![]() |
Münchausen-skrøner | ||||||||||||||||||||||||||||
|
Gode tenararEg skal med glede fortelje eit merkeleg eventyr som eg opplevde nokre månader før eg reiste heim til Europa frå Tyrkia. I Tyrkia hadde eg blitt presentert for storsultanen av sendebod frå keisaren av Russland, keisaren av Austerrike og kongen av Frankrike. Storsultanen sende meg deretter i eit viktig og hemmeleg oppdrag til Kairo i Egypt som tyrkarane styrte over. Eg reiste i stor prakt med stort følgje. Då vi hadde komme nokre mil frå Konstantinopel, fekk eg auge på ein mager liten kar som sprang merkeleg fort rakt fram over marka, enda om han hadde ei blykule festa til kvar fot. Kvar kule vog minst tjue kilo. Svært forundra ropte eg han til meg og sa: "Kor skal du hen i slik ein fart, vennen min? Og korfor har du tyngt føtene slik?"
"For ein halv time sia", svara han, "drog eg frå Wien. Då hadde eg blitt oppsagt frå tenesta mi hos ein herre der. Sia eg ikkje treng å vere så rappføtt lenger, har eg freista å hindre det med desse lodda. "Moderasjon er tungt å halde ut," pleidde læraren min å seie. Eg tykte om karen og foreslo at han gjekk i teneste hos meg. Det slo han til på straks. Vi heldt så fram langs vegen, og drog gjennom mange stader og land. Ved sida av landevegen trefte eg noko seinare på ein man som låg i det grøne graset med øyret så tett ned til marka som om han ville lytte til det som dei prata om i underverda. "Kva lyttar du etter, venn?" spurde eg. "Å, eg ligg her for moro skyld og hører korleis graset gror", svara han. "Kan du verkeleg høre det?" "Som om det skulle vere noko vanskeleg!" "Då kan du gjerne tene for meg. Eg trur nok at eg kan ha nytte av ein sånn som deg." Han reste seg opp og følgde med oss. Ikkje langt derifrå fekk eg sjå ein jeger stå på ein kolle og skyte opp i lufta. "Lykke til, lykke til, skyttar!" ropte eg. "Men kva siktar du på? Eg ser ingenting anna enn blå himmel." "Å," svara han, "eg er berre ute for å prøveskyte ei ny bøsse som eg har fått frå Kutschenreiter i Reigensburg. Det sat ein småfugl på spissen av domkyrkjetårnet i Strassburg, og den knepte eg ned." Den som veit kor ihuga eg er etter å jakte,, synest ikkje det er rart at eg flaug om halsen på karen; det seier nesten seg sjølv. Vi ridde vidare og kom omsider til berget Libanon. Der fanst ein stor sederskog, og utafor den stod ein undersetsig, grovlemma kar og drog i eit rep som var spent rundt heile skogen. "Kva i all verda driv du med, venn?" spurde eg. "Å, eg skulle berre felle litt tømmer. Men sia eg glømde øksa heime, får eg hjelpe meg så godt eg kan."
Med desse orda drog han til eit tak og fekk straks ned heile skogen som om det hadde vore berre ein kvistdunge, og det enda skogen var minst ei mil i omkrins. Den karen ville eg ikkje sleppe frå meg! Han sa også ja til å kome i teneste for meg. Straks vi kom til Egypt bles det opp ein fæl storm. Den var så sterk at eg trudde den kom til å blåse meg av garde med hestar, vogner og folk. Til venstre for landevegen stod i rad med sju vindmøller. Vengane deira snurra rundt så fort som rokkehjul i hendene på spinnekvinner som skunda seg. Eit stykke derifrå såg eg ein diger mann som tetta venstre nasebora sitt med tommelen. Då han blei var for ei knipe vi var i og korleis vi streva i stormen, snudde han seg og bukka djupt. Merkeleg nok stogga vinden med det same, og dei sju vindmøllene slutta å snurre. Full av undring sette eg i til mannen, "Hør du, kva betyr dette her? Er det fanden som rir deg, eller er du han, kanskje?" "Orsak," svara han, "eg skaffar berre litt vind til husbonden min, møllaren. For at ikkje møllevegene skal snurre for fort, held eg for eine nasebora."
"Han her er sanneleg eit godt funn", sa eg til meg sjølv. "Han er pengar verdt og kan vere deg til stor nytte når du kjem heim og blir andpusten av at fortelje om alle reiseeventyra dine." Vi blei snart samde: blåsaren forlét vindmøllene og følgde meg. Så kom vi endeleg til Kairo. Då eg lykkeleg og vel hadde gjort ærendet mitt, kvitta eg meg med følgjet mitt som no var til inga nytte for meg lenger. Eg beheldt berre dei framifrå karane som hadde komme til undervegs, så eg kunne reise attende i lag med dei utan å gi meg til kjenne for andre. Vêret var særs vakkert, og Nilen var ei overlag fornem flod å ferdast på, så eg kom på den tanken å hyre ein båt og fare opp til Aleksandria. Alt gjekk framifrå til fram imot middag den tredje dagen. Då begynte Nilen a stige reint utruleg fort. Det var den årlege storflaumen. Dagen etter stod markane milevidt på begge sider under vatn. Etter solnedgangen på femte dagen vasa båten inn seg i noko som eg trudde var siv. Men då det grydde av dag igjen, fekk eg sjå at vi var omgitte av mandeltre på alle sider. Dei var fulle av modne, særs innbydande frukter. Vi lodda kor djupt vatnet var under oss, og kom til at vi var tjue meter over marka. Men like vel kom vi ikkje av flekken. Klokka åtte eller ni kom eit brått vindkast som kasta båten over på sida. Den tok inn vatn og søkk nesten med det same. Til alt hell berga vi oss alle samen. Vi var åtta karar og to gutar som heldt oss fast i tregreinene. Dei var sterke nok til å bere oss, men ikkje båten. Vi var i trea i tre dagar, og levde berre på mandlar, og vatn mangla heller ikkje. Etter tjueto dagar tok vatnet til å falle att, like fort som det hadde stige, og den tjuesjette dagen kunne vi setje føtene på fast land. Det første vi såg var båten. Den låg seks hundre meter frå der den hadde sokke. Sia tørka vi sakene våre i sola, og det kunne vel trengast, og tok så mykje av skipsforrådet som vi trudde vi kom til å trenge vidare, og braut opp. Etter å ha rekna nøye over det, meinte eg vi hadde drive om lag fem hundre kilometer ut av kurs. Etter sju dagars vandring nådde vi omsider floda som no hadde fått att dei vanlege elvebreiddene sine, og fortalde kva vi hadde vore gjennom til ein statthaldar. Han var svært hyggeleg og utstyrte oss med alt vi trengde og lét oss låne sin eigen båt. Seks dagar etter kom vi til Alexandria, og derifrå fekk vi reise med nokon andre til Konstantinopel. Storsultanen tok særleg vel imot meg og heidra meg på alle måtar, og let meg nådigast få sjå haremet sitt. han følgde meg inn dit sjølv, og tillét meg å velje blant fruene så mange eg hadde lyst til,, og favorittkonene hans var ikkje unnatekne. Men sia eg no ikkje har for skikk å skryte av kjærleikseventyra mine, let eg forteljinga slutte her, og ønskjer dykk alle saman god natt. No ville baronen gå til sengs, men tilhørarane hans ville ikkje sleppe han. Det vesle han hadde nemnt om haremet til sultan, hadde i gjort dei storleg nysgjerrige. Baronen lét seg likevel ikkje overtale til å seie meir om det, men fortalde i staden om tenarane sine. "Då eg hadde komme tilbake til Konstantinopel frå Egypt," heldt han fram, "var eg høgt tiltrudd og som storsultanen si høgre hand å rekne. Han kunne ikkje trivast utan meg, og eg blei stadig boden til middag og kvelds hos han. var stendig boden hos han både til middag og kveld. Og det får eg seie det som det er; det er mykje god mat i Tyrkia. Storsultanen hadde det herlegaste menyen eg har hatt gleda av å bli kjent med. Når det gjeld drikke, har Muhammed forbode truande å nyte vin. Men trass i koranbod finst mang ein tyrkar som forstår seg på eit godt glas vin, og det gjaldt også storsultanen. Når måltida vel var slutt, drog sultanen seg attende til kammeret sitt, og der stod drikke parat til han. Ein dag gav han meg ein hemmeleg vink om å følgje med. Då vi vel var inne og døra var attlaten bak oss, tok han fram ei flaske av eit skap og sa: "Münchausen, her har eg ei flaske tokaiervin [søt og sterk kvitvin, opphavleg frå trakta omkring den ungarske byen Tokai; også namn på ein viss slags], den einaste eg har, og eg er sikker på at De aldri har smakt maken til vin." Med desse orda slo han i eit glas til seg og eitt til meg, og vi tømde dei i lange drag. "Nå, kva synest De?" spurde han. "Er det ikkje delikat?" "Jo", svara eg, "vinen er ganske god; men eg må likevel seie at eg har smakt betre vin. Det gjorde eg hos keisaren i Wien. Den vinen skulle De ha smakt!" "Min kjære Münchausen", innvende han, "eg vil ikkje såre deg; men eg trur ikkje at det finst betre tokaier enn den her. Eg fekk denne flaska av ein ungarsk magnat og han skrytte ikkje lite av den." "Berre tomprat, sultan! Det er stor skilnad på tokaier og tokaier. Kva vil De vedde imot om eg byr meg til å skaffe ei flaske tokaier direkte frå keisarliga kjellaren i Wien innan ein time, ei flaske som smaker betre?" "Kva er det for galenskapar, kjære Münchausen?" "Ingen. Eg veddar på at eg kan skaffe Dykk ei flaske tokaier frå vinkjellaren til keisaren i Austerrike, og den er rein manna i forhold til denne smørja her." "Münchausen, Münchausen! Hald meg ikkje for narr! Slikt liker eg ikkje. Eg har hittil rekna deg for ein forstandig, sanningselskande man, men no veit eg ikkje kva eg skal tru." "No vel, veddar De imot? De veit eg er ikkje nokon venn av skryt. Om eg ikkje held ord, så får De hogge hovudet av meg. Det er ein innsats som duger, vil eg tru. Kva setter De imot det?" "Eg slår til. Om flaska ikkje er her innan klokka fire, så får eg nokon til å kappe hovudet av deg utan nåde og medynk, for det er ikkje min vane å tåla drift av nokon, ikkje ein gong dei beste vennene mine. Held du derimot løftet ditt, får du ta ut av skattkammeret mitt så mykje gull, sølv, perler og edle steinar som den sterkaste kar orkar å bere." "Det lèt seg høre", svara eg, bad om blekk og penn og skreiv straks til keisarinna Maria Teresia denne meldinga: "Som keisaren sin arving har De utan tvil arva vinkjellaren etter far Dykkar også. Eg ber om at bodet eg sender, får med seg ei flaska av den tokaieren som eg så ofte hadde den nåden å drikke i lag med den salige far Dykkar. Eg ber spesielt om at tokaieren er av beste kvalitet, for det gjeld eit større veddemål. Vørdsam helsing, Baron Münchausen." Klokka var alt blitt fem minutt over tre, og i farten gav eg meldinga så fort til kureren min at eg ikkje vann å forsegle brevet. Han løyste straks lodda av beina og sprang av garde i retning av Wien. Då det var gjort, slo sultanen og eg oss ned og tømde resten av det som var på flaska mens vi venta på det som skulle kome frå Maria Teresia. Klokka slo kvart over tre ho slo halv fire, ho slo kvart på fyra, men ikkje noko snøggbod var å sjå. Eg tok til å kjenne meg litt heit om øyra, for eg såg at storsultanen inn imellom kika bort på klokkestrengen som om han ville kalle til seg bøddelen. Han lét meg visseleg få gå ut i hagen for å trekke frisk luft, men i hælane hadde eg to stumme vakter, og dei sleppte meg ikkje av syne. Klokka var no fem på fire og, sant å seie frykta eg å dø. Fortvilt sende eg bod etter lyttaren og skyttaren. Dei kom med det same, og lyttaren la seg ned på marka for å høre om springaren var i vente. Til min skrekk sa han at karen låg og sov langt vekke, og snorka fælt. Så fort skyttaren min fekk høre dette, rende han opp på ein høg terrasse, stod opp på tærne og ropte, "Så sanneleg, der ligg den latingen og søv under ei eik nær Beograd. Flaska har han ved sida av seg. Men vent, så skal eg kitle han litt." Dermed la han til og skaut ein haglsverm i eikekrona.
Ein styrtskur av nøtter, blad og kvistar fall ned på sjusovaren så han vakna. Engsteleg for å ha forsove seg, sette han i veg i slik fart at då klokka var eit halvt minutt på fire, stod han i stua til sultanen med ei flaske tokaier og eit brev som keisarinne Maria Teresia hadde skrive sjølv. Straks tok sultanen vinflaska, og han likte smaken overlag. "Hør, Münchausen", sa han: "Du tek det vel ikkje ille opp og eg beheld denne flaska for meg sjølv. Du er meir vørda ved hoffet i Wien enn eg, og kan såleis utan vanske skaffe deg ei til for eiga rekning." Dermed sette han flaska i eit skap, låste att skapdøra og stakk nøkkelen i bukselomma. Så ringde han på skattmeisteren. No var det anna lyd å høre! "Sia eg tapte veddemålet, lyt eg vel betale," sa han. "Hør", heldt han fram, vendt til skattmeisteren: "La min venn Münchausen her få ta så mykje gull, sølv, perler og edle steinar frå skattkammeret mitt som den sterkaste kar orkar å bere. Marsj!" Skattmeisteren bøygde seg så djupt at han nesten nådde golvet. Sultanen trykte meg hjerteleg i handa, og gav oss teikn til å gå. Eg drygde ikkje så mykje som ein augeblink med å få utført befalinga frå sultanen. Eg sende straks bod etter sterkingen min. Han kom med det same, og hadde med seg eit stort reip av hamp. Så gjekk vi til skattkammeret. Det fanst ikkje mykje att då vi forlét det. Eg skunda meg alt eg kunne med byttet mitt ned til hamna,. Der leigde eg den største båten eg fekk tak i, og letta straks anker for å bringe skatten min utafor fare før eitkvart utriveleg kunne hindre det. Det eg frykta, hende også. Skattmeisteren lét døra stå open - det kunne også vere det same med det no - og sprang til storherren sin for å fortelje i kor stor grad eg hadde gjort bruk av løyvet eg hadde fått. Sultanen blei heilt ute av seg og angra for seint kor tankelaus han hadde vore. Han befalte straks storadmiralen å setje etter meg med heile flåten og la meg forstå at hadde misforstått kva han hadde meint med veddemålet. Eg hadde berre tjue kilometers forsprang, og då eg fekk sjå heile den tyrkiske krigsflåten kome etter meg for fulle segl, blei eg ille til mote. Men det var fordi eg hadde glømt at eg hadde ein blåsar med. "Ver berre roleg," sa han. Deretter tok han plass akterut, vende naseborene så det eine var retta mot den tyrkiske flåten og det andre mot segla på båten vår. Så tok det til å blåse så sterkt at flåten dreiv tilbake til hamna med brotne master og rivna segl og tauverk, mens farkosten vår nådde den italienske kysten etter nokre timar. Men eg fekk ikkje stor nytte av skatten min, for det var så mykje tigging i Italia - og politiet så usselt der - at eg fann det best å gi frå meg det meste av skatten i almisser. Resten tok landevegsrøvarar som eg råka ut for då eg reiste frå Roma. Desse lømlane hadde slett ikkje dårleg samvit for ranet, for dei kunne kjøpe avlat for ein tusendel av det dei hadde stole frå meg, både for seg sjølve, barna og barnebarna sine. Attfortald frå Baron Münchausens märkvärdiga resor och Äfventyr till lands och vatten.. Omsett av Victor Emanuel Öman. Illustrert av Gustave Doré. Stockholm: C. E. Fritzes Bokhandel / Central-Tryckeriet, 1875, kapittel ti og elleve om eventyr til sjøs.
Sjå Asbjørnsen og Moes eventyr Oskeladden og dei gode hjelparane til jamføring.
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 2009, Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | ||||||||||||||||||||||||||||