![]() |
Münchausen-skrøner | ||||||||||||||||||||||
|
Til sjøsI Portsmouth skipa eg meg inn på eit førsteklasses, engelsk krigsfartøy i 1776. Skipet hadde hundre kanonar og fjorten hundre manns besetning, og skulle til Amerika. Under overfarten skjedde det ikkje noko merkverdig, men om lag 300 mil frå St. Lorenzo-floden støytte vi på noko som vi først tok for eit klipperev. Men då vi lodda djupna, kunne vi ikkje finne nokon botn, sjølv med 900 meter lang line. Det raraste og mest uforklarlege var likevel at vi hadde mista styringa, at kjølen hadde blitt riven vekk, og at alle mastene våre hadde blitt splintra heile vegen gjennom, og to av dei hadde gått over bord. Ein elendig matros, som heldt på å beslå storseglet, blei kasta minst 250 meter frå skipet før han fall i vatnet. Heldigvis var han vaken nok til å gripe tak om halsen på ein albatross under luftferda si. Ved det blei fallet ned i vatnet mindre voldsamt, og takk vere fuglen kunne han halde seg oppe og symje etter fartøyet vårt. Støyten var så kraftig at heile skipsbesetninga på mellomdekket blei slynga mot taket. Eg for min del fekk ein så voldsam støyt at hovudet mitt blei puffa ned mellom skuldrene så djupt at det gjekk fleire månader før det kom opp att til den vanlege plassen sin. Vi var så godt som bortkomne av skrekk og overrasking då vi fekk forklaringa på det ubegripelege som hadde hendt. På havflata låg ein fisk som hadde overraska mens den tok ein middagslur. Fisken var så arg over å bli forstyrra at den slo mot skipet av all makt med sporden. I raseri hadde den også nappa i storankeret vårt, det som til vanleg hang akterut, og slept skipet minst tretti mil i stor fart - seks mil i timen. Fuglane veit kor vi hadde enda om ikkje ankartrossa hadde sprunge. Dermed mista vi ankeret, men blei samtidig av med fisken, som sikkert var ein kval. På heimvegen fleire månader etterpå trefte vi den same kvalfisken. Den flaut død på nesten same staden. Eg lyg ikkje om eg seier at den var over 250 meter lang. Det var sjølvsagt ikkje mogeleg å ta om bord mykje frå ein slik stor skapning. Derfor sette vi ut båtane og skar av hovudet til kvalen med mykje strev. I hovudet fann vi att ikkje berre ankeret vårt, men også over sytti meter tauverk, som vi fann i ei holtann i den venstre underkjeven. Det var det einaste merkverdige som hende på denne reisa. Men vent litt! Eg hadde så nær gløymt ei anna hending, som kunne ha kosta oss dyrt nok. Då kvalen slepte av stad med oss, fekk skipet ein lekk og vatnet rusa inn med slik kraft av vi ikkje kunne ha halde oss flytande i ein halvtime ein gong, sjølv om alle pumpene gjekk. Til alt hell var eg den første som oppdaga faren. Holet var over tretti centimeter i omkrins. Eg greip i stor hast dei vanlege midla for å tette holet, men det nytta ikkje. Til sist fekk eg eit godt innfall som redda både det vene skipet og heile besetninga. Utan at gi meg tid til å ta av buksene, sette eg meg tappert i holet. For min del kunne holet godt ha vore større, for eg stammar på begge sidene og mødrene av hollandske forfedrar, eller i det minste frå Westfalen (i Tyskland). Sant å seie var den stilling eg sat i, noko kjølande, men det drygde ikkje lenge før tømmermannen fridde meg med kunstane sine.
Attfortalt frå sjuande kapittel: "Andre eventyr til sjøs" i den svenske omsetjinga.
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 2009, Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | ||||||||||||||||||||||