheltar, som blir bydde fram for jenter og gutar som døme på kva for folk, eigenskapar og moral som kan gi framgang og lykke når høva byr seg. Å vere snill mot dyr er kjernen i mange.

Konforme skil seg frå helten. Brørne til helten, "Per og Pål", kan stå for konforme freistnader på å vinne lykka og gjere det godt i livet. Helten skil seg frå gruppefolk, eigne brør medrekna. Han vågar å vere heilt ut seg sjølv.

Motsetnadar ein kjenner att. Mange eventyr stiller opp motsetnadar som gjere ulike rollefigurar tydelege å kjenne att. Til dømes kan éin bror vere rik og ugrei og den andre fattig og grei. Ved hoffet finst mange krypande. Dei vil lyge og lure æra frå helten om dei kan sleppe til.

Oppatt-tak for hugsen. I mange eventyr skjer oppatt-tak tre gongar. Det blir kalla triplering og er eit godt middel i munnleg framstilling. Tre personar som går ut i verda og handlar ulikt, tre kongsdøtrer, tre ønske, tre forsøk, tre hendingar, tre ting eller tre dyr - dei tre har ofte ved seg at den andre er verdifullare enn den første, og den tredje er verdt mest av alle. Den tredje broren dankar ut Per og Pål. Tre kjolar av kopar, sølv og gull - tre hestar med drakt til - det er mange døme.

Enkel avrunding. Det går jamt godt for gode til sist, men jamt ille for vondt folk "rivne mellom ville hestar", "rulla i spikartønne", "kasta i ormegard" og meir slikt. Det heiter "poetisk rettferd", og happy ending". "Så levde dei lykkeleg alle sine dagar."

Innhald


Folkeeventyr, eventyr, diktargrep, litteratur  

Sjå gjerne "Sjangerforventingar i norske folkeeventyr" for fleire utsyn.

Folkeeventyr, eventyr, diktargrep, opp Seksjon Sett Neste

Folkeeventyr, eventyr, diktargrep BRUKARGAID: [Lenke]
© 2013–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]