![]() |
Norske eventyr og segner | |||||||||||||||||||||||||||
|
SkrikI Otta var der ein nøkk eller vådekall som skal skrike når det er ei ulykke i vente. Fleire stader der der er drukna folk, har skrik blitt høyrde. Ved sundet hadde brua for mange år sia gått med i ein flaum, og dei sette då over på ferje eller vadde over straks nedafor der, ein stad det er grunt når elva ikkje fløymer. Natt til søndag, då folket frå Kloppe skulle gå til alters, skreik det, "Tida er komen, men ikkje mannen."
Då det lei til de skulle av stad, var der sånn uro på ein av dei etter å kome av stad at han ikkje kunne vente til dei andre blei ferdige. Han la av stad aleine. Då dei kom etter, låg han død på ryggen på vadestaden, og der var det så grunt at knea stod over vatnet.
VottenSivert rodde vinterfiske på Lofoten. Ein morgon han kom ned til båten sin, fann han ein overlag stor sjøvott liggjande i framskotten. Han Sivert skunda seg då og fekk strikka ein vott som høvde til den som han hadde funne, med same farge og storleik. Så kasta han begge vottane på havet. Nokre dagar seinare var han Sivert og drog bruk inne på Vestfjorden. Det var mykje båt ute den dagen, og vêret blei verre etter kvart. Då høyrde han eit grovt, sterkt mål ute frå havet: "Du mann som votten gav, gi akt på vêret! Hør for eit dønn uti havet!" Sivert reiste på land med det same; men uvêret kom så hardt på at han rakk ikkje opp til sitt eige fiskevær. Han laut halde til eit anna vær nokre dagar.
Andre båtar måtte også halde unna vêret, og mange fiskarar sette livet til i Lofoten den dagen.
Sjødraugane og daudinganeEin julekveld på ein handelsstad vestpå, skulle ein skjemtsam tenestegut hente opp eit stort spann juleøl frå pakkbua nedved sjøen. Det var mørk kveld og ruskever. Mens guten fylte opp, såg han gjennom døropninga at det kom eit vesen opp frå havet. Det var draugen. Han lyste av moreld mot natta og himlen, og då han kom opp, sette han seg i døra. Han var så stor og brei at det var uråd for guten å kome framom han. Draugen sa då: "Skal du ikkje skjenke meg øl på ein heilagkveld?" "Jo," sa guten, "ta og drikk." Med det same kasta han ølspanna av all makt mot draugen, så det klaska i hausen hans, spanna bulka seg og og draugen tumla ut døra. Guten sette i sprang oppover mot garden. Men då han hadde kome eit stykke på veg, høyrde han gauling og ståk attom seg. Det var som om hundre mann kom springande etter i skinnklede og sjøstøvlar. Det var som han kjente den kalde sjøgufsen av dei då han nådde kyrkjegarden som låg mellom garden og pakkbua, og dei halte enda inn på han. Guten hoppa over kyrkjemuren og ropa høgt: "Glade sjeler som ligg her, opp og hjelp meg!" Så sprang han vidare over kyrkjegarden og over muren på hi sida. Attom seg høyrde han daudingane mulla og mumla, og så kom det eit stort brak på kirkegarden. Døde kom opp og tok imot draugmennene med brak og gny, og jaga dei etter kvart på sjøen. Guten kom heim utan juleøl, og med det laut folket på garden slå seg til tåls den julekvelden. Morgonen etter var kyrkjegarden strødd med likkistebord som folk skjøna daudingane hadde brukt til våpen, og med store tareslegger som sjødraugane hadde brukt i striden. Ord
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 20082009, Tormod Kinnes [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | |||||||||||||||||||||||||||