![]() |
Norske eventyr og segner | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Klok smågrisEIN DAG kom soknepresten på besøk til ein gard. Etter bygdeskikken skulle han ha traktering, det beste som fanst i huset. Då blei rømmekolle god å ta til. Gardkona var borti mjølkestolen og fann ei lita gul skål med fin rømme på. Den sette ho på bordet i lag med sukkerkoppen. Så baud ho presten til bords. Ute rende ein smågris omkring og grylte. Kvar gong han var inne hos presten, rein han litt ekstra. "Kva er det grisen vil meg?" spurde presten godsleg til gardkona.
"Ikkje noko særleg. Det er vel berre matskåla si han kjenner igjen, stakkaren."
Tre pluss treEIN MANN hadde tre søner. Den første heitte Skratt, den andre heitte Skratt-skratteratt, og den tredje heitte Skratt-skratteratt-skratt-skriumskratt. Grannen hans hadde tre døtrer. Den første heitte Sipp, den andre Sipp-sippenipp og den tredje Sipp-sippenipp-sipp-siumsipp.
Så gifta dei seg. Skratt fekk Sipp, Skratt-skratteratt fekk Sipp-sippenipp, og
Skratt-skratteratt-skratt-skriumskratt fekk Sipp-sippenipp-sipp-siumsipp.
Kona som gret slik![]() Det var ein gong ei kone som gret slik i kyrkja då presten song føre altaret. Ho gret så fælt at folk undra seg over kva det var ho gret for. Neste søndag var kona i kyrkja, og då presten tok til synge for altaret, sette kona i med slik ein gråt at ingen hadde hørt slikt før, og mange måtte til å gråte med henne. Tredje søndagen var også kona i kyrkja, og det gjekk likeins som før. Presten hadde ikkje før byrja å syngje føre altaret, før kona byrja med den same gråten, men no gret ho så hjerteleg at heile kyrkjelyden gret med ho og det forstyrra presten. Litt etter litt blei det slutt på gråten, berre kona klarte ikkje å slutte. Ho heldt på og gret til messa var over, og då blei ho sitjande att. Presten gjekk bort til ho og spurde kva det var som låg sa tungt på hjertet hennar. "Å, det kan eg ikkje seie, det er så vondt," svara kona. Presten prøvde lenge for å få vite kva det var. Kona nekta også lenge, men til slutt laut ho fram med det: "Eg hadde ei ven geit, og den tok ulven for meg. Når eg hører presten synge framfor altaret, er det nettopp som låten av geita mi då ulven tok henne." Ord
Bukken styrde skutaDå det hadde gått eit bel, skreik hanen: "Ein siglar i le-e-e!" "Loff [B], loff, loff!" sa grisen. Men då bukken ville dreie på roret, fekk han horna inn mellom knaggane så han blei hengande fast. Då breka han: "Eg meiner eg dre-ep me-e-e-g!" ❖ Var ein føre var, fór ein aldri ille.
Ord
KollseglingTo fiskarar hadde kollsegla midt på fjorden, men hadde kome seg opp på kvelvet. Mens bårene vaska over kjølen, sa den eine til den andre,"No må vi rope på Gud!" "Men er ingen nærare?" Ord
Un: Hawking, Stephen: Universet i et nøtteskall. Cappelen. Oslo, 2001.
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 20012009, Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | ||||||||||||||||||||||||||||||||||