![]() |
Kva fortel eventyr? | |||||||||||||||||||||
|
Utdrag frå Jo Ørjasæter. Våre folkeeventyr: Hva forteller de
Dyreeventyr og fabel
Eventyrsamlingar frå all verdas folkEtter kvart er det kome ut eventyrsamlingar frå nær sagt alle folk i verda. For dei nye nasjonane, som for oss på Asbjørnsens og Moes tid, har det vore om å gjere å bevare det tradisjonelle, heimslege kulturgodset, deriblant folkeeventyra, som eit middel til å styrkje opplevinga av nasjonal einskap og fellesskap. Også på norsk er det kome samlingar frå mange land, mest i utval berekna på barn. Vi har fått sigøynareventyr, indianareventyr, afrikanske eventyr, tsjekkiske og slovakiske eventyr og fleire til. (30)I 1833 fekk presten Andreas Faye gitt ut ei bok som han kalla "Norske Folkesagn". Den vekte ein del åtgaum og gav nok Asbjørnsen og Moe ein oppmuntrande puff. (31) Då Andreas Faye skreiv ned segnene sine, interesserte [han] seg for innhaldet i segnene, handlinga, men var seg neppe bevisst at forma, forteljemåten og språktonen er ein uskiljeleg del av det heile. Av og til måtte han ty til særnorske ord, men dei opptrer då som avstikkande fremmendord i den danske teksten. Jacob Aall, som omsette Snorres kongesagaer, hadde nok problemet klarare for seg, og freista, ofte med hell, å smelte særnorske ord og uttrykksmåtar naturleg inn i teksten. Hans Snorre fekk stor utbreiing i landet, og arbeidet hans med språket der fekk nok verdi for Asbjørnsen og Moe, som i sin tur gjekk mange steg vidare. (34) Føremålet til Asbjørnsen og Moe var å presentere eventyra slik at dei i den trykte forma skulle bli ein nasjonal kulturskatt for alle i landet, uavhengige av stad og dialekt . . . Og det storarta er jo at dei verkeleg greidde oppgåva. (38) Ein med sans for folkeeventyra som nasjonal kulturoverleveringJørgen Moe . . . hadde ein son, Moltke Moe, som . . . hadde . . . skaffa seg grundig vitskapleg skolering i emnet [folkeeventyr]. I atskillege år arbeidde han vidare ved Asbjørnsens side. Etter at Asbjørnsen døydde, heldt Moltke Moe fram med arbeidet, og fekk i stand stadig norskare utgåver av eventyra. (38)Frå faren sin og Asbjørnsen hadde han fått "det uttrykkelege pålegget å la komande utgåver av denne folkeboka følgje språkkjenslas veksande sans for det heimlege i vendingar, uttrykk og foredrag". Altså i pakt med språkutviklinga i landet. (39) Korleis Asbjørnsen og Moe arbeidde (samandrag)Av papira etter Asbjørnsen og Moe kan vi nokolunde slutte oss til korleis dei arbeidde. Notata er knappe, ofte berre dei viktigaste punkta i handlinga. Dei fylte ut resten sjølve, etter eiga innsikt og instinkt. Dei noterte ned ulike variantar av dei same eventyra slik dei blei fortalde av ulike forteljarar i ulike bygder. Vanlegvis valde dei seg så ut ein variant som dei la til grunn, den dei syntest var best, men tok inn trekk dei likte frå andre variantar. Det hendte også at dei smelta saman to eller fleire slike versjonar av same eventyr. (39)Mønstra og motiva er faste, miljødetaljane skiftarVi kan . . . rekne med at i dei av våre eigne folkeeventyr der presten er med, kan det før ha vore ein munk eller abbed - i somme tilfelle er dette påvist, som i eventyret om "Presten og klokkaren".Det er handlinga sjølv, og motiva, dei faste elementa handlinga er bygde opp av, som går att frå land til land, og i mange tilfelle er blitt bevarte nesten uendra gjennom hundreår, i somme tilfelle i tusenår. (52) KunsteventyrEventyr som er dikta av ein namngitt forfattar, kallar vi kunsteventyr, i motsetning til folkeeventyr. (54)BølgjerI 1843, i første bind av Smith-Hjorts lesebok og i P. A. Jensens "Læsebog til Brug for vore Skolers nederste og mellemste Classer", kom eventyra inn i lesebøkene. Det kom ingen protestar verdt å nemne. Stormen braut laus då P. A. Jensens "Lesebog for Folkeskolen og Folkehjemmet" kom ut i 1863, for denne leseboka var blitt til etter oppdrag frå departementet. Alle elevar skulle ha lesebok. P. A. Jensens lesebok blir no rekna som eit storverk i skolehistoria, ein milepæl. Men då den kom ut, vekte det skjønnlitterære forteljingsstoffet han hadde teke med, og særskilt eventyra "Prinsessa som ingen kunne målbinde" og "Dokka i graset", voldsam motstand i pietistiske krinsar. Dei fann dette stoffet unyttig og verdsleg, og derfor forkasteleg. Nokre stader var det så mange som melde seg ut av statskyrkja i protest at dei kunne danne eigne fri meinigheiter. Departementet måtte fire noko på kravet om å bruke lesebøker, og i tredje opplag av leseboka fann P. A. Jensen å måtte sløyfe eventyra. Men det var berre eit førebels tilbakeslag. (66-67)I Nordahl Rolfsens og nyare lesebøker har eventyra hatt sin sjølvskrivne plass. Eventyrinteressa blant psykologar og pedagogar er i kraftig oppgang. (67) Den austerriksfødte amerikanske psykoanalytikaren Bruno Bettelheim understrekar verdien av at eventyret er eventyr og aldri gir seg ut for anna, det går føre seg i eventyret si verd, derfor legg det fram for barna dei vanskane livet byr utan å bli for påtrengjande. (68) Vi får prøve oss fram og bruke vårt beste skjønnSå får vi sjølve, vi foreldre som trass i alle våre mangfaldige skavankar likevel kjenner våre eigne barn best, velje ut dei eventyra vi trur høver, og prøve oss fram. Når vi meiner at barna kan ha glede av noko meir enn dei små sullane, reglene og rima - også dei er ein nasjonal kulturskatt vi bør utnytte - har vi eventyret om pannekaka og andre regleeventyr, litt seinare kanskje det om geita Hårslå som ikkje ville gå heim til kvelds. Rytmen i språket, rimet og klangane, gjer barnet godt før det eigentleg forstår samanhengen og handlinga. Og skulle det første forsøket med "Dei tre Bukkane Bruse" - oftast det første møtet med trollet - bli møtte med protest og krav om at den største bukken Bruse må gå over brua først og stange trollet så det blir trygt for dei to mindre bukkane å kome etter - då får vi ikkje stå altfor stive på bokas bokstav. Barna er kan hende ikkje heilt modne for dette eventyret. Men om ein månad, kan hende. Og om ei tid eit litt meir innvikla eventyr. Og så vidare. Barnet veks så fort, snart kan det lese litt og vil ha boka sjølv. Men det treng jo ikkje vere slutt med all høgtlesinga for det, så pass burde vi unne oss sjølve også. Og skulle barnet som tiåring eller enda større, plutseleg vedgå at det gjerne vil høyre regleeventyr frå småbarndommen sin eller "Bukkane Bruse", er ikkje det noko å bli bekymra for - heller ikkje for vår eiga mogelege lyst til å fortelje og gjenoppleve desse småbarneventyra på ny. Det trygt attkjennelege har vi god bruk for, og gjentak er eit av dei viktigaste kunstnarlege løyndommane til eventyra, ei av årsakene til tillokkinga deira. (71-72)Og tidsnok kjem den dagen då vi ikkje lenger har nokon kontroll over kva barna våre les eller held på med i det heile. Då må vi berre stole på at vi greidde å gi dei noko varig ballast med på vegen mens dei var små. Som for eksempel kjærleik til folkeeventyra våre. (72) Lykke til vidare!For den som har fått meirsmak og vil gå vidare er det naturleg å lese om folkediktinga og om Asbjørnsen og Moe i dei større litteraturhistoriene våre, Norges Litteraturhistorie, som er den nyaste, og Norsk Litteraturhistorie av Bull, Paasche, Winsnes og Houm, vanlegvis kalla Bull og Paasche, som er den mest utførlege. Og Kristian Elsters Illustrert Norsk Litteraturhistorie, som på atskillege punkt, blant anna om eventyra, ikkje er den dårlegaste. Den har ikkje vore ajourført og i handelen på mange år, men finst nok på fleire folkebibliotek framleis [- og viss ikkje, kan den truleg skaffast]. I det bandet av verket Norsk folkedikting som heiter "Eventyr I" har Knut Liestøl ei utførleg innleiing til å bli klok av. Det meste av det som sia er blitt skrive om folkeeventyra . . . står i gjeld til den, sjølv om forskarane no ser annleis på enkelte ting enn Liestøl gjorde. Dei som har Familieboka i hylla, vil under stikkordet "Folkeeventyr" finne ein forkorta versjon av den same artikkelen. (74, 76)Ein del nyare synspunkt finn vi i Olav Bø sitt "Eventyr og eventyrforteljing" i eventyrsamlinga Det var engang. Visse avvikande oppfatningar gir Willy Dahl uttrykk for i avsnittet om folkedikting i første bind av verket sitt, Norges litteratur. I Sigrid Undsets Taler og artiklar frå krigstida, står den lange artikkelen "Eventyrenes reiseeventyr" - den er inspirerande og gir mykje innsikt i kva eventyra må ha betydd for folk gjennom tidene. I Det var engang har konservator Leif Østbye ein grundig og detaljert artikkel om eventyrillustrasjonane våre, med korte, kunstsakkunnige kommentarar til dei einskilde teiknarane sin innsats. Men viktigast og morosamast er det naturlegvis å gjere seg enda betre kjent med sjølve eventyra. Asbjørnsen og Moe, samiske eventyr, utval av andre lands og andre kulturars eventyr som er komne på norsk. Det vil vere naturleg å gjere seg kjend med Norsk Eventyrbibliotek, først bandet med eventyr frå eins eigen landsdel. Og då skulle vi vere rusta til å finne vidare på eiga hand. Folkebiblioteket på staden kan skaffe bøker frå større bibliotek dersom det trengst. (76)
PS. Det er eit par tiår sia referansane først blei gitte. Sia då har det kome til ei fin bok av Ørnulf Hodne (nedafor). Og boka Norske eventyr av Bø mfl. har ei grei og ganske utførleg innleiing. - TBK
Serien "Norsk Eventyrbibliotek" finst på Det Norske Samlaget i Oslo:
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 2008, Tormod Byrn Kinnes. [E-POST] | |||||||||||||||||||||