![]() |
Münchausen-skrøner | ||||||||||||||||||||||||
|
Til månen
Ein av slektingane mine langt ute hadde fått i hovudet at det sant og visst måtte finnast folk der, og at dei måtte vere like store som dei Gulliver fann i kongeriket Brobdignag. Han bestemde seg derfor for å finne ut av dette folket og ha meg til selskap på oppdagingsferda. Sjølv hadde eg alltid meint at Gullivers forteljing var ei barnesoge, og trudde like lite på eit verkeleg Brobdignag som på eit verkeleg Eldorado. Men sia denne heiderlege slektningen min hadde sett meg inn til einearving, laut eg naturlegvis føye meg etter ønsket hans. Vi kom lykkeleg og vel til Sørhavet utan at noko merkverdig hendte, om ein ikkje vil rekne at vi på vegen såg nokre flygande herrar og damer som dansa menuett i lufta. Attande dagen etter at vi passerte Otaheiti, blei skipet vårt lyft nesten tusen mil høgt opp i lufta av ein orkan. Og høgt der oppe blei vi verande i lang tid på same staden. Endeleg fylte ein gagnleg vind segla våra og førte oss frametter med svimlande fart. Vi hadde ferdast ovafor skyene i over seks veker på denne måten då vi oppdaga eit stort land. Det var som ei rund, lysskimrande øy. Vi gjekk inn i ei framifrå hamn, steig i land og fann at landet var busett. Rundt omkring såg vi stader, tre, berg, floder og sjøar, alt så tydeleg at vi trudde at vi var på jorda igjen. Men nei. På månen - for den var den glimande øya vi hadde landa på - såg vi store skapningar . .
Slukt av ein fiskEIN GONG var eg berre ein hårsbreidd frå å omkome i Middelhavet. Ein ven ettermiddag om sommaren var eg ute og bada nær Marseille då eg fekk sjå ein stor fisk kome symjande imot meg med ope gap. Det fanst verken tid eller utveg til å røme. Eg gjorde meg derfor så liten som mogeleg, drog opp føter og bein så langt eg kunne og pressa armane tett inntil kroppen. I denne stillinga glei eg inn gjennom svelget på fisken og like ned i magen på den. Det var naturlegvis bekmørkt der inne, men elles ganske varmt og triveleg. Fisken gav snart tydeleg til kjenne at den ikkje ville ha meg i magen, og at den gjerne ville bli kvitt meg. For at den skulle få det enda meir utriveleg, tok eg til å vandre omkring, hoppe, danse, og mykje anna i dette fengselet mitt. Det verka som om polka falt dårlegast i smak; den stønna fælt og skaut innimellom loddrett opp over overflata på sjøen med halve kroppen. Ved eit slikt høve kom den nær eit italiensk fartøy, blei harpunert, og innom kort tid slept opp på dekk. Då den vel var om bord, hørte eg skipsfolket rådslå om korleis dei best kunne dele den opp for å få så mykje tran som mogeleg. Eg forstod italiensk, og derfor blei eg gripen av stor otte for at eg sjølv skulle bli partert saman med fisken eg var inni. For å vere så trygg som mogeleg for knivane deira, stelte eg meg midt i fiskemagen, som godt romma tolv mann, berre dei bøygde armer og bein inntil kroppen. Men det hendte ikkje; i staden tok dei til å opne fiskebuka. Så snart den første lysstrima trengde inn, skreik eg alt eg orka, at det var ei sann glede for meg å bli kjent med herrane og å få puste inn frisk luft igjen. Det er umogeleg å skildre forferdinga som måla seg i fjesa deira då dei fekk høre ei mannestemme kome ut av fisken. Enda meir forundra blei dei då dei fekk sjå ein splitter naken mann kome krypande. Kort og godt, mine herrar: eg fortalde dei kva som hadde hendt meg, og alle lo av hjertans lyst av det. Då eg hadde fått litt til livs, sprang eg i sjøen igjen for å spyle meg rein, og sumde deretter i land. Der fann eg kleda mine på same staden som eg hadde forlate dei. Etter det eg rekna ut, hadde eg vore heile to timar i fiskemagen.
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 20042009, Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | ||||||||||||||||||||||||