Norsk del, Gullvekta
Merknadar til norske folkeeventyr
Seksjon › 2   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Norske folkeeventyr 2

Som ein vind . . .

AT 923A. Som vind i varm sol (Like wind in the hot sun). Standardskildringa: Tre koner karakteriserer ektemennene sine på kvar sin måte. Den tredje fortel ho er like glad i mannen sin som vinden i heite solsteiken. Mannen blir fornærma, men i solsteiken skjøner han kva ho tenkte på, og vender attende til ho.

Samlar: Johannes Skar, kjelde: Olav Eivindsson Austad, Bygland. Trykt i Johannes Skar: Gamalt or Sætesdal, 1963, band 3, s. 39f

[Til soga]

Spring for livet kvar og ein!

AT 20C + 1030 + 2 + 5. Rennom rennom alle fast!

Kjelde: Eventyr frå Telemark, bd 1.

Stad: Fyresdal. Manus: H. Ross 15, 26. Samlar: H. Ross. Redigert: Dølen 1869 nr. 25. R. Løland 1905, 30. NEB 5, 7. [Til soga]

Gullfuglen og gull-linda

AT 550. Gullfuglen (Search for the golden bird). "Gullfuglen å gull-linda", samla av Rikard Berge (1910), fortalt av Anne Jordgrav, etter Jens Russodden. Stad: Kilen, Kviteseid.

Handlingsgangen: Ein konge finn ei gullfjør, og dei tre sonene hans byr seg til å leite etter fuglen. Men dei to eldste slår seg berre til i eit vertshus. Den yngste kjem vidare i lag med ein rev han har hjelpt. Guten når fram til treet der gullfuglen sit, men bryt nokre tabu og må derfor utrette fleire oppgåver. Reven hjelper han og narrar trolla som forfølger guten ved å omskape seg og løyne seg.

Når guten møter brørne sine att, stel dei fuglen, hesten og jomfrua han kjem med, og prøver å drepe han. Men reven hjelper guten så han kjem frå det, og får att byttet sitt. Så høgg guten hovudet av reven, og dermed blir reven til ein kongeson. Helten giftar seg med jomfrua, og dei vonde prinsane blir straffa.

[Til soga]

Tre kongssøner som fekk kvart sitt ønske

AT 580. Det har ingen nød med den som alle kvinnfolk er glad i (Beloved of women). Om å bli heftig elska av kvinner - Tre brør fekk ønske seg noko. Den yngste ønskte og fekk makt til å bli elska av kvinner. Kvinner blei så hugtekne i han at dei gav han magiske ting til hjelp. Dermed kunne han ha det godt. Det enda med at ei kongsdotter gifta seg med han, og verken faren eller mora hennar sa ho imot.

[Til soga]

Overlever du, så lever du -

(AT 1845). En heldig kur (The student as healer). Ein prest seier ei trylleramse mot at noko har sett seg fast i halsen. Når presten sjølv får eit fiskebein i halsen, seier ein annan fram ramsa. Då ler presten så fiskebeinet lausnar.

God medisin: Legen Henry Heimlich (1920–2016) fann fram til at om nokon ser ut til å kvelast av stengde luftvegar - til dømes noko i halsen - stiller ein hjelpar seg bak han, legger armane rundt øvre del av magen hans, tar grep og trykker hardt og fort saman fleire gongar. Rett gjort kan det opne luftvegane. Så slikt kan komme godt med å få lære, øve på og kunne.

[Til soga]

Grisegjetaren som vann kongsdottera og halve riket

AT 300. Drakedreparen (The dragon-slayer). Ein gut med tre hundar drep eit monster (sjøtroll, trollmann, drake) som kongen har lovd bort dottera si til. Ein juksemakar, Riddar Raud, gjer krav på å vere redningsmannen hennar og kongen steller til bryllaupsgilde. Men ved hjelp av hundane kjem guten til bryllaupsbordet, og legg fram ting som syner det var han som drap draken. Han får då kongsdottera, og den falske helten blir straffa.

[Til soga]

Jenta og friaren

(AT - ) - Ei friarhistorie av typen der jenta ikkje verkar lovande som kone-emne.

[Til soga]

Dyret i hagen

AT 425. Austanfor sol og vestanfor måne (The search for the lost husband). Ei jente blir lovd til eit monster (ulv, bjørn) av visse grunnar. Monsteret blir omskapt til ein kongsson kvar natt. Den nygifte monsterkona besøker foreldreheimen etter ei tid, og tar imot råd frå mora, trass i åtvaringar mot å gjere det. Ho bryt grunnvilkåra for hopehav med monsteret (kysser det, lyser på det med eit lys), og står einsam att. Ho bestemmer seg for å leite opp maken sin, koste kva det koste vil, og får storarta underting til hjelp. Ho når opp til trollslottet, der mannen hennar bur saman med ei trollkone. Mannekona greier å løyse han frå fortrollinga og vinn han tilbake. Den falske bruda blir avslørt og døyr.

[Til soga]

Den blinde kongen

AT 577. Per, Pål og Espen Askeladd (The king's tasks). Ein konge blir brått blind og kongsgarden utan vatn. To brør vil prøve å finne vatn for han på garden, som mange andre. Den første broren mislykkast, enda han prøver hardt, og blir straffa hardt for det. Den andre broren, som viser klok omhug for ei gammal kone på vegen til kongen, får råd av ho så han klarer å finne vatn på kongsgarden, og noko å smøre auga hans med, så kongen ser klart igjen. Til lønn tar guten imot kongsgarden.

Historia har dessutan somt til felles med ATU 613, Tru og Utru (The two travellers), som omfattar AT 613*, 613A* og 613B*), der eitt av motiva er å grave ein brønn og lykkast. Eg synest hovudopplegget liknar mest på AT 577, men har sett at historia er plassert under AT 613 av andre. Det er i så fall misvisande i lys av hovudgangen i forteljinga.

Historia er henta frå Eventyr frå Telemark, ved Rikard Berge.

[Til soga]

Jutulmistaka

AT 1000 til 1160. Guten og det dumme trollet). Det finst ei mengde kombinasjonar av motiv og/eller typeelement (og dermed AT-nummer) i slike heller rå stubbar.

Mange ulike eventyrmotiv kan vere fletta saman i forteljingar av denne typen.

[Til soga]

Gjetardrengen

AT - - Ein gut får seg teneste hos ein konge. Dottera til kongen har blitt røva av eit troll, men guten finn ho ved hjelp av ein tryllekjepp han får av ein gammal mann han hjelper med mat. Trollet druknar når det forfølger guten og jenta. Heime hos kongen dressar guten seg opp ved hjelp av ei tryllesaks han også fekk av den gamle mannen han hjelpte med litt mat.

[Til soga]

Hopp Helling

AT 500. Rumleskaft og "Hjelparens namn" (The name of the helper). "Hopp Helling" frå Nordmøre blei oppskrive på Gjemnes av Jens Gimnes i 1915, etter Marja Gimnes, og står i Norsk folkeminnesamling.

Det er ein variant av same eventyrtypen som det tyske "Rumleskaft"-eventyret. Eit overnaturleg vesen hjelper; gjenytinga eller betalinga - å hugse kva han heiter - verkar ikkje noko særleg i starten. Men etter ei tid er det namnet gløymd og lyt finnast - elles . . . Endeleg lykkast jenta som fekk hjelp å få tak i namnet til hjelparen. Han taper dermed lønna si, og blir borte på eit vis.

Det ligg spor av gammal namnemagi i eventyr av denne typen.

[Til soga]

Kona som gret slik

(AT - [AT 1450 - AT 1474]. Presten som sang så vakkert (The clergyman with the fine voice). Ein sokneprest som syng for forsamlinga, legg merke til ei gammal kone som gret under sangen. Smigra spør han korfor ho gret. Ho svarer at ho blei mint om den gamle geita si då ho blei tatt av ein ulv. .

[Til soga]

Bukken og ulven

(AT 132. Bukken og ulven (Goat admires his horns in the water). Ein bukk ser speilbildet sitt i vatnet etter å ha sløkt tørsten der, og rosar seg sjølv høglydt. Ein ulv kloss ved spør om han meiner det. Bukken svarer ein seier så mangt når ein har drukke . . . (Stubben sluttar med eit ordspel.)

Historia er frå Stryn i Sogn og Fjordane. Originalmanuskript i Norsk folkeminnesamling, Rasmus Flo, s. 76. Her er historia gitt att fritt etter "Bukken og ulven" i i Ronald Grambo, Bjarne Hodne og Oslash;rnulf Hodne, Norske skjemteeventyr. Oslo: Cappelen, 1983:43. [Til soga]

Oskeladden og trauet som blei att

ATU 545B: Katten med støvlane (Puss in boots). ATU 545 er ein eventyrtype som omfattar dei beslekta og overlappande ATU 545A og ATU 545B, Herreper (Katten med støvlane).

Den yngste av tre brør arvar ein katt, som hjelper han. Katten skaffar guten mat, klede og ei kongsdotter. Som takk blir han avliva, og syner seg då å vere ei forgjort kongsdotter.

[Til soga]

Ho myntmeister

AT 882. Variant av "Kongen og fattigjenta" (The wager on the wife's chastity). Ein konge eller rik borgar giftar seg med ei fattigjente. Før han forlet landet, veddar han med ein hoffmann eller nabo om at kona vil halde seg trufast mens han er vekke. Ved simpelt bedrag skaffar hoffmannen seg teikn på at ho ikkje har vore trufast. Mannen drar ifrå kona. Kona forkler seg så som mann og drar ut for å finne ektemannen. Dei kjem heim att, og brotsverket mot dei to blir oppklara.

Varianten er frå Hordaland.

[Til soga]

Dei fire lærde

AT 660. Dei tre lærde (The three doctors). Kvar av tre (her: fire) doktorar kan fjerne ein del av kroppen sin og sette delen tilbake på plass neste morgon. Ein kveld blir delane etne av eit dyr, og så erstatta med delar av dyr - kattauge, grisehjerte, tjuvehand, og dei lærde får påført eigenskapane frå dyra og tjuven.

Versjonen er frå Nils Djurklou si samling. [Foe]

[Til soga]

Bønhøyring

Frå Ivar Grimstads Reven bak øyret (1987, 84).

[Til soga]

Kona som ville bli som Gud

AT 555. Kona som ville bli liksom Gud (The fisher and his wife). Ein fattig fiskar fangar ei flyndre som er ein forheksa prins, og set ho ut att i vatnet. Til takk oppfyller flyndra ønska han kjem med på vegner av kona si, eitt etter eitt, like til ho vil bli Gud. Då mister ho og fiskaren alt ho hadde fått.

[Til soga]

Kollsegling

Frå Ivar Grimstad 1974, 47-48.

[Til soga]

Dei tre råda

AT 910 A. Faren sine tre vise råd (Wise through experience). Ein døyande far gir sonen sin tre råd: Gjest ikkje grannen for ofte, lån ikkje vekk hesten din, og gift deg ikkje med ei jente frå eit anna distrikt. Erfaring lærer sonen verdien av råda etter at faren er daud. Sonen held eit selskap der han gir handfaste prov også.

[Til soga]

Høyberggubben

AT 1165. Høyberggubben (The troll and the christening). Ein bonde vil helst sleppe å by eit visst troll til barnedåp, med tanke på appetitten til trollet, men vil ikkje fornårme trollet. Han skikkar derfor trollet ei innbying der det står at toreguden oa, blir der mellom gjestane. Trollet, som er redd for bl.a. tora, finn det best å halde seg heime, men gir storarta gåver.

[Til soga]

Tysklæraren

(AT 1539). Gutten og de tre munkeprestene (Cleverness and gullibility). Grunnrisset av eventyrtypen er at ein mann skal av stad og selje kua si, men blir narra til å tru ho er ei geit. Han tar hemn ved å selje dei hatten sin, som han får dei til å tru kan trylle fram betaling for alt, ein stav som vekker daude til live att, og så bortetter. Når dei som han narra kjem for å tukte han for det, lærer han dei framandspråk, eller tar livet av dei.

Det finst godt med variantar av eventyrtypen i Noreg. Denne er eit forkorta eventyr frå Trondheim, der slutten er gjort mildare.

[Til soga]

Tida kom

AT 810. Kontrakt med den vonde (The snares of the evil one). Einkvan kjem i djevelens makt, og blir hjelpt av ein prest som lr han vere natta over på eit kyrkjealtar inni ein heilag sirkel som presten har rita. Fanden freistar utan suksess å skremme guten/jenta ut av sirkelen.

Samlar: Moltke Moe. Kjelde: Gunnar Frette, Etne.

[Til soga]

Grønskjegg

AT363. Grønskjegg (The vampire). Ei jente giftar seg med ein framand mann med grønt skjegg. På vegen heim til han oppdagar ho at han et forboden mat i (tre) kyrkjer. Seinare syner han seg for nykona si i form av slektningane hennar og spør ho ut. Når kona til sist fortel "mor si" om kva ho har sett om mannen, et han ho.

Samlar: Moltke Moe, 1878. Kjelde: Eivind Aarlia, Årmotdal, Bø
      [Til soga]

Hans Trondheimar

(AT 506). Den takksame daude (The rescued princess). Varianten skil seg i somt frå grunnmønsteret i eventyrtypen. Det er såleis ikkje ei prinsesse han viser miskunn mot, men ei heks. Ei tid etter det blir han kasta over bord i havet av ein som vil ha den tilkommande jenta hans. Men helten blir berga, takk vere miskunna han viste mot sjøheksa. Han hemnar seg til sist på mannen som kasta han over bord.

"Hans trondhjemmar" blei fortalt av Ole Pedersen Marken, frå Vega i Nordland, til samlaren Knut Stompdal (1881-1954), som gav ut eventyret i boka Gamalt frå Helgeland (Oslo: Norsk folkeminnelag, 1929:65-67). Her er eventyret gitt att.

Det kan godt vere at oppnamnet "trondhjemmar" i Vega-eventyret er kopla til stiftamtet Trondhjem (Trondheim). Amtet omfatta blant anna Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag frå 1662 til 1918.

Eventyret passar elles godt til overfartsforholda under siste firedel av perioden sånn omtrent: Då utvandra om lag ein tredel av det norske folket til Nord-Amerika. Denne massive utvandringa fortel Odd Lovoll (1999) om.

[Til soga]

Ein halvkilo kjøt

ATU 890. Eit halvt kilo kjøt (A Pound of Flesh). Johan Olson, Alstadhaug, Nordland, gav eventyret til samlaren Knut Strompdal. Originalen heiter "Nordlendingen og kjøpmannsdottera", og står i Norsk folkeminnesamling.

Noko sentralt i eventyrtypen: Ei brur blir kjøpt for vekta si i gull. Brudgommen låner pengar av ein jøde/ågerkar til gullet han manglar, og lover i kontrakta eit stykke kjøt om lånet ikkje blir innfridd til rett tid. Han havnar i fengsel i utlandet (i somme variantar) før han kan betale tilbake. Kona hans kler seg ut som mann, følger etter han og finn han i fangenskap. Ho blir dommar for han, og får han fri på finurleg vis.

Historia finst ifrå Mellomalderen, til dømes i sogeboka Gesta Romanorum (nr. 195). Shakespeare har handsama temaet i skodespelet Ein kjøpmann i Venezia.

I det omlaga eventyret her er byen blitt Bergen, kjøtet er blitt moskuskjøt, og mangt som har lite å seie for framdrifta i eventyret, er fjerna - for eksempel ei skrøne om at Roma-kapellet til kvinna seinare blei Peterskyrka. Kort sagt: mykje bestialsk i eventyret er endra så det høver betre for ungt folk i dag, og litt er dikta til (Attforteljars merknad)

[Til soga]

  Innhald  


Norske folkeeventyr, eventyrmerknadar, merknadar, litteratur  

Alver, Brynjulf, red. Guten i gadden: Eventyr frå Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal. Oslo: Det norske Samlaget, 1980.

Ashliman, D.. A Guide to Folktales in the English Language. New York: Greenwood Press, 1987.

Christiansen, Reidar Thorwald, red. Norske sagn. Oslo: Aschehoug, 1938.

Faye, Andreas. Norske Sagn. 1. opplag. Arendal: Trykt i N. C. Halds Bogtrykkerie af L. A. Krohn, 1833.

Faye, Andreas. Norske Folke-Sagn. 2. opplag. Christiania: Guldberg og Dzwonkowski, 1844.

Faye, Andreas. Norske Folke-Sagn. 3. opplag. Oslo: Norsk folkeminnelag, 1948.

Grimstad, Ivar. Reven bak øyret. Oslo: Det Norske Samlaget, 1983.

Grimstad, Ivar. Velsigne kjæften din, prest. Oslo: Det Norske Samlaget, 1974.

Hodne, Ørnulf: The Types of the Norwegian Folktale. Bergen: Universitetsforlaget, 1984.

Leirfall, Jon. Meierifesten. Oslo: Det Norske Samlaget, 1984.

Lovoll, Odd Sverre. The Promise of America: A History of the Norwegian-American People. Rev. utg. Minneapolis: University of Minnesota Press, 1999.

Skjelbred, Ann Helene Bolstad. Fortellinger om huldra - fortellinger om oss. Oslo: Tano Aschehoug, 1998.

Uther, Hans-Jörg. The Types of International Folktales: A Classification and Bibliography Based on the System of Antti Aarne and Stith Thompson. Vols 1-3. FF Communications No. 284 -86, Helsinki: Academia Scientiarum Fennica, 2004.

Norske folkeeventyr, eventyrmerknadar, merknadar, opp    Seksjon     Sett    Neste

Norske folkeeventyr, eventyrmerknadar, merknadar. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2000–2017, Tormod Kinnes. [E‑post]