NORSK DEL, GULLVEKTA  

Norske eventyr og segner

 13 › 1 › 9

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Bukken styrde skuta

SOL DET VAR ein gong hanen og grisen og bukken skulle ut og sigle. Hanen stod framme på bakken [A] og heldt utkikk, grisen hadde noko å gjere midtskips og bukken stod til rors.
      Då det hadde gått eit bel, skreik hanen: "Ein siglar i le-e-e!"
      "Loff [B], loff, loff!" sa grisen.
      Men då bukken ville dreie på roret, fekk han horna inn mellom knaggane så han blei hengande fast.
      Då breka han: "Eg meiner eg dre-ep me-e-e-g!"

      ♦ Var ein føre var, fór ein aldri ille.

Ord

  1. Bakk kan vere stutt dekk framme på skip eller eit halvdekk framme på open båt.
  2. Loffe: svinge, styre (ein seglbåt) nærare opp mot vinden.
OPP NOTAR  



Prestberg-jutulen og Johannes Blessom

Eventyrlærdom OVER VÅGE PRESTEGARD står det ein ås med furutre på. Og under åsen er eit lite fjell med kløfter og bratte vegger. Det er Jutulsberget som Storm har laga ein song over. Beint ovafor prestegarden på Vågå er dette tverrberget, og frå gammalt har det heitt Prestberget. Ved eit spel frå naturen syner det seg ein port i ein av dei bratte bergveggene. Når ein står nedved kyrkja og ser opp i berget, ser ein ei lysare strime i bergveggen. Den ser mest ut som ei svær dør. Det er Jutulporten. Står ein på brua over den viltre Finne-elva eller på engene på andre sida og ser denne porten over svevande pyntelekkjer av hengebjørk og yppig lauvverk og tek innbillingskrafta litt til hjelp, så formar bergporten seg til ein dobbeltport. Øvst opp kjem den saman ved ein gotisk spissboge.
      Gamle bjørker med kvite stammar står som søyler på begge sidene, men tretoppane når ikkje opp dit bogen tek til. Og gjekk bergporten berre ei kyrkjelengd innetter, kunne Våge bakeri stå under spissbogen med tak og tårn. Det er ingen vanleg port; det er inngangen til jutulslottet. Det er sjølvaste "Jutulporten", ein diger portal. Det største troll med femten hovud kan gå makeleg gjennom utan å bøye nakken og kvinke.
      I gamle dagar, då det skal ha vore meir naturleg samkvem mellom menneske og troll, var det slik at når somme ville låne hos jutulen eller tale med han i andre ærend, var det skikk å kaste ein stein i porten og seie: "Lat opp, jutul!"
      For i Prestberget budde det ein jutul med kona si i gammal tid.
      Då folk i bygda hadde teke ved kristentrua og bygt seg kyrkje, tykte nok Prestberg-jutulen ille om det. Men det gjekk på eit vis likevel, like til dei fekk klokka opp i kyrkjetårnet, for den ljomen står nok ikkje bergtroll ut med. Det var ein søndagsmorgon klokkene lét fyrste gongen, og ljomen kom klar og sterk oppover mot Prestberget. Jutulen sat trygt og arbeidde på eit skåkemne [A], og kona heldt på å elte ei stor, gild smørdeig ho nettopp hadde teke ut av kinna [B]. Best dei heldt på slik, kvar med sitt, nådde ljomen av klokkene inn i berget til dei. Men då blei kona fælt sint. Ho treiv smørdeiga og smeiste [C] nedover mot kyrkja så det kvein, og jutulen sjølve kasta skåkemnet etter.
      Hadde dei råka som dei meinte, hadde dei gjort att for klokkelyden; men smørdeiga rakk ikkje fram, og skåkemnet gjekk for høgt og langt. Smørdeiga datt ned nord for kyrkja, og der står ho den dag i dag med tjukkaste enden ned. Skåkemnet ligg langt sør på Vollom om nokon er huga til å sjå det. Såleis slapp kyrkja skadelaus, og sia har ikkje nokon merkt at dei to har lege etter henne.
      Heller ikkje har jutulen vist seg meir enn ein gong sia, etter det somme veit, og det var då han skyssa ein døl frå Vågå heim att frå Kjøpenhamn.
      For eit par år sia kom eg ein ettermiddag til prestegarden av sosiale grunnar - for å ha vore innom - men familien var på setra. Ingen var heime utan ein gammal døl. Då eg bad om det, følgde han meg opp til Jutulporten. Vi banka på, men ingen kom og lét opp. Dei undra meg heller ikkje at jutulen ikkje ville ta imot oss. No på sine gamle dagar gav han vel sjeldan audiens, for å dømme etter alle spora av steinkast i porten, har han vore svært plaga av gjestingar.
      "Ein av dei siste som såg han," sa dølen som var med meg, "det var Johannes Sørigarden frå Blessom, nabogarden til prestegarden. Men han ønskte visst han aldri hadde sett han" la han til.
     
Tretoppane når ikkje opp dit teksten tek meg.
Lærdommar
"Johannes Blessom var nede i Kjøpenhamn og skulle prøve å få retten sin [E] i ein eller annan prosess. Her i landet var det ingen rett å få i dei tidene. Og når ein ville ha rett, var det ikkje anna råd enn å reise dit ned. Det hadde Blessomen gjort, og det gjorde sonen hans etter han også, for han hadde og ein prosess.
      Ja, Blessomen hadde ei sak mot einkvan, og for den saka skuld laut han reise like til Kjøpenhamn ein gong. Og så fall dette så ulageleg til at han ikkje blei ferdig til å reise frå Kjøpenhamn att før om julekvelden. Så var det den kvelden og mørkt i gatene. Johannes hadde snakka med storkarane og gjort frå seg, og gjekk på gata og var stur, for han var huga heim. Att og fram i gatene gjekk han og dreiv. Best han gjekk slik, fekk han sjå atti snerten på det som måtte vere ein gudbrandsdøl borti gata. Karen som strauk forbi som snøggast kunne jamvel vere vågeværing i kvit kufte med taskelokk og knappar så digre som sølvdalarar. Han hadde beksaumskor og snøsokkar, grå vest og raud huve, og etter det var Johannes viss på at det var gudbrandsdøl. Det var ein stor, svær mann. Johannes syntest han skulle kjenne han og, men den andre gjekk så fort. Han onna seg etter og nådde han att og spurde kor mannen var ifrå.
      "Du går fort, du," sa Johannes.
      "Ja, eg får nok skunde meg," svara mannen, "for eg skal til Vågå i kveld."
      "Ja, gi eg kunne kome dit eg også," sa Johannes.
      "Du kan få stå på med meg om du er ferdig til å reise heim att, Då skal du få skyss å snakke om, for eg vil heim att til kvelds," svara mannen," sa mannen, "for eg har ein hest som trør tolv steg i mila."
      Det var mykje, tykte Johannes. Han var også forundra over at han ikkje kunne kjenne att sambygdingen sin. Det karen sa om å reise heim att til kvelds, det enste ikkje Johannes noko større, det var sikkert noko fleip frå mannen, tenkte Johannes. For det var ikkje så greitt å gjere ei reise frå Kjøpenhamn til Vågå i dei dagane. Elles var Johannes så glad for at han skulle få både følgje og skyss at han tok seg ikkje tid til å tenkje over det eine eller det andre.
      Då det skulle bere i veg, skulle Johannes stige på bakpå, og så drog det åt så det berre bles. Dei reiste og Blessomen hadde nok med å halde seg på meiane. Det gjekk beint fram både over land og strand, gjennom ver og vind så han verken kunne sjå himmel eller jord eller visste om dei fór på landjorda eller i lause vêret. Nei, slik vedunderskyss hadde aldri Blessom hatt før, etter det han hugsa!
      Ein stad var dei nede og kvilte ei ri. Kor det var fann han ikkje ut av, men der var vakkert, tykte Johannes. Han var ikkje god til å få greie på nokon ting, for den glima og lyste så det var ikkje råd å feste auga nokon stad. Så med eitt sette gubben av stad att derifrå. Johannes ansa eit mannehovud på ein stake, og etter det bar han til å bli noko fælen. Litt etter sansa Johannes han vanta eine votten, for han tok til å fryse på fingrane. Han fortalte den hine korleis det var, og bad om å få stige av og finne att votten.
      "Eg gløymde att eine votten min der vi kvilte; no frys eg på neven," sa han.
      "Du lyt tole det, Blessomen. Votten nyttar det lite å sjå etter, han ligg att halvveges mellom Kjøpenhamn og Vågå," sa mannen, "men no er det ikkje langt att til Vågå, og der vi kvilte var halvveges."
      Då tok Johannes til å få ein tanke om kva slags kar han var komen i følgje med.
      Det gjekk som ein pil med dei, og det var ikkje råd for Johannes å få greie på kor dei fór. Han kjende seg ikkje att før dei kom nord på Sambusvollane, og han blei glad då han såg at han var i bygda att, for han tykte det såg så ulikt ut med denne skyssen eit bel. Då dei kom nord åt Finnbrua, stansa den fremmende, for her skulle Johannes stige av og gå opp åt Blessomgarden. Johannes takka for skyssen og lét vel om det at han kom så snøgt heim att. Men med det same dei skildest, sa mannen:
      "No har du ikkje langt heim. Om du skulle få høyre ein smell når du kjem oppi bakkane, må du ikkje sjå deg attende eller snu på hovudet. Gjer du det, kjem du til å angre det resten av livet. Så lov meg å ikkje sjå deg attende om du høyrer nokon dur eller ser eit slags lysskin."
      Nei, han skulle nok akte seg for det, meinte Johannes, og med det skildest dei. Mannen køyrde sin veg over Finnebrua, og Johannes tok oppover bakken. Best som Johannes var komen eit lite stykke opp i bakkane, høyrde han ein dur og ein stygg smell borti Prestberget. Med eitt blei det så lyst på vegen framfor han at han syntest han kunne ha sett å ta opp ei nål. Han gløymde reint det han hadde lovd, og så var han ikkje god for å halde seg. Han snudde på hovudet og såg bort i berget.
      Der stod Jutulporten på vid vegg. Det lyste ut frå eldstaden og blenkte på alt gullet og sølvet der inne. Det skein og lyste ut gjennom steinberget som av mange hundre lys. No såg Johannes den fremmende han hadde hatt skyss med. Midt i opninga stod han. Det var jutulen, og no gjekk han inn gjennom døra. Med det same han var innkomen, small porten att så det dundra, og det blei kolande mørkt. Johannes skulle snu hovudet att - men halsbeinet var blitt stivt. Frå den tida gjekk Johannes med hovudet på snei. Slik gjekk han så lenge han levde."

Ord

  1. Skåk: ei av to stenger mellom hesteselen og vogna, sleden, plogen og liknande.
  2. Kinne: reiskap til å kinne smør med.
  3. Smeise: daske, slå, smikke.
  4. Vitjing: gjesting.
  5. Rett (retten sin): bl.a. oppfylte lovlege el. rettkomme krav.
OPP NOTAR  



Jentefriing

EI JENTE på Ratset i Volda ville meir enn gjerne gifte seg, og hadde lagt elsken sin på ein gut som var noko einfaldig. Ein kveld etter det blei mørkt, klauv jenta opp i eit tre i tunet. Vegen gjekk framom der, og ho visste at guten kom forbi der. Då han kom, tok ho til med tilgjort mæle:
      "Gift deg, jo! Gift deg, jo!"
      "Kven skal eg få då?" spurde guten, og trudde det var ein engel som snakka.
      "Åse Ratset, Åse Ratset!" svara det.
      Det varte ikkje lenge før det var bryllaup der i garden.

OPP NOTAR  



Klok smågris

EIN DAG kom soknepresten på besøk til ein gard. Etter bygdeskikken skulle han ha traktering, det beste som fanst i huset. Då blei rømmekolle god å ta til. Gardkona var borti mjølkestolen og fann ei lita gul skål med fin rømme på. Den sette ho på bordet i lag med sukkerkoppen. Så baud ho presten til bords.
      Ute rende ein smågris omkring og grylte. Kvar gong han var inne hos presten, rein han litt ekstra.
      "Kva er det grisen vil meg?" spurde presten godsleg til gardkona.
      "Ikkje noko særleg. Det er vel berre matskåla si han kjenner igjen, stakkaren."

OPP NOTAR  



Japp Felling

Eventyrlærdom DÅ KONA på Mankeåsen heitte Gullet, var dei velstandsfolk der på åsen. Kona hadde eit kosteleg sølvbelte frå den tida ho var brur. Sølvbeltet var vidspurt, det fanst ikkje maken fjernt og nært.
      Så var det ei tid dei ikkje kunne berge krøttera sine for udyra nokon sommar. Seint ein vår dei skulle sleppe krøttera i marka, kom det ein liten fremmendkar og baud seg til å gjete for dei. Han ville bere kostnadene for kvart krøtter som kom bort. I gjetarlønn ville han velje seg ut ein ting på garden, og den ville han bere med seg om hausten når han var ferdig med gjetinga. Men kunne gardsfolket få greie på kva han heitte før hausten kom, ville han ikkje ha noko i lønn.
      Gardsfolka var svært nøgde med avtalen, og tykte dei hadde fått ein gild og billig gjetar. Han var så liten at det blei visst ikkje stort han kom til å bere med seg når han gjekk, tenkte dei. Kan hende han tok litt mat med seg. Eller kanskje dei kunne få greie på namnet hans også, så fekk dei ikkje noko som helst utlegg.
      Det gjekk godt med gjetinga. Ikkje eit einaste dyr kom vekk.
      Men så kom husbondsfolket til å sjå at han batt dei største bjørketrea i skogen til vidjer, og så laga han seg vidjeband av dei og gøymde dei. Etter ei tid hadde han mange slike band, karen. Dei skjøna no at gjetaren var overlag sterk, og tok til å bli redde for at gjetarlønna blei langt større enn venta, og det var ikkje godt for dei. Om dei berre visste namnet på han! Dei prøvde å lokke det ut av han, men dei blei like kloke. Og dei spurde folk både attmed seg og langt vekke, men ingen visste noko.
      Ein søndag ut på hausten reiste alle på garden til kyrkja. Berre ei jente var att heime. Ho skulle passe på kva gjetaren tok seg til, og gøymde seg oppå nystove-loftet.
      Då gjetaren såg at ingen var heime, gjekk han inn i nystova og leita gjennom skap og kister. Så fann han sølvbeltet til kona på garden også. Det likte han godt. Han hekta det på seg, og så tok han til å danse og syngje:
      "No dansar Japp Felling i brudebeltet til Gullet Mankeåsen!"
      Då han hadde dansa ei stund, gøymde han beltet der han hadde funne det og gjekk ut av stova.
      Jenta hadde lege på loftet og sett gjennom eit hol. No visste ho namnet på gjetaren. Då husbondsfolket kom att frå kyrkja, fekk dei òg vite det.
      Så leid det så langt på hausten at grøda var komen i hus, og krøttera sleppte på bøen. No kom gjetaren med dei store vidjebanda sine og la dei på løebygningen, både på langs og på tvert. Så var han ferdig til å ta løa på ryggen.
      Mannen på garden hadde stått og sett på dette, og så sette han i å rope: "Japp Felling! Kva gjer du der?"
      Då gjetaren fekk høyre namnet sitt, blei han sint. Han sleppte vidjebanda og slo høgrehanda så hardt imot eit berg attmed der at merket etter fingrane står den dag i dag.

OPP NOTAR  



Jutultabbar

Eventyrlærdom DET VAR ein gong på ein gard at det kom det ein jutul kvar dag og tok eit krøtter frå gjetarane. Så sa mora til gutane: "Det nyttar ikkje å miste eit krøtter kvar dag, då blir heile buskapen borte til sist," sa ho.
      Då sa yngstemann, Oskeladden, at han ville gå og gjete. Men mora åtvara han: "Du er så liten, du kjem kanskje ikkje att ifrå skogen, heller."
      "Det skal vel bli ei råd. Lag i stand ein skalk av mjukost til meg, det er noko eg må få med meg," sa han.
      Så fekk han det.
      Og då jutulen kom, ville han ha eit krøtter av guten.
      "Du får ikkje noko krøtter. Du har teke nok no," sa Oskeladden.
      "Ja så tek eg deg då," sa jutulen.
      No bøygde guten seg ned. Det verka som om han tok opp ein gråstein, men det var den mjuke osteskalken han hadde i neven då han retta seg opp. Så kneip guten osten så mysa dreiv.
      "Ver så god, ta opp ein gråstein," sa Oskeladden, "og knip så det driv myse - vi får vel sjå korleis det går."
      Jutulen tok opp ein gråstein og kneip så steinflisene dreiv, men steinsaft kom det ikkje. Då kom den tanken inn i jutulen at guten var fælt sterk, ein det passa å hyre til dreng.
      Då Oskeladden kom heim med alle krøttera om kvelden, fortalde han mora at jutulen hadde hyra han til dreng. Om morgonen reiste han til jutulen for å tene. Om kvelden kom det fyrste å gjere. Guten skulle slipe øksar til neste morgon, for då skulle dei to hogge tømmer ute i skogen. Guten kjende på øksa; den var så tung at han ikkje makta å røre den, så han lét den liggje og gjekk inn att og la seg.

      Om morgonen då dei stod opp, blei jutulen sint på han for di han ikkje hadde slipt øksane. Guten sa berre: "Eg brydde meg ikkje. Kan vi ikkje leggje att øksane, bryte opp trea og ta med oss heim?"
      "Det går mest ikkje an," sa jutulen.
      "Jo, så store og sterke vi to er til saman," meinte guten.
      Så gjekk dei i skogen. Guten sette jutulen borttil ei stor fure, og jutulen braut den opp med rota på. No sa guten: "No får vi bere fura heim. Hald framme ved rota og legg den på ryggen din. Eg skal halde ved toppen der kvistane er - det ser ut som det kan bli vanskeleg og tungt. Så dreg vi heim fura. Men ikkje snu deg og sjå attover på heile vegen," sa guten, "ser du attover, slår eg deg kanskje i hel for det."
      Så sette guten seg baki fura og sat og song mens jutulen drog og ikkje torde å sjå attover ein einaste gong.

      Andre dagen skulle dei bryggje. Då sette jutulen Oskeladden til å bere heim vatn i bryggjekoppen sin. Men bytta og børtreet var så tunge at han ikkje klarte å lee dei. Han kunne ikkje gjere betre enn å gi seg. Dermed gjekk han og la seg.
      Om morgonen, då jutulen stod opp, fekk han sjå at det ikkje var bore heim noko vatn.
      "Det er ikkje gagn for meg i å bere det slik," sa Oskeladden. "No tek vi brønnen slik den er, og ber den heim.
      "Det kan vi ikkje, for då blir vi vasslause," sa jutulen og tenkte hardt.
      "Så tek vi det store trekaret ditt," sa guten, "og fyller det attmed brønnen."
      Så tok jutulen trekaret og bar bort til brønnen og auste det fullt. Jutulen sette karet på aksla, våga ikkje å sjå bakover fordi guten var med, og guten var snar og kleiv opp på kanten av karet og heldt i eine hanken mens dei gjekk. Der stod han og song til og tralla det stykket.
     
      Tredje dagen skulle dei ut og jakte. Jutulen ville bere geværet, og guten gjekk etter. Jutulen fekk ram på ein del fuglar og ville bere dei heim mens guten fekk ta geværet. Men så kunne ikkje guten røre stort på geværet, men klarte å reise det opp attmed ein stein. Då snudde jutulen seg og spurde han kva han pønska på no.
      "Vel, skal eg skyte ned månen, må eg nok sikte oppetter," sa guten.
      "Nei, du får ikkje gjere det, eg skal heller bere alt saman, så månen ikkje blir treft og dett ned og slår oss i hel," meinte jutulen. Og det fekk han.
     
      Dei kom heim til kvelds og skulle til å ete graut. Den som åt mest graut av dei, han måtte vere sterkast. Guten fann seg ein sekk og hengde attover aksla, og så smetta han grautbitane nedi der. Jutulen kom til at guten åt mykje meir enn han sjølv, og blei redd guten.
      Om ei stund la dei seg til sengs, jutulen og kona hans i stova, og guten i kammerset, i ei sterk jernseng. Det var berre ein tynn bordkledning mellom kammerset og stua, så guten høyrde godt då jutulfolket tok til å snakke saman om korleis jutulen skulle ta livet av guten om natta.
      Jutulkjerringa sa, "Ta det store brekkjernet ditt når han har sovna, og gå ut og slå til han."
      Då la guten seg under jernsenga og laga snorkelydar. Det høyrde jutulen, og så kom han med det store brekkjernet og slo hardt ned i senga.
      Fyrste gongen sa Oskeladden "Au! Jøye meg!" Siste gongen jutulen slo, lét det mest ikkje frå guten. No trudde dei guten var død.
     
      Men om morgonen kom Oskeladden inn i stova og sa: "Du får ha ut fellene aleine i dag," sa han, "for loppene var så fæle i natt."
      "Kva du vil ha for å reise din veg?" sa jutulen. Han var redd no, og ville kvitte seg med han. "Eg skal gi alt det du klarer å bere, om du berre vil dra," sa jutulen.
      "Nei, då tek eg alt du eig," sa guten. "Men eg skal vere fornøgd med at du tek det du sjølv klarer å bere og ber det heim til utgarden vår."
      Så gjorde jutulen det. Då han kom til utgarden, måtte han snu att. Han var ikkje god til å gå lenger. Jutulen hadde teke med så mykje at guten gjekk og drog og bar det i hus så lenge han levde, om vi skal tru det somme seier.

OPP NOTAR  



Oskeladden som fekk kongsdottera til å seie "No lyg du!"

Eventyrlærdom DET VAR ein gong ein konge som hadde ei dotter, og ho var så lei til å lyge at ingen kunne vere verre. Så sette han ut at den som kunne lyge slik at han fekk henne til å skulde seg for å lyge, skulle få både henne og halve kongeriket. Det var mange som prøvde på det, for alle ville gjerne ha kongsdottera og halve riket, men ille gjekk det dei alle saman.
      Så var det tre brør som også skulle av stad og prøve lykka. Dei to eldste la av garde fyrst, men det gjekk ikkje betre med dei enn med alle dei andre. Så skulle Oskeladden i veg, og han trefte kongsdottera i fjøset.
      "God dag," sa han, "og takk for sist!"
      "God dag," sa ho, "og sjølv takk for sist! De har sikkert ikkje så stor fjøs som oss," sa ho, "for når det står ein gjetar i kvar sin ende og blæs på bukkehorn, så kan dei ikkje høyre kvarandre."
      "Jo då," sa Oskeladden, "vårt er mykje større; for når ei ku tek kalv i den eine enden av det, så ber ho ikkje før ho kjem i den andre."
      "Jaså," sa kongsdottera. "Ja, men de har ikkje så stor okse som oss, likevel; der ser du den! Når det står ein på kvart horn, kan dei ikkje nå kvarandre med ei målestong."
      "Pytt!" sa Oskeladden, "vi har ein okse så stor at når det står ein på kvart horn og blæs i lur, så høyrer dei ikkje kvarandre."
      "Jaså," sa kongsdottera. "Men de har ikkje så mykje mjølk som oss, likevel," sa ho; "for vi mjølkar mjølk i store trekar og ber inn og slår i store gryter og ystar store ostar."
      "Å, vi mjølkar i store kar og køyrer inn og slår i store bryggjepanner og yster ostar så store som hus, og så har vi ei elgsblakk merr til å trakke osten i hop. Men ein gong såg folen den i osten, og då vi hadde ete på osten i sju år, trefte vi på ein stor elgsblakk hest. Den skulle eg køyre i kverna med ein gong. Så rauk ryggen av på den, men eg visste råd for det: eg tok ei granbuske og sette i den til rygg, og annan rygg hadde den ikkje sia, så lenge vi hadde den. Men den grana voks og blei så stor at eg kleiv til himmels opp gjennom den, og då eg kom dit, sat jomfru Maria og spann bustete reip av grynsuppe. Rett som det var, så rauk grana av, og eg kunne ikkje kome ned att, men jomfru Maria fira meg ned i eit av reipa, og så kom eg ned i eit revehi. Der sat mor mi og far din og lappa sko, og rett som det var slo mor til far din såg skurven [A] fauk."
      "Nei, no lyg du!" sa kongsdottera, "far min har aldri vore skurvete!"

Ord

  1. Skurv: hudsjukdom som lagar skorper i hårbotnen.
OPP NOTAR  


BØLGJE

Litteratur  
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 2001–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]